Gå til innhold

mullethemekk

Medlemmer
  • Innlegg

    122
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av mullethemekk

  1. Iki skrev (3 minutter siden):

    Gt7 prøver å være et sosialt online spill, de prøver ikke å lage et single player spill.

    GT Sport var eit sosialt online-spel. Ein god og fyldig single-player campaign er heilt sentralt for eit ordentleg mainline Gran Turismo spel. Det er berre å samanlikne salgstala, samt samanlikne anmeldingane blant GT-spela, så ser du fort kva fleirtalet meiner om det.

    Iki skrev (14 minutter siden):

    Kan du bruke en langt bedre bil mot en person som har en langt dårligere bil i online delen av spillet, eller må man ha biler i samme klasse for å spille sammen?

    Nei, du må ha ein bil i same klasse. Og skal du ha ein bil i toppsjiktet av klassen (altså vere best forberedt på løpet) må du ha rett bil, og du må ha akkurat dei rette oppgraderingane. Men når du skal tilpasse bilen din slik at den skal passe inn i klassen, så vil du fort finne ut at du ikkje lengre kan reversere fleire oppgraderinger du har gjort slik at bilen din har rett PP/HP til løpet. Altså, må du fort ha ein ny/annan bil. Eller så må du oppgradere bilen du har om den er for dårleg. Som kostar meir credits. Som krever meir grinding. Eller meir pengar. Spesielt med tanke på at klassane i online-løp endrar seg så hyppig og så bredt som dei gjer, som gjer at du er nøydd til å ha ein stor garasje med bilar i alle moglege forskjellige klassar om du skal ha eit godt utgongspunkt.

    Dei som kjøper credits for ekte pengar har høve til å kjøpe og oppgradere biler til bruk i online-løp akkurat som dei vil. Det er kun størrelsen på lommeboka som setter grenser. Altså har dei i praksis større valfridom, og vil kunne vere perfekt tilpassa til eitkvart løp berre dei investerer nok pengar. Det seier seg sjølv at til og med ein dreven GT7-spelar ikkje vil ha like mykje midlar å rutte med. Altså, har dei som betalar for credits i praksis ein fordel i online-delen av spelet også.

    Iki skrev (18 minutter siden):

    Å spare tid er ikke en fordel. 

    Her må me definere kva ein fordel er. Du verkar mest opptatt av dette handlar om online-speling, at alle prinsipielt i teorien skal kunne låse opp dei same bilane og oppgraderingane til bruk i online-løp gitt at dei er dedikerte nok (les: sitter og køyrer det same racet igjen og igjen i fleire døgn i strekk). Det problemet bryr eg meg ikkje like mykje om, sidan eg i størst grad spelar campaignen. Problemet er ikkje at det ikkje er teoretisk mogleg å låse opp alt utan mikrotransaksjonar, men det er at ein må vere urealistisk dedikert for å oppnå dei same fordelane som dei som betalar. Det introduserer ein mogleg fordel til dei som har djupe lommar. Det er isåfall ein urettferdig fordel.

    Eg er likevel mest opptatt av single-player campaignen. Når eg blir tvunge til ekstrem grinding for å få råd til den kulaste bilen eg har lyst på, så er det rett og slett eit problem spelmekanisk. Det er ikkje noko feil i at ein skal føle langvarig progresjon, eller at alle ikkje får tak i alle bilane. Men det er eit problem når prisane blir skrudd dramatisk langt opp in-game samtidig som du introduserer ein mekanikk der du kan kjøpe alt viss du bare tømmer BSU-kontoen din. Å spare tid ved å sleppe repetetiv grinding gjer spelopplevinga mykje betre for veldig mange. Det må då vere greit.

    Då hadde det heller vore mykje betre om spelet faktisk var dyrare (viss det faktisk krevs for å dekke kostnadane, noko eg tvilar på).

    Iki skrev (26 minutter siden):

    Å ha noe ingen andre kan få tak i, som samtidig er bedre enn alt de kan få tak i, det er en fordel.

    Så det er akkurat det same om det så tar ein person 2000 timar å låse det opp in-game, så lenge det er mogleg? Eg meinar ikkje det. I praksis går det ei grense for kva som er ein urettmessig fordel når ein set urealistiske in-game krav for å låse ting opp.

    Iki skrev (28 minutter siden):

    Biler som faktisk ikke er ment at alle skal kjøpe.

    Det er meningen at de bilene skal være sjeldne og begrenset.

    Desse bilane er jo ikkje sjeldne og begrensa. Kven som helst kan jo kjøpe dei. Viss bilane var meint til å vere sjeldne og begrensa så hadde det vore lett å faktisk gjere dei sjeldne og begrensa ved å låse dei bak visse in-game krav som kun dedikerte spelarar vil låse opp. Akkurat nå kan kven som helst kan slenge inn pengar i PS Store og kjøpe dei "sjeldne og begrensa" bilane. Då er dei knapt særlig eksklusive. Det er berre ein kunstig situasjon som skaper FOMO, og fører til meir penger i kassen for Polyphony.

    • Liker 8
  2. Mr. Pants skrev (8 timer siden):

    Nå kom jo TLOU2 ut syv år etter PS4 ble lansert da.

    PS4 blei ikkje meir kraftig i løpet av dei sju åra. Som du sjølv har vore inne på er arkitekturen på PS4 mykje mykje enklare å ha med å gjere enn PS3-arkitekturen var. Sjå for eksempel forskjellen i grafikk mellom Uncharted 1 og TLOU. Det er langt større forskjell der enn mellom Uncharted 4 og TLOU2, sjølv om alle spela er i 30fps (med knapp margin). Det var ein mykje brattare læringskurve å utvikle spel på PS3 enn på PS4.

    Mr. Pants skrev (8 timer siden):

    Samt at det, arkitekturmessig, er mindre forskjell mellom PS4 og PS5 enn mellom PS3 og PS4. Blir vel litt feil å trekke TLOU2 frem som et eksempel?

    Arkitekturmessig hadde det heilt klart vore fleire hindringar i vegen om du faktisk skulle porta eit spel ja, men det er ikkje poenget.  Ein kjem ikkje unna mangelen på ytelse og minne under utviklinga av TLOU på PS3. Det er ein god dokumentar om utviklinga på YouTube ein plass. Der hadde dei verkeleg minimalt igjen å gå på. TLOU 1 kom heilt i slutten av PS3-eraen når Naughty Dog hadde meistra den vanskelege arkitekturen, så du ser PS3en frå sitt aller beste i det spelet. Det var eit eksempel på ytelse mellom konsollgenerasjonar, ikkje eit eksempel på ein praktisk port som hadde likna på situasjonen med GOW2 no. Der har Santa Monica sånn sett ein relativt enkel jobb foran seg med å lage to forskjellige versjonar.

    Mr. Pants skrev (8 timer siden):

    Og hvem vet, kanskje de hadde fått det til å kjøre likevel? Riktignok med elendig framerate og potetkvalitet på oppløsningen, men det er ikke sikkert det hadde vært så umulig som du vil ha det til.

    Om du skrur ned til noko endå lågare enn 720p og reknar kva som helst framerate som at spelet "fungerer" så skal eg ikkje seie at det er umogleg sånn sett nødvendigvis, men det hadde definitivt ikkje vore ein spelopplevelse som hadde fungert i praksis. Folk hadde ikkje betalt for ein slik versjon av spelet, og då er det i mi bok ein "umogleg" port. Hugs for eksempel at det var 512MB minne på PS3, og 8GB på PS4.

    Dette er forsåvidt også det overordna poenget mitt. Sidan det er tidenes dårlegaste business-strategi å lansere eit produkt som i praksis ikkje fungerer, så er du nøydd til å tilpasse spelet til den svakaste plattformen først, og så byggje på med bedre grafikk etc til dei sterkaste maskinane etterpå (med mindre du er CD Project Red, som valgte ein litt annan strategi nyleg...). Playstation 4 versjonen av GOW2 er nøydd til å køyre i 1080p 30FPS (ish). Originalspelet pusher allereie grensene for kva PS4 klarer, og då må ein rekne med at oppfølgaren liknar veldig i design.

    Fleire (som meg) hadde håpa på ein GOW-oppfølgar der PS5-hardware styrer utviklinga og ikkje PS4-hardware. Det er berre å verte kreativ om du skal kome på ting dei kunne gjort eksklusivt på PS5. Ser SSDen for eksempel er nemnt. Der kunne det kanskje vore ein boss fight med ein gud der han/ho bruker portaler eller bifrost eller whatever sånn at ein plutseleg blir kasta i ein heilt annan realm mid-fight. Det ser du for eksempel dei gjer med det nye Ratchet & Clank-spelet som kjem no snart. Det går ikkje an når du designer med ein harddisk i bakhodet.

    Mr. Pants skrev (8 timer siden):

    Med det sagt, så tror jeg ikke at det er noen her som mener at Sony bør/kan lage spill til PS4 i 2027.

    Absolutt ikkje. Det var berre eit eksempel for å vise korleis liknande spelformlar kan pushast til eit mykje høgare nivå på neste konsollgenerasjon med aukt ytelse og ressursar.

    Mr. Pants skrev (9 timer siden):

    Uansett var også TLOU2 begrenset av prioriteringer som Naughty Dog måtte gjøre for å få det til å kjøre på PS4. Det kjører f. eks bare i 30FPS på PS4.

    Definitivt! Sånn er det alltid med gigantiske AAA-spel med budsjett på titals millionar av dollar. Det er alltid prioriteringar og alltid kutt/kompromisser basert på ytelsen til hardware. Desse kutta/kompromissene er det naturlegvis fleire av når ein skal lage eit spel til forrige konsollgenerasjon istadenfor å eksklusivt fokusere på den nye meir kraftige maskinvaren.

    Det er gjerne ein del markedsføring ute og går når det kjem nye maskinar at "denne gongen har me så mykje ressursar at me nestan ikkje veit kva me skal gjere med alt eingong, denne nye konsollen er så ufatteleg kraftig", men det er berre tull.

    Gitt begrensningane du nemner det var sjølv på PS4-versjonen av TLOU2 er det altså ganske tydeleg at ein PS3-versjon av spelet hadde vore heilt urealistisk. Eg tør knapt tenke på korleis det hadde sett ut. Skulle dei på ein realistisk måte ha laga ein oppfølgar til to generasjonar med Playstation hadde det spelet sett heilt annleis ut.

    Mr. Pants skrev (9 timer siden):

    Vet ikke hva du tenker om dette, men jeg blir i hvert fall skuffet hvis majoriteten av Sony's spill kjører i 30FPS på PS5. 

    Ganske enig med deg her. Veldig mange spel (spesielt action-spel) vil eg heller spele i 60FPS. Skulle ønske dette blei standard på slike spel, men det er nok ønsketenkning. Det handlar også om prioritering, som det meste under slike produksjonar.

    Kan også diverre hende at Sony vil lokke oss til å kjøpe ein ny PS5 Pro om nokon år om me vil prioritere framerate.

    • Innsiktsfullt 1
    • Hjerte 1
  3. Mr. Pants skrev (3 minutter siden):

    Nei. Det kommer an på hva slags spill utvikleren ønsker å lage. Det var ikke sånn at alle utviklere gikk over til å lage open world spill bare fordi det ble mulig å gjøre det på PS3/360 og særlig på PS4/XBO. En god del utviklere lager lineære spill enda. Det betyr likevel ikke at utviklere som lager lineære spill ikke kan utnytte maskinkraften på en god måte.

    Det er stor forskjell på å utnytte maskinkraft på ein god måte (som eg er overtyda om at dei kjem til å gjere så godt dei kan), og å lage eit spel der du ikkje går inn i eitt einaste kompromiss i visjonen din fordi du skal lage fleire versjonar av eit spel til forskjellige konsollgenerasjonar. Har du lyst å lage eit lineært spel så betyr ikkje det at det ikkje er ting du kan forbedre med ny maskinvare.

    Ta "The Last of Us" og "The Last of Us Part II" som eksempel. Begge er strukturmessig relativt like spel som er lineære og i hovudsak følgjer same formelen. Likevel ville det vore umogleg å lansere ein versjon av "The Last of Us 2" til PS3 med same innhald. Korleis kan det ha seg? Verda er mykje større enn minnet og prosessoren til PS3 kunne takla. Hovudkarakteren har aukt bevegelegheit og fleire animasjonar som ikkje ville fått plass i minnet på PS3. Fiendane er meir kompliserte, intelligente, meir varierte og i større antal enn ein ville hatt overskot til på PS3. Osv osv osv.

