Gå til innhold

Sp1ke

Medlemmer
  • Innlegg

    166
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sp1ke

  1. I strafferetten snakkar vi ofte om dette i forbindelse med aktsomhetsvurdering. Påregnelig årsakssamanheng handlar om: "Er det sannsynlig (påregnelig) at dette skjedde, når du handlet slik?" eller "Er det naturlig å tenke at denne handlingen førte til dette resultatet?"

     

    Eksempel: Er det sannsynlig at en mann dør av slag når du slår han i hodet en gang? Avhengig av styrken på slaget, tåler dei fleste av oss å få "ein på tygga". Det du ikkje visste var at han hadde ein svakheit som gjorde at ein blodåre sprakk i det du slo han. 

    Er det påregnelig? Burde du kunne forvente at han kom til å dø av eit enkelt slag eller ikkje?

  2. Kjør på! Til privat bruk kan du filme det meste. Berre ikkje stikk kameraet i trynet på dei - treng ikkje irritere unødvendig.

     

    Dersom du derimot ønskjer å publisere offentlig må du vurdere om du har lov. Politi i tjeneste er offentlige figurer, men andre på filmen kan ønskje å ikkje bli avbilda offentlig. 

  3. Feilkoden antyder jo at det er problemer med regenereringsprosessen.

     

    Denne kan feile dersom du feks får defekte glødeplugger eller gløderele.

    Vet ikke om det er tanklokksensor på disse, men det er det i alle fall på PSA sine biler fra samme tidsepoken, om denne er defekt vil også systemet slutte å fungere.

    Hm - trudde problemet lågg i tett partikkelfilter, men det kan vel være andre delar av den. Ville symptomene vært annerledes om filteret var tett?

     

    Bilen går som sagt med maks 3000 o/minutt og motoren er mykje svakare enn vanleg - må gire ned i 1. gir i bratte bakkar!

  4. Bur i Harstad, så det er vel ein 20-30 mil til nærmaste svensk by.

     

    Motoren er 1,6D (109hk) og det stemmer nok at det er intervall på 120 000km på skifte ja. Hadde tenkt å unngå det lengst mulig  :hmm:

     

    Litt vanskelig å begynne å dra rundt på tilhenger, effekten er strupa også. Trur bilen så vidt ville klart ein tilhenger i 4. gir på flata. Måtte ned i 2. gir for å komme opp ein litt brattare enn ellers bakke før i dag.

  5. Hei!

     

    Eg har ein 2008 V50 som har gått rundt 140 000km. Fikk problemer for ca. ei veke sidan, då motorlampa begynte å lyse og eg fekk lest av feilkode p2458 og p242f som omhandlar "diesel particulate filter regulation". Har kjørt ca. 250 km i småturer siden januar (ca 1-2 småturar i veka), før det har den gått langturer på minimum 30 minutt.

     

    Kjørte i dag 8 mil på 3. gir med turtall på tett oppunder 3000 o/min utan at feilkoda vart borte. Bør eg krype til korset og bytte filteret? Hadde trudd det ville hjulpet den runda eg kjørte for å prøve å rense fileteret i dag, men bilen viste inga teikn til betring inna eg var heime igjen.

  6. For politiet er det ulike situasjoner som gjelder. Politiet må informere deg om statusen din og dei formelle reglane som gjeld før dei kan bruke forklaringen din, f.eks. i retten. 

    Det kan væra ulovlig å lyge i avhøyr. I hovudsak gjeld straffelova §§ 221 - 225, som enkelt sagt betyr at "dersom du bevisst lyg for politiet, kan det væra straffbart".

    Som mistenkt vil du aldri kunne bli straffa for å lyge mens du forklarer deg om forholdet du sjølv er mistenkt for. Når det gjeldt det å forholde seg taus, meiner eg å ha fått med meg at det ikkje skal tale til gunst for den som er mistenkt. 

    Om du lyg for politiet eller retten er det meg bekjent inga praktisk forskjell på. 

     

    • Liker 1
  7.  

    Det påtalemyndigheten ilegger er vel et "forenklet forelegg"? At man gjør opp for seg med en gang og dermed slipper rettsak og alt som medfølger? Eller "kjøper seg fri". Dog med plett på rullebladet.

     

    Nei, for den som ilegges gebyret eller boten er det vel ikke noen stor praktisk forskjell. Bortsett fra at en bot vil havne på vandelen din, mens et gebyr ikke gjør det. Men uansett er det jo penger som må betales som konsekvens av en handling.

     

    I prinsippet blir bot brukt i dagligtale og dekker nok tre ulike former for "bøter". For "hvermansen" har det ingen stor betydning, med mindre du ønskjer å forsvare din side / nekte å vedta. Dess strengare form for reaksjon (gebyr/bot mv.), dess sterkare vern skal du ha mot å bli feilaktig ilagt reaksjonen. 

     

    - Gebyr kan skrivast av både kontrollører for Statens Vegvesen, parkeringsvakter, politi og andre (parkeringsbot, belte, feil dekk)

    - Forenklet forelegg kan skrivast av politibetjenter med politimyndighet og er forbeholdt visse typer trafikksaker (fart, feil lys, mobil, unnlatt å sikre barn u. 15 år med belte e.l.). Forenklede forelegg kan òg medføre prikkbelastning.

    - Forelegg skrives av påtalemyndigheten, dvs. politijurister. Desse skrivast med bakgrunn i rapporter politibetjentene må skrive. 

     

    Noko av verna går ut på at:

    - Gebyrer kan påklages i ettertid.

    - Aksepterte forenklede forelegg kan i utgangspunket ikkje påklages dersom du har vedtatt (signert på) forelegget. Nekter du å vedta eit forenkla forelegg vil juristen måtte vurdere å skrive ut eit ordinært forelegg eller å ta det inn for tingretten.

