Gå til innhold

Kåre Krakhella

Medlemmer
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Kåre Krakhella

  1. Teknisk Ukeblad tek på seg ei stor rolle når dei skal fortelje oss kva som er sant og usant i ein politisk debatt. Det kunne i middlertid vore interessant å lese ei sakleg vurdering av for- og motargument, sjølv om TU som alle andre har sin agenda og si vinkling. I midlertid vart artikkelen utskjemd med manipulerande retorikk alt i dei innleiande avsnitta. Her er det ikkje tvil om kva som er det gode og framtidsretta og kven som er dei opplyste og redelige. Heller ikkje tvil om kven som står for det usanne.

    Faktasjekk i ein politisert debatt er ei vanskeleg øving der det i det minste må vere to partar med kvart sitt utgangspunkt, og helst i tillegg ein «dommar». Og her har TU svikta stort.

    Punkt nr 5 «Vindkraftverk skaper ingen jobber» kan vere greitt å gjennomgå. Dette må vere det mest talfesta og nøytrale punktet i lista. Men TU klarer ikkje ein gong å lage tittel på punktet utan å avsløre si retoriske vinkling. Kven har påstått at det er ingen jobbar i vindkraft, null jobbar? Dette er jo direkte usakleg i ein faktasjekk.

    Men det er få jobbar i vindkraft og korleis skal ein bortforklare det? Samanlikne med andre bransjar der det også er få jobbar, så ser det litt betre ut.

    Sysselsettinga i Norge er lett tilgjengeleg frå SSB – nokre aktuelle tal for 2020:

    Industri 206 000, bygg og anlegg 225 000, transport og lagring 127 000. Samanlikna med desse tala er 1821 årsverk for vindkraft heilt ubetydleg uansett kor mykje TU hevdar at «vindkraft skaper mange jobber».

    Så blir det argument med dei store verdiane som blir skapte. «Verdiskapinga» er på 797 mill kroner i 2018, forventa å auke til 720 mill kroner i 2022 utan at det er forklart korleis den «auken»  skal tolkast. Å snakke om positiv «verdiskaping» i ei subsidienæring, ei næring som reelt sett går med underskot, er eigentleg meiningslaust. Konklusjonen kan like gjerne skrivast slik:

    Vasskraft er meir effektivt enn vindkraft, også når det gjeld produksjon pr årsverk. Verditapet i vindkraft er berekna til 200 millinonar kroner i 2018 (subsidiar, anslått verdi).  Og det er svært få permanente jobbar i å drifte vindkraftanlegg.

    Denne konklusjonen står seg minst like godt som TU sin.

    Nei, det som TU driv med her, er rein kampanjejournalistikk og ei fornærming av lesarane. Eg les TU for å bli informert, ikkje indoktrinert. Og det trur eg dei fleste andre gjer også.

    TU har kort og godt skjemt seg ut og øydelagt sitt falgleg truverde.

     

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...