Gå til innhold

enixitan

Medlemmer
  • Innlegg

    1 358
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av enixitan

  1. Noen som vet hva man kan gjøre når Michael og Trevor har blitt "exiled from the city. If they enter the city, martin's henchmen will track them down.."

     

    sitter litt fast med han frankling. Det er 2 "M" på mappet, den ene er grønn og andre e blå. når jeg går dit med han frankling der "M'en" er så skjer det ingen ting. SÅ er det en L, men den vill jeg ikke gjøre til slutt for pengene skyld...? noen som vet hvor jeg får de guttanboys tebake igjen til byen?

    Eg hugsar ikkje akkurat kvar i historien dette er aktuelt, så det kan vere du har gjort det. Om ikkje:

     

    Du må gjere det første Assassination-oppdraget (Hotel Assassination) i løpet av historien, det kan ikkje vente til slutt. Om du sparar det vil du komme til eit punkt der det hindrar deg i å komme vidare.

     

  2. Dersom du faktisk vurderar satelitt kan du jo òg vurdere å sette opp ei utvendig mobilantenne. Det kostar litt ekstra i starten, men det vil nok lønne seg likevel i løpet av første år, samanlikna med satelitt. Eit USB-modem bak PC-en har heilt andre forutsetningar enn ei ideelt montert ekstern antenne.

  3. De burde ha nevnt noko om kor mange samtidige tilkoblingar leverandørane støttar. Mange tillet bare éi oppkobling per abonnement. Eg har eit abonnement hjå Private Internet Access, der kan ein ha fem VPN-koblingar mot same eller ulike gateways på eitt abonnement.

     

    Sidan det er upraktisk å måtte slå av og på VPN for å sjå til dømes NRK og amerikanske tenester har eg satt opp fleire VPN-tilkoblingar i kvar sitt jail på ein FreeNAS-boks, og Dante (SOCKS-proxy) og Privoxy (HTTP-proxy) i kvart jail. Relativt få mobilar, nettbrett og andre dingsar støttar OpenVPN utan rooting/jailbreaking/etc., men omtrent alle dingsar kan koble seg til ein HTTP-proxy. På PC-en min kan eg la Opera "vere i Noreg" ved å ikkje bruke nokon proxy-server, Firefox kan vere i USA (via proxy-serveren i "USA-jail", eit tredje program kan vere i Nederland via proxy i "NL-jail" osb. Firefox (og kanskje andre) kan òg ha ulik proxy-konfigurasjon per fane, om ein fiklar litt. Eg får tilgang til alt eg kan tenke meg, på så mange dingsar eg vil, og har full kontroll på kva for trafikk som går via VPN og kva som går direkte.

     

    Mange leverandørar (m.a. PIA) tilbyr òg proxy-serverar, men ferdige løysingar er jo ikkje gøy. :p

  4. 100 Derby Extra til $9.99.

    Det må vel kalles en bra deal!

    Kva er den beste dealen; US$9.99 + US$12.99 i frakt eller US$0.99 + US$21.99 i frakt? Det interessante er kva det vil koste å få vara i hendene, ikkje korleis kostnadane vert fordelt. Desse blada kostar US$22.98 for ein nordmann, så enkelt er det. (Sistnevnte pris er hypotetisk, men det ville ikkje overraske meg om du finn den ein stad.)

     

    Bestshave har betre pris på både produkt og frakt. Eg hadde ikkje tatt i mot 100 Derby-blad om eg fekk ti dollar, men 100 Astra Platinum-blad til totalt $13.39 (~80 kr akkurat no) er eit godt kjøp etter mi meining.

  5. Du kan ha med høvelen i handbagasje (du bør rekne med at dei vil sjå på den), du kan ikkje ha med blad. Alt går fint i innsjekka bagasje. Det er TSA-reglane, og me har vel eigentleg akkurat dei same reglane (men hakket mindre streng kroppsskanning).

     

    Du kan ta med deg "vanlege" bladhovud (Fusion, Mach3 osb.), så reglane er tullete. Det er ikkje særleg vanskeleg å plukke eit bladhovud frå kvarandre, då har du gjerne fem blad som er mykje stivare enn eit DE-blad, og difor minst like farlege. Den einaste godviljen du finn i sikkerhetskontrollen er den du har med deg sjølv, så du må nok sjekke inn bagasje eller bruke noko anna.

  6.  

    Kontakt Barbershop, og høyr om dei vil hjelpe deg. Det er både vatn, krem og skum involvert i dagleg bruk, og den burde tåle ein tur i badegolvet. Har gjort det med både Merkur- og Mühle-høvelen min, utan varige skader. Om ikkje er både Mühle og Merkur kjent for god kundeservice, eg reknar med at du kan skru ut skruen frå håndtaket, og at dei gjerne sender deg ei ny toppdel til hovudet om du kontaktar dei.

     

    Får jeg det som trengs for under 1000 kroner ferdig levert?

     

    En bra høvel, skum/sepe, kost osv?

     

    Noen som vil komme med anbefalinger til meg samt hvor det er billigst å handle i fra?

     

    Merkur 34C (Barbershop 295 kr.)

    Mühle Classic Silvertip Fibre (Barbershop, 21 mm/str. 2, 295 kr.)

