Gå til innhold

Orgalp

Medlemmer
  • Innlegg

    25
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Orgalp

  1. Angåande dette med linux som filserver: Etter min erfaring er det ikkje lett å setje opp ein samba server. Grunnen til dette er konfigurasjonsfilene du så godt som er nødt til å bruke. Ja, konfigurasjonsfiler er kraftfulle og byr på mange funksjonar, men dei er ikkje intuitive. Ein kjem ingen veg utan å få hjelp/søke på internett.

     

    Og er det berre meg som syns at dette er ganske langdrygt når ein berre skal ha ein enkel filserver?

     

    I det heile tatt er linux lite intuitivt syns eg. Er nesten umogleg å finne ut av ting på eiga hand.

  2. Dette med at ein ikkje skal slå jenter er jo berre ein generell regel for at ein ikkje skal bruke vold når ein er fysisk overlegen motparten. Eg hadde gjerne gått berserk på eit kvinnfolk om det kvinnfolket var mykje høgare og større enn meg sjølv, men eg hadde ikkje brukt vold mot ein gammal skrøpelig mann.

     

    Sjølvforsvar blir noko anna igjen da. Får du lett overtaket over den som angrip deg er det ikkje nødvendig å bruke knyttneven for å forsvare deg sjølv.

     

    Men er synd at så mange jenter trur det er greit å slå og sparke.

  3. Eg har lenge hatt lyst til å lære meg dei forskjellige kommandoane ein kan bruke i linux, men dei listene over kommandoar eg har sett har som regel vore for omfattande for ein nybegynnar som meg. Derfor kan eg starte med å beskrive to enkle kommandoar som eg syns er nyttige, så kan dei som kan meir enn meg følge på med fleire.

     

     

    Som dykk ser startar eg veldig enkelt. Så det er nok opp til andre om tråden blir noko nyttig for nybegynnarar.

     

     

    Kommandoen "cd"

     

    cd står for "change directory", og er kommandoen ein brukar for å navigere seg gjennom filsystemet i terminalen. Eg vil seie at du har 3 moglegheiter med den kommandoen:

     

    1: Du kan skrive heile adressa

     

    Enkelt og greit, men du må vite kvar du skal sjølvsagt.

     

    Eks:

    # cd /etc/samba

     

     

    2: Du kan gå utifrå mappa terminalen "befinn seg i"

     

    Du beveger deg altså trinnvis gjennom filsystemet. Vanligvis tek terminalen utgangspunkt i /home/"dittbrukernamn", så derfor kan det vere greit å gå til rota av filsystemet først ved å skrive "cd /"

     

    Eks:

     

    / # cd etc

    /etc# cd samba

    /etc/samba #

     

     

    3: Hoppe tilbake i filsystemet.

     

    cd ..

     

    Eks:

     

    /etc/samba # cd ..

    /etc # cd ..

    / #

     

     

     

    Kommandoen "dir"

     

    Denne kommandoen listar opp filer og mapper i mappa du befinne deg i:

     

    # cd /

    / # dir

     

    *liste over filer/mapper i / kjem opp*

     

    cd /etc

    /etc # dir

     

    *liste over filer/mapper i /etc kjem opp*

     

     

    Alt dette står forøvrig mykje betre forklart her, men eg tenkte eg måtte setje tråden i gang. :whistle:

  4. ...

    9266665[/snapback]

     

    Hadde JerryC låta litt i bakhovudet ja. :!:

     

    Nei, eg kjem nok til å fortsette å spele gitar uansett om det går litt trått. Men eg lurar på om det har gått såpass treigt sidan eg heile tida har spelt "eigne ting," i staden for å lære seg ting andre har laga. Blir gåande å tråkke i samme sporet utan å lære noko nytt. Visst det er andre som har liknande erfaringar får nykommarane ta det til etteretning... Er viktig med litt framgang og.

     

     

    Men som du seier så skal ein ikkje samanlikne seg med det ein finn på youtube:

     

     

    (Sikkert mange som har sett den før men.)

  5. Er det nokre andre her som har spelt gitar lenge, men ikkje kjem seg nokon veg? Eg har spelt i ein 6-7 år no, men ligg på nivå med mange som berre har spelt rundt 1 år. Eg har ikkje vore så veldig flink til å øve, men eg må jo ha øvd fullstendig feil i tillegg. Har jo blitt nokre timar på desse åra...

     

     

    Huff. Er ikkje noko gøy å spele gitar lenger. Er jo blitt instrumentet "alle" speler... :)

  6.  

    Er det forresten noen her som har testet FOSS-spillet Tremulous? Det ser jo ut som noe jeg glatt kunne kastet bort haugevis av timer på, hadde jeg hatt litt bedre tid (og litt bedre gfx-kort).

    8278865[/snapback]

     

    Ja, eg har prøvd det. Det funkar flott både i linux og i windows, og er desidert favoritten min når det kjem til native spel under linux. Eg veit i alle fall ikkje om noko anna native linux spel som har så god grafikk og i tillegg er gratis. Ikkje er det noko å seie på gameplay heller. Storkosar meg når eg speler det. Er dessutan berre 100 mb å laste ned om nokre er nysgjerrige. :)

  7. Det var ikke slik jeg mente det, men vil vi virkelig risikere liv bare fordi vi valgte dårligere soldater til å krige (jenter) når vi kunne ha valgt bedre kvalifiserte soldater (menn), men som ikke fikk lov pga. høyere krav.

