Gå til innhold

Arzmir

Medlemmer
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Arzmir

  1. Eg bestilte Sony Vaio VGN-Z31 WN/b frå Megastorenorge.no og fekk denne tilsendt etter vel tre veker. Desse laptopane er bestillingsvare og det viste seg at Megastore.se var tomme på lageret, derav den lange leveringstida.

     

    Servicen var bra, dei holdt meg rimeleg oppdatert og var hyggeleg i tonen. Einaste som kanskje kan plukkast på er at dei ikkje sendte med "sendingsnummer" på kvitteringa og samt at det ikkje stod i klartekst på nettsida at alle prisar inkluderte norsk MVA.

     

    Førsteinntrykk

    Har no hatt laptopen i to dagar, er nesten 100% nøgd, men har litt å utsetje på den.

    1. Den kjem med ein utruleg "bloated" Windows Vista installasjon. Og ved oppstart brukte den omtrent 1.6gb minne utan at eg køyrde noko som helst. Men det kan ein reinstall fikse (
      NB!
      Les kommentar lenger nede)

       

       

    2. Den støyar under last, men ikkje ubehageleg mykje. Dette kan ha samanheng med at eg ikkje har fått installert alle dei korrekte driverane etter at eg reinstallerte.

       

       

    3. Eg nyttar pcen til å spele og i for eksempel world of warcraft har eg mykje sære knappekombinasjonar som eg nyttar for å effektivisere spelestilen min og her merka eg eit stort minus. Knappe kombinasjonen SHIFT+W+1 fungerar ikkje. Dei delar nok den same kretsen på tastaturet (om nokon lurar på kvifor eg vil ha ein sånn kombinasjon: Eg spring med W, og caster en spell SHIFT+1 samtidig). Det er ikkje det verste som kunne ha skjedd, men det var ein ganske irriterande feil for min del.

     

     

    Kommentar til reinstallering:

    Når det gjeld å reinstallere Sony Vaio laptoper er det ein veldig viktig ting å merke seg. Nettsidene deira har ikkje alle driverar og program ein treng for nokre pcar. Dette merka eg den harde vegen og endte opp med å søke overalt på nettet etter løysingar på problemet. Eg fekk ikkje tak i nokon av dei nytteprogramma som kom med originalinstall og Vaio Update fungerte ikkje ergo eg vart sittane med ein uferdig install.

     

    Eg held på å reinstallere originalinstall frå recovery funksjonen og forhåpentlegvis får eg tak i alle program og drivarar frå den.

     

    Så om du har planar om å reinstallere ein Sony Vaio VGN-Z31 vær sikker på at du har alle programma du treng og det er nok ein god idé å lage recovery DVD-ar ved første oppstart sånn at du har originalinstallasjon tilgjengeleg utan å måtte kontakte Sony.

     

    Kommentar til det tekniske:

    Skjerm:

    Det første som slår deg når du får denne laptopen er skjermen. Den er utruleg tynn og følast litt veik i starten, men kvaliteten på biletet er fantastisk. Fargane er utruleg bra og grunna den høge oppløysinga er den utruleg skarp i tilleg.

     

    Tastatur:

    Etter litt lengre bruk av laptopen vart eg overbevist om at den har det beste tastaturet eg nokonsinne har skrive på. For dei som har små hender kan det verte litt longt mellom tastane, men eg trur at det enda er ein del kortare enn på eit fullverdig tastatur. Responsen er veldig bra og knappevandringa er akkurat i beste laget.

     

    Støy:

    I starten la eg ikkje merke til støyen då eg var overvelda av at eg hadde fått ein ny laptop, men etter ei lita stund med normal bruk byrja det å gjer seg merkbart. Eg var litt redd for det då eg bestilte laptopen i første omgong, men det var noko eg følte det var verdt for den funksjonaliteten laptopen bringar. No har ikkje eg nokon vitenskapeleg måte å måle støyen på, men ved vanleg bruk er det såvidt du høyrar den. Når du køyrar tyngre progam, eventuelt spel vil du merke det relativt godt om ikkje du har på deg headset. Desibel ligg vel kanskje rundt 30-35 ved høg last (merk: ikkje målt, berre eit anslag). DVD-romen lagar mykje lyd under bruk då det ikkje er så godt isolert rundt denne, men dette er også ganske vanleg og den kan faktisk slåast av for å spare straum. Harddisken høyrer eg nesten ikkje. Sjølv under full last.

     

    Varme:

    Det var i grunn som forventa at ein liten laptop med masse kraft lagar ein del varme. Har ikkje ein temperaturmålar lagt inn, men ved full last er det ubehageleg å halde handa foran luftstraumen. Dette tydar i bunn og grunn at kjølinga verkar som den skal og på sjølve laptopflata merkar ein ikkje mykje av varmen. Dette er også forsterka av at tastane er av type "plast-gummi" som ikkje ledar varme. Sjølve chassiset blir middels varmt (~30-35grader) akkurat rundt vifteplasseringa.