    Du kan ikkje overtyde meg om at det ikkje er ein einaste ting Santa Monica ville gjort annleis dersom dei slapp å forholde seg til ein PS4-versjon. Dette gjeld spesielt i spektakulære action-spel som GOW der actionsekvensane alltid har vore grafisk og mekanisk grensesprengane heilt sidan PS2-dagane. Det er alltids ein gud eller ein drage som kunne vore meir komplisert enn ein kan lage ein PS4-versjon av, og det er i alle fall eg sikker på at utviklarane innerst inne kriblar etter å lage. Det du i praksis seier er at visjonen til Santa Monica er å lage eit spel der grensene settes nøyaktig der krafta til launch PS4 tar slutt. Det er kanskje litt meir sannsynleg at dei gjer dette for å tilgjengeleggjere spelet til eit mykje større publikum.

    • Liker 2
  4. Mr. Pants skrev (1 time siden):

    Folk må legge fra seg tanken om at alle spill MÅ være eksklusive til de nye konsollene for at de skal kunne nå sitt fulle potensiale.

    Ikke glem at PS4 og PS5's arkitektur er mye likere enn det PS3 og PS4's var. Konsollspill kan skaleres lettere i dag enn for 10-15 år siden. Det er også fullt mulig at GG, SSM og PD's visjoner for Horizon, GoW og GT er slik at det lar seg gjøre å utvikle spillene til PS4 også.

    Spillene kommer sannsynligvis til å bli vesentlig bedre på PS5 uansett.

    Det seier seg sjølv at spelet ikkje vil nå sitt fulle potensiale når utviklarane er nøydd til å tilpasse omfanget av spelet til maskinvare som vart lansert i 2013 med ein brøkdel av kraften til PS5. Klart grafikken og biletefrekvensen blir mykje betre på PS5, men når mekanikkane og verda skal fungere og sjå "bra" ut på launch PS4 også så setter det klare grenser for kva du kan gjere med PS5-versjonen.

    • Liker 2
  5. Gringorilla skrev (33 minutter siden):

    Ehm, hadde spillet "edge" på PS2-tida?

    Ja. Har du spelt det første spelet? Spelet hadde eit edgy (i alle fall samanlikna med seinare spel) bodskap om dei negative sidane ved kommersialisme der skurken i spelet med viten og vilje massemorder heile planeter for å maksimere profitten sin. Alle dei tidlege spela hadde ein meir edgy historie enn serien har hatt sidan future-spela starta. 

    Ratchet var originalt ein egosentrisk karakter som brydde seg mykje meir om seg og sitt enn om å redde nokon som helst. Han og Clank sto i klar konflikt til kvarandre fram til heilt i slutten av originalspelet. I nyare tid har personligheten til Ratchet og Clank blitt likare og likare, og det toppa seg i remaken frå 2016 der Ratchet ironisk nok har blitt den naive nerdete karakteren som han håner Clank for å vere i originalen frå 2002.

    Humoren i serien har også endra seg betrakteleg. Du ville for eksempel aldri sett ein openbar parodi på ein ekte kjendis (som Britney Spears) i dagens Ratchet & Clank serie. Og i alle fall ikkje i ein musikkvideo som handlar om å drepe alle skapninger i universet. I det andre spelet vart hentyda til at du solgte ein form for krystall-dop til ein rusbrukar for å tene pengar. Du kjøpte ulovlege våpen på den svarte marknaden i fleire spel. osv osv. 

    Istadenfor slik humor har både gode og onde karakterar fått kjeften full av puns og vitsar som er tørrare enn jorda på Mars.

    Ikkje for å seie at det automatisk betyr at dei spela nye er dårlege. Eg er heilt enig i at A Crack in Time er eit veldig bra spel (det beste utanom PS2-spela i mi bok), men det er eit stort steg vekk frå tonen til originalane, og er tydeleg retta mot yngre born enn tidlegare. 

