Gå til innhold

dahlberg

Medlemmer
  • Innlegg

    45
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av dahlberg

  1. Har behov for å installere to eller tre trådlause aksesspunkt i huset, alle kopla med kabel til sentral router. Er det nokon som har gode anbefalingar på typar med både 2.4 og 5 GHz, og gjerne kan administrerast sentralt. Det siste er ikkje så viktig, men alle AP skal ha samme SSID etc.

     

    I tillegg har eg naturlegvis kabla nettverk til ein del andre uttak i huset.

     

    Har ein router med WLAN frå breibandsleverandør i dag, men denne blir uansett snart bytta ut med ein annan leverandør, så vil vere uavhengig av den.

     

    Pris er ikkje avgjerande, men vil ikkje gå for ei dyr "bedriftsløysing".

  2. Ser at hovudkortet eg har på lista ikkje er så veldig tilgjengeleg på dei fleste nettbutikkar, er det nokon som har andre anbefalingar, blant anna MSI P55-CD53 er jo anbefalt i ein tidlegare post? Vil det vere snakk om noko særleg ytelsesforskjellar for min del, eller skal eg heller sjå kva som finst av eksterne tilkoplingar etc?

     

    Når det gjeld 1156-sokkelen, vil det bli lansert nye prosessorar på den, eller er det 1366 som gjeld framover?

  3. Har sett litt vidare basert på kommentarane, og forslaget no er som følgjer:

     

    Videoredigerings-PC

     

    Er det nokre spesielle svakheiter her, som eg burde gjere noko med?

    Går ut frå at dette er godt no skjermkort til min bruk, og at psu er stor nok?

    Når det gjeld kor stor lagringsdisk eg skal kjøpe, så har eg vel ikkje heilt bestemt meg, men trur eg går for ein 80 GB SSD i alle fall. I tilleg blir det vel ein Win7 Home Premium lisens.

     

    Burde ein gå for hovudkort med USB3 eller ekstern sata, eller er det like greit å kjøpe eit USB3-kort? (Dette med tanke på eventuell ekstern backup disk)

  4. Takk for tips, skal sjekke dette ut litt meir.

     

    Når det gjeld storleik på diskar, så får eg vurdere det litt sjølv kor mykje eg skal kjøpe.

     

    Når det gjeld prosessor, så er vel kanskje i5 750 litt knapt i forhold til spesifikasjonane, men endrar eg til i7, så fører det kanskje til endringar på hovudkort og psu også? Er kanskje dumt å spare på dette?

     

    I tillegg endrar eg nok DVD til BlueRay, så eg kan få ut filmane i full kvalitet.

  5. Har tenkt å kjøpe ny PC som skal kunne brukast til videoredigering i AVCHD (i tillegg til litt biletredigering i Photoshop og vanleg kontorbruk). Har i utgangspunktet tenkt å bruke Pinnacle, som er ok til mitt budsjett, og som er det eg har brukt før.

     

    Har lest diverse postar på forumet, utan heilt å kome i mål med kva eg bør gå for. Det eg eigentleg er ute etter er vel ei maskin som er god nok til det eg har behov for (med litt margin), til ein billegast mogleg penge.

     

    Viktigaste krav frå Pinnacle er:

    # Windows® 7, Windows Vista® (SP2),Windows XP (SP3)

    # Intel® Pentium® or AMD Athlon™ 1.8 GHz (2.4 GHz or higher recommended) - Intel Core™ 2 or i7 2.4 GHz required for AVCHD* (2.66 GHz for AVCHD* 1920)

    # 1 GB system memory recommended, 2 GB required for AVCHD*

    # DirectX® 9 or 10 compatible graphics card with 64 MB (128 MB or higher recommended) - 256 MB required for HD and AVCHD*

    # DirectX 9 or higher compatible sound card

     

     

    Det eg treng litt hjelp til då er:

    1.

    Eg satsar på Win7, men er usikker på kva versjon eg eigentleg har bruk for. Er det nokon gode tips?

     

    2.

    Anbefalingar på hardware. Maskina skal ikkje brukast til spel, videoredigering blir nok det tyngste den får å slite med. Men har ikkje behov for noko over-kill, oppgraderer heller etterkvart etter behov.

    Reknar med at feks Intel Core i7 930 er eit greit utgangspunkt til prosessor, og feks 4 GB RAM. Når det gjeld hovudkort, skjermkort, evt lydkort, psu, kabinett etc har eg ikkje så mykje peiling på kva som er bra, tar gjerne imot tips. Har ein skjerm på 1680x1050 no, men vil ha moglegheit til å kunne kjøre større oppløysing seinare. Har heller ikkje behov for anna periferi-utstyr.

     

    3.

    Satsar på ein SSD-disk til operativsystem, men veit ikkje kor stor ein egentleg bør ha.

