Gå til innhold

fz50

Medlemmer
  • Innlegg

    116
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av fz50

  1. Hei.

    Spørsmålet mitt har nok vore diskutert her hundre gonger før, men sidan eg ikkje orkar å bla gjennom ~500 sider, så tek eg sjangsen på å spørje.

     

    Eg er nett byrja å spela Skyrim, og har akuratt kome til Whiterun. Har oppdaga at når eg vert venn med NPC'ar, kan eg ta omtrent alle tinga deira, medan dei ser på, utan at dei reagerar. Er dette meininga? Til dømes, så vart eg venn med tradaren i Riverwood etter å he hjelpt han, og då kan eg ta nesten alle tinga han har i butikken å selje dei tilbake til han. Rett framfor augene på han!! Merkelege greier. Tilsvarande, kan eg også ta masse ting frå Dragonsreach som er verdifulle ut, utan at nokon reagerar på det.

     

    I tillegg; er det huset eg kan kjøpe i Whiterun som er den raskaste måten for meg å skaffe meg ein plass å lagre ting. Merkar at inventory'et mitt er nesten alltid fult, og det er så mange ting eg vil spare på/ikkje selje.

  2. Hei.

    Ein kollega av meg har nettopp kjøpt dette kameraet frå Ebay; SAMSUNG 8mm Hi8 VIDEO 8 CAMCORDER SCL810 SCL-810, for å kunne spele av gamle opptak han har liggjande på tape. Problemet er at når han spelar det av kjem det berre snø på TV-skjermen hans. Eg har ein mistanke om at dette skuldast at kameraet han har kjøpt er frå USA, medan dei gamle opptaka hans er gjort med eit kamera kjøpt i Noreg.

     

    Fins det ein moglegheit for at han kan få spelt av desse gamle opptaka? Til dømes ved å kopiere dei inn på PC’en med eit Capture Card eller liknande?

     

    Håpar på positive svar.

     

    Mvh. Jan F.

  3. Hei.

    Som dykk ser i linken, har eg eit problem med grafikken. Dette skjer ikkje heile tida, men veldig ofte etter at eg anten har spelt ei stund, eller når eg startar eit nytt spel. Eg tvilar på om det er fordi eg har for dårleg PC, sidan hardwaren min eg rimeleg ok (XFX 8800 GT, Core2Quad 2,4 GHz, 4 GB RAM, Vista 64 bit, osb.), i tillegg trur eg heller ikkje det er varmerelatert, sidan eg har prøvd å skrutt opp viftehastigheiten på skjermkortet mitt, og då stig ikkje GPU-temperaturen til meir enn 70 grader ca. Etter å ha lest litt på ein del andre forum, har eg merka at det er fleire som har dette problemet, spesielt med GeForce 8800 GT kort, og til dels også med Vista (64 bit). Dette ledar difor til at eg trur at dette problemet kan bli retta opp i ein eventuell patch. Er det fleire her på forumet som har same problem, evt. som kan tenkje seg ein måte å løyse dette på.

     

    Håpar på positiv svar, mvh. Jan F.

  4. Hei.

    Som emnetittelen seier, går det an å skru av kravet om kun signerte drivarar som vert brukt i 64bits-versjonen av Windows Vista? Viss det eventuelt ikkje går an; er det nokon måte å få full funksjonalitet i Rivatuner i Windows Vista, eller kanskje nokon veit om eit tilsvarande program som kan justere viftehastigheiten til skjermkortvifta... (justeringa i NVIDIA nTune vert nullstilt når PC-en vert restarta).

     

    Mvh. Jan F.

  5. tips: du skal ikke velge Quad Processor under System Type (første valget), da dette betyr 4 fysiske prosessorer.