    - Forelegg blir tilsendt i posten og du kan nekte å vedta. Då må du som regel møte i tingretten og forsvare ditt syn på saka.

  8. Skatteflyktning skal få poeng for ein kreativ tilnærming til ytringsfrihet og frihet til å nekte å forklare seg! Det stemmer at du har rett til å nekte å ytre deg - i rettsvesenet / menneskerettighetene om at ingen har forklaringsplikt for politiet og/eller retten som mistenkt/siktet for straffbart forhold, jf. mellom anna straffeprosesslova § 232 - retten mot selvinkriminering.

     

    I praksis betyr det at i det du nekter å oppgi personalia, vil du være mistenkt for brot på straffelova og har rett til å nekte å avgi forklaring om saka. 

    Det er feil at politiet ikkje har nokon lovlige midler til å avdekke identiteten til person. Som nevnt:

    • Visitasjon etter id-bevis, jf. politilova § 10.
    • Politiet kan ta beslag i gjenstandar som kan brukast som bevis, jf. strpl. § 203 (vil truleg være meir aktuelt ved mistanke om uriktig personalia)
    • Innbringelse til politiarrest jf. politilova § 8 nr. 3 for vidare undersøkingar - f.eks. søk i registre på aktuelle personar i området

     

    Det vart nemnd at ein kan bruke strpl. § 173 om å pågripe ein person som ikkje avstår frå den straffbare virksomhet (fortsetter å nekte å oppgi namn), men tilfellet er trulig lite anvendbart sidan ein gjere ei forholdsmessighetsvurdering jf. strpl. § 170a.

  9. Godt spørsmål i grunn. Ta svaret mitt med ein klype salt, er ikkje heilt stø på alt:

     

    Adeneo treffer hodet på spikaren - politilova § 8 heimlar at politiet kan innbringe deg i inntil 4 timar for å klarleggje identiteten din. 4 timar går frå tidspunktet du møtte på dei, ikkje frå du kjem inn i på politihuset. For å bringe identiteten din på det reine kan dei visitere deg jf. politilova § 10 - noko dei sannsynlegvis vil gjere først.

     

    Å ikkje oppgje personalia er berre straffbart med bot, så dei kan truleg ikkje sikre foto / fingeravtrykk / DNA av deg fordi du ikkje har begått ein handling som kan medføre frihetsstraff. Hadde handlinga vore straffbar, ville dei kunne lagra foto/fing./dna inntil saka er oppklart i etterforskingsregisteret.

     

    Likevel heimlar straffeprosesslova § 204 at politiet kan ta beslag i ting som kan være bevis knytta til ein straffbar handling - sannsynlegvis kan dei ta mobilen din. Ringer dei nødnummeret med den trur eg dei får namnet på eigaren, sjølv om den er sperra. Tastelåsen hindrar ikkje bruk av nødnummer. Finn dei ikkje namnet slik kan det hende dei held mobilen til saka er ferdig etterforska?

    • Liker 1
  10. Ein må ha tunga rett i munnen når det gjeld dette spørsmålet. 

     

    Det blir sagt over at det blir det samme som å ta promillekontroll - eg meiner det er feil. Promillekontroll er heimla i vegtrafikklova § 22a: 

     

     

    Politiet kan ta alkotest (foreløpig blåseprøve) og foreløpig test av om motorvognfører er påvirket av annet berusende eller bedøvende middel når:

    1. det er grunn til å tro at han har overtrådt bestemmelsene i § 22 eller § 22 b,
    2. det er grunn til å tro at han har overtrådt andre bestemmelser som er gitt i eller i medhold av denne lov, og departementet har bestemt at overtredelsen kan ha slik virkning,
    3. han med eller uten egen skyld er innblandet i trafikkuhell, eller
    4. han er blitt stanset i trafikkontroll.

     

    (...)

     

    I dei fleste situasjonar, når folk stoppes langs vegen, blir det rettslig sett kalla ein trafikkontroll. I alle sånne tilfelle kan politiet be om utåndingsprøve. Det er ikkje noko krav om mistanke i tillegg.

     

    Når det gjeld å åpne panseret så avhenger det av kvifor dei ønskjer å sjå under. Dersom dei søker etter noko som kan være straffbart etter straffeloven (i mange slike tilfeller narkotika), må dei ha skjellig grunn til å mistenke at dei skal finne narkotika. For det å gå gjennom bilen din for å leite etter noko straffbart er ransaking, jf. straffeprosesslova kap. 15.  Dei må ha ein konkret mistanke og rekne det som meir sannsynleg enn ikkje at dei finn narkotika når dei åpnar panseret. 

     

    Med tanke på spørsmåla dine, så ja, du kan nekte, men det har i praksis ingen betydning. Politiet kan aldri spørre muntlig om samtykke - det er for å verne privatpersonar. Ein privatperson blir "fanga" ved å bli stilt spørsmål om samtykke på den måten, fordi dersom han svarar nei veit han at politimannen blir mistenksom og sikkert vil leite likevel.  Det betyr at dersom politiet ønskjer å sjå under panseret/i bagasjerommet/inne i bilen, skal dei allereie ha sterk nok mistanke overfor deg til å kunne argumentere for skjellig grunn til mistanke.

     

    Eg mistenker at det nokon gonger "slurvast" med dette. Eit døme er når du blir spurt om å framvise varseltrekanten, dersom politimannen eigentleg vil sjå kva anna du har i bagasjerommet. Det er nok i gråsona til kva han har lov til.

     

    Problemstillinga er litt vanskelig å forklare på ein enkel måte - eg har gjort nokre foreinklingar. Eg håpar likevel det svarar på spørsmåla dine. 

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...