Gå til innhold

johrop

Medlemmer
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av johrop

  1. Det er ein viktig mangel i reknestykket, og det er innkjøp og vedlikehold av kameraet. Til dømes kan ein kjøpe eit brukt Nikon FE for ein tusenlapp (slik eg har gjort) og ha glede av det i tre-fire generasjonar (minst!) av digitale kamera. Betalar du til saman 20.000 for fire digitale kamera så må du legge på i alle fall 20 øre pr bilde om du tar 100.000 bilde med desse kameraene. Men kor mange av 100.000 bilde er det som faktisk blir brukt til noko? Kor mykje veggplass har du eller familien? Kor mange av bilda er det som endar i kalendarar eller i bøker? Svært, svært få er desserre mi personlege erfaring. Så den reelle prisskilnaden mellom bruk av analoge og digitale kamera er kanskje mindre enn ein trur?

     

    No er eg ingen bakstreversk nostalgikar - eg har ikkje teke bilde med filmbaserte kamera på mange år. Digitale kameras aller, aller største fordel er at vi kan studere resultatet av fotoinnsatsen - og justere den - sekund etter at bildet er knipsa. Og den eigenskapen er det forferdeleg vanskeleg å prise høgt nok!

×
×
  • Opprett ny...