ceetux Skrevet 30. januar 2007 Del Skrevet 30. januar 2007 Så var det endeleg blitt 30. januar. Som dei fleste sikkert har fått med seg lanseres Vista idag. Men det betyr også at XP frå og med denne dagen sakte men sikkert vil bli utdatert og satt til side av Microsoft. Omtrent slik som 2000 har blitt dei siste par åra. Brukarane må hjelpast til å ville oppgradere må vite. Så eg tenkte eg like godt kunne ta spranget sjølv her idag. No står dban på 60% fullført, vel ein time igjen før disken i laptopen min er ferdig overskriven (er no på reservemaskinen). Må gjere det grundig når ein først skal kvitte seg med Microsoft. For det er altså ikkje Vista som skal inn på maskinen. Det blir i staden siste versjon av Ubuntu Linux. Eg sat igår kveld og såg på lanseringsshowet til Microsoft. Bill og Steve på scenen i kjent stil. Partnerane som Dell, Intel, HP osv verka like underdanige som alltid. Her var alt bare flott. Eg kjente meg godt fornøyd med valget eg har tatt om å gå over til fri programvare. Det er sikkert mange av forumbrukarane som har sett fram til 30. januar for endeleg å kunne installere Vista. Dei siste vekene har eg også gledd meg til denne datoen - fordi eg synes det passar så godt å velge akkurat denne dagen til å takke av XP. Den har gjort jobben sin heilt greit men no er det tid for noko nytt. Å installere Linux er det som blir min "Wow". Det var ei spesiell kjensle å logge av XP for siste gong. I det eg førte musepeikaren tankefullt over Start-knappen for å skru av kom det opp ein tekst (tooltip) som eg ikkje riktig har tenkt over ved tidlegare Windows-bruk, "Click here to begin" sto det. Aldri har det vel vore meir passande. Kanskje er det nokon andre som også kunne tenke seg å begynne, på denne spesielle datoen, 30. januar 2007? Lenke til kommentar
-Jungeldyret Skrevet 31. januar 2007 Del Skrevet 31. januar 2007 Egentlig litt OT, men synes det er godt gjort å bare ha en post da du er registrert 03.11.2002.. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå