Gå til innhold
  • blogginnlegg
    5
  • kommentarer
    0
  • visninger
    10 759

Om denne bloggen

Ein blogg om mitt liv

Blogginnlegg i bloggen

Sommarferie du liksom!

Når skulen er ferdig, alle bøkene levert, og alle eksamenane unnagjort, då er det sjølvsagt med sommarferie. Men delordet "ferie" i sommarferie tyder ikkje alltid det ein skulle tru! I ordet ferie ligg hard jobbing. Å stå i silo frå klokka 8 om morgonen, for så å jage galne kyr rundt om på garden til farmor, er ikkje nett det er legg i feire, nei! Dei særs dumme kyrne vil i tillegg aldri halde seg innanfor gjerdet vi har strevd med å setje opp. Dei likar seg betre på bøen, dei.... Tanta hjelpe

Gjest

Gjest

Melding om nytt ord!

Høyr etter godtfolk! Det nye ordet for "sketsj" er no stuttspel (eller for dykk bokmålsfolk, stuttspill). Det er særs vikteg at alle brukar dette ordet, slik at det lite sjølvforklarande "sketsj" vert byta ut med stuttspel. Språkrådet har forresten godkjend det nye ordet

Gjest

Gjest

Mykje å gjere

No er skulen snart slutt, og i høve det er det SVÆRT mykje å gjere. Skodespelet til skuleavsluttninga (som forresten vert veldig morosamt) må øvast på, kontaktlærarenskal ha presang, for det er tradisjon, og i tillegg må vi i klassen skrive ein tale til han, systera mi skal ha gebursdagsselskap, og eg må skrive ferdig romanen min som Gyldendal vil ha snarast råd. Okai, det siste var tull, men tenk så kjekt det hadde vore..... Nett no gjer eg ingen av desse tinga, ettersom eg skriv i bloggen min

Gjest

Gjest

Vert det aldri slutt?

Dette blogginnlegget er eit spørsmål til den allmenne befolkninga der ute: Dersom eksamen ein gong i framtida vert avvikla, vil de då juble eller grine?

Gjest

Gjest

Eg kom, eg såg, eg snudde

No er det nærast flaut å fortelje at eg i dag, for fyrste gong i år, bada. Då meinar eg sjølvsagt bada -ute-. Alt verka både vel og bra, heilt til dess eg skulle lure meg uti vatnet. Det var kaldare enn kva ein skulle trudd, og dessutan kom det leire til overflata, noko som gjorde vatnet litt grumsete og skummelt. Men etter mykje kav dytta Linn meg uti, og då vart det endå kaldare. Badebuksa mi var uansett nesten gjennomsiktig, så med det som unnskyldning sette eg kursen heimover ganske raskt.

Gjest

Gjest

×
×
  • Opprett ny...