Gå til innhold

kjartanb

Medlemmer
  • Innlegg

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av kjartanb

  1. Har Kingston 16GB 133x elite pro på mitt EOS 400D, og det går vesentlig treigare enn mitt eldre Sandisk-kort som eg lurer på om er eit ExtremeIII 2gb. Dei skal i teorien ha same maks overføringshastigheit, men i praksis er Kingston-kortet mykje treigare når det skal lagrast biletseriar (må stå lenge og vente til alt har blitt lagra til kortet). Litt skuffa av den grunn, må bruke Sandisk-kortet om eg skal ta mange bilete på kort tid..

  2. Okei. Ser no at oljetrykket faktisk er null ved tomgang på varm motor, dette lover jo over hovudet ikkje godt. Takkar for innspel, men eg trur eg let motoren gå til den står (forhåpentligvis meir enn norke veker). Tippar det meste av pakningar og lager er dårlege, samt at oljepumpa sikkert har sett bedre dagar den også. Har snakka med nokre mekanikarar i dag som trur det vil bli dyrare å reparere enn skaffe ein ok brukt motor (det kan jo bli vanskelig også sjølvsagt). men i så tilfelle er jo både 1,8 og 2,0 alternativ.

  3. Eg har ein 83' golf rabbit gti som har hatt ei plagsom oljelampe i 2 år no. I helga sette eg inn oljetrykksmålar for å finne ut korleis det eigentleg stod til og lurer på om nokon kan hjelpe meg med å tyde oljetrykket:

     

    - ca 0,3 bar på tomgang

    - 0,6-0,7 ved 2000 rpm i 5. gir (det var ved dette tilfellet den gamle oljetrykkslampa lyste)

    - 1,5-3 bar ved 2500rpm+

     

    Mykje tyder jo på at høgtrykksbrytaren slår inn dersom trykker er under 1 bar, og at lampa dermed lyste med rette. Det er smålekasjar her og der, samt at bilen brukar litt olje, men den har altså gått slik i 2 år (rundt 12000 km).

     

    Han eg kjøpte bilen av nemnde aldri noko oljetrykk, men det kan jo sjølvsagt vere at han er ein liten snik. Eg bytta oljen ganske fort, så veit ikkje om dei peip før, men høyres 10W-40 ut som eit ok og problemfritt val?

     

    Eg skal snakke med den lokale vw-forretninga i morgon, men det hadde vore fint om nokon kunne bidra med litt kunnskap. Takkar for alle svar.

  4. Kjempebra. Uryddige tekstar er det verste som finst, måtte det vere og/å-feil, kommafeil eller for lange avsnitt. Eg la mykje meir merke til dei orda som var skrivne i fjortisstil enn med vanlege bokstavar, som understrekar poenget til artikkelforfattar. Ved å innføre denne regelen ser det heile meir profesjonelt og ryddig ut.

  5. post-127929-1209459857_thumb.jpg

    Bilde tatt i motlys i januar med gode skiforhold

    post-127929-1209459764_thumb.jpg

    Bilde tatt på konsert utan blits

    post-127929-1209460034_thumb.jpg

    Bilde tatt på byen i mørkt lokale med blits (nokon klarar seg med 3410 ;))

     

    Kvaliteten kunne ha vore bedre, men eg trur at innan få år er kompaktkamera bortkasta. Eg meiner at dersom ein skal ha skikkeleg kvalitet må ein uansett ha speilreflekskamera. Berre med linser og bildebrikke av stor størrelse får ein verkeleg gode resultat.

  6. Trur nok denne pcen er påtenkt kundemasse med spesielle behov og ikkje mannen i gata. Tippar den blir verdsett blandt t.d. metreologar og forskarar som driv med feltarbeid. Surt å måtte vokte bærebaren som ein juvel og ikkje konsentrere seg om arbeidet som skal utførast.

     

    Når du likevel ikkje skal ha massevis av film, musikk og spel er jo ikkje 40-60GB så lite, sjølv om det ikkje er nokon imot med meir. Kanskje det måtte til for å lage noko som var solid nok?