     

    Jeg kommer frem til 386W på omtrent samme system; q6600, 8800GTX (kan ikke velge 8800GT) og har ellers tatt godt i med 3 harddisker, PCI kort og vifter osv. Håper jeg klarer meg med 420W strømforsyninga jeg har.. Thermaltake skulle være bra kvalitet og den var rimelig dyr til å være 420w da jeg kjøpte den i 2006.

     

    Hehe. Var nok det eg gjorde du. Når eg retta på dette vart resultatet; 337W, som nok var meir sannsynleg ja.

  6. Hei.

    Har tenkt å oppgradere PC-en min, og lurer difor på om eg treng ein ny PSU enn den eg allereie har, som er ein 500W Mist. Oppsette mitt vert som følgjer;

     

    - Geil 2GB DDR2 PC6400 800MHz Ultra (2 stk, altså 4 GB RAM)

    - Intel Core 2 Quad Q6600 2.4GHz

    - ABIT IP35 PRO, P35, Socket-775, ATX, Silent Otes2, 2xGbLAN, DDR2, 2xPCI-Ex16

    - XFX GeForce 8800GT 670M 512MB XXX GDDR3, PCI-Express 2.0, 2xDVI/HDCP, 670/1950Mhz

    - 200 GB Maxtor, 7200 RPM HDD

    - Pioneer DVD-brennar

    - ingen diskettstasjon

    - 2 stk 80 mm (relativt) stillegåande kabinettvifter

    - Creative SB Audigy 2 ZS lydkort

     

    Har lurt på å kjøpe denne Mist PSU'n på 600W (Link), viss det er behov for det. PSU kalkulatoren til www.extreme.outervision.com seier at eg treng minst 585W...

     

    Har dykk nokon synspunkt på dette?

  7. Hei.

    Burde kanskje posta dette i ein eksisterande tråd, men eg tok sjangsen på å starte ein ny. Har tenkt å kjøpe meg 32" LCD-TV no. Håpar difor nokon kan anbefale ein, (eller fleire), etter følgjande kriterie;

    - Pris mellom 6000 og 8000 kr, ikkje over 10000 kr

    - 32"

    - Skal brukast til XBOX360 og PS3, bør i tillegg vere kurant til analoge signal frå TV-antenne og digitale signal frå parabol, (kanskje og bakkenett når det kjem)

    - Minst ein, kanskje to stk HDMI - utgangar i tillegg til SCART

    - Bra kontrast

     

    Kjem ikkje på fleire aktuelle kriterie i farten. Har sett på tre TV'ar frå komplett, kan poste link til dei når eg kjem heim, viss nokon av dei funkar bra.

     

    Mvh. Jan F.

  8. heroes of might and magic 3 kanskje? :)

    8384685[/snapback]

    Blir vel eigentleg meir av typen strategi, eg tenkjer meir på eventyr.

     

    Kva med Grim Fandango? Ikkje so mange pirater eller so mykje middelalder, men eit veldig vellaga og morosamt peik-og-klikk-eventyrspel likevel. :)

     

    EDIT: Ser ut til at der var fleire enn meg som likte dette spelet. :)

     

    Kay

    8384697[/snapback]

    Tykkjer det spelet vert litt gammalt, men kanskje eg skal gå til innkjøp av det, samstundes som eg børstar støv av The Curse of Monkey Island. ;)

  9. Hallo.

    Beklagar viss dette kunne vore posta ein anna tråd, men eg søkte og fann ikkje noko. Lurer på om nokon kan anbefala nokon gode "Point and Click" spel, i samme stil som Monkey Island spela, Destination: Treasure Island eller Return to Mysterious Island? Helst spel som kanskje har tema med piratar, middelalder eller liknande.

     

    Mvh. Jan F.

  10. Hei.

    Har tenkt å kjøpe meg nytt skjermkort til gaming, og då av typen nVidia 7900 GT. Lurde berre på om eg skulle gå for versjonen med 512 mb ram (1,4 ns), eller versjonen med 256 mb ram (1,2 ns). Som ein ser her, er det ein marginal forskjell i responstid (på ram'en?), har dette noko å seie til spel i dag, og har dagens spel i heile teke bruk før 512 mb ram. Håpar på litt input frå folk med litt meir kunnskap enn meg.