     

     

     

    Eg kjem tilbake med litt meir informasjon om korleis ting artar seg etter kvart og kan gi ein djupare test av sjølve laptopen.

     

    Som eit søkbart samandrag for andre (vanskeleg å finne god informasjon om VAIO i Noreg):

     

    Kjøp Sony Vaio i Norge - www.megastorenorge.no

    Reinstall av Vaio VGN-Z31 - sørg for å last ned alle drivarar før du byrjar

  2. Sendte epost til Netshop:

     

    Hei, har lenge leita etter moglege forselgarar av Sony VAIO produkter og

    har såvidt fått med meg at dere har solgt nokon tidligere?

     

    Eg er på jakt etter ein Sony VAIO VGN-Z25WN/B. Har Netshop moglegheit

    for å importere ein laptop av dette merket til Norge og vidareselge den?

     

    Reknar ikkje med at dette går an, men ville sjekke for enkelheits skyld

    då eg ikkje finn nokon svensk butikk villig til å sende til Norge.

     

    Hei. Vi selger dessverre ikke Vaio lenger. Det blir for tungvint med garantihåndtering så lenge Sony Norge ikke selger de.

     

    Og til Komplett.no:

     

    Hei, har lenge leita etter ein mogleg forselgar av Sony VAIO produkter

    og la merke til at Komplett.se selger dette.

     

    Eg er på jakt etter ein Sony VAIO VGN-Z25WN/B. Har Komplett.no

    moglegheit for å importere ein laptop av dette merket frå Komplett.se

    til Norge og vidareselge den?

     

    Reknar med at dette ikkje utan vidare fungerar, men ville sjekke for

    enkelheits skyld då eg ikkje finn nokon svensk butikk villig til å sende

    til Norge.

     

    Hei.

     

    Nei dessverre det gjør vi ikke.

     

    Vidare:

    Er forøvrig i dialog med Sony Center, Helsingborg i Sverige og har spurt om dei har moglegheit for å sende til Norge. Dei er litt seine å svare, men skal skrive ei oppdatering når eg får svar.

  3. Joda, jeg bruker noen MS-produkter, både hjemme (XP) og på jobb (XP + MS-Office).

    Vil jeg kunne velge hvilken som helst annen p2p-løsning når brukere av Microsofts fildelingsprogram vil dele filene sine med meg? Eller låser MS meg ute fra deres p2p-nett?

    Forventer du også å få tilgang til google-databasa gjennom yahoo? Eller surfe på facebook med en Blink konto?

     

    Tvilar sterkt på at Microsoft går til det steget at dei stenger for anna form for fildeling då dei har vore i veldig sterkt "monopol-søkelys" siste tida, men at deira tjeneste krev deira program er vel fullstendig logisk?

  4. Eg har i lengre tid hatt behov for å skaffe meg en ny bærbar PC og har leita litt rundt om kring etter alternativ. Utifrå mine preferansar har eg kome fram til at ein Sony VAIO VGN-Z21 hadde vore heilt supert.

     

    Sony VAIO har vist seg å vere utruleg vanskeleg å få tak i Norge utan at ein ved import endar opp med dobbel meirverdiavgift. Så eg endar opp med nokre spørsmål:

     

    Spørsmål:

    1. Kvifor er det ikkje Sony VAIO i salg i Norge? Har det vore nokon tvist angåande garanti eller andre forbrukarfiendtlege sakar?
    2. Eksisterar det nokon godt kjente importkanalar for Sony VAIO til Norge?
    3. Har nokon erfaring med kvaliteten på desse pcane?
    4. Nokon som har gode tips til alternativ?

    • Størrelse: 12-13 tommar
    • Oppløysing: 1280x800, helst større
    • Vekt ~ 1.5 kg
    • Kraftig skjermkort
    • Kraftig prosessor
    • DVI/HDMI utgang
    • Lengst mogleg batterilevetid
    • Pris < 25,000 NOK

     

    Med andre ord har eg sansen for både i pose å sekk. Grunnen til at eg krevjar så bra specs er at eg nyttar pcen til spele og har ikkje ein stasjonær og har per i dag ingen planar om å skaffe meg det heller. Har i dag ein LG TX Express som har gjort jobben sin utruleg bra i snart tre år.

     

    Eit eventuelt alternativ må vare i omlag tre år før det er naudsynt å skifte ut av ytelsesmessige omsyn. Bruksområdet til pcen er mykje photoshop, illustrator, film, spel og ellers generell pc-bruk. Eg er stadig på farta så dess lavare vekt dess betre. Optisk medie er ikkje så veldig viktig då denne kan vere ekstern.

     

     

     

    Takkar på forhånd for eventuelle svar og eg skal gi ei oppdatering på om eg finn ein måte å få tak i Sony VAIO til Norge på eit tilfredsstillande vis. :new_woot:

  5. Modem: glem film

    Billig linje: Velg lav kvalitet, evt DVD om du har litt tålmodighet og evne til å planlegge noen timer frem i tid.

