Gå til innhold

huftis

Medlemmer
  • Innlegg

    35
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av huftis

  1. Hvilke var best i denne testen da?

     

    Det var fleire som kom på topp, blant anna to Kenwood-modellar. Det var ikkje heilt dei same modellane som var testa i Tek.no sin test, men éin av vinnarane var iallfall ein Kenwood Chef XL, som eg vil tippa ikkje er så veldig forskjellig frå Kenwood Chef XL-modellen som kom på andreplass Tek.no-testen. Men det er jo fordelar og ulemper med dei fleste maskinene. Kenwood-maskinene skårar for eksempel dårleg på «flytting og oppbevaring».

  2. Kan opplysa om at det danske forbrukerbladet Tænk, i samarbeid med fleire andre europeiske forbrukarblad i International Consumer’s Research & Testing (ICRT), nyleg hadde ein svært grundig test av kjøkenmaskiner. Testresultata er bak ein betalingsmur, men eg kan røpa at testvinnaren i Tek.no sin test, Ankarsrum 6230, kom ganske dårleg ut, på tredje siste plass (av 17 testa produkt). Det var mange maskiner som var både mykje betre og (til dels mykje) billigare.

    • Liker 1
  3. Viss eg har forstått ting rett, burde følgjande fungera:

     

    find FILES* -type f -print0 | xargs -0 readlink -m | sort > origfiler.txt
    find PLEX -type l -print0 | xargs -0 readlink -m | sort -u > plexlenkjer.txt
    comm -23 origfiler.txt plexlenkjer.txt
    
    Handterer òg filer/lenkjer med mellomrom og anna grums i seg.
    • Liker 1
  4. Å innstallere ting/programvare i Linux er den største mangelen i OS'et, men de har jo prøvd å innføre noe system for det også, men det er langt i fra alt som ligger i de systemene.

     

    Hva mener du egentlig? Jeg opplever det som helt omvendt.

     

    Eg òg! Å installera program på Linux er jo ekstremt kjapt og enkelt samanlikna med for eksempel på Windows (med fullt atterhald om at Windows har blitt betre på dette området – eg har ikkje brukt Windows private på mange år).

     

    Det er jo i dei fleste distroar berre ein enkel kommando for å installera eit program. Og føretrekker ein å gjera ting grafisk, har det jo komme lekre «app store»-liknande program for dette òg:

    6TZLD15.png

    • Liker 3
  5. I løpet av arbeidsdagen min hører jeg på diverse podcaster fra Jupiter Broadcasting og det virker som Linux miljøet i USA er stort. De har Linux Fest flere steder gjennom året, finnes det noe slikt i Norge?

     

    Tja, i Bergen finst det iallfall Bergen Linux User Group: https://www.blug.linux.no/

    Og nasjonalt finst Norwegian UNIX User Group (som dekker Linux), men har (ganske stiv) medlemsavgift: https://nuug.no/

    Og ein har kanskje eigne miljø ved universiteta rundt om i landet?

     

    Dei som arbeider med å omsetta Linux-program (og fri programvare generelt) er samla på e-postlista i18n-no (rundt 130 medlemmar p.t., men dei fleste lurkar): https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no

    (Nettsida til lista har dessverre sertifikatfeil, så ein får opp melding om at ho kanskje ikkje er til å stola på. Men ignorerer ein feilmeldinga, fungerer alt fint. Ein diskuterer for tida å flytta lista til ein annan plass for å bøta på sertifikatproblemet.)

     

    På IRC er det visst ein #linux.no-kanal på både EFnet og Freenode. Denne kjenner eg ikkje til (og visste ikkje fanst før no), men ser det er ein del folk der.

  6. I utgangspunktet burde jo openSUSE Tumbleweed passa perfekt for deg (eg er riktig nok litt partisk, som lykkeleg Tumbleweed-brukar sjølv). Du skriv «den lot seg ikke installere», men kan du vera meir spesifikk? Kor gjekk det gale? Fekk du nokon feilmeldingar? Det kan jo vera det berre er ein liten detalj som førte til problemet.

     

    hernil skreiv at «Som regel er rolling og stabil ikke spesielt kompatibelt.». Som regel ja, men ingen regel utan unntak. Og openSUSE Tumbleweed er faktisk eit unntak her, av grunnar som er forklart i denne videoen: 

     

    Ser forresten at du skriv «Helst rolling release så jeg slipper stadige systemoppgraderinger». Det jo motsett: Det er med «rolling» du får stadige systemoppgraderingar; du får nye versjonar av all programvare meir eller mindre kontinuerleg. Så ein må velja, enten vil ein ha eit heilt stabilt system, utan programoppdateringar. Då går får noko à la Debian Stable, som kjem ut med ei ny utgåve ein gong kvart jubelår eller så. Eller så vil ein ha «rolling», der ein heile tida får oppdateringar. (Eller så går ein for ein mellomting, eks. oppdatering kvart år eller halvår.)

    • Liker 1
  7.  

    huftis - tror du har missforstått, det er sånn at det IKKE er mer diskaktivitet når problemet inntreffer. Har testet med top kommandoen siste gang dette inntraff, og da lå Chromium med 2 prosesser som begge brukte oppmot 100% CPU. Skulle gjerne ha postet output fra terminal-vinduet men har ikke funnet ut hvordan jeg kopierer all tekst når top viser prosessene.

     

    Viss det ikkje er noko ekstra diskaktivtet/diskproblem (eg får anta du har sjekka med både iotop og dmesg) og problemet berre gjeld rein CPU-bruk (utan noko CPU-throttling, som sjekka med dmesg), er det nærliggande å anta eit problem med Chromium. Kva versjon har du? Viss ikkje nyaste, oppgrader til nyaste versjon. Sjekk òg kva delar av Chromium som brukar all CPU-en («Shift + Escape»). Prøv eventuelt å sletta Chromium-profilen og sjå om det hjelper. Og sjølvsagt deaktivera eventuelle Chromium-utvidingar du har installert.

     

    Du kan nok med fordel òg «oppgradera» til Firefox 57/Quantum, som kjem om nokre dagar. (Merk at dette er noko heilt anna, og mykje raskare, enn eksisterande Firefox-utgåver.)

     

    Når det gjeld kopiering av teksten frå top, er det vel like greitt å ta eit bilde. Men eg anbefaler uansett veldig å bruka htop framfor top. For det første er htop veldig mykje meir visuelt tiltalande (med fargar og slikt) og brukarvennleg. Og for det andre viser htop fleire detaljar. Mens top berre viser programnamnet (for eksempel chromium), viser htop heile prosess-adressa, med kommandolinjeargument.

     

    Du skriv at det òg gjeld andre program. Blender er for så vidt naturleg, då det er eit veldig CPU-krevande program. Men viss det gjeld mange andre program, må nesten feilen ligga ein annan plass. I nokre tilfelle kan faktisk skjemkortdrivarane forårsaka problemet. Uansett, pass på at du har oppdatert alle pakkane i distroen.

     

    Merk òg at du kan køyra program med ulike nice-nivå. Start programma med nice-kommandoen (eks. «nice chromium», standard er nice-nivå 10). Då skal dei i teorien iallfall ikkje blokkera andre program, slik at ting går i sirup.

     

    Elles: Køyrer du på batteri eller kopla til straum? I batterimodus slår gjerne ulike formar for strømsparemodus inn. Prøv å køyra kopla til straum. Prøv òg med batteriet utkopla, for å eliminera nok ei potensiell feilkjelde.

    • Liker 1
  8. Her kan du nok bruka kva som helst Linux-distro (eg likar openSUSE, mens andre likar Mint eller Ubuntu). Bruk for eksempel programmet Motion for berre å ta opp video/bilde når noko faktisk skjer. Sjå

     

    https://www.maketecheasier.com/setup-motion-detection-webcam-ubuntu/

    og

    https://www.linux.com/learn/how-operate-linux-spycams-motion

     

    for eit par eksempel på bruk. (Men eg ser dei sidene er nokre år gamle, så det kan ha komme forbetringar dei siste åra.)

  9. Er du sikker på at det er overoppheting som er problemet? Automatisk CPU-redusering vil typisk ikkje ha  stor effekt (og for eksempel Chromium med 4+ faner burde ikkje kreva særleg CPU, heller). Når ting verkeleg går i sirup, er det etter mi erfaring oftast relatert til diskbruk, enten direkte eller indirekte. Du skriv at du har sjekka swap (og symptoma er veldig i samsvar med swap-problem), men det kan også vera andre ting som forårsaker intens diskaktivitet.

     

    Eg ville testa følgjande: Samtidig som du køyrer Chromium, ha oppe to terminalvindauge som køyrer htop og iotop.

     

    Når ting går som i sirup, sjekk i htop at det faktisk er Chromium som brukar 100 % CPU og sjekk kor mykje minne som faktisk blir brukt (og aukar CPU eller minnebruk akkurat før ting begynner å gå tregt?). Det kan vera noko så enkelt som ei Chromium-utviding (eller den innebygde Flash-støtta) som har ein feil.

     

    Gjer det same med iotop. Er det noko program som ligg på toppen og enten skriv eller les mykje til disken når ting går tregt (trykk eventuelt a for å få kumulative tal, dvs. tal som viser kva program som har skrive/lese mest til disken til saman i tidsperioden, og venstre- og høgrepiltastane for å endra kva kolonne det skal sorterast på (men standardkolonnen, IO, er eit OK utgangspunkt)).

     

    Eg har opplevd problem med enkeltprogram med unormal diskaktivtet (eks. programmet tracker, som hadde ein alvorleg feil som førte til kontinuerleg krasj, som førte til veldig diskaktivtet ved automatisk lagring av coredump-filer). Eg har òg opplevd ytingsproblem på grunn enorm filfragmentering som resultat av å køyra eit btrfs-filsystem med ~0 ledig diskplass ein kort periode. Viss du køyrer btrfs-filsystem, kan òg cache-en bli øydelagt. Det fører ikkje til lese- eller skrivefeil, men at ting går veldig mykje tregare.

     

    Derfor ville eg køyrt kommandoen dmesg (når som helst, men spesielt når ting har begynt å gå tregt). Sjå gjennom dei siste 10–20 linjene, spesielt om det står noko med «error» eller «warning» (vert typisk utheva med raud farge). Her vil for eksempel filsystemet melda frå om det er noko feil. Og viss CPU-en slår seg ned, vil det òg stå her (sjå etter «CPU throttling» e.l.).

    • Liker 1
  10. For dei som ikkje har noko imot teksteventyrspel, kan eg anbefala De Baron. Eg skal ikkje røpa noko om handlinga, men kan seia at ho er relatert til emnet i artikkelen. Og ei åtvaring: Dette er eit mørkt spel. Ikkje som i skummelt, men som i ubehageleg.

     

    Spelet finn de i både engelsk og nederlandsk (!) utgåve på http://mirror.ifarchive.org/if-archive/games/springthing/2006/baron.zip

    For å spela det treng ein ein «z-code interpreter». Her anbefalar eg Gargoyle, som finst for både Windows, Mac og Linux: https://code.google.com/p/garglk/downloads/list

    Eventuelt kan ein bruka ein app for nettbrett (for Android, søk etter «Text Fiction»).

     

    Ein bør fint klara spelet (det finst for øvrige ulike sluttar) sjølv om ein ikkje har spelt teksteventyr før sjølv. Skriv «help» som første kommando, så får ein ei innføring, pluss litt anna nyttig informasjon.

    • Liker 1
  11. Flight of the Amazon Queen har vore gratis (og lovleg) tilgjengeleg i åresvis via heimesida til ScummVM http://scummvm.org/downloads/. Her finn ein også det veldig gode scifi-eventyrspelet Beneath a Steel Sky og klassiske Lure of the Temptress, pluss eit par til. Har ikkje spelt sistnemnte så mykje, men iallfall Beneath a Steel Sky er kjempebra, og fekk svært gode kritikkar i si tid.

    Sjekk òg ut det sterkt forbetra lydsporet til Beneath a Steel Sky, http://scummvm.org/news/20111121/. Verkeleg anbefalt å bruka dette om ein vil spela spelet.