    50 Astra Superior Platinum blad (Connaught 6,50 GBP)

    Proraso barberkrem tube (Connaught 5,25 GBP, velg farge sjølv (grøn/raud/blå))

    Proraso Liquid Cream aftershave (Connaught 9 GBP, velg farge sjølv (kvit/blå, kvit er betre etter mi meining))

    Bulldog Aftershave Balm (Vita-butikk, 129 kr om eg hugsar rett)

     

    Du får produkta frå Connaught innanfor avgiftsgrensa, så ingen ekstra avgifter. Ca. 900 inkludert frakt.

     

    Noko heilt anna; prøvde Polsilver Super Iridium i Merkur 34C her om dagen, det nærmaste eg har vore kniv i varmt smør-kjensla. Eg har brukt mange ulike blad (inkludert Feather, Astra og Derby), og eg har vanskeleg for å forestille meg korleis eit blad kan vere betre enn dette.

     

    -Edit-

     

    Gløymde Bulldog-kremen sidan ingen av dei "vanlege" butikkane hadde den, men den er betre enn Proraso sin etterbarberingskrem. Om du likar den er den billigare på NkdMan, men du kan like gjerne kjøpe den første tuba på Vita, med frakt kostar det omtrent det same vil eg tippe.

  7. Dette er relevant fordi Windows 7 ikke er kjempegode venner med UEFI. [...] Du bør altså ikke ha UEFI-oppstart på maskinen for å bruke Windows 7.

     

    Då ville eg satt pris på om HW kunne ta på seg rolla som barnehagetante og sette seg ned saman med Windows 7 og UEFI, slik at dei kan få snakka ut og slik at me som er ein del av omgivnadane kan forstå konflikta dei opplever.

     

    Gje i det minste ei lenke som forklarar kva for problem som kan oppstå. Eg har køyrt ein UEFI-installasjon av Windows 7 på laptopen min sidan januar utan å ha opplevd nokon kranglar, og med eit kjapt søk klarer eg heller ikkje å finne ut noko om denne tilsynelatande opplagte uvenskapen. Fordumma, grunnlause påstandar får ikkje lommeboka mi til å gnistre av betalingsvilje.

    • Liker 4
  8. Du kan vel òg reklamere på transaksjonen (dette må du gjere så fort som råd). Dersom kortet er brukt utan PIN-kode må det vel ha vore innom ein betjent brukarstad, og brukarstaden har vel eit visst ansvar (i brukarstadsavtale med Visa/MC) for at dei ikkje let folk handle med stolne kort.

    • Liker 1
  9. ja

     

    hvertfall hvis vi snakker høyere utdanning. 40% blir gjort om til stipend hvis du står i alle fag. hvis du har 4 eksamner men stryker i 1 vil bare 30% bli gjort om til stipend.

     

    Lånekassa reknar ikkje ut frå talet på eksamenar (eller emne), men talet på studiepoeng. Om du har fire emne i eit semester, der tre tel fem poeng kvar og eitt tel femten poeng, og du stryk i emnet på femten poeng og står i dei tre andre får du bare gjort om 20% av lånet for det semesteret.

  10. Loven har ikke tilbakevirkende kraft. Det var ulovlig å laste ned ulovlig før også. Det som er registrert før 1 juli kan bli brukt mot deg om du blir tatt i å laste ned kultur nå som overvåkningen, og utleveringen, av dataen du sender og mottar er blitt lovlig for private aktører.

     

    Eg trudde lovendringa gjekk ut på at ein aktør ikkje lenger treng konsesjon for å registrere ulovleg deling. Dersom lova ikkje har tilbakevirkande kraft, korleis kan ein aktør bruke opplysningar som er registrert før 1. juli i ei sak, dersom aktøren ikkje hadde konsesjon i utgangspunktet?

  11. Dersom lova trer i kraft 1. juli er det vel ikkje lovleg å registrere at 1.2.3.4 (IP-adressa mi) har delt eit åndsverk før 1. juli (så lenge ein ikkje har konsesjon som er kravet i gjeldande lovverk)? Om eg delar noko i dag, og avsluttar delinga før 1. juli, kvifor er det lovleg å registrere at eg delte dette før 1. juli?

     

    Eg forstår at opplysningane om kven adressa høyrer til framleis er lagra om eg gjer noko i dag, men eg ser ikkje kvifor det er lovleg å registrere aktiviteten mi IP-adresse tek del i før 1. juli, og dermed forstår eg ikkje poenget i artikkelen heller.

    • Liker 5
  12. Kvar kan eg få tak i billige DE-blad? Prøvde å bestille ein sampler pack på amazon uk, men dei kan ikkje sende verken det eller proraso-såpe til Noreg. Bestilte mine første ting (34C, Merkur og Feather-blad) frå Fitjarsoap, men 60kr for 10 blad + 40-50kr frakt er alt for dyrt.

     

    Connaught har eit stort utval av blad, og konkurransedyktige prisar på det meste i utvalet sitt.

    • Liker 1
  13. Det er fleire som har fått kraftig irritasjon/utslett av Jermyn Street-kremen. Eg har òg opplevd liknande (ikkje med JS-kremen), reaksjonar frå produkt det ikkje skal vere mogleg å reagere på ut frå etiketten. "Sensitiv hud", "allergenfri", "hypoallergenisk" og liknande er eigentleg heilt håplaust å gå ut frå, etter mi erfaring. Ingredienslista og kjennskap til dine faktiske allergiar er det einaste som funkar.

×
×
  • Opprett ny...