Gå til innhold

Zaphon

Medlemmer
  • Innlegg

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Zaphon

  1. Hmm. Eg veit ikkje heilt. Nytt Zelda er sjølvsagt digg, og at dei nytter MotionPlus betyr vel at det blir crazy sverdsvinge-action... men eg har ikkje så mykje pengar til å bruke på tilbehør i hytt og pine.

    Forhåpentlegvis kjem det ein eller anna deal med "Wii Sports Resort + MotionPlus"...

    Men visst MotionPlus faktisk følgjer med Zelda er eg solgt!

  2. Gleder meg relativt enormt mykje til det spelet her! Ser fantastisk ut. SOTC er eit av mine favorittspel, så eg veit at Team Ico leverar kvalitet.

     

    "Gutten kan ta på og kjæle med ørnevesenet når som helst, og reaksjonen du får av det virtuelle fantasifosteret avhenger av hvilken del av kroppen du berører."

    Oh ho ho

     

    Huff! Eg tør ikkje tenke på korleis bestialsk fanart sjuke sinn på internett koker opp til dette spelet.

  3. Fant nokon scanna sider frå Game Informer artikkelen:

     

    1

    2

    3

    4

    5

    6

    7

    8

    9

    10

     

    Eg er einige med dei vanlege klagane om det forrige AC, (for repetivt, etc.) og

    det levde ikkje opp til forventningane mange hadde, men bortsett frå det så likte eg det veldig godt.

    Men etter å ha lest den artikkelen ser eg faktisk fram til AC2, Ubisoft har tatt til seg klagane som

    folk kom med og laga eit mykje betre spel. Trur det her kan bli bra!

  4. Flott guide! Er HDD verkeleg så crappy? Eg har tenkt til å gå til innkjøp av eit nytt kamera, og hadde sett meg ut eit av dei nye Panasonic-kamerane, som f.eks HDC-SD5EG-K, som lagrer på SD-kort og/eller harddisk. Det kameraet kan spele inn i HD-kvalitet

    med 1920x1080 oppløsning, er det eit unntak til regelen?

    Burde eg heller skaffe meg noko slikt som NV-GS500(E-S)/NV-GS320?

  5. Trur ikkje det er nokon spel som har fått meg til å grine, men det har vert nære på, med klump i halsen og våte auge.

    Som etter den fantastiske slutten på Metal Gear Solid 3. Sterke saker.

    Twilight Princess var vedunderleg, eg satt igjen med ein besynderleg melankolsk følelse etter slutten. Vakkert.

    Og sjølvsagt, den episke og overraskande Half-Life 2: Episode 2 avslutninga.

    Gleder med relativt vilt til Episode 3.

  6. Det er år og dag sidan eg har brukt CD; i det siste har eg berre kjøpt spel på Steam,

    noko eg vil kalle ein særs smertefri og fornøyeleg opplevelse.

    Kjøpte Orange Box for ei stund sidan, og har allereie klokka inn ein del timar med Team Fortress 2.

    Vil vere så freidig å påstå at det er noko av det beste multiplayer-underhaldninga som eksisterer.

    Men svarte for ein tease Steam er. Her sitter eg å stirrer på Episode 2 og Portal, ”Pre-load complete; unreleased” Argh!

     

    Er faktisk litt sjokkert over kor vilt billig Orange Box er.

    Spesielt sidan dollaren er så lav. Akkurat no er prisen berre 244 kroner.

    For Half-Life 2, Episode 1 & 2, Portal og Team Fortress 2.

    Det er rein galskap! Du burde ha temmeleg tett med svulst i hjernebarken for å ikkje benytte deg av eit slikt røvarkjøp.

  7. Heihå! Eg lurte å om det var hjelp å få angåande ein jordskjelveffekt, altså å få filmklippet til riste. (Fôrorsaka av jordskjelv eller eksplosjonar)

    Høyrte at i Premiere må du bruke keyframing for å få til dette.

    Er det nokon som har ekspertise på det området?

     

    Eg fekk og med meg at dette kunne enkelt fiksast i After Effects med eit eller anna

    motion-styr, så kanskje eg skal skaffe meg/prøve ein demo av det.

    Men akkurat no har eg berre Premiere.

    Help plox?

  8. Eg har prøvd å få til ein spøkelse-effekt, meir presist eit spøkelse som røyser seg

    opp frå den døde kroppen sin. (Ikkje Ghosting altså.)

    Det eg gjer er å filme den "døde", og så kutter eg filmklippet opp og legger

    den delen der han røyser seg opp igjen over det klippet og skrur ned opacity

    til rundt 50%. (på det øverste klippet)

    Eg veit ikkje kva feilen er, men liket blir og gjennomsiktig når spøkelset røyser seg opp.

     

    Har eg berre eit eksepsjonelt lavt IQ-nivå, eller er det litt snålt?

    Uansett, er det nokon som har forslag/råd?

  9. Som tittelen i tråden viser til, maskina stopper opp, heilt tilfeldig virker det som, med korte intervall når eg speler. Dette er eit ekstremt snodig og irriterande problem, som eg aldri har hatt før nylig.

    Det som skjer er at etter eg har spelt litt, og begynner å snu vinkelen rundt med musa, eller bevege meg, så stopper det opp ei lita stund, mens lyden hakker.

    (Som f.eks: Oh, sh-sh-sh-sh-sh-shi...)

    Dette problemet er spesielt klart i in-game filmer, noko som er rimeleg snålt.

    Eg trur ikkje det har noko med dårlig hardware/software å gjere, for eg hadde dette problemet på fleire spel, alt frå Postal 2, til Half Life 2 (Og andre Steam spel) og Black and White 2. Hakke-problemet med In-game cutscenes er spesielt merkbart i B&W2.

     

    I tillegg får eg feilmeldingar når eg installerer ATI drivere. (Eg har prøvd "With Catalyst Control Center" pakken)

     

    wtf1nj.th.png

    wtf2cx.th.png

     

    Og nei, eg trur ikkje dette er problemet, eg har faktisk fått det fleire gongar, men det har merkeleg nok fungert før.

     

    Her er "specsa" (som ungdomen seier det ;p) til maskina mi;

    ATI Radeon 9200 series

    512MB RAM

    AMD Athlon 64 Prosessor 3200+

    2.20 GHz

×
×
  • Opprett ny...