  12. Har lenge hatt lyst på eit mekanisk tastatur, men vil hovudsakleg bruka det til skriving, ikkje speling. Og må også ha medietastar (iallfall volumkontroll). Er dette det perfekte tastaturet for dette, eller finst det (eller kjem det i nær framtid) betre alternativ? Etter det eg forstår er Cherry MX Blue betre til skriving, så dette tataturet er kanskje ikkje ideelt?

  13. Asus Zenbook UX31A er vel det nærmeste du kommer.

     

    Ja, den maskina er fin (spesielt med matt skjerm), men kostar omtrent fire gongar så mykje som eg har lyst til å betala … :) Og skjermen er også eit par tommar større enn eg helst kunne tenkt meg.

     

    Det fine med mini-PC-ane var at dei var små og lette og billige, og dermed veleigna til sitt bruk. Reknar med å venta ein del år før eg kjøper ny maskin, til dei tinga eg vektlegg har blitt standard. Kan vel då òg spandera nokre tusenlappar ekstra for å få høg skjermoppløysing og låg vekt og lite støy.

  14. Synd. Eg har alltid digga mini-PC-en min (ein HP Mini 210-eitelleranna). Kjøpte den for ein del år sidan for 2500 kroner, som då var *ekstremt* billig for ein PC, og brukar han framleis dagleg.

     

    Rett nok var medfølgjande OS, Windows 7 Starter, berre tull; alt føltest som å vassa i sirup, og oppdateringane som stadig kom, tok timesvis å installera. Men ved å installera Linux fekk eg ei maskin som er både rask og brukarvenleg. Eg brukar for øvrig KDE med netbook-modusen der, som kjører alle program i fullskjermmodus (med ein Exposé-liknande funksjon for raskt å byta mellom dei).

     

    Brukar maskina mest til nettsurfing og e-post, sjå på nett-TV og til enkelte programmeringsgreier (mest R, men òg litt kompilering av program) og spel (mest teksteventyr, men eg likte VVVVVV). At maskina har to kjernar er absolutt ein fordel, då ein slepp problemet med at eitt program okkuperer alle resursar. Angåande prosessoren: Dette er ein to-kjernes Atom N450-prosessor, som faktisk ikkje er så verst. Han klarar for eksempel å visa 1920 × 1080-versjonen av Big Buck Bunny-filmen heilt utan hakking (sjølvsagt nedskalert til skjermoppløysinga, 1024 × 600). Men Flash (iallfall på Linux) er framleis for tregt, og eg har problem med hakking ved vising Flash-videoar i fullskjermmodus. Dette er synd, då maskina *eigentleg* er rask nok til dette (viss eg lastar ned videoane og køyrer dei i MPlayer, går alt fint).

     

    Ting eg likar: Maskina er ganske lett (rundt 1,4 kg, etter det eg kan lesa), tar liten plass (er enkel å ta med seg) og har eit heilt greitt tastatur. Ved normal bruk er det ingen støy (etter at eg fann «Fan always on»-valet i BIOS-en ? som standard var denne på, og maskina høyrdest ut som ein liten flyplass). Eg brukar konsekvent kvilemodus, så oppstartstid (som uansett er rimeleg kort med moderne Linux-distroar) er ikkje noko problem.

     

    Ting eg gjerne ville hatt annleis: Endå lettare maskin, mykje høgare skjermoppløysing (1920 × 1080) (men gjerne 10?11 tommar stor skjerm, helst med minimal ramme rundt, og betre innsynsvinkel), tastaturlys, litt kraftigare prosessor, kanskje SSD.

     

    Ein mini-PC er i utgangspunkt perfekt for meg, så det er synd at det vert slutt på produksjon av desse. Men samtidig såg det jo ut til at utviklinga gjekk rimeleg tregt. Er i utgangspunktet ikkje interessert i nettbrett, men kanskje ei hybridløysing (nettbrett + tastatur) ville vore OK.

     

     

  15. Men vurderer òg Intel 80 GB. 30 GB til systemdisk og 50 GB til heimemappe hørest ut som ein fin fordeling.

    Da legger du isåfall heller på 100 kr ekstra og går for Corsair F115, 35 GB ekstra plass og betydelig bedre skrivehastighet.

