Gå til innhold

brukernamn

Medlemmer
  • Innlegg

    750
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av brukernamn

  1. Eg kjøpte nylig ein s462 3200+. Eg gjorde dette for å oppgradere foreldrene mine sin pc som hadde ein gammal palomino og 2x256 pc2100.

    Eg kjøpte 2x512 pc3200 og tenkte at det ville vere moro å prøve ein 3200+ i og med at den har 200mhz bus.

     

    Til min store skuffelse kjøpte eg ein brukt med 333 mhz (gadd ikkje å spørje ein gong, då eg trudde det ikkje fanst 3200+ med 333mhz). Denne har låst multiplier (på 14x), noko eg trur vil gjere det umogeleg å klokke denne opp til 200mhz bus.

     

    Er ei stund sida eg har tukla med s462, men meiner å hugse noko om å koble saman L3 og L5 eller noko i den duren. Er det nokon som har gode råd på området?

  2. Fordi: Varer ikke lenge f.eks Ipod max 1 år. ikke den beste kunde behandlingen.

    7688946[/snapback]

     

    Einig. Eg er ferdig med Apple, min Nano (første generasjon) var ikkje noko å skryte over. Det som plagar meg mest er Apple sin sjuke trang etter å bestemme over deg som forbrukar. T.d. med itunes og ipod.. Kvalmande.

  3. Vin Diesel er verdt null og niks, han er ikkje nokon god skodespelar, og er i alle fall ikkje lurt å setje i ei rolle der ein skal prøve å vere elegant, kald og kalkulerande. Har ikkje sett så mange filmar med Timothy Olyphant, men om han har spelt i mange drittfilmar, gjev det han ikkje dårlegare utgangspunkt enn Vin, som ikkje akkurat har spelt i få drittfilmar heller.

  4. Tja.. Syns ikkje dette er så spesielt. Min 6280 tålte ein god del før den tok kvelden, blandt anna eit fall på 4-5 meter, som den ikkje tok nokon skade av. Vatn tålte den og, saken skrudde seg av, men etter ein kort oppladning var den tilbake i god gammal form.

     

    Eg trur at det har mykje med flaks å gjere når uhellet er ute og ein skadar mobilen. Sjølv ein telefon som ikkje er skapt for å tole noko, kan i slike tilfeller overleve alvorleg mykje.. Medan telefonar som er rekna på å tole mykje, kan vere "uheldige" og ikkje tole noko særleg.

  5. "Nå kan alle mobiler få IP" - Ikke for å være pirkete, men slike overskrifter er med på å bidra til folks begrepsforvirring. IP er ikke ensbetydende med IP-telefoni (og det vet nok forfatteren også godt). De fleste telefoner kan uansett få IP over GPRS/3G  fra før (men kanