Gå til innhold

Tips om ny spel-/multimedieskjerm til maks ~2500 kr


Xyril

Anbefalte innlegg

Har nett bygd ny datamaskin, og no fann eg ut at den 6 år gamle Samsung CRT-skjermen min ikkje er god nok lenger. Så eg leiter etter ein høvesvis rimeleg LCD-skjerm (DVI-inngang), med eit budsjett på 2500 kroner (gjerne mindre).

 

Nyttar maskinen til å spela høvesvis krevjande spel, samt som skrivemaskin og multimediesenter, så det er ikkje naudsynt å ta omsyn til at skal utføra særdeles krevjande foto- og filmomhandlingar. Systemet for øvrig består av: Core2Duo E8400 @ 3.0 GHz, 4 Gb DDR2-RAM, Gainward ATI HD4850.

 

For slikt bruk, er det tilrådd å ha 22"- eller 24"-skjerm? Har storleiken på skjermen nokon annan funksjon enn at han er fysisk større?

 

Eg har vore nøgd med den gamle Samsung-skjermen min så langt, så vil gjerne ha ein ny Samsung-skjerm, viss ikkje eg her vert fortald at kvaliteten på skjermen deira har dramatisk forverra seg over dei siste åra, og at andre produsentar lagar mykje betre skjermer. Hadde for øvrig vore greit viss Amentio fører skjermen.

 

På førehand takk for hjelpa.

Endret av Xyril
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...