Gå til innhold

Er forvirra vedr rikitg valg & kjøp av videokamera


Anbefalte innlegg

Jeg skal kjøpe et videokamera så tidlig som mulig neste uke, og etter å ha lest i forumet, akam.no forøvrig og denne testen : http://forbrukerportalen.no/Tester/2005/11...lter_topic_view er jeg egentlig stadig like forvirra... :dontgetit:

 

Jeg har ikke noe kunnskap om de forskjellige formatene/codecene, men ønsker en kvalitet som gjør det greit å vise opptakene med en prosjektor.

 

Det jeg er på jakt etter forøvrig er :

  • 16:9
  • høy batteri kapasitet
  • god kvalitet ved filming innendørs og dårlig belysning
  • film(fil)format som er greit å redigere i std. programvare på både windows & linux

videre hadde det vært fint med :

  • firewire
  • harddisk fremfor tape
  • surround lyd

Jeg ønsker ikke å gå over 10000

 

Er det noen som kan gi meg noen konkrete råd?

 

:water

Endret av water
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har høyrd mykje bra om Panasonic sine billege 3CCD-kamera, so det vil vere lurt å vurdere.

  • 16:9 vil eg tru dei fleste nyare kamera har, men det er litt ulikt korleis dei lager det. Nokon kutter av toppen og botnen av biletet, nokon trykker biletet saman i høgda, og det finst og andre måtar å gjere det på. Heilt ekte 16:9, altso at sjølve biletbrikka er i 16:9 (og ikkje 4:3 som er vanleg), er det berre dyrare kamera som har. Men du kan jo lage 16:9 i post-produksjon: film i 4:3, og legg ein letterbox (svarte striper oppe og nede) over filmen i redigeringsprogrammet.
     
  • Om du kjøper eit ekstra batteri eller to, so vil du nok ikkje har nokon problem med batterikapasitet.
     
  • So lenge du kjøper eit mini-DV kamera, vil redigering i Win/Linux ikkje vere noko problem. Sjølv om det vil verte DV AVI uansett (so vidt eg veit, med unnatak av på Mac), so vil det vere litt forskjell på akkurat kva slags filer ulike program lager. Det vil sikkert ikkje verte noko problem uansett, iallfall ikkje om du bruker det same programmet til å leggje inn det du har filma, som du bruker til å redigere.
     
     
  • Alle mini-DV kamera har firewire-tilkopling (kjend som dv-ut/inn), men det er ikkje alle som har inngang. Skal du spele video tilbake på tape, må du ha dv-inn. USB er uansett ikkje eit alternativ for overføring av video i full kvalitet.
     
  • JVC har kome med nokre kamera som har opptak til harddisk i staden for tape, men korleis kvaliteten på desse er, det veit eg ikkje. Det finst berbare harddiskar som ein kan kople til kamera med firewire, og ta opp direkte til, men dei er ganske dyre trur eg. Eit alternativ er Serious Magic DV Rack. Det er eit program som gjer at ein kan kople eit kamera til ein laptop, og ta opp direkte til harddisk vil det.
     
  • Er ikkje mange kamera som tilbyr surround-lyd. Det einaste eg veit om, er eit Sony-kamera eg ikkje hugser namnet på (var kanskje HC1000), og då må du ha ein spesiell mikrofon, for å kunne ta opp i 5.1, og kanskje noko spesiell Sony-software for å kunne leggje inn video med 5.1-lyd.

So om du ser bort ifrå dei siste tre punkta, so passer eigentleg nesten alle miniDV-kamera til deg, men ettersom eg har høyrd mykje positivt om Panasonic sine 3CCD-kamera, so ville eg ha sett på dei, om eg var deg.

 

 

P.S. 3CCD vil seie at det er ei biletbrikke (CCD) for kvar primærfarge: raud, grøn og blå. Dette gjer at ein får betre fargegjengiving enn med eit kamera med berre ein CCD.

Endret av incanus
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...