Gå til innhold

kaffikoppen

Medlemmer
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av kaffikoppen

  1. The Avatar skrev (2 timer siden):

    Eg les det slik at burettslaget vurderer å renovere alle bada i burettslaget, og for å vurdere behovet så har dei plukka ut nokre tilfeldige bad å sjekke, deriblant trådstarter sitt bad. Eit slikt vedtak kan burettslaget gjere på grunnlag av vedlikeholdsplikta av fellesrøyr og avløp. Skal burettslaget utføre dette arbeidet så krev det tilgang til alle andelsleilegheitene og i praksis at heile badet må totalrehabiliterast ettersom det ikkje er mogleg å bytte ut gamle innvendige røyr utan å bryte opp flisene og punktere membranen.

    Burettslaget vil kunne derfor kunne gjere vedtak om at bada i praksis skal renoverast til ein lik standard, vanlegvis då med muligheit for kvar enkelt andelseigar å kunne betale eit mellomlegg for standardheving utover det som er nødvendig. I den samanhengen så er det nesten ein fordel for trådstarter å ikkje ha dokumentasjon på badet, dette vil styrke burettslagsstyrets vurdering på at det er nødvendig å sørge for at alle bada blir renovert og dokumentert. Om det er dette som er konklusjonen så treng ikkje trådstarter å stresse med å få utarbeida dokumentasjon ettersom badet då blir revet og bygd på nytt uansett.
    Om det er mange som har dårlege bad eller bad med manglande dokumentasjon så styrkar det behovet for at burettslaget vedtek å få alle bad utbetra. Terskelen for å kreve riving og gjenoppbygging av alle bad om mange har nyleg pussa opp er nok litt høg, men samtidig så er det nok ingen med nyoppussa bad som har utbetra det felles rørsystemet, så det hjelp eigentleg ikkje om badet er aldri så fint og flott om burettslagets interne røyr har eit vedlikehaldsbehov. Då må alle bada rivast for å få dette utbetra.

    Konsekvensane av å ha eit udokumentert bad er ikkje så veldig store om arbeidet er fagleg utført. Utan dokumentasjon så får ein uansett nest dårlegaste tilstandsvurdering, noko som betyr at ein bør men ikkje må utbetre feila. Ein slik dårleg karakter gir konsekvens for verdivurderinga (i den grad potensielle budgivarar bryr seg om det som står i tilstandsrapporten). Den andre konsekvensen er at ein kan få utfordringar med forsikringsselskapet som lett kan fråskrive seg ansvaret ved å påstå årsakssamanheng mellom vannskaden og dårleg utført arbeid eller bruk av dårlege komponentar.
    I forhold til resten av burettslaget så betyr det ikkje anna enn den som ikkje kan dokumentere at badet er i orden kan få regresskrav dersom det oppstår ein skade.

    Det stemmer ikke at alle badene må rives opp og totalrehabiliteres om de innvendige avløpsrørene er gamle eller dårlige - rørene kan også utbedres med strømpe/rørfornying.

    Om borettslaget får for seg at alle badene må totalrehabiliteres av andre grunner, er en annen sak.

×
×
  • Opprett ny...