  7. History repeats itself: Kva med XP når det kom ut? Var mange som heldt seg til win2000 og win98 fordi dette "XP" var heilt ubrukeleg. Lurer på kor mange av desse som hadde XP i 2005...

     

    Det blir som Oslolosen; "Føør i tia, da var det.."

     

    Det her gjenspelgar berre folks enorme skepsis til det meste som er nytt; du må for all del ikkje sjå dei positive sidene! Dersom UAC er meint å ha ein positiv effekt, burde vi som brukarar klare å sjå det som noko positivt..

     

    Det tek meir tid å få bilen i gang når ein brukar bilbelte, så då er det jo like godt å droppe det, eller..?

  8. PicoPSU (google it) er populær, men når det gjelder mer ekstreme ting som 3.5"-kort holder det ofte å gi det feks 12VDC inn fra en veggvorte, så er det en kontakt på kortet for å få ut 12VDC og 5VDC til disker, optiske drev og sånt - ergo: PSUen er delvis "integrert" på hovedkortet.

     

    Det var jo ein grei sak. Med 12V kunne eg jo ha smekka inn ein liten pc i bilen. Litt småproblem med spenning og slikt kanskje, men sida den er frå 83 er det få andre ting som trekker :p

  9. Men korleis er det med straum til desse knøttsmå hovudkorta? Med det eg antar vil vere eit laveffektssystem må det vel vere mogeleg å køyre vesentlig mindre PSU (både effektmessig og størrelsemessig)?

     

    Har ikkje sett meg inn i saka, men lite hovudkort er uinteressant for meg dersom PSU-en framleis er stor.

  10. Eg har ein Nokia N82 og lurer på kor stort minnekort denne taklar.

     

    Typisk nok står det ikkje noko utfyllande om dette på nokia sine sider, eller i spesifikasjonar i prisguiden. På wikipedia står det at den kan ha microSD opp til 4GB og microSDHC opp til 8GB.

     

    I prisguiden finn eg ikkje større enn 8GB SDHC, og tippar at det er dette som set begrensinga til 8GB. Men det hadde vore fint med ei avklaring på det heile.

     

    Har nemleg lyst på 32 eller 16 GB dersom det ikkje er så alt for lenge til.

  11. Kult med iPhone-tilbehør da, har jo en selv, men noen ganger kan det bli for mye av det gode :p

     

    nvm

     

    Dummeste artikkelen... Sånne linser får du til nesten hvilken som helst mobil.... Det er ikke noe WOW at du får den til iphone også da...

     

    Er så lei slike idiotiske komentarer, liker du ikke artikkelen/iphone, så ikke les den da...

     

    For det første har han eit poeng, eg trudde med det samme at dette var noko som berre ville kome til iPhone. Dette er jo tydeligvis heilt feil.

     

    For det andre har han lov til å klage så mykje som han berre vil, ettersom forumet delvis er til for at vi skal kunne gi feedback.

     

    Og ver snill å fortelle meg korleis du veit at ein artikkel er god før du har lest den.

  12. Du kan proppe 4 gb og kjøpe t7700-cpu ++ i compalen og framleis vere godt under lamborgini-prisen. Og for guds skyld, det er ein bærebar, dei fleste ser ok ut i dag. Å ha lamborgini-bærebar som er overprisa er harry i mine auge.

     

    Om testen; Ein skilnad på 3200 og 2400 i 3dmarks06 er ikkje minimal. Dette er ein tung og relativt ny test ein ikkje kan vente at ein bærebar skal produsere veldig høge poengsummar. Når det då er snakk om 33,3%, vil eg påstå at dette er ein nemneverdig skilnad. I og med at det vert så låge poengsummar, kunne det jo tenkast at 03 kunne køyrast og, for å gi eit bedre samanlikningsgrunnlag?

  13. Har ein ny Multicom bærebar pc som har fungert ok sidan eg fekk den for ein månad sidan.

     

    Etter å ha køyrd eit flyttelass i dag (utan at eg trur det har påført fysisk skade) finner rett og slett ikkje pcen dvd-romen. Vista-dvden kan startas opp, så det er med andre ord kontakt mellom rom og pc. Men i Windows, med eller utan tryggleiksmodus, er det ikkje snakk om å få fram noko dvd-rom.

