Gå til innhold

Livar Bergheim

Medlemmer
  • Innlegg

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Livar Bergheim

  1. At data vert innelåst i fagsystem er eit stort problem. Det hindrar integrasjonar og tenesteutvikling som forfattaren skriv.

     

    Utfordringa er kanskje i ein del tilfelle at system ikkje kjem med API for å hente ut informasjon som standard. Då må verksemda som skaffar systemet betale ekstra for denne funksjonaliteten, enten i form av tilleggsmodular eller dyr skreddarsaum.

     

    Er det offentlege verksemder som legg slike grensesnitt inn som krav når dei gjennomfører anskaffelsar?

     

    Elles er dette ei føring i Digitaliseringsrundskrivet:

    «Virksomheter som etablerer nye eller oppgraderer eksisterende fagsystemer eller digitale tjenester, skal legge til rette for at data fra disse tjenestene kan gjøres tilgjengelige i maskinlesbare formater.»

    frå punkt 1.3: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/digitaliseringsrundskrivet/id2569983/

     

    Tanken med føringa, slik eg har forstått det, er at ein etter kvart som ein oppgraderer/etablerer system skal ende opp med system som gjer integrasjonar lettare, og at ein undervegs deler data både opent og lukka - avhengig av kva data det er snakk om.

    • Liker 2
  2. Kanskje verdt å skilje mellom å nytte Google Maps som klient-bibliotek i nettlesaren og å nytte API'a frå Google Maps til å hente kart, stadar etc.

    Når det gjeld klientbibliotek, stussa eg på at LeafletJS ikkje er nemt: http://leafletjs.com/

     

    For mindre prosjekt, kan ein nytte kart-serveren frå Kartverket:

    https://www.kartverket.no/data/api-og-wms/

     

    For LeafletJS er det ein plugin som gjer det lett å bruke Kartverket sine kart som bakgrunnskart: https://github.com/knreise/L.TileLayer.Kartverket

    Fint for mindre prosjekt. Til større prosjekt treng ein gjerne å hente bakgrunnskart frå ei anna teneste.

    • Liker 5
  3.  

    Og rekkevidden er?

    LTE-U benytter ulisensiert spektrum på 5 GHz båndet, det samme som nyere WiFi standarder benytter seg av.

    Her er det fastsatt en maks senderstyrke i mW som er mye lavere enn hva man får for lisensierte bånd.

     

    Jeg vil tro LTE-U vil få omtrent samme rekkevidde som vanlig 802.11 AC (WiFi) med medhørende problemer med at dette båndet finnes det mye støy i.

    Trur det er snakk om lengre rekkevidde. Meinar at det er forskjellig tillatt utgangseffekt avhengig av om det er innandørs-sendar (e.g. WiFi) eller utandørs (e.g. LTU-U). 200 mW vs. 1000 mW. Andre som har meir greie på dette må gjerne korrigere meg her.

     

    https://lovdata.no/forskrift/2012-01-19-77/§11

×
×
  • Opprett ny...