     

    Mvh. Jan F.

  11. For å få bilete i Windows Media Player/VLC/ el. liknande, må TV - skjermen vere skjerm #1, slik som eg har fårstått det.

     

    EDIT: Dessutan finst det andre grunnar til at det kan vere fint å kunne lagre plasseringa til ikona.

    6975043[/snapback]

    Da er løsningen å plassere dem slik at de er innenfor den firkanten som dannes av minste horisontale oppløsning og minste vertikale oppløsning. F eks hvis den ene oppløsningen er 1680x1050 og den andre 1600x1200, så må ikonene være innenfor 1600x1050.

    6975204[/snapback]

     

    Med tanke på antall ikon eg har, og at TV - skjermen nyttar 800x600, så er dette uaktuelt.

  12. Som emnetittelen seier, så lurer eg på om det finst eit program, evt. ein funksjon i Windows for å lagre ikonplasseringa på skrivebordet. Eg byrjar så småt å bli lei av at alle ikona mine havnar hulter til bulter etter at eg har endra oppløysinga for å kople TV'n til PC'n. Håpar nokon set på nyttig informasjon.

    6974796[/snapback]

    Litt avhengig av scenario vil det kanksje være hensiktsmessig å bruke TV-skjermen som skjerm nr 2 i et toskjermoppsett, nettopp for å slippe slikt. Evt å ordne ikonene etter den laveste oppløsningen.

    6975007[/snapback]

     

    For å få bilete i Windows Media Player/VLC/ el. liknande, må TV - skjermen vere skjerm #1, slik som eg har fårstått det.

     

    EDIT: Dessutan finst det andre grunnar til at det kan vere fint å kunne lagre plasseringa til ikona.

  13. Eg opplever eit liknande problem med min Nokia 6280. Viss eg har sendt ein SMS til ei kontaktgruppe som er ganske stor (20+ kontaktar), så vil for det første sendinga ikkje bli ferdig, oppe til venstre, ved sida av batterinivået står den papirhaldaren med pil som går opp, men den har berre hengt seg opp, pila står i ro, i staden for å bevege seg (vanskeleg å forklare). I tillegg får eg då ein melding om at meldinga ikkje kunne bli sendt, og eg får beskjed om å sjekke meldingsdetaljar, eller kva det heitte. Viss eg då går inn på "Valg" på meldingen seier ikkje "Meldingsdetaljer" så mykje, men trykkjer du derimot på "Bruk detalj" på same menyen, vert skjermen svart i eit til to sekund, og telefonen går tilbake til hovudmenyen. Det verkar altså som om han har restarta seg.

     

    Andre som har same problem som dette og/eller veit om ein måte å fikse dette på utan firmwareoppgradering. Eg eg ikkje så veldig lysten på å sende inne telefonen og måtte klare meg utan han i kanskje to veker.

  14. Eg har nettopp høyrt ein sang frå Weird Al Jankovich (ikkje heilt sikker på korleis han stavar namnet sitt), som heiter eBAY. Dette er ein parodisong, og eg lurer difor på kva song som er parodiert. Håpar på raske svar.

    5806773[/snapback]

     

     

    Backstreet Boys "I want it that way"

    5806809[/snapback]

     

    Globb! Frykta det ver boyband av ymse sort ja. :p Men takk for raskt svar uansett.

  15. Hei.

    Eg har nettopp høyrt ein sang frå Weird Al Jankovich (ikkje heilt sikker på korleis han stavar namnet sitt), som heiter eBAY. Dette er ein parodisong, og eg lurer difor på kva song som er parodiert. Håpar på raske svar.

     

    Mvh. Jan F.

×
×
  • Opprett ny...