-
Innlegg
15 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Innlegg skrevet av Ivarko
-
-
På Elkjøp sin nettstad kan eg sjå at dei har «Dyson V7 Motorhead Origin trådløs støvsuger (blå)» (varekode DYSV7MOTORHEA) på lager i 22 butikkar. Dette er noko som Elkjøp må kunne klare å levere utan urimelege kostnadar. Frakt til fobrukaren måtte dei ha dekka uansett.
Lenke til produktet eg fann: https://www.elkjop.no/product/hjem-og-husholdning/stovsuger-og-rengjoring/tradlos-stovsuger/DYSV7MOTORHEA/dyson-v7-motorhead-origin-tradlos-stovsuger-bla
- 1
-
Etter nærare undersøking kan det sjå ut til at Merko. har rett. Angrerettloven § 22 bokstav n: Angreretten gjelder ikke avtaler om: n) levering av digitalt innhold som ikke leveres på et fysisk medium, dersom leveringen er begynt med forbrukerens uttrykkelige samtykke og forbrukeren erkjenner at angreretten dermed går tapt.
Ein viktig føresetnad for at angreretten skal falle bort i dette høvet, er at forbrukaren må informerast om at angreretten ikkje er gjeldande. Eg er usikker på kor strengt dette kravet vert tolka, men eg trur Forbrukarrådet kritiserer dei digitale spelbutikkane for å ikkje opplyse dette godt nok og at angreretten dermed er gjeldande likevel.
Playstation Store var ein av dei butikkane Forbrukarrådet hevda ikkje følgjer krava for at angreretten skal falle bort, men det kan hende dei har endra praksis det siste året sidan artikkelen blei publisert. Det kan vere verd å undersøke om Playstation Store opplyser at angrerett ikkje er gjeldande ved kjøp, eller om dei har gøymt det vekk i lange vilkår. Dersom du sender saka til Forbrukarrådet bør du undersøke dette, då eg trur det kan vere utslagsgivande. Ver merksam på at Forbrukarrådet kan ha noko lang behandlingstid.
- 1
-
Angrerettloven kan ikkje fråvikast ved avtale til ulempe for forbukaren.Takk for innspill. Dessverre er PSN forbeholdt lover i England, mener jeg at jeg leste for en stund siden.
Pluss at man sier i praksis i fra seg angreretten når man trykker kjøp.
- 1
-
Eg vil anbefale at du ber spesifikt om å nytte angrerett. Dette fordi at refusjon eller «retur» gjerne blir gjort på deira premiss, som då kan innebera at du ikkje får pengane att, men i staden får gåvekort eller kreditt som kun kan nyttast i deira butikk. Som Omnia vincit amor skriv, gjeld angreretten i dette høvet.
- 1
-
Forbrukartilsynet: https://www.forbrukertilsynet.no/postnord-far-rekordstort-gebyr-sms-spam
PostNord får rekordstort gebyr for SMS-spam
09.05.2019 — Forbrukertilsynet har fattet vedtak mot PostNord på 600 000 kroner i overtredelsesgebyr for å ha sendt SMS med markedsføring til hundretusenvis av forbrukere, uten å ha innhentet gyldig samtykke.
-
Du har visst rett i at dei opplyser beløp, KID-nummer og anna naudsynt informasjon for å betale. Der tok eg feil. Dei gjer det uansett vanskelegare å kontrollere at beløpet stemmer.
Det kan sjå ut til at denne praksisen er ulovleg. Dette seier finansavtalelova: https://lovdata.no/lov/1999-06-25-46/§48a
§ 48 a.Opplysningsplikt under kredittforholdet
(1) Ved avtale om kreditt i form av kassakreditt eller annen rammekreditt skal kredittgiveren med jevne mellomrom sende skriftlig kontoutskrift til kredittkunden som inneholder følgende opplysninger
a) perioden som kontoutskriften dekker
b) størrelsen på benyttet kreditt og datoene for bruk av kreditt
c) forrige kontoutskrifts saldo og dato
d) ny saldo
e) datoene for kredittkundens betalinger og størrelsen på disse
f) benyttet nominell rente
g) andre kredittkostnader som har påløpt
h) det minimumsbeløp som kredittkunden eventuelt er forpliktet til å betale
Dei er med andre ord pliktig å sende ved kontoutskrift òg, ikkje berre vise til nettstaden deira.
-
Megaflis.no si villeiande prismarknadsføring
Bakgrunn
På produktsidene til Megaflis, er det i tillegg til salsprisen opplyst «vår normalpris». Sjå bilag 70. Når ein les ordet «normalpris», tenker ein gjerne at produktet normalt sett vert seld til denne prisen, men kan bli sett ned i korte periodar i høve tilbod.
Etter eg oppdaga eit produkt som ifølge prisjakt.no aldri hadde vore i sal til «normalpris» før, bestemte eg meg for å undersøke fleire produkt. Funna var overveldande. Det viser seg at Megaflis, dersom data frå prisjakt.no stemmer, driv omfattande villeiing med deira bruk av ordet «normalpris». Eg har laga ei liste med 67 produkt som eg meiner er klåre døme på villeiande prismarknadsføring. Denne lista er langt frå uttømmande. Det er blant anna ei rekke produkt kor den første prisen blei registrert på prisjakt.no i slutten av november 2018. Felles for desse er at første registrerte pris er «normalpris», og dagen etter vert produkta sett ned i pris. Eg har difor mistanke om at den villeiande prismarknadsføringa gjeld desse produkta òg. Mange av produkta på megaflis.no er heller ikkje å finne på prisjakt.no og difor vanskeleg å kontrollere.
Megaflis gjennomførte ein salskampanje frå 2. januar til 13. januar 2019. I kampanjeavisa deira, sjå bilag 68, nyttar Megaflis følgjande språk i si marknadsføring:
- Side 1: «SALG» og «OPPTIL 40% PÅ ENORME MENGDER VARER»
- Side 2: «MegaFlis tømmer lagrene for å få plass til kommende nyheter. Vi senker enorme mengder produkter med mellom 15-40%. Utgangsprisen er vår normalpris som du finner på megaflis.no eller i våre butikker. Her kan du planlegge dine kupp og gjøre dine valg.»
- Side 4: «Aldri sett lavere priser – benytt sjansen NÅ!» og «Aldri før har MegaFlis senket prisene så mye på så mange produkter. Noen få produkter kan ha vært billigere tidligere men aldri har så mange varer blitt solgt til lavere priser enn nå.»
- Side 6: «Gjør et kupp på merkevarer!»
- Side 14: «Spar tusenvis – du har sjansen frem til 12. januar»
- Side 16: «Unik mulighet til å gjøre et kupp!»
- Side 18: «Løp og kjøp – 11 dager med historisk lave priser!»
På framsida til megaflis.no, sjå bilag 69:
- «SISTE SJANSE! SALGET AVSLUTTER SØNDAG 13/1 PÅ MEGAFLIS.NO»
- «Nedtellingen har startet!»
På produktsidene, sjå bilag 70:
«Kun 13 timer 23 min 14 sek igjen av kampanjen!»
Normalpris
I forkant av salskampanjen blei 66 av produkta på lista mi sett opp til «normalpris» den 25. desember 2018. Før dette hadde 31 av produkta (bilag 1-31) aldri vore i sal til «normalpris». 35 av produkta (bilag 32-66) hadde vore i sal til «normalpris» i korte periodar eller for lenge sidan, men aldri lenge nok til å kunne kalle det «normalpris». Eitt av produkta (bilag 67) på lista blei ikkje sett opp i dette høvet og har difor aldri vore i sal til «normalpris» før salskampanjen.
Etter salskampanjen vart prisen sett opp til «normalpris» for alle produkta. Knapt éin dag etterpå er 37 av produkta sett ned i pris att. Innan fem dagar er ytterlegare 13 produkt sett ned. 34 av produkta på lista er i sal til lågare pris etter kampanjeperioden enn i løpet av han.
Produkt 66 er eit godt døme på produkt som vert seld til «normalpris» i korte periodar, ofte på 3 dagar, medan prisen er sett ned mesteparten av tida, gjerne i periodar på 3-4 veker. Produkt 10 er eit døme på produkt som ikkje har vore i sal til normalpris før 25. desember 2018. Dette produktet, er marknadsført med ein «normalpris» på kr 9259. Første pris registrert hjå prisjakt.no er 17.06.2015. Frå denne datoen og fram til 25. desember er høgaste pris som prisjakt.no har registrert på kr 6507. Produktet har difor berre vore i sal i 8 dagar og det er ikkje lenge nok til at Megaflis kan kalle det «normalpris». I tillegg er dette produktet eit godt døme på produkt som ikkje er seld til historisk låg pris.
Historisk låge prisar
I kampanjeavisa (bilag 68) finn ein språk som «Aldri sett lavere priser – benytt sjansen NÅ!» og «Aldri før har MegaFlis senket prisene så mye på så mange produkter. Noen få produkter kan ha vært billigere tidligere men aldri har så mange varer blitt solgt til lavere priser enn nå.» på side 4 og «Løp og kjøp – 11 dager med historisk lave priser!» på side 18.
Av dei 67 produkta på lista mi, er det berre 10 kor prisjakt.no ikkje har registrert lågare pris hjå Megaflis før kampanjeperioden. Dei resterande 57 har sett lågare pris. 51 av desse mindre enn to månadar før kampanjestart. Dette er ikkje «noen få produkter», slik Megaflis hevdar i si marknadsføring.Obs! Det er store bilete i spoiler.
- Framsida på Megaflis.no:
- «Vår normalpris» og nedtelling (bilag 70):
- Kampanjeavis (bilag 68):
- Kampanjeavis side 1:
- Kampanjeavis side 2:
- Kampanjeavis side 3:
- Kampanjeavis side 4:
- Kampanjeavis side 5:
- Kampanjeavis side 6:
- Kampanjeavis side 7:
- Kampanjeavis side 8:
- Kampanjeavis side 9:
- Kampanjeavis side 10:
- Kampanjeavis side 11:
- Kampanjeavis side 12:
- Kampanjeavis side 13:
- Kampanjeavis side 14:
- Kampanjeavis side 15:
- Kampanjeavis side 16:
- Kampanjeavis side 17:
- Kampanjeavis side 18:
- Kampanjeavis side 19:
- Kampanjeavis side 20:
Produkter:
- Produkt 1: Berryalloc grand avenue penny lane aluloc
- Produkt 2: Bosch bajonettsag psa 18 li solo
- Produkt 3: Grohe concetto 1-greps servantarmatur m/oppløft og ecojoy
- Produkt 4: Grohe cosmopolitan-eco servantarmatur m/oppløft
- Produkt 5: Grohe eurosmart cosmopolitan servantarmatur med oppløft
- Produkt 6: Gustavsberg nautic standard toalettsete hvit
- Produkt 7: Gustavsberg nordic standard toalettsete hvit
- Produkt 8: Gustavsberg nordic³ toalettsete
- Produkt 9: Hansgrohe axor carlton 2-greps dusjarmatur krom
- Produkt 10: Hansgrohe axor starck dusjarmatur m/termostat og omskifter. til innbygging
- Produkt 11: Hansgrohe axor uno termostatarmatur
- Produkt 12: Hansgrohe croma 100 vario dusjsett 65 cm krom
- Produkt 13: Hansgrohe crometta 85 1jet dusjsett
- Produkt 14: Hansgrohe ecostat select badekar-/dusjarmatur
- Produkt 15: Hansgrohe ecostat select dusjarmatur krom
- Produkt 16: Hansgrohe focus e2 1-greps dusjarmatur
- Produkt 17: Hansgrohe raindance s 240 showerpipe comfort
- Produkt 18: Hansgrohe raindance select 150 dusjsett krom
- Produkt 19: Hansgrohe raindance select showerpipe 300 dusjsett inkl. dusjarmatur
- Produkt 20: Hansgrohe raindance select showerpipe 360 m/termostat
- Produkt 21: Hansgrohe showerselect termostat m/ 2 uttak
- Produkt 22: Hultafors vater gds 60 plast
- Produkt 23: Hultafors vater hv 120 alum
- Produkt 24: Hultafors vater hv 180 alum
- Produkt 25: Hultafors vater hv 60 alum
- Produkt 26: Ifø sign toalett 6832 m/universallås lav modell hvit
- Produkt 27: Nilfisk multi ii 30 t inox vsc eu tørr- og våtsuger
- Produkt 28: Pressalit toalettsete raja 430 hvit
- Produkt 29: Thermex cardiff kjøkkenhette vegghengt m/motor 90cm
- Produkt 30: V&b o.novo toalettsete og lokk u/softclose
- Produkt 31: V&b subway compact toalettsete hvit
- Produkt 32: Bahco vater plast 600mm
- Produkt 33: Berryalloc grand avenue champs elysees aluloc
- Produkt 34: Bosch støvsuger pas 18 li solo
- Produkt 35: Flexit baderomsvifte 100f p m/snorbryter
- Produkt 36: Flexit baderomsvifte 125f standard
- Produkt 37: Flexit baderomsvifte 125f th timer/fukt
- Produkt 38: Flexit baderomsvifte silent eco 125 m/bevegelsessensor og timer
- Produkt 39: Flexit baderomsvifte silent eco 125 m/timer og fuktstyring
- Produkt 40: Flexit baderomsvifte silent eco 125 standard
- Produkt 41: Grohe essence new servantbatteri høy modell
- Produkt 42: Gustavsberg nautic 5530 veggskål
- Produkt 43: Gustavsberg nautic 5500 m/skjult s-lås 3/6l for liming
- Produkt 44: Gustavsberg nordic³ kjøkkenkran m/høy tut og avstengning
- Produkt 45: Hansgrohe croma 160 showerpipe
- Produkt 46: Hansgrohe crometta e240 dusjsett inkl. termostat
- Produkt 47: Hansgrohe crometta s240 dusjsett inkl. termostat
- Produkt 48: Hansgrohe ecostat comfort kar-/dusjtermostat
- Produkt 49: Hansgrohe raindance e 120 air 3jet/unica d 65 cm sett
- Produkt 50: Hansgrohe raindance select dusjsett inkl. dusjarmatur
- Produkt 51: Hansgrohe raindance select e 120 dusjsett 65 cm hvit/krom
- Produkt 52: Hansgrohe raindance select e 120 dusjsett 65 cm krom
- Produkt 53: Hansgrohe raindance select s 120 dusjsett 65 cm krom
- Produkt 54: Pergo sensation long plank country eik
- Produkt 55: Thermex decor 787 kjøkkenhette 70cm hvit led
- Produkt 56: Thermex decor 787 kjøkkenhette 70cm sort led
- Produkt 57: Thermex decor 787 kjøkkenhette 70cm rf led
- Produkt 58: Thermex decor kjøkkenhette 920 ii rf fh
- Produkt 59: Thermex vertical kjøkkenhette modell london 900 mm
- Produkt 60: Thermex york ii lux kjøkkenhette skapintegrert 60cm
- Produkt 61: V&b omnia classic veggskål m/c+
- Produkt 62: V&b omnia veggskål
- Produkt 63: V&b subway 2.0 toalettsete m/quick-release og soft-close compact
- Produkt 64: V&b subway veggskål ver.2 m/c+
- Produkt 65: Mitsubishi kirigamine hara 6.6 varmepumpe
- Produkt 66: Mitsubishi kaiteki varmepumpe 6600 hvit
- Produkt 67: Gustavsberg nautic kjøkkenarmatur m/ lav støpt tut- 1
-
Det var nyleg opplyst i ein epost frå Komplett Bank at faktura ikkje lenger følgjer med som vedlegg til epost, men at ein må logge inn på «mi side» for å finne faktura. Det kan sjå ut til at dei slit med å sende ut epost og no gjev opp. Å sende ut faktura per epost er det minste dei burde gjere, men eg tykkjer at dei òg bør tilby eFaktura til nettbank. Å krevje at ein skal logge inn på nettstaden deira for å betale verkar særs tungvint og det vil truleg føre til at fleire gløymer å betale rekninga.
-
Verkter.no køyrer no ein kampanje kor dei marknadsfører ei rekke produkt med «Topptilbud». Det er ikkje vist korkje førpris eller kor mykje prisen er redusert i prosent. Kampanjen omfattar rundt 100 produkt. Når noko kallast for «topptilbod» skal ein kunne rekne med produktet ikkje har vore seld til lågare pris dagane og vekene før. Under finn de ei liste over produkt eg har funne som eg tykkjer ikkje samsvarer med Verkter.no si marknadsføring. Eg har ei kort forklaring av prisen, samt lenker til produktsida hjå Verkter.no og prishistorikken hjå Prisjakt.no. I spoiler finn de skjermdump av sistnemnde sider. Skjermdumpane er henta den 05.05.2019.
Kampanjen finn de her: https://www.verkter.no/verktoy-kampanjer.html
1. Makita HR2470 borhammar
Verkter.no sin pris er per i dag kr 1585. Prisen har vore mellom 1540 og 1624 sidan 20.12.2018, med unntak av tre korte periodar på 1 dag kor prisen var høvesvis kr 2099, 1975 og 1975.
https://prisjakt.no/product.php?pu=1635322
https://www.verkter.no/borhammer-makita-hr2470-2-7-j-sds-plius.html
2. Bosch GSR 12V-15 skrutrekker sett
Verkter.no sin pris er per i dag kr 1677. Prishistorikken viser at Verkter.no har seld produktet til kr 1948 og 1988 ved fleire høve, men kun i korte periodar på 1-2 dagar om gongen. Utover dette har ikkje produktet vore i sal til over kr 1698.
https://prisjakt.no/product.php?pu=2924102
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-12v-15-12-v-1x2-0-1x4-0-ah-batt-39-tilbehor.html
3. Bosch GSR 18V-60 C, 3x5,0 Ah batteri
Verkter.no sin pris er kr 4335 per i dag og har vore det sidan 28.03.2019. Prisen før dette var kr 4608. Reduksjonen er dermed på knappe 6 %. I tillegg har produktet vore i sal omtrent like lenge som det har vore seld til «førpris».
https://prisjakt.no/product.php?pu=4470054
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-18v-60-c-18-v-3x5-0-ah-batt.html
4. Bosch GCM 12 SDE gjærsag
Verkter.no sin pris er kr 7799 per i dag. Prishistorikken viser at frå 21.02.2019 har Verkter.no seld produktet til mellom kr 7652 og 7868, med unntak av to korte periodar på 2 og 4 dagar kor produktet har vore seld til mellom kr 9322-9411.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3311600
https://www.verkter.no/kapp-og-gjaersag-bosch-gcm-12-sde.html
5. Makita eksenterslipar DBO180Z utan batteri
Verkter.no sin pris er kr 2178 per i dag. Dette er den høgaste prisen produktet har vore seld til hjå Verkter.no med unntak av to dagar for to år sidan kor det vart seld til kr 2251.
https://prisjakt.no/product.php?pu=4356030
https://www.verkter.no/eksentersliper-makita-dbo180z-18-v-uten-batteri-og-lader.html
6. Milwaukee skrutrekker M18 BDD-0 utan batteri
Verkter.no sin pris er kr 1693 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 13.03.2019. Dersom ein ser vekk frå korte periodar på 1 dag kor produktet har vore seld til kr 2013 og ein periode på 7 dagar kor det har vore seld til kr 1798, har produktet ikkje seld til meir enn kr 1708 sidan 29.11.2018.
https://prisjakt.no/product.php?pu=4348736
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-milwaukee-m18-bdd-0-18-v-uten-batteri-og-lader.html
7. Bosch GSR 12V-15 FC Flex Set
Verkter.no sin pris er kr 1912 per i dag. Høgaste pris sidan 04.07.2018 er kr 1975 (1 dag).
https://prisjakt.no/product.php?pu=4344506
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-12v-15-fc-flex-set-12v-2x2-0-ah-batt.html
8. Bosch GTM 12 JL gjærsag
Verkter.no sin pris er kr 6221 per i dag. Med unntak av to korte periodar på 1-2 dagar, har produktet ikkje vore i sal til høgare enn kr 6277 sidan 17.01.2019.
https://prisjakt.no/product.php?pu=1816964
https://www.verkter.no/bordsirkelsag-kapp-og-gjaeringssag-bosch-gtm-12-jl.html
9. Bosch GSR 12V-15, 2x1.5 Ah batteri
Verkter.no sin pris er kr 1122 per i dag. Høgaste pris sidan 22.01.2019 er kr 1132.