     

    Pussig det. Korfor er Intel så treg på skriving men så (relativt) høg på pris? Er det andre kvalitetsforskjellar, eller lever dei på merkenamnet?

  16. Prosessor: Intel Core™ i5 Quad Processor i5-2500K 3,3GHz

    Den raskate i5-en.

    Forskjellen mellom i5-2500 og i5-2500K er at sistnevnte kan overklokkes (samt at den har en litt bedre integrert grafikkløsning for dem som benytter seg av det). Med mindre du skal overklokke klarer du deg like fint med i5-2500, bare så det er nevnt.

     

    Godt poeng. Då går eg for 2500 og sparar (nesten) ein hundrelapp! :)

     

    Hovudkort: MSI P67A-C45 B3, Socket-1155 ATX

    Anar ikkje om det dyrare alternativet er betre, so eg satsar på den billigaste.

    http://www.komplett.no/k/kcp.aspx?sku=626996&sku=626992

    Den vesentligste forskjellen ser ut til å være at den dyreste støtter CF/SLI, noe du uansett ikke kommer til å benytte deg av.

     

    OK. Då går eg klart for billigaste alternativ.

     

    Skjermkort: Gainward GeForce GTS 450 1GB PhysX CUDA PCI-Express 2.0

    Har valet mellom tre GeForce GTS 450-kort. Dette er det billigaste. Nokon fordel med dei andre? (Er berre cirka 200 kroner i forskjell mellom billigaste og dyraste, so eg vil ha det som er best for meg …)

    Til din bruk ville jeg definitivt gått for det billigste kortet. Ideelt ville jeg som sagt gått for integrert grafikk, men det er ikke en mulighet med Komplett sin PC-bygger.

     

    Då blir det det billigaste.

     

    SSD-disk: Corsair SSD Force Series™ F60A, 60GB SATA2, 2,5"

    Den billigaste (og med minst kapasitet). Grunn til å velja ein annan?

    Er nok det greieste valget blant alternativene som er listet.

     

    Men vurderer òg Intel 80 GB. 30 GB til systemdisk og 50 GB til heimemappe hørest ut som ein fin fordeling.

     

    Tastatur: ?

    Usikker. Trur eg satsar på Logitech Media Keyboard 600 USB, som berre kostar 2,85 kroner meir enn ingen tastatur … Mulig eg ein gong seinare «oppgraderer» til eit skikkelig godt tastatur.

    Feil, det koster 2,85 kr mer enn standardvalget, som er et annet tastatur. Prisforskjellen mellom "600 USB" og "ingen tastatur" er 8208-8109= 99 kr.

     

    Oi! Eg var lurt av at det ikkje sto noko minustal på «Ikke valgt». Eg går muligens for same tastatur likevel. Det verkar rimelig OK ut frå omtalane (sjølv om eg ikkje likar at dei har endra på tasteplasseringane!).

     

    Mus: Ingen.

    Står at hovudkortet har «1 x tastatur - generell - 6-pin mini-DIN (PS/2-stil)». Kan eg bruka denne til å kopla til musa eg har?

    Jeg ville ikke gamblet på det, det står tross alt spesifisert "tastatur".

     

    Ja. Har no søkt litt, og andre plassar hovudkortet er omtalt er det nemnt som ein «Mouse/Keyboard port», so eg tar sjansen på at det går bra. Er uansett inga katastrofe om eg må kjøpa ny mus/styrekule (og eg har ei USB-mus eg alltids kan bruka).

     

    Høgtalar: Logitech OEM S-120 2.0 høyttaler Sort

    Kostar ingenting meir enn ingen høgtalar, og kan sikkert brukast til noko (eks. kopla til MP3-spelaren for bakgrunnsmusikk på kjøkkenet). Har ikkje planar om å bruka den til maskina.

    Også feil. Prisforskjellen på "S-120" og "ingen høyttalere" er 8208-8134 = 74 kr.

     

    Oi igjen. Ikkje den store summen, men når eg eigentlig ikkje treng det, kuttar eg det ut.

     

    Mange takk for tips. No begynner eg å bli rimelig sikker på val av maskin. Men ventar litt til før eg bestemmer meg heilt. :)

  17. Har sett litt rundt, og trur eg går for ein i5-prosessor. Tenker i utgangspunktet på ei «Komplett Home i50»-maskin med desse alternativa:

     

    Kabinett: Fractal Design Define R3 Black Pearl

    Skal visstnok vera OK når det gjeld støynivå. (Får vel ikkje ei heilt lydlaus maskin, men forhåpentligvis ei stillare maskin enn eg har no.)

     

    Strømforsyning: Cooler Master Silent Pro Gold 600W

    Er 384 kroner dyrare enn standardvalet Silver Power SP-SS620M 620W. Her er eg berre dum og tippar den dyrare er betre fordi den er dyrare og har «Silent» i namnet … Kan eg like godt ta Silver Power?

     

    Prosessor: Intel Core™ i5 Quad Processor i5-2500K 3,3GHz

    Den raskate i5-en.

     

    Hovudkort: MSI P67A-C45 B3, Socket-1155 ATX

    Anar ikkje om det dyrare alternativet er betre, so eg satsar på den billigaste.

     

    Minne: Kingston ValueR. DDR3 1333MHz 8GB, CL9 Kit w/2x ValueRAM 4GB DDR3

    8 GB må til. Har kunne eg valt to andre 8 GB-variantar som er dyrare. Anar ikkje kva som ev. er fordelen med dei …

     

    Skjermkort: Gainward GeForce GTS 450 1GB PhysX CUDA PCI-Express 2.0

    Har valet mellom tre GeForce GTS 450-kort. Dette er det billigaste. Nokon fordel med dei andre? (Er berre cirka 200 kroner i forskjell mellom billigaste og dyraste, so eg vil ha det som er best for meg …)

     

    Kortlesar: MagicView iMono CS-440 USB 2.0 multikortleser

    Greitt å ha.

     

    Harddisk: Western Digital Caviar® Green™ 1TB SATA 3Gb/second

    2 TB hadde jo òg vore fint, men er ganske sikker på at når eg har fylt opp 1 TB har prisen gått ned sopass (eller farten har gått opp, eller kanskje det til og med har komme SSD-diskar med høg kapasitet) at eg heller oppgraderer då.

     

    SSD-disk: Corsair SSD Force Series™ F60A, 60GB SATA2, 2,5"

    Den billigaste (og med minst kapasitet). Grunn til å velja ein annan?

     

    DVD: Sony Optiarc DVD±RW Burner, AD-7260S SATA2

    Greitt å ha.

     

    Tastatur: ?

    Usikker. Trur eg satsar på Logitech Media Keyboard 600 USB, som berre kostar 2,85 kroner meir enn ingen tastatur … Mulig eg ein gong seinare «oppgraderer» til eit skikkelig godt tastatur.

     

    Mus: Ingen.

    Står at hovudkortet har «1 x tastatur - generell - 6-pin mini-DIN (PS/2-stil)». Kan eg bruka denne til å kopla til musa eg har?

     

    Høgtalar: Logitech OEM S-120 2.0 høyttaler Sort

    Kostar ingenting meir enn ingen høgtalar, og kan sikkert brukast til noko (eks. kopla til MP3-spelaren for bakgrunnsmusikk på kjøkkenet). Har ikkje planar om å bruka den til maskina.

     

    OS: Ingen.

    :D

     

    Totalt kjem det på litt over 8000 kroner, so vidt eg kan sjå. Kommentarar/forslag?

  18. Noe ekstra godt å skrive på? Det betyr mekanisk tastatur. De er helt utrolig gode å skrive på. Det er bare et lite problem, det er ikke så altfor mange mekaniske keyboard som har MANGE mediataster. Og desverre er det ikke så mange å velge mellom på det norske markedet heller.

     

    Selv bruker jeg Razer Black Widow (http://www.komplett.no/k/ki.aspx?sku=618028), som er mekanisk og bruker Cherry MX Blue tastene, som regnes som de beste å skrive på, den har også 5 fine macro knapper på siden av tastaturet du kan bruke til akkurat det du vil. Dette tastaturet er så utrolig bra å skrive på, skal ikke se bortifra at du umulig kan få bedre taster å skrive på! ;)

    Hørest interessant ut. Korleis er forresten støynivået på tastane? (Ikkje at det er veldig viktig for meg, trur eg.)

