Gå til innhold

Kaffibord

Medlemmer
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Kaffibord

  1. I forrige veke så bestilte eg nytt hovudkort, skjermkort og prosessor til PCen min. Uansett så viste det seg at prosessoren var øydelagd, men det er ikkje problemet. Når eg fann ut at den nye prosessoren var øydelagd så bytta eg tilbake til dei gamle delene mens eg venta på å få tak i ny prosessor. Men da eg trykte på startknappen så ville ikkje PCen starte i det heile teke, det einaste som skjedde var at alle viftene bevegde seg litt, så stoppa dei at. :ermm: Det verka som dei fekk ein kort straumpuls og ikkje noko meir. Eg lurte på om det var straumforsyninga som hadde gått dukken, men den virka fortsatt ikkje når eg bytte. Lysdioden på hovudkortet som viser at det har spenning er tent, så straum har det jo... PCen har jo funka heilt fint med dei same delene før. Skjønner ingenting, hadde satt pris på at ein smart person kunne fortelje meg kva eg har øydelagd. :cry:

     

    ASUS K8V SE Deluxe socket 754

    AMD Athlon 64 3000+

    Gainward GeForce FX5700 256MB

    TwinMOS PC3200 DDR-DIMM 512MB

×
×
  • Opprett ny...