Gå til innhold

Ordsnild

Medlemmer
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Ordsnild

  1. Eg har satt saman eit stort og detaljert panoramabilde av ca. 100 enkeltbilder. Det er fyrste gong eg jobber med eit bilete i denne storleiken, og eg er usikker på kva pris eg burde ta for eit slikt oppdrag. Eg har fått bekjed om å sende ein faktura, men me har ikkje diskutert pris.

     

    Bildet er i målestokk 4,6 x 2,2 meter og skal henge på ein vegg i eit kommunalt bygg.  Eg har sendt bilete til trykkeriet nå, resten av prossessen tar kunden seg av (bortsett frå at eg skal komme med tilbakemelding på eit prøvetrykk av eit utsnitt av biletet, så det kan jo hende eg må fargekorrigere det igjen).

    Litt om prossessen: For å ta bildene, krevde det ein 8 timars fjelltur i bratt terreng (Ca. 900 høgdemeter). Etterarbeidet har vore ei tidkrevjande prossess. Kor mykje tid eg har brukt er litt vanskeleg å tidfeste, då eg fleire gongar har gjort arbeid på nytt pga. unøyaktigheiter og "bugs" i photoshop. Ein enkel prossess i photoshop kan mellom anna ta 1-2 timer å gjennomføre, så da kan ein jo tenke seg at dette tek tid. Eg vil anta eg har brukt mellom 80-100 arbeidstimer totalt (kanskje meir òg). Eg forventer ikkje å ta meg betalt for så mange timar eigentleg, for eg kunne jo hatt ein enno raskare datamaskin og eg kunne vore forutan ein del gjennopptakande arbeid. 

     

    Nokon som har erfaring med noko liknande? Kva pris er fornuftig å ta for eit slikt oppdrag? Eg vil gjerne høyre kva de tekjer!

     

    Eit anna spørsmål for de av dykk som har kunnskap om bildekvalitet. Biletet mitt endte tilslutt på over 8GB i photoshop sitt Large Document Format. For å eksportere til TIFF, som er formatet trykkeriet vill ha, måtte eg redusere bildestorleiken - då TIFF har ei maksimalgrense på 4GB. Eg valte då å redusere frå 300dpi til 200dpi.

    Kva har dette å seie for bildekvaliteten når det vert trykt i formatet 4,6 x 2,2 meter? Vil ein merke forskjell på 200- og 300 dpi når biletet er så stort? Er det andre og betre måtar eg i så fall kunne løyst dette på?

     

    På førehand takk for svar!

×
×
  • Opprett ny...