  19. Tusen takk for tips. Kommentarar nedanfor:

     

    Det eg tenker meg er ei relativt kraftig maskin, som eg ikkje treng oppgradera på ei stund. Eg vil bruka maskina ein del til programkompilering og andre ting som krev ein del maskinkraft, so ein moderne og kraftig CPU med minst fire kjernar trur eg er tingen. Men eit absolutt krav er at maskina skal vera stille (heilt lydlaust hadde vore fint …). Lar dette seg kombinera?

    En i7-2600(K) er vel top notch innen det folk flest vil anse for akseptabel prisklasse for personlige desktopmaskiner. Imidlertid er det slett ikke sikkert behovet for prosessorkraft er så stort at det er vits i å slenge masse ekstra penger i prosessorpotten. En rimeligere i5-modell vil nok også gjøre susen - programkompilering er sjelden voldsomt krevende, og det å doble prosessorbudsjettet vil trolig ikke bedre kompileringstidene fryktelig mye.

     

    Eg kjører òg ein del andre program som har godt av ein kraftig CPU, men er usikker på om eg treng ein i7, eller om ein i5 er godt nok. Uansett vert det jo ei ekstrem forbetring frå (den åtte år gamle) maskina eg har no … Og eg kan jo alltids oppgradera om nokre år. (Eller det arkitekturendringar som gjer dette vanskelig utan å byta ut heile hovudkortet?)

     

    Korleis er for øvrig i7 mot i5 når det gjeld varmeutvikling (som igjen medfører større vifter, som igjen medfører meir støy)?

     

    Hvilken distro satser du på å bruke? De fleste linuxdistroene jeg kjenner til tar (betydelig) mindre plass enn Windows på en clean install. Mulig du klarer deg med rundt 60-80 GB på OS-disk, selv om du skal ha mange/relativt store programmer i tillegg til OS?

     

    Å, ja! Uansett kor mange program eg installerer, treng eg nok ikkje meir enn 20 GB. (Eg klarar meg so vidt det er med omtrent halvparten for tida).

     

    Jeg ville satset på en 1-2TB-disk til å begynne med, så kan du legge til flere/større disker senere dersom denne fylles raskt opp.

     

    Ja, det hørest fornuftig ut.

     

    Minne er billig i dag, 4-8 GB er hva de fleste gjerne går for. Pass på at du får 64-bit-versjon av distroen du velger, så du får utnyttet alt minnet.

     

    Jepps. Det vert openSUSE 64 bits.

     

    Det eg ikkje treng er skjerm eller mus. Eller, kanskje eg må ha ny mus likevel, då nyare maskiner ikkje lenger har PS/2-port? Synd, då mi Logitech TrackMan Marble+ kjøpt i 1999(!) fungerer like bra i dag som då … Og nytt og godt tastatur trur eg eg vil ha uansett. Anbefalingar? Det skal brukast til å skriva med, ikkje spela med.

    Fordelen med typiske spilltastatur er at de ofte er bakgrunnsbelyste. Selv om du sikkert touch-typer godt nok, er det greit å kunne se bokstavene på tastaturet også i dårlig/ingen rombelysning. Microsoft har et Sidewinder-tastatur, som egentlig er et spilltastatur, til en relativt billig penge. Her har du bakgrunnsbelyste taster, diverse medietaster samt volumkontroll. Kjekke ting å ha på tastaturet, selv om du ikke nødvendigvis skal spille. Du bør dog sjekke driverstøtte for dette i linux før du evt. kjøper noe slikt.

     

    Reknar ikkje med drivarstøtte er noko problem. Klarar meg utan bakgrunnslys på tastaturet, då eg vanligvis har anna lys på (men på bærbare maskiner er dette veldig nyttig, har eg erfart). Det med medietastar var eit godt poeng. Eg vil ha mange medietastar, som eg eventuelt kan bruka til andre ting enn dei er meint til. :) Og forresten, eg vil ikkje ha eit tastatur med F-lock-tast … :mad:

     

    Er framleis Sidewinder-tastaturet det eg bør gå for? Kan godt betala ekstra for eit tastatur som er ekstra godt å skriva på.