    Er ein 5400-disk ok til fillagring, eller er det nokon fordel med 7200-disk med tanke på å jobbe med video?

  6. Har plutseleg fått problem med min Dell 9100, der eg har to diskar i RAID0. OS mm er installert her, og nokre ting eg ikkje har backup av. Om RAID0 var så lurt kan nok diskuterast, men ikkje noko å gjere med det no uansett.

     

    Diskane dukkar opp i BIOS, men oppstarten stoppar opp, og går eg inn i konfigurasjonsprigrammet for RAID, så får eg følgjande status:

     

    Intel® Matrix Storage Manager option ROM v5.0.0.1032 ICH7R

     

    RAID Volumes:

    ID Name Level Strip Size Status Bootable

    0 Volume0 RAID0(Stripe) 128KB 465.7GB Failed No

     

    Physical Disks:

    Port Drive Model Serial # Size Type/Status(Vol ID)

    0 WDC WD2500JS-75MHBO WD-WMANK1007630 232.8GB Non-RAID Disk

    1 WDC WD2500JS-75MHBO WD-WMANK1007276 232.8GB Member Disk (0)

     

     

     

    Her har eg valget på å slette raid , lage nytt raid og ffjerne raid-oppsett.

     

     

    Viss eg startar opp maskina med Windows PE, og prøver med RAID Recontructor eller iRecover, så er ikkje den disken som feila tilgjengeleg. Må eg slette RAID og lage det på nytt for å kome nokon veg? Vil helst ikkje gjere noko som gjer at eg mister det som er på disken.

     

     

    Har ikkje noko anna maskin å sette inn diskane i tilgjengeleg no, viss det er er ei løysing på nokon måte.

  7. Eg har nyleg kjøpt videokamera, og dermed må det litt videoredigering til. No er det HD som gjeld, har kjøpt eit kamera med AVCHD på minnekort.

     

    Det går treigt med min gamle Dell Dimension 9100 når eg kjører i gang Pinnacle og feks skal kode til DVD, så anten må eg oppgradere den, eller kjøpe ny. Har Pentium D 3.0 GHz, 2 GB RAM og 2x250 GB SATA HD i den eg har no, men er usikker på kor mykje eg kan oppgradere. Veit ikkje om det også er lurt å gå for eit betre grafikkort, har vel eit Nvidia GeForce 6800 i maskina no.

     

    Og får å få utbytte av at eg faktisk har eit HD-kamera, bør eg jo få inn ein Blu-ray-brennar også, og ein minnekortlesar for SDHC-kort. Litt meir lagringsplass er jo også bra.

     

    Budsjettet er i utgangspunktet litt begrensa, så eg kan ikkje ta heilt av, men vil likevel ha noko som fungerer bra til hobbybruk.

  8. Hei,

     

    Treng litt ekstra lagringskapasitet, og alternativa er anten å kjøpe ein ferdig NAS-boks og sette inn 2 SATA-diskar, eller å bruke ein gammal PC. Har eit par gamle PIII-maskiner liggande, kan eventuelt sette inn SATA-kort og diskar der.

     

    Nokre gode anbefalingar når det gjeld ytelse, pris o.l.? Har høyrt litt både og om kva ein i tilfelle bør installere slags OS på boksen, men ein eller annan gratis *nix-variant blir det nok isåfall.

  9. Hei,

     

    Har ei gammal Dell Inspiron 8100-maskin. Har akkurat installert Win XP på nytt, tenkte berre brukle den som surfe/epost-maskin. Problemet er at eg ikkje kan få det trådlause PCMCIA-kortet Asus WL-107g til å fungere. Dette har fungert fint tidlegare.

     

    Har prøvd å laste ned og installere drivarar frå Asus, og bruke dei anbefalte frå Windows, utan suksess. I Device manager får eg feilmeldinga

     

    "This device cannot find enough free resources that it can use. (Code 12)

     

    If you want to use this device, you will need to disable one of the other devices on this system.

     

    Click Troubleshoot to start the troubleshooter for this device."

     

    Men veit ikkje akkurat kva eg skal gjere med det? Er jo ingenting som er endra på maskina sidan sist den var brukt.

     

    Glad for gode tips :hmm:

  10. Eg har ein IBM Thinkpad T40 med innebygt 802.11 a/b kort. Eg kan ikkje kople til ein Linksys WRT54GX v.2 trådlaus router med firmware 2.00.08.

     

    Eg har også prøvd å endre firmwareversjon utan at det hjelpte. Har prøvd med og utan ulike variantar av kryptering/autentisering. Eg har også prøvd både med windows sine drivarar og dei som høyrer til kortet.

     

    Har ein stasjonær PC som eg kan kople til med, og eg kan bruke den bærbare til å kople til andre trådlause nett.

