Gå til innhold

Bjarte Hoff

Medlemmer
  • Innlegg

    5
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Bjarte Hoff

  1. Her er det referert til vernet sin I5-verdi, dvs. den straumen som garantera elektromekanisk (øyeblikkeleg) utkopling. Som nemnt, vil vernet også kopla ut ned ein lågare straum etter ei tid, men det er ikkje nødvendigvis i samsvar med forskriftene.

    Det eksistera forøvrig mange forslag til løysing på problemstillinga, bl.a. gjennom å tilføra ekstra kortslutningsstraum: https://hdl.handle.net/10037/12235

  2. Flott at ny teknologi kan redusera utsleppa.

     

    Men som det også står i teksten er ikkje dette ein el-båt, men ein plug-in hybrid. Derimot er GMV Zero som blir bygd ved Grovfjord Mekaniske Verksted ein rein elektrisk båt utan nokon form for eksosrøyr installert.

     

    https://kupa.no/klart-bygging-verdens-forste-el-rokterbat-oppdrettsnaeringen/

    https://www.imarest.org/themarineprofessional/item/2498-electrified-fishing-in-norway

  3. Brukerfeil?

     

    Edit: det er meget mulig at du er god på hybrider, men å rakke ned på folk som har andre erfaringer enn deg blir bare dumt.

     

    Det er ikkje til å komme utanom at kjøremønster, veiforhold og føraren er avgjerande for om hybrid-bil er ei gunstig løysing.

     

    Er ein litt hard på gasspedalen så startar bensinmotoren, uansett kva som er grunnen til det. Det kan sjølvsagt vera "brukarfeil" der ein kunne vert litt tolmodig og redusert akselerasjonen noko. Men det kan også vera at den veien ein kjører krevjer rask akselerasjon. Enten ved innkjøring på enkelte motorveiar eller fartsauke i bratt oppoverbakke. Skiltinga er også uginstig i mange tilfeller, der auka fartsgrense er satt der oppoverbakken startar, ikkje på den flate strekka i forkant.

    • Liker 1
  4. Det er også verdt å ta med at denne biltypen ikkje nødvendigvis er representativ for andre hybridbilar, også av større type.

     

    Ein Mitsubishi Outlander PHEV brukar etter mi erfaring ca. 0,54 l/mil (bensin) ved langkjøring på sommarføre etter at batteriet er brukt opp. Som nemnt over, ladar batteriet opp og ned etter kjøremønster og ligg på rundt 50% el-drift på langkjøring. Dette er ikkje eit avskrekkande stort forbruk for ein bil av den størrelsen.

     

    Sannsynligvis noko meir på vinterføre, men har ikkje gjort nøyaktige målingar. Optimistisk anslag er 0,6-0,8 l/mil avhengig av temperatur, dekk og føre.

     

    Plug-in hybrid er perfekt for mellomlang avstand som pendling til jobb, der den stort sett kan gå på batteri. Samtidig mulegheit for lengre turar ved behov, utan at forbruket nødvendigvis er større enn ein tilsvarande biltype til utan batteri.

     

    Den fungera derimot dårlig til småkjøring (5-10 minuttar) på vinteren, då bensinmotoren ofte er brukt til å få varme i bilen ved start. Det gir kortvarig svært stor forbruk etterfulgt av ein periode med lågt/null forbruk, så sant den ikkje blir kopla til ladestasjon og forvarma før bruk. Det må litt avstand til for at forbruket i snitt blir lågt.

    • Liker 3
  5. Eg vurderer sterkt å nytta solpanel på eit prosjekt med 19 leiligheter sidan bygget ligg med store flater rett mot syd. Det er ikkje kostnadseffektivt frå eit salsperspektiv sidan ein ikkje får utteljing for inntekter i prisen, men det er nesten for dumt å ikkje gjera det. Så dette var gode nyheter.

    Enova gir ikkje tilskot til solenergi, viss det ikkje er basert på vannboren varme. Dei høyrdest forresten ut til å vera heilt i svima, og eg har ikkje tid til å springa etter dei i vekesvis med gode argument. Førebels ser installasjonskostnaden på solpanel ut til å vera ca. kr 1000,- pr m2 pr. leil. m2, og det er aksepteabelt. Det er likevel fleire dilemma ute og går.

    Fordelinga av straumrekninga er og blir ein ego-sak. Dei fleste vil ha eigen straummålar i sitt sikringsskap, og energiverka er lite lystne på å gi ut minus målarar sidan det er abonnementet som er hovudinntekta - spesielt når straumen er så billig som no.

    Så i praksis endar vel prosjektet slik NVE ynskjer likevel?

     

    Kan borettsalget/sameiet stå som den offisielle kunden i tilknytning til nettselskapet, er det vel ingenting i veien for at borettsalget på eige iniativ installerar minusmålarar og internfakturera straumrekningen vidare. Det vil då vera borettslaget i felleskap som inngår avtale med ein kraftleverandør.

     

    Legg til litt lokal el-produksjon og kanskje eit batterilager, så begynnar å likna veldig på eit mikronett, som blant anna er bygd ut i den tyske landsbyen Feldheim. Det har ført til at dei berre betalar 2/3 av ordinær straumpris/nettleige.

    http://www.neue-energien-forum-feldheim.de/index.php/en/self-sufficient-village

×
×
  • Opprett ny...