Gå til innhold

thomasreite

Medlemmer
  • Innlegg

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av thomasreite

  1. Hei!

    Var på B&H i går og ba om å få anbefalt eit stativ som er bra, lett, ikkje for dyrt, og som kan passe til litt makrofotografering (har nettopp kjøpt meg makrolinse). Kjøpte meg Manfrotto 190CX Pro3 til USD 300 og Bogen 485 ball head til USD 70. Altså NOK 2600.

     

    Men eg er litt i tvil om det er verd det; går det an å få det samme stativet i Norge for omtrent den samme prisen? Og finst det ikkje billegare stativ som ein kan bruke til makro?

     

    Vurderer om eg skal gå og levere det tilbake, men er veldig i tvil... Nokon som har erfaring med dette stativet?

  2. Du betaler for ytelse, men i tillegg får du ein lett, pen og faktisk bærbar maskin i staden for ein tjukk, stor og grå klump med eit operativsystem som har gått ut på dato. Du får ein super programvarepakke med på kjøpet, og alt fungerer. Det er mi oppfatning som fersk mac-brukar, etter å ha hatt PC i mange lange år...

     

    Poenget er at du burde prøve ut både mac og pc i løpet av livet før du gjer deg opp ei endeleg meining, og dette høyrest jo ut som ein god sjanse. Du får jo iBook for ca. 8.000 med studentrabatt.

  3. Eg har sjølv vurdert å kjøpe Coolpix 8400, på grunn av vidvinkelen (24 mm er veldig bra) og den vridbare LCD-skjermen. dSLR blir for stort for meg, eg har lyst til å ha eit kamera som eg faktisk vil komme til å ta med rundt omkring. Dersom du treng zoom, kan du vel kjøpe eit ekstra objektiv til Coolpix 8400, sidan du har vidvinkelen innebygd.

     

    Eg synest akam er ekstremt treige til å komme med testar på desse to kameraene.

  4. Var det nokon som sa "dårlig vidvinkel?" Er det ikkje 24 mm? Vil gjerne ha tips dersom det finst andre kamera med såpass bra vidvinkel...

    Har tenkt på å kjøpe Canon S60 pga. vidvinkelen, men 24mm er endå meir fristande.

     

    Finst det prognose på når i oktober vi kan rekne med å få 8400 i butikkane? Eller sånn ca. kor mykje det vil komme til koste, i alle fall sånn etterkvart..? Blir slike kamera lansert først i Europa eller først i USA?

  5. Hei!

     

    Eg er også interessert i vidvinkel, kvalitet og rimelig pris, så eg følgjer med på denne tråden med interesse. Så langt er det vel Nikon Coolpix 5400 som er mest aktuelt, den vridbare skjermen er svært interessant, det går an å ta bilde i folkemengdar utan å vere sjenerande, sjølvportrett osv.

     

    Dersom det er andre kamera der ute som er billigare, kanskje også mindre enn Nikon 5400, så er eg interessert i å vite om det. Vidvinkel under 30 er å foretrekke.

  6. Hei!

     

    Har tenkt meg å kjøpe iBook i New York via ei venninne som skal dit. Ser at denne tråden er litt gammal, så eg lurer på om ting har endra seg eller om følgjande ting fortsatt stemmer:

     

    1. at det lønner seg

    2. at garantien er worldwide (har lest at ein må betale ekstra for internasjonal garanti)

    3. at det er tollfritt å ta med bærbare pc'ar inn i Norge

    4. at ein iBook kjøpt i USA er kompatibel med 220V strømnett.

    5. at ein må betale over 8% ekstra på alle varer i New York

     

     

    - T

  7. Hei!

     

    Mitt råd er: kjøp Mac. Eg var i samme dilemma i fjor, og landa på Mac. Grunnen? Jo, alle eg snakka med som hadde Mac, var veldig, veldig fornøgde.

     

    Når eg snakka med PC-folk, sa dei som regel at PC fungerer greitt, og at Mac sikkert er OK, men det er så dyrt, osv.

     

    I dette forumet kan du få inntrykk av at PC og MAC er eitt fett, at det er omtrent like bra, at det kun er smak og behag, osv.

     

    Ta i betraktning to ting her: Så godt som alle Mac-brukarar (inkl. meg sjølv) har brukt PC og er i jevnleg kontakt med Windows-plattformen. Det samme gjeld ikkje for PC-brukarane. Dei kan PC godt, har alltid brukt PC, men kor mange av dei har verkeleg brukt MAC, til OS X, osv.?

     

    Altså: Alle MAC-folk eg har snakka med er fornøgde. Alle MAC-folk eg har snakka med har brukt PC.

    PC-folk derimot er ikkje alltid fornøgde, og svært få av dei eg har snakka med har brukt MAC.

     

    Herved anbefaler eg MAC. På det sterkaste. Og pris? Etter mi meining er ikkje MAC dyrare enn PC, med tanke på det du får.

×
×
  • Opprett ny...