     

    Har prøvd det meste, avinstallere, deaktivere og aktivere igjen, laste ned ulike typar driverar. Enda på låta er alltid den samme: "Finner ikke enhet".

     

    Det byrjar å gå meg skikkeleg på nervane så no håpar eg nokon kan hjelpe.

     

    Det er ein Slimtype DVDRW SSM-8515S og cpen køyrer Vista-64 på Intel-platform.

     

    Nokon idear?

     

    Takkar for all hjelp.

  14. Latterlig opplegg, som er det Blizzard har blitt etter WOW. Du kan drepe alt og alle; Illidan, ein av dei kulaste og mektigaste i wc3-campaignen. Han er på linje med Arthas før han blir Lich King. For å ikkje nemne Archimonde. Pluss alt anna som har vore med wc3.

     

    Historia har hamna fullstendig bak mål etter at boss-dreping har blitt mål for spelet. Sleng innpå alle namn som finst, då blir det bra. Wc3 var ein genistrek av eit spel, WoW har tatt det wc3 bygde opp og rive det ned for å melke kua tom.

     

    Og Lich King er Arthas, og er ikkje sterkare enn Sargeras i det heile tatt, då han er den kraftigaste i heile warcraft-universet.

  15. Eg har vore ute og reist i fire månadar i år og i ettertid har eg kome til å tenkje på noko. Totalt sett er det to minnekort som har streika på turen, eit splitter nytt kreton compactflash på 2gb (i eit heilt nytt 400D) og eit 2gb miniSD i ein 6288.

     

    Eg har mistankar om at korta har teke kvelden under tryggleikskontrollar e.l. ved flyplassar. CF-en nekta å bli lest av både lesarar til pcar og kameraet sjølv då eg kom til Fiji. Fekk heldigvis retta dette opp med RescuePRO frå Sandisk (heldigvis) då eg kom heim. CF-kortet fungerer fint no.

     

    Problem:

    MiniSD-en har kunna spele musikk heile tida, men nyopplasta data, bileter og video vart etterkvart svært dårleg, hakkete eller ein kunne rett og slett ikkje sjå/bruke dei. Skrive til vart også ein umogelegheit. Då mobilen skulle lagre til minnekortet, stod den og lagra i det uendelege utan at noko skjedde..

     

    Er det mogeleg at desse to korta kan ha vorte skada av flyplassinstrument?

     

    Forøvrig håpar eg å få MiniSD på garanti, men dersom scannarar kan vere problem for slike kort anbefalar eg folk å ta kopiar ofte om dei skal ut og fly.

  16. Jo, har det nemlig. Var berre litt redd for å sette 6800-en i ein 4x-slot, men fant ut at dette ikkje var farleg. Er jo samme volten.

     

    Uansett har eg kome fram til at hovudkortet rett og slett har teke kvelden. Har prøvd alle kombinasjonar på eit anna hovudkort eg har, som er eldre. Og her fungerer både xp2000+, xp3200+, pc3200-minne, pc2100-minne, gf2 gts og gf6 om ein kvan.

     

    Nytt hovudkort er bestillt, så alt skulle vere i den skjønnaste orden om ikkje så lenge :)

  17. Svært gammalt nytt, kanskje bruken av namnet er ny, men ipodvibratorideen er nesten to år gammal trur eg. Kjøpte ein slik til dama nemleg. Å bruke ein i i produktnamnet ser eg på som mildt sagt lovleg. Apple er eit skittent konsern som prøver å kneble forbrukerettigheitene dine uansett, så ser ikkje vitsen i å beskytte det.

     

    Og The_Fire, alvorleg talt: Tåpelig spørsmål, "kva skal ein med ein dildo?" Dersom eit kvinnfolk har ein song på hjernen som er heeilt orgasmisk, må det berre vere flott å kunne ha sex med den. Det finst heilt sikkert mange som kan ha glede av den saken der.

×
×
  • Opprett ny...