    Normal linje: Velg DVD-kvalitet, evt DVD om du har litt tålmodighet og evne til å planlegge noen timer frem i tid.

    Rask linje: Velg full HD-kvalitet.

    Den gjennomsnittlege nordmann ligg nok i sjiktet for "Normal linje", då reknar eg 3-5mbit for dette. Og det er definitivt bra nok til å streame ein del digitalt media, men det eg synest er rart er at du ikkje set spørsmålsteikn ved kva dette vil krevje av ein digital distributør.

     

    Eksempel:

    Gitt at alle nordmenn hadde 20mbit, dette er da ypperleg for å streame HD-film. Kva vil dette medføre for distributør?

    Vi er 4.5million nordmenn, gjennomsnittleg kanskje 4 personar per hustand, so omtrentleg 1,1 million hustandar. I verste filmsjåingstida, tippar søndags kveld klokka 2100, vil kanskje 100 000 av desse sjå film. For å fore alle desse med ypperste kvalitet av HD-film-streaming måtte denne distributøren hatt 100 000 * 20mbit linje ut, det tilsvarar fint 2000 gigabit. Litt satt på spissen, men det illustrerar poenget ganske bra.

     

    Ville ikkje dette skapt eit vanvittig behov for utbygging av infrastrukturen i Noreg? Det føreligg allereie struping av nettlinjekapasitet i Noreg i dei verste rushtidene.

     

    For ikkje å snakke om kostnadane for ein eventuell distributør måtte ut med for utbygging av serverpark, linjeleige, vedlikehald av serverar og nettenestar?

     

     

    No er ikkje eg nokon ekspert på området så dette er berre mine personlege spekulasjonar..

  6. Artig å se at ting går fremover, men jeg og en kompis satt å diskuterte litt om dette med SSD-harddisker. Og han sto helt fast på at de var helt ubrukelige! Begrunnelsen hans var at man bare kan skrive til harddisken et gitt antall ganger. Stemmer dette? Eller har vi snakket om hverandre med forskjellige produkter? :p

  7. Som tittelen sier har jeg store problemer med å boote PCen min.

     

    Ved oppstart så vil alle vifter slå seg på og jeg hører at harddisken begynner å spinne opp for boot, men så stopper hele sekvensen før jeg får bilde på skjermen og den går inn i POST. Til tider så vil dette problemet ikke vere til stede i det hele tatt og maskinen er dønn stabil. Andre ganger får jeg boota og brukt den en stund før den enten fryser fullstendig og krever reboot eller bare rebooter av seg selv.

     

    Inntil nylig hadde jeg ett annet skjermkort, men kjøpte dette siden det gamle ikke var så bra lenger og det var mer eller mindre da jeg begynte å få problemer. Første tenkte jeg at det var PSUen som ikke klarte å forsyne alt sammen, noe som ikke ville vært overraskende med den strømforsyningen som følger med kabinettet (300w Iwill PSU) så jeg kjøpte en ny OCZ psu som jeg stort sett har hørt bare godt om. For en stund var pcen så god som ny, men den har igjen begynt å streike og det er desse problemene jeg har beskrevet ovenfor.

     

    Jeg har en følelse av at det enten er noe på hovedkortet som er ødelagt eller at jeg kanskje har et problem med overoppheting selv om den ikke rapporterer mer enn 40-50 grader celsius.

     

    En annen ting som jeg lurer på kanskje har noe å si er om en av de to cpu viftene ikke er helt som den skal. Likevel klarer maskinen å boote (når det skjer) selv med bare en vifte tilkoblet.

     

    PC konfigurasjon:

    • Iwill ZmaxDP med tilhørende hovedkort.

    • OCZ ModStream 520W PSU

    • AMD Opteron 248 (2stk)

    • Crucial PC3200 DDR-DIMM 512MB CL3 ECC/REG, 2.5V (2stk)

    • Samsung Spinpoint 120s 250gb HDD

    • Gainward GeForce 7600GT 256mb AGP versjon

    Har nyeste offisielle releasen av BIOS til denne og har ikke overklokket noe.

     

    Jeg har en par måneder gammel Windows XP installasjon på PCen og bruker en del tid til Photoshop, webdesign og ganske mye spilling av World of Warcraft og Supreme Commander. Når pcen velger å vere stabil så er det ingen problemer i det hele tatt ved noen av de tingene jeg driver med, men det blir bare ofterer og oftere at maskinen er ustabil.

     

    Alle tips og idéer som kan vere til hjelp er veldig velkommen og jeg takker på forhånd alle sammen :)

     

    PS. Om noen bor i Trondheim og har mulighet til å hjelpe å teste noen av de ulike komponentene er det til stor hjelp. :w00t:

×
×
  • Opprett ny...