    • Liker 2
  6. Joelsp3anuts skrev (55 minutter siden):

    Stort gjesp fra meg. Hva skjedde, Ratchet & Clank? Dere pleide å ha litt edge!

    Store born vil heller ha Fortnite og COD. Då må dei heller appelere til dei yngre. Alt utanom manuset er i alle fall framleis bra. 

    Sitat

     

    Dette nye skal være mer av en oppfølger til de gamle spillene.

    Tja, hvis du vil seie Into the Nexus er eit av dei gamle spela. Serien har vel ikkje hatt noko særleg edge sidan PS2-tida, så på den måten er nok dette ganske likt som remaken. 

  7. G skrev (4 timer siden):

    Hvor mye verdt er det å satse på Playstation 5 kontrollere?

    Jeg har sett "ta i fra hverandre" video på PS4 og PS5 kontrollere. PS4 er mye enklere oppbygget. Ser enklere ut å reparere. PS5 ser rett og slett fryktelig skjør ut på innsiden syntes jeg. Regner med at valgene blir gjort med hensikt for ihvertfall delvis forkortet levetid.

    Har sjølv tatt Dualsense-kontrolleren frå kvarandre fleire gonger allereie (pga lakkering), og kan i alle fall forsikre om at det ikkje er spesielt avansert. Hvis det er tilgong til å byte batteriet du er mest oppteken av så er dette noko så godt som alle som kan å holde eit stjernejern for eigen maskin bør klare å få til ganske greit. Det er berre å poppe eit par cover og clips av, og skru ut nokre stjerneskruar så har du tilgong til batteriet. Litt meir pes er det hvis du skal reparere eller byte ut diverse andre komponenter, men ingen rocket science det heller om du er motivert til å spare nokon kroner. Deler ikkje inntrykket ditt om at kontrolleren er "skjør", men er som du seier eit par hakk meir avansert enn Dualshock 4-kontrolleren. Kor skjøre sjølve komponentane er i lengden er det vel ingen som kan sjå i spåkula per dags dato. Men skulle trudd forbrukarrådet var til nokon hjelp om du har problemer i næraste framtid. 

  8. nocure skrev (13 minutter siden):

    Det sto klart å tydelig under "bestill" knappen at det var levering i Mai. At kundene velger å ignorere det er jo ikke NoN sin feil.

    Det gjorde det sikkert, men når det går minuttar frå konsollane blir lagt ut til dei er utselde så trur eg det er mange som ikkje les særleg nøye før i etterkant. Mase på kundesenteret om kortere levering er openbart ikkje nødvendig, men må vere lov å orientere seg litt hjå kundeservice. Det er jo tross alt dårleg med informasjon om levering (altså ingen informasjon anna enn 2021) både i ordrebekreftelse og på min side.  Som er nemnt her, det får dei tross alt betalt for. Når tråden her har "fortvilelse" i namnet så må det vere littegrann takhøgde for syting og klaging ;)

    Eg bestilte for øvrig ikkje på NoN, så kanskje du snakkar om eit anna slipp.

    Er heilt einig med dei som påpeiker at me ikkje burde nemne kundebehandlerar med namn.

    • Liker 1
    • Hjerte 2
  9. nocure skrev (1 minutt siden):

    Men når du bestilte, så sto det levering i Mai. Så hvorfor forventer du levering med en gang? 

    Hvorfor ligger alle å maser så sinnsykt på kundesenteret? De styrer verken leveransene eller utsendingen til kundene.

    Det var ikkje heilt lett å få med seg nøyaktig kva som stod når eg var inne og bestilte i alle fall, då eg var mest oppteken av å i det heile tatt få plass i køen der så kjapt som mogleg. Det står heller ikkje nokon informasjon på bestillings-sida til CDON om mai som leveringsmånad (kun året 2021).

  10. LAFEGR skrev (1 minutt siden):

    heheh...tenkte vel mer på at men har mulighet til å vinne. Mener jeg har lest at om du har vunnet tidligere så blir du ikke trukket ut. Men usikker på om det da gjelder begge.