     

     

    Eit kraftig skjermkort er ikkje viktig. Eg er fornøgd so lenge eg kan spela SuperTuxKart. Men eg trur det bør vera eit NVIDIA-kort, då eg har inntrykk desse fungerer best på Linux.

    Om du går for sandy bridge-prosessor, har disse integrert skjermkort som kan brukes sammen med et hovedkort med H67-chipset. Da slipper du å kjøpe skjermkort i tillegg, og løsningen er strengt tatt ganske kraftig til integrert grafikk å være.

     

    Sikkert godt nok for meg, i teorien, men eg er skeptisk til Linux-støtta. Intel-korta har dessverre ikkje vore godt nok støtta på Linux, spesielt på 64-bits OS, og eg tvilar på det står spesielt betre til med nyare kort.

     

    F.eks. Komplett tilbyr konfigurerbare, ferdigbygde maskiner som kan leveres uten OS. Å montere en maskin er ikke spesielt vanskelig, og for en relativt erfaren bygger er det toppen en times arbeid. Imidlertid får du garanti/reklamasjonsrett om du kjøper maskinen i ett stykke, noe som også er et svært godt argument for å kjøpe hel maskin.

     

    Ja. Og når eg ikkje er spesielt erfaren, eller veit kva komponentar som passar saman, kjennest det mykje tryggare ut få ei ferdigmontert maskin … :)

  20. Er på jakt etter ei ny maskin. Sidan eg sist kjøpte maskin for åtte år sidan, har eg ikkje oversikt over kva som finst / er bra, og håpar nokon her kan hjelpa meg.

     

    Det eg tenker meg er ei relativt kraftig maskin, som eg ikkje treng oppgradera på ei stund. Eg vil bruka maskina ein del til programkompilering og andre ting som krev ein del maskinkraft, so ein moderne og kraftig CPU med minst fire kjernar trur eg er tingen. Men eit absolutt krav er at maskina skal vera stille (heilt lydlaust hadde vore fint …). Lar dette seg kombinera?

     

    Mykje diskplass (og minne?) er bra, og eg kan gjerne tenka meg ein SSD-disk for bruk som systemdisk (i tillegg til ein vanlig harddisk). SSD-disken treng vel ikkje vera spesielt stor, men god.

     

    Det eg ikkje treng er skjerm eller mus. Eller, kanskje eg må ha ny mus likevel, då nyare maskiner ikkje lenger har PS/2-port? Synd, då mi Logitech TrackMan Marble+ kjøpt i 1999(!) fungerer like bra i dag som då … Og nytt og godt tastatur trur eg eg vil ha uansett. Anbefalingar? Det skal brukast til å skriva med, ikkje spela med.

     

    Eit kraftig skjermkort er ikkje viktig. Eg er fornøgd so lenge eg kan spela SuperTuxKart. Men eg trur det bør vera eit NVIDIA-kort, då eg har inntrykk desse fungerer best på Linux.

     

    Og apropos Linux, eg vil altso ikkje ha Windows med maskina. Eg har betalt Microsoft-skatt meir enn nok gongar!

     

    Og eg er ikkje so maskinvareteknisk interessert at eg vil bruka tida mi på å montera maskina, so det må vera ein nettbutikk som enten har ferdige maskiner som tilfredsstiller krava (tvilsamt, spesielt sidan eg absolutt ikkje vil ha Windows), eller som lar meg skreddersy ei maskin som eg slepp å montera sjølv.

     

    Er det nokon som har tips om kva maskin (og nettbutikk) eg bør satsa på? Prisen er ikkje veldig viktig, og eg betalar gjerne litt ekstra for for eksempel å få ei ekstra stille eller kraftig maskin, men eg vil sjølvsagt helst ikkje betala for ting eg ikkje har noka glede av, som altfor kraftig skjermkort.

     

    Set òg pris på tips om andre ting eg burde vera klar over ved kjøpet. Er det noko ny maskinvare eg bør ha som ikkje er standard på maskiner? Eller kan eg for eksempel få ei mykje betre/billigare maskin om eg ventar nokre månader?

×
×
  • Opprett ny...