     

    Eg trur ikkje testane soldatane går igjennom for å kvalifisere seg gir noko konkret bilete av kor godt dei vil gjere det i praksis uansett. Er antageleg mange eigenskapar ved folk som er nyttige for soldatar men som ikkje kjem fram i testar. Ikkje at eg kjem på noko i farta, men ein kan jo samanlikne det med skule og arbeidsliv. Er mange som gjer det dårlig på skulen, men klarar seg bra likevel som vaksne. Dessutan er det jo andre eigenskapar som ofte utgjer større forskjell enn kjønn. Høgde og vekt for eksempel. Ein person på 1,60 kjem til å ha vansker med å bære ein person på 1,90 uansett kjønn.

  8. Etter mi erfaring er det ikkje noko enkel jobb å få spelt "windows-spel" i linux. Det går sikkert ann å få det til, men ikkje utan at du må slite litt for det. Men du kan vel prøve linux likevel? Det er slettes ikkje noko vanskeleg med dual-boot om du prøvar med ubuntu. (Einaste linux-distroen eg har prøvd. Er kanskje like lett med andre distroar.) Eg vil anbefale deg å hive deg ut i det. Om du ikkje får spelt så mykje spel, så finn du mykje anna god programvare.

     

    Kan gi ei lita innføring (i grove trekk) på korleis installasjonen foregår.

     

    Først må du laste ned, og brenne ut iso'en du finn på www.ubuntu.com. Dette er ein live-cd, så du bootar berre opp med den. Når operativsystemet er ferdig opplasta frå cd'n, startar du berre installasjonen frå desktopen. Etterkvart kjem du til nokre valgmuligheiter for partisjonering av harddisken din. Då er det berre å resize ein av dine eksisterande partisjonar, og bruke den oppfridde plassen til å installere linux på. Valg av operativsystem i oppstarten blir ordna automatisk.

     

    Eg kan ikkje garantere at det går like smertefritt hos deg, men eg vil tru det. :)

  9. Har fått diagnosen av lege ja, men har aldri sjekka spesifikt etter andre alternativ heller. Men om legane seier eg har astma så får eg vel tru eg har det...

     

    Selv har jeg fått mistanke om Astma pga merkelige lyder samt pustebesvær etter kondisjonstrening. Fikk testet meg på helsesenteret men prøvene var negative. Fortsatt tror legen det kan være snakk om Astma som utløses gjennom anstrengelse altså en rimelig skjelden type. Med andre ord er jeg veldig uheldig som får dette i en alder av 17 år (Normalt for man dette i tidlig alder)

     

     

    Hmm. Eg har alltid fått for meg at astma gir permanent pustebesvær/nedsatt pust, og at eit såkalt "astma-anfall" er ei forverring over ei begrensa tidsperiode. Men kva veit eg?. I og med at prøvene dine var negative skulle ein tru at astma ikkje er permanent, sidan symptoma/problema berre oppstår når du er fysisk aktiv. (Eller blir påvirka allergisk av pollen/støv osv. Veit ikkje om du er allergisk i tillegg.) Om det er astma i det heile tatt da som forårsakar problema for deg da.

  10. No er det laga ein film basert på Gothic 1. Det som er litt artig med denne filmen er at den er laga i sjølve spelet. (Fraps.) Filmen er på heile 2 timar, og eg likte den veldig godt. Historia er litt dårleg fortalt, men for oss som har spelt gjennom Gothic 1, er det ikkje noko problem å følge med.

     

    Obs: filmen er på tysk, men om du har spelt spelet, så forstår du handlinga likevel. Eg hadde i alle fall ingen problem med tysken.

     

     

    Du finn link til filmen på www.gothic3.com

     

     

     

    (Mud er også med... :cool: )

  11. Forumet her er jo ganske stort, så antagleg så er det ein del som har astma her. Hadde vore artig å høyre andre sine erfaringar, og korleis dei som har blitt friske har blitt det osv. Lagar denne posten sidan eg generellt sett har fått veldig lite informasjon om astma, om kva det eigentleg er og korleis ein skal kunne leve med det på best mogleg måte. Har leite ein del på nettet, men der er informasjonen ganske tynn, og legar har aldri gitt meg skikkelig utfyllande informasjon. Dei skriv ut ein resept og er ferdige med det.

     

    For meg varierar plagene veldig. Nokre gongar er det til dømes umogleg å trene utan at astmaen bremsar opp heile systemet, mens andre gongjer merkar eg ikkje noko til det. Det kjipe er at eg ikkje har noko som helst aning på kva som gjer det. Er det støv? Kald luft? Ligg det i psyken? Har eg berre "normalt" dårleg kondis?

     

    Diskuter. Kan som sagt vere artig å høyre andre sine erfaringar med astma. :)

  12. I jula blir det for min del "Mount and Blade."

     

    Dette kan dykk prøve sjølve utan noko særleg bry. Setup på 37 mb, låge maskinkrav.

     

    At grafikken er fin, (ikkje nødvendigvis synonymt med "avansert" ) attmed enkelt og genialt gameplayer ikkje dumt heller.

     

    Har spelt trail-versjonen, som sjølvsagt er gratis, eit par timar. Heilt hekta.

     

    Last ned her.

  13. Enkelt og greit: Få tak i noen demoer. Da finner du ut hvilket spill du kommer til å like best.

     

    Multiplayerdemoen til Ground Control 2 er jo sinnsykt genial, og du kan laste ned demo av et av Totalwarspilla for å se om du liker dem.

     

    Har du god linje, laster du ned Ground Control! (eneren) litt gammelt, men fy... Viss det kan måle seg med toeren, blir du ikke skuffet.

  14. hmm. Sikkert riktig nok det, men jeg synes å lest en eller annen plass att Pentium4 brikkesettene kunne ha problemer med fire rambrikker, og at ytelsen ville bli bedre med to. Selv i dualchannel. Skulle gjerne hatt linker som kunne avkrefte eller bekrefte dette.

×
×
  • Opprett ny...