Gå til innhold

lkammrn

Medlemmer
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av lkammrn

  1. Håpe nåken er aktiv her enda , for eg har hatt stor hjelp og glede av å lese dinna tråden her. Dei dagane eg har vore lengst nede har eg lest igjennom tråden fleire gongar å blitt i mykje bedre humør.

    Mi historie er :

    Serie åpning på damelaget(fotball). Eg hadde trent meir enn nåken gong, hadde deltatt i fleire skirenn for å komme i best mulig form og jogga ekstremt mykje før serie åpning. Følte rett og slett at eg var i mitt livs form.

    Men vi hadde fått nye trenara rett før seriestart , som ikkje visst kva eg var god for. Så eg blei faktisk benka HEILE første omgang. Å måla rant inn til motstanderen. Eg satt på benken og dirra fordi eg ville spele.Eg fekk beskjed om at eg skulle starte frå andre omgang. Stillinga var 4-0 til pause så målet mitt var at dei ikkje skulle få score mens eg var på bana. Eg sprang og sprang, og deg ente med at vi fekk 4-1 og så fekk vi 4-2. No var det 20 min igjen av kampen og vi hadde endelig føringa av kampen. MEN så skjer det selvfølgelig. Eg tek ballen frå ein motstander , ho kjøre kneet inn i kneet mitt samtidig som eg går motsatt vei med ballen. Eg hører med en gong at nåke revna i foten. Klarer umiddelbart ikkje å gå på foten. Etter et legebesøk kan ho fortelle meg at her er ingen skade og at eg skal komme tilbake om 6 veke på kontroll. Men eg er totalt uenig med lege siden eg kjenne at nåke er slete i kneet. Heldigvis tek bedriftlegen meg seriøst og sende meg til mr etter to veke. Total ruptur er svaret eg får.

    Eg har ein umiddelbar følelse av at eg har kasta vekk det siste året av livet mitt siden eg har trena mange mange timer som eg ikkje får brukt til nåke no lenger.

    No er det heldigvis 7 veke sida skadet og humøret er bedre , men fortsatt mykje smerte. Håper den lange bibel fortelling mi ikkje trøtta nåken, og håper at tråden kan bli aktiv igjen! Eg treng fleire historie å lese på dei dårlige dagane:-D Til opplysning så tapte vi kampen 4-2 , men den fattige trøsta er at trenaren kom bort til meg etter kampen å sa eg snudde kampen. ;-)

×
×
  • Opprett ny...