     

    Er det nokon som har gode forslag blir eg glad...

  11. jeg har en 80 gb disk i min P2 350 mhz. BIOS leste den som en 12 gb disk :ermm: , men siden jeg kjører linux på den pc'en var ikke det noe problem. Linux leste den som 80 gb, og alt virket perfekt :)

    Det er en stor fordel, siden Linux ikke bryr seg om BIOS så kan du i teorien ta en 300GB disk på en gammel 386 og det skal fungere.

    Er det samme tilfelle også for FreeBSD? I så fall er det jo ikkje noko problem, det er som sagt FreeBSD som skal installerast, gidd ikkje kjøpe ein diskkontroller viss det ikkje trengs. (Det betyr vel eigentleg berre at eg kan kjøpe disken først, og så kjøpe ein ny kontroller viss det ikkje fungerer :hmm: )

     

    Må berre bestemme meg for om skal køyre RAID først, så eg veit kor mange diskar eg skal kjøpe...

     

    Er det forresten nokon som har nokre gode tips til å løyse saka med at maskina startar av seg sjølv? Ikkje noko problem når serveren er ferdig sett opp og plassert ein på gangen, og står på heile tida, men akkurat no står den på soverommet. Greit å sleppe å dra ut ledninga når eg skal skru den av.

  12. Det kan jo kanskje vere ein idé. Burde eg slå til med ein RAID-kontroller med det same også, eller er det ikkje noko stort poeng i det?

     

    Vil det gå fint å fortsatt kople til opptil tre diskar + CD-ROM til den innebygde kontrolleren, i tillegg til 4 på ein ny kontroller? Vil det vere noko problem å feks køyre SATA-diskar mot ny kontroller, og ATA på innebygd kontroller? (Har ikkje noko erfaring med ekstar kontrollerar...)

  13. Har ei gammal IBM maskin (PC 300 PL, build 6892) som eg skal sette opp som ny filserver/webserver heime, og treng då meir harddiskplass. Men eg har problem med å finne ut kor stor harddisk denne maskina støttar, dumt å kjøpe for stor harddisk... Køyrer siste BIOS.

     

    Er det nokon som kan hjelpe meg?

     

    I tillegg har eg problem med at maskina startar på nytt av seg sjølv ei stund etter at eg har slått den av, har prøvd å skru av dette i BIOS utan suksess til no...

     

    Boksen køyrer forøvrig FreeBSD 5.3 og Apache, PHP, MySQL mm, men lid som sagt av for lite lagringskapasitet, har no berre ein disk på 14 GB.

  14. Nei, fungerer dårleg med apachectl også:

     

    -bash-2.05b# apachectl start

    -bash-2.05b# apachectl restart

    httpd not running, trying to restart

    -bash-2.05b# apachectl stop

    httpd (no pid file) not running

     

    Apache lagt inn frå ports med make & make install på ein fersk installasjon av FreeBSD.

  15. Hei

     

    Har akkurat gjort ein nyinstallasjon av FreeBSD 5.3 og Apache 2.0.52. Problemet no er at eg ikkje klarer å starte Apache. Når eg prøver å køyre /usr/local/etc/rc.d/apache2.sh (som er automatisk installert) så skjer det ingenting, får heller inga feilmelding, og webserveren startar i alle fall ikkje. Heller ikkje nokon større suksess med å køyre apachectl eller httpd direkte.

     

    Har også installert MySQL, og den køyrer fint som den skal.

     

    Nokon som har nokre gode tips?

  16. Hei

     

    Det hørtest ikkje ut som ein dum ide. Veit ikkje heilt kva type kabinett eg skulle brukt, kan evt bruke ein defekt satellitt-tuner eller videospelar.

     

    Nokre forslag til kor stor prosessor ein bør ha?

     

    Og kva linux-distro og mediasenter er bra å installere?

     

    Er temmeleg fersk når det gjeld slike boksar, så eg set pris på all hjelp :)

  17. Hei

     

    Puslar med tanken om å bygge ein stove-pc. Den skal primært brukast til avspeling av musikk og filmar (MP3, WMA, DivX, XviD,...) frå server på eige nettverk. Skal i utgangspunktet ikkje brukast til opptak, slik at TV-kort er ikkje nødvendig. Treng heller ingen stor harddisk.

     

    Andre krav er at den er støysvak og har fjernkontroll. Reknar med å installere ein eller anna linux-variant for medieavspeling.

     

    Er det nokon som kan hjelpe meg litt på veg, vil gjerne ha forslag til kabinett (bør jo helst sjå nokolunde OK ut, men design er ikkje veldig viktig. Vil heller ikkje ha dyrare komponentar enn nødvendig, skal ikkje brukast til speling e.l.

     

    Takknemlig for innspel :)

×
×
  • Opprett ny...