Gå til innhold

Fakturaer når man IKKE er mva pliktig


Anbefalte innlegg

Heisann!

 

Har et enkelt spørsmål. Når man ikke er MVA registrert, har jeg forstått det slik at man heller ikke kan belaste kundene med 25% MVA på fakturaer, og må huke vekk dette i programmet, slik at MVA satsen blir på 0%.

 

Hvordan blir det, når andre skal fakturere meg? Må de også fjerne MVA?

 

Oppdaget nylig at et firma ikke fakturerte meg for MVA, siden jeg skrev at jeg ikke var MVA pliktig. Dette er dog det eneste firmaet som har gjort det.

 

Hva er riktig?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hva er riktig?

Utgangspunktet her er seljar sin status, ikkje kjøpar sin.

 

Avgiftsplikt kan falla bort av tre grunnar: Av di SELJAR ikkje er avgiftspliktig (ikkje registrert), av di VARA ikkje er det (til dømes bruktsal, ymse helsetenester og ein del anna) eller av tilhøve ved KJØPAREN gjer sjølve salet ikkje avgiftspliktig (til dømes sal til kunde med utanlandsk "org nr" og adresse, når vara vert sendt denne adressa av seljar, eller (ofte, men ikkje alltid) når ei vera vert levert (nærings)skip som fører utanlandsk flagg og seljar leverer sjølv fysisk om bord på skipet, eller sjølv leiger inn slik transport som stadfester på pakksetlar og anna at vara ER boren "opp landgangen og over skipssida").

 

Er det SELJAR eller KJØPAR sin status som utløyser at MVA ikkje treng reknast, skal ikkje MVA vera synleg på fakturaen i det heile (ikkje kr 0 heller, MVA skal ikkje VERA NEMNT i slike høve!), og fakturane skal då vera merka tydeleg med "utanfor avgiftsområdet". Er det (berre) VARA sin status som utløyser 0 % MVA på nett denne vara/desse varene skal nett dette gå fram av fakturaen som "0 % MVA av kr ....., kr 0,00".

 

Du finn i praksis mykje merkjeleg her, men så lenge du du sjølv ikkje har MVA-plikt vert feila heilt og fullt seljar sitt problem, så det er berre å lukka augo og bokføra høgaste sum som kostnad i evt eigen rekneskap. Har du derimot sjølv MVA-plikt, kan du starta kranglinga og visa til ymse i femte kapitlet i bokføringsføresegna + MVA-lova med dei føresegnene gjeve i medhald av henne.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Men blir ikke dette litt teit da? Jeg som ikke er MVA pliktig må jo betale fullt og helt 25% mer på hver faktura.

Det er konsekvensen av å ikkje vera MVA-pliktig. Føremunene er at du sjølv kan rekna heile bruttosummen på din eigen faktura som "innkome for næringa", staten skal ikkje ha ein part av han + at du slepp ein heil del rekneskapsreglar som berre gjeld når ein er MVA-pliktig + at du slepp MVA-oppgjer. Ulempa er at du ikkje får får trekkja frå MVA ved kjøp heller. DET var faktisk ein av grunnane til at taxi fekk MVA-plikt (med lågsats): Då fekk dei trekkja frå 25 % av MVA på alt dei kjøpte til næringa, men slapp sjølv med 8 % av salet. Netto gjekk sjølvsagt dette reknestykket i pluss for dei fleste taxiløyva.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Men slik jeg ser det, så er det jo ikke en fordel lengre å "få" MVAen på fakturaer du sender ut/produkter du selger.

 

Når man registrerer seg får man mulighet til å føre MVAen inn i regnskapet, hvor differansen mellom inngående MVA og utgående MVA er det du er skydlig i MVA.

 

Ikke MVA registrert:

- Man "får" MVA ved salg

- Man må betale full sum med MVA på fakturaer, uten å kunne føre MVA i regnskapet

 

MVA registrert

- Man får ikke lengre MVA ved salg. Denne MVAen er inngående MVA og må føres i regnskap

- Man kan føre utgående MVA fra fakturaer i regnskapet.

 

 

Hva er så fordelene med å ikke være MVA registrert da?

Lenke til kommentar

Hva er så fordelene med å ikke være MVA registrert da?

 

Normalt er det slik at den MVA-en du reknar ved salet er større enn den du får att på kjøpa (ellers driv du ikkje lønsamt i lengda, og konkurs vert eit faktum), så lenge du ikkje har (utover heilt sporadisk) varer/kunder som utløyser MVA-fritak. Derimot er det slett ikkje den lønsemnda i dette som mange trur. Er det derimot slik at du ikkje sel til ein SLUTTbrukar, men til eit firma, kor du anten ville fakturert vara med pris på 500 kr eller 500 kr + MVA (for den MVA-en "overser" hin likevel, sidan ein får han att ved fyrste oppgjer), vert det slett ikkje lønsamt å ikkje vera MVA-registret.

 

Lat me taka eit døme. Ein sel varer for 800000 pr år og kjøper for helvta, båe deler når ein ikkje har teke omsyn til MVA, og det skal reknast MVA på alle kjøp/sal. Det vil altså seia at fakturane ein skriv som MVA-pliktig vil syna ein million, medan dei ein får vil syna 500000, då med MVA. Altså sit du att med 500000 på eigen konto i fyrste omgang. Så skal MVA gjerast opp. Av dette salet skulle du gjort opp 200000 som "utgåande MVA" (MVA-på salet), medan du og skal ha frådrag for 100000 som "inngåande MVA" (MVA på alt du har kjøpt), så du gjer opp 100000 i MVA, og du sit no att med 400000. Nett som skilnaden mellom dei 800000 du selde for (utan MVA) og dei 400000 du kjøpte for (utan MVA) altså.

 

Kva skjer no om ein endrar og seier ein IKKJE er MVA-registrert sjølv i dette tilfellet? Jau, då får du fakturaer for 500000 som skal gjerast opp. Koss ser dei fakturane du skriv ut? Skriv du til privatkundar, kan du då godt skriva fakturaer for 1000000 merka "utanfor avgiftsområdet" utan at kunden kjenner dette urettvist, for kundane må ut med ein million likevel, anten du er innanfor eller utanfor dette avgiftsområdet. Altså sit du då att med 500000 på eigen konto, og det å vera utanfor avgiftsområdet og utan MVA-plikt var klårt lønsamt. Skriv du derimot til næringsdrivande som får att MVA dei legg ut, vil nok dei då krevja at det står 800000 på fakturaen, av di "anten du legg til 200000 i MVA eller ikkje, bles eg i, dei pengane får eg att likevel med det same eg gjer opp MIN mva, men VAREprisen skal altså vera 800000!" I dette tilfellet vil altså det å ikkje få MVA att sjølv vera reinaste tap, og du sit att med 300000 i staden for 4000000. Jau, du sparer deg for ein del bokføringsbryderi, men ikkje slik at det var verdt 100000, ikkje på lang veg.

 

Altså: Om du tener eller taper på ikkje å vera MVA-registrert avheng nett av din eigen kjøps- og salsituasjon. Som du såg over er båe delar mogeleg, og det er ikkje slik at det eine eller det andre vilkårslaust "løner seg".

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...