https://prisjakt.no/product.php?pu=1717156
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-bosch-gsr-12v-15-12-v-2x1-5-ah-batt.html
10. Makita DK1497 verktøysett
Verkter.no sin pris er kr 2043 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3303812
https://www.verkter.no/verktoysett-makita-dk1497-df347d-td126d-14-4-v-2x1-3-ah-batteri-g-serie.html
11. Bosch GWS 19-125 CI vinkelslipar
Verkter.no sin pris er kr 1991 per i dag. Høgaste pris sidan 01.02.2019 er kr 2008.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3519573
https://www.verkter.no/vinkelsliper-bosch-gws-19-125-ci.html
12. Bosch GKS 190 sirkelsag
Verkter.no sin pris var kr 1342 den 27.04.2019. Høgaste pris sidan 21.09.2018 er kr 1425. Dette produktet er ikkje merka med «Topptilbud» lenger, men var det den 27.04.2019. Utifrå høgaste pris i denne perioden er prisavslaget på knappe 6 %.
https://prisjakt.no/product.php?pu=471233
https://www.verkter.no/sirkelsag-bosch-gks-190-professional.html
13. Bosch ASB hekk- og grassaks
Verkter.no sin pris er kr 1330 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 28.11.2018 er kr 1341.
https://prisjakt.no/product.php?pu=551833
https://www.verkter.no/hekk-og-gressaks-bosch-asb-10-8-li-set-batteridrevet-20-cm-lengde.html
14. Makita GA5030R vinkelslipar
Verkter.no sin pris er kr 645 per i dag. Høgaste pris sidan 23.02.2018 er kr 713. Ser ein bort frå tre høve kor prisen var kr 852 og 733 i 1-2 dagar, er kr 713 høgaste registrerte pris sidan 01.01.2016.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3465414
https://www.verkter.no/vinkelsliper-makita-ga5030r.html
15. Makita DF331DSAJ
Verkter.no sin pris er kr 1305 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 04.12.2018 er kr 1316.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3463971
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-makita-df331dsaj-10-8-v-2x2-0-ah-batt.html
16. Bosch ALS 30 løvblåsar/-sugar
Verkter.no sin pris er kr 1106 per i dag. Høgaste pris sidan 25.10.2018 er kr 1114.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3010427
https://www.verkter.no/lovblaser-suger-bosch-als-30.html
17. Makita DUH523SY busksaks
Verkter.no sin pris er kr 2137 per i dag. Høgaste pris sidan 02.11.2018 er kr 2155.
https://prisjakt.no/product.php?pu=2799335
https://www.verkter.no/busksaks-makita-duh523sy-batteridrevet-52-cm-lengde.html
18. Bosch GDX 18V-200 C solo
Verkter.no sin pris er kr 2547 per i dag. Første pris blei registrert den 05.02.2019 til kr 3442. Etter 6 dagar vert prisen sett ned til kr 2732. Etter 7 dagar vert prisen sett ned enda meir til kr 2472 (lågare enn dagens pris). Etter 32 dagar på tilbod, vert prisen sett opp att til kr 2732 i 8 dagar før dagens kampanjepris, som no har vart i 36 dagar. I tillegg er prisavslaget berre på knappe 7 % av «førpris».
https://prisjakt.no/product.php?pu=4912169
https://www.verkter.no/slagmuttertrekker-bosch-gdx-18v-200-c-solo-18-v-uten-batteri-og-lader.html
19. Bosch ROTAK 32 grasklippar
Verkter.no sin pris er kr 1120 per i dag. Høgaste pris sidan 15.03.2019 er kr 1162. Prisavslaget rekna utifrå høgaste salspris i den perioden er knappe 4 %.
https://prisjakt.no/product.php?pu=824117
https://www.verkter.no/gressklipper-bosch-rotak-32-1200-w-elektrisk.html
20. Bosch GKS 18V-57
Verkter.no sin pris er kr 1834 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 29.01.2019 er kr 1850.
https://prisjakt.no/product.php?pu=4354135
https://www.verkter.no/batteridrevet-sirkelsag-bosch-gks-18-v-57-uten-batteri-og-lader.html
21. Milwaukee M12 BDD XKIT-202C
Verkter.no sin pris er kr 2532 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 17.01.2019 er kr 2555.
https://prisjakt.no/product.php?pu=2766027
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-milwaukee-m12-bdd-xkit-202c-12-v-2x2-0-ah-batt.html
22. Makita DTW800Z slagmuttertrekkar
Verkter.no sin pris er kr 3726 per i dag. Dette har han vore sidan prisen først blei registrert den 15.01.2019.
https://prisjakt.no/product.php?pu=4528576
https://www.verkter.no/slagmuttertrekker-makita-dtw800z-18-v-uten-batteri-og-lader.html
23. Bosch GEX 125-1 AE eksenterslipar
Verkter.no sin pris er kr 1119 per i dag. Med unntak av ein kort periode på 2 dagar, har prisen ikkje vore høgare enn 1132 sidan 19.02.2019. Dette produktet er ikkje merka med «Topptilbud» lenger, men var det den 27.04.2019.
