Gå til innhold

BK: Portrett av ein blome.


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Takkar for fine tilbakemeldingar-det er hyggeleg.

Når det gjeld bileter av blomar er det for min del mykje prøving og feiling.

1. Leitar fram eit lovande motiv. Ryddar rundt blomen - på sidene og spesielt området bak motivet. Det er viktig å ha litt avstand frå blomen til bakgrunnen slik at ein har litt å gå på når det gjeld blendarvalg.

2. Synes det er ein fordel å nytta objektiv med zoom opp mot 200 mm. Nyttar ofte maksimal zoom då dette ofte gjev ein rolegare bakgrunn.

3. Når det gjeld blendarvalg byrjar eg vanlegvis 2-3 trinn over største blendaropning og jobbar meg gradvis mot mindre opning (f11). Suplerer med eksponeringskompensasjon etter behov.

4. ISO varierer frå 200-400.

5. Benyttar stativ, fjernutløysar og låst spegel.

6. Etterbehandling i lightroom 4.

 

Må understreka at dette er det sikkert mange som veit meir om enn underteikna.

 

Med venleg helsing glad amatør.

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...