    Er ikkje sikkert, men det er vel Elkjøp som har lagt mest sjel i PS5-salet sitt sånn sett, så det er vel dei du bør vere mest "på vakt" for om merker at du kjøper fleire over tid. Ville i alle fall ikkje bestilt med akkurat same bruker. 

    • Liker 1
  11. The Mad God skrev (14 minutter siden):

    En ganske kjip dag for meg. la ut en annonse på finn med et ønske om å kjøpe en PS5 til nærmere salgspris. Ble da kontaktet av en fra Stavanger, hvor "selger" la ved bankkort, (tydelig id).  Ønsket forhåndsbetaling, noe jeg godtok da det også er en risiko for selger å sende PS5. Men som du sikkert gjettet, den ble aldri sendt. Har telefonnummer, fødselsnummer, og egentlig all informasjon på bankkort bortsett fra pin på selger. Varsel har også blitt sent om politianmeldelse, men svarer selvfølgelig ikke. Kommer selvfølgelig til å gjennomføre anmeldelsen da vi snakker om et tap på litt over 6000kr. Kommer trolig ikke til å se disse pengene igjen.

    Så en liten lærepenge i dette. Ved kjøp over nett. Aldri betal for varen før du får den, eventuelt betal igjennom FINN sikkerhet o.l. Da man kan holde tilbake penger til varen faktisk kommer.

    Har Finn ei slik sikkerhetsordning for betaling på torget lengre? Meinar dei har slutta med det (i alle fall midlertidig). Hadde vore kjekt å ha til slike situasjonar. Håpar du ser pengane dine igjen. 

    • Hjerte 1
  12. Cazpinator skrev (3 timer siden):

    Har forhåndsbestilt  fra komplett, jeg bestilte før sommeren ifjor og venter ennå spent på svar, noen andre som er i samme båt? Vurdere om jeg skal prøve å bestille den fra en annen plass.

    Eg bestilte 1. juni og har same dato som fleire andre meldar her: 3 mai. Eg kontakta kundeservice og spurte direkte om dette er ein placeholder-dato, eller om dei faktisk ventar seg eit parti den datoen, og då sa dei at dei faktisk venta at dei fekk min PS5 inn den datoen. 

    Men det tar eg med ei god klype salt.

    • Liker 1
  13. kjetilkl skrev (1 time siden):

    Altså. - Det er vel ingen under 30 år som kjøper disk-versjonen?

    Med tanke på karbonavtrykket produksjon og distribusjon av disse platene skaper, så er jo antagelig miljøpåvirkningen betydelig.

     

     

     

    ;)

    Dette er helt sant, men det eneste alternativet er dessverre å gi Playstation Store monopol. Det er fortsatt ofte en god del billigere å kjøpe fysiske spill, spesielt i tiden de første månedene etter launch. Så får vi heller donere mellomlegget til miljøorganisasjoner, heh. 

  14. radiohodet skrev (45 minutter siden):

    Får ikke mye konsoll heller. 😂Og det er vel derfor ingen bruker 5-6000 kroner på en PC, fordi det lønner seg i lengden å betale litt mer, slik at man kan droppe en 2-3 konsollgenerasjoner fordi de henger så ufattelig langt bak PC.

    Prisen på 3060 virker forøvrig helt tullete i forhold til 3080.

    Du skal bruke ein grei del meir enn "litt mer" penger for å kjøpe ein PC som konkurrerer med dei nyaste konsollane fleire generasjonar seinare. PS3 kom for eksempel ut i 2006. Hvis du framleis har ein PC frå den tida som held koken i 4K så er du god på å konfigurere. 

    • Liker 3
  15. Milarwen skrev (27 minutter siden):

    spill som Minecraft og selskaper som Bethesda med ES og Fallout har hatt stor succes, ikke pga spillet i seg selv, men hva man kan gjøre med dem i form av modding. Jeg tviler på at Skyrim hadde hatt så mange ports, hadde det ikke vært for modding-sammfundet.

    Eg også likar mods, men det må vel trygt gå an å seie at Fallout og Elder Scrolls er gode nok "i seg selv" til å ha stor suksess utan mods. Heile konsollmarknaden har jo (meir eller mindre) klart seg utan mods til desse spela, og dei har ikkje akkurat solgt dårleg av den grunn. 

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...