https://prisjakt.no/product.php?pu=273365
https://www.verkter.no/eksentersliper-bosch-gex-125-1-ae.html
24. Fiskars X21 kløyveøks
Verkter.no sin pris er kr 690 per i dag. Høgaste pris sidan 02.11.2018 er kr 695. Prisavslaget frå høgaste pris i den perioden er på 0,72 %.
https://prisjakt.no/product.php?pu=3406508
https://www.verkter.no/kloyveoks-fiskars-x21-l.html
25. Hitachi DS18DJL skrutrekkar
Verkter.no sin pris er 1509 per i dag. Dette er høgaste pris sidan 12.03.2019. Høgaste pris sidan 14.04.2018 er kr 1521. Prisavslaget utifrå høgaste pris i den perioden er knappe 0,8 %.
https://prisjakt.no/product.php?pu=2913405
https://www.verkter.no/skrutrekker-bor-hitachi-ds18djl-18-v-2x1-5-ah-batt.html
- 1
-
Villeiande marknadsføring og andre urimelege handelspraksisar
Mål
Målet med denne tråden er blant anna å gjere folk meir merksam på ulike formar for villeiande marknadsføring og andre urimelege handelspraksisar. Dette vil forhåpentlegvis føre til at færre forbrukarar vert lurt. Eg vil òg vise at slike urimelege handelspraksisar kan få konsekvensar for dei ansvarlege og at det nyttar å klage.
Innlegg bør innehalde grunngjeving på kvifor du meiner noko er villeiande og gjerne dokumentasjon. Ta ein skjermdump eller bilete av marknadsføringa, og legg ved kor marknadsføringa fann stad som til dømes lenke til nettsida eller kva for butikk og kor i landet. Målet her er ikkje å heve terskelen for å delta i tråden, men å unngå korte innlegg som «Butikknamn driv ulovleg marknadsføring» utan vidare forklaring på kvifor. Eg oppmodar til sakleg debatt om ulike formar for urimeleg handelspraksis og rundt konkrete sakar.
Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet) er ein offentleg tilsynsmyndigheit og arbeider med å førebygge og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre formar for ulovleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Forbrukartilsynet kan fatte vedtak og pålegga økonomiske reaksjonar mot dei som bryt lova.
Frå marknadsføringslova § 6:
Urimelig handelspraksis er forbudt.
En handelspraksis er urimelig dersom den strider mot god forretningsskikk overfor forbrukere og er egnet til vesentlig å endre forbrukernes økonomiske atferd slik at de treffer beslutninger de ellers ikke ville ha truffet.
Her er nokre nyttige lenker:
Marknadsføringslova: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-01-09-2
Forskrift om urimeleg handelspraksis (svartelista): https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2009-06-01-565
Forbrukartilsynet sine vedtak: https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak
Send tips eller klage til Forbrukartilsynet her: https://www.forbrukertilsynet.no/tips-eller-klage
Forbrukartilsynet si vegleiing om prismarknadsføring: https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/forbrukertilsynets-veiledning-prismarkedsforing
Forbrukartilsynet si vegleiing til finansavtaleloven § 46 – krav til opplysningar ved marknadsføring av lån og kreditt: https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/veiledning-finansavtaleloven-§-46-krav-opplysninger-markedsforing-lan-kreditt
Dette er nokre av sakane Forbrukartilsynet har fatta vedtak i:
Anna Rasmussen arrangerte fleire ulike konkurransar på Facebook i perioden 13. mars – 25. mai 2018. Etter konkurransetida var over blei innlegga sletta frå Facebook utan at det var trekt vinnarar eller utdelt premiar. Forbrukartilsynet sendte brev til selskapet og ba om dokumentasjon på at det var trekt vinnarar og at det var utdelt premiar. Først etter brevet frå Forbrukartilsynet blei det trekt vinnarar og delt ut premiar. Å avhalde konkurransar utan å dele ut premiar er på svartelista over urimelege handelspraksisar. Forbrukartilsynet fatta vedtak om brotsgebyr på kr 100 000 til Anna Rasmussen AS.
https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-951-anna-rasmussen
Forbrukartilsynet har fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt mot Telenor mot å rette telefonmarknadsføring til eksisterande kundar som har reservert seg i Reservasjonsregisteret og tilby desse ytingar som ikkje er tilsvarande dei som kundeforholdet bygger på. Ved brot på vedtaket utløysast tvangsmulkt på kr 30 000 per lovstridige oppringing te forbrukarar som er reservert mot telefonsal, anten i Reservasjonsregisteret eller direkte hjå Telenor.
https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-105-telenor-norge
Forbrukartilsynet fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt mot Hafslund Strøm AS mot å rette telefonmarknadsføring til forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal. Ved brot på vedtaket utløysast ein tvangsmulkt på kr 30 000 per lovstridige oppringing.
https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-207-hafslund-strom
Skobutikken Crossway i Stenersgata 10 i Oslo marknadsførte «opphørssalg» utan at butikken vart lagt ned eller flytta. Dette er forbode etter svartelista. Forbrukartilsynet fatta vedtak om brotsgebyr på kr 100 000 mot Brand House AS som er driftsselskapet bak Crossway.
https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-70
Maktabi Mahmoud marknadsførte «avviklingssal» i teppeforretninga Maktabi over ein toårsperiode gjennom blant anna annonsar i Aftenposten, marknadsføring på ei Facebook-side og marknadsføring i butikkvindauget. Forbrukartilsynet fatta vedtak om brotsgebyr på kr 200 000.
https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/markedsradets-vedtak/mr-2017-275-maktabi-mahmoud
Gsport.no hadde i ein kampanje marknadsført med mellom anna «opptil 50 %» kor det var stort fokus på den største oppnåelege rabatten, skrive med raud signalfarge og kvit ytterkant, medan den vesentlege «opptil»-avgrensinga var skrive med mindre skrift og ingen effektar. Realiteten er at ei rekke av varene hadde lågare avslag enn marknadsføringa fokuserte på, og enkelte produkt har vore nedsett med berre 9 %. Når det då ikkje er oppgitt førpris eller anna opplysning om storleiken på avslaget, er dette egna til å villeie forbrukarar. Forbrukartilsynet fatta vedtak om tvangsmulkt på kr 1 000 000 for brot på Forbrukartilsynets vedtak av 27. mai 2016.
https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/vedtak/fov-2018-2215-gresvig- 3
-
CGI Norge AS er leverandør av appen Skolemelding.Hvem er den famøse utviklreen?
Det kan være godt å vite slik at andre kan holde seg langt borte fra dem og unngå slike blemmer.
Oslo kommune har ifølge Datatilsynet brote reglane om personopplysningstryggleik i personvernforordninga GDPR.Hva har dette med GDPR å gjøre?
- 1
-
Kombinasjonen av skilt samsvarar ikkje med gjeldande regelverk slik eg forstår det. Underskilt 808.519 "Køyring til eigedomane tillete" skal berre nyttast saman med 518 Gangveg, 520 Sykkelveg, 521 Sykkelfelt, 522 Gang- og sykkelveg samt 548 Gågate. Altso ikkje i kombinasjon med skilt 306.1 Forbudt for motorvogn. Underskilt som kan brukast til 306.1 Forbudt for motorvogn er følgande:
- 806 Tid for når skiltet er gyldig
- 808.301 Gjeld gjennomkøyring
- 808.303 Gjeld gjennomkøyring til (vegnamn)
- 808.305 Gjeld ikkje køyring til (verksemd eller adresse)
- 808.307 Gjeld ikkje varetransport (tidsrom)
- 808.311 Gjeld ikkje moped
- 808.313 Gjeld ikkje buss
- 808.315 Gjeld ikkje taxi
- 808.517 Gjeld ikkje buss og taxi
- 808.319 Gjeld ikkje (motorvogntype)
- 808.321 Gjeld (motorvogntype)
Av dei underskilta som er tillete å bruke saman med forbodsskiltet, ser eg for meg at 808.301 Gjeld gjennomkøyring hadde vore mest aktuelt å bruke.
Underskilt 808.519 Køyring til eigedomane tillete skal som nemnt over berre nyttast i kombinasjon med skilt som gangveg, sykkelveg og liknande. Eg trur grunnen til dette er at på desse plassane er det ikkje høve til å parkere i gang- og sykkelveg, og ein må difor køyre heilt fram til eigedomen for å ikkje vere til hinder.
Reglar for skilt fann eg i skiltnormalen på Vegvesenet sin nettstad: https://www.vegvesen.no/fag/publikasjoner/handboker/om-handbokene/vegnormalene/n300
Håndbok N300 Trafikkskilt, del 3 Forbudsskilt, påbudsskilt, opplysningsskilt og skilt med trafikksikkerhetsinformasjon (11 MB).pdf: https://www.vegvesen.no/_attachment/69739/binary/964083?fast_title=H%C3%A5ndbok+N300+Trafikkskilt%2C+del+3+Forbudsskilt%2C+p%C3%A5budsskilt%2C+opplysningsskilt+og+skilt+med+trafikksikkerhetsinformasjon+%2811+MB%29.pdf
-
Eg innser at mange ikkje kjem til å lese brevet frå Datatilsynet, og sjølv dei som opnar det vil finne at det inneheld ein del informasjon om saka som kanskje ikkje er interessant. Eg legg ved nokre utdrag med mine uthevingar frå brevet, som de kan finne her: https://www.datatilsynet.no/contentassets/f7246f38ff394d32bef6895bc65a4b4f/varsel-om-gebyr---oslo-kommune.pdf
På spørsmål fra Datatilsynet om det finnes DPIA og risikovurdering for løsningen, svarer
kommunen at det ikke ble gjennomført en formell DPIA, men at det ble gjennomført en
risikovurdering. En av ni identifiserte sårbarheter/trusler ble vurdert som uakseptabel.
Sårbarheten var at det registreres sensitive data i løsningen. Det ble foreslått noen tiltak for å
håndtere sårbarheten. Det ene var å gi informasjon på skolenes og kommunens nettsider om at
det ikke må skrives sensitive opplysninger i fritekstfeltet, som er gjennomført. Det andre var å
legge inn informasjon i appen i neste oppdatering, som var planlagt til 13. desember 2018. Et
siste tiltak var å lage maler for registrering av ulike typer fravær. Dette tiltaket er planlagt som
en del av Videreutviklingen av løsningen i 2019. Avslutningsvis skriver kommunen at
Utdanningsetaten vil vurdere behovet for fritekstfelt for å melde fravær.
[…]
3.4 Sårbarhetene i systemet
Slik vi forstår det kan ikke sårbarhetene utnyttes ved vanlig bruk av appen Skolemelding, men
ved at man bruker et verktøy slik som en web proxy for å kunne se og manipulere trafikk av
data som kommuniseres gjennom systemet. Slike verktøy er lett tilgengelig for nedlasting fra
internett. Det krever en viss teknisk kompetanse for å kunne bruke dem, men det er også lett
tilgjengelig informasjon på internett om hvordan man kan bruke dem.
3 .4. 1 Autentiseringsnroblemer
Vi beskriver her prosessen for en foresatt-bruker av Skolemelding.
Når en bruker av appen for foresatte skal logge inn, blir brukeren som forventet tatt gjennom
innloggingsprosessen i ID-porten. Det er etter dette at problemer oppstod. Det var en feil i
logikken til autentiseringsserveren (kalt midporten), som brukes av systemet.
Innloggingsløsningen ga kun ut fødselsnummer (som er foresattes bruker ID) som et
tilgangstoken2 etter innlogging. Det var derfor her mulig å lage sitt eget tilgangstoken uten å
gå via innloggingsløsningen så lenge det ble benyttet et fødselsnummer som er registrert som
en foresatt.
Fødselsnummer er bygget opp på en veldefinert måte og er begrenset til 11 millioner. Dette
gjør det lett for en angriper å generere alle mulige fødselsnummer, for så å prøve de ut mot
løsningen. Utvalget av fødselsnummer man trenger å teste kan også reduseres basert på
eksempelvis fødselsår når man vet at man skal prøve ut fødselsnummer som kan tilhøre
foresatte til barn i grunnskolen. Basert på en ytterligere svakhet i systemet er det ikke
nødvendig å ha mer enn en gyldig bruker for å få tilgang til andres meldinger.
3.4.2 Manglende skille mellom brukere giør at man kan få tilgang til andres meldinger
Når en bruker er autentisert kan vedkommende lese meldinger som ligger lagret på serveren.
Dette gjøres i bakgrunnen av appen ved å spesifisere blant annet en ID for ønsket melding.
ID-en er et sekvensielt generert heltall som fungerer som en unik identifikator for meldingen.
Systemet mangler en verifikasjon på hvem en melding (ID) tilhører når den hentes ut. Dette
fører til at en autentisert bruker kan hente ut hvilken som helst melding i systemet ved å
spesifisere en gyldig meldings-ID, uavhengig av hvem den tilhører. Gjetting av gyldige ID-er
vil ikke være vanskelig siden de som tidligere nevnt består av sekvensielle heltall.
3.4.3 Mulighet for høsting av opplysninger og knvtte person til meldinger
Det er også mulighet til å hente ut informasjon om brukeren man er innlogget som og elevene
som er tilknyttet denne brukeren. Dette inkluderer fullt navn, brukernavn, e-post,
fødselsnummer og telefonnummer. Dette gjøres ved å kjøre et kall til serveren, som returnerer
LDAP3 data. Dette resulterer i at selv om noen i utgangspunktet tester med tilfeldige
fødselsnummer så vil de videre ha mulighet til å knytte fødselsnummeret til person og familie
på en lett måte.
[…]
Datatilsynet vurderer at pålegg 1) er nødvendig for å unngå at særlige kategorier av
personopplysninger om barn kommuniseres i appen. Oslo kommune skriver på sin nettside at
Skolemelding ikke skal benyttes til sensitive opplysninger. En av bruksområdene som trekkes
frem er melding om sykefravær. Melding om fravær gjøres i et fritekstfelt i appen. Det finnes
ingen advarsel eller informasjon i selve appen om at man ikke skal skrive inn sensitive
personopplysninger i meldinger. Basert på dette fremstår det som sannsynlig at det vil legges
sensitive opplysninger inn i løsningen, og vi kan med stor sannsynlighet anta at man ikke har
tatt utgangspunkt i innebygd personvern (jf. forordningen artikkel 25) når man har laget
løsningen.
- 4
-
Trenger... mer... konkrete... opplysninger. Føler vi (utviklere generelt) burde kunne ta læring av denne saken, men trenger mer konkret informasjon om hva som trigger denne reaksjonen.
Her finn du brevet Datatilsynet har sendt til Oslo kommune: https://www.datatilsynet.no/contentassets/f7246f38ff394d32bef6895bc65a4b4f/varsel-om-gebyr---oslo-kommune.pdf
I brevet står det meir detaljert kva feila var og korleis dei vert utnytta. Dette finn du under punkt 3.4 i brevet på side 5-6. Det er elles noko interessant informasjon om tryggingsvurderingane som blei gjort i punkt 3.3.
Datatilsynet har skrive ein artikkel om saka her: Varsel om gebyr til Oslo kommune
- 1
Erstatte systemnøkkel-system?
i Juss
Skrevet
Her er utdrag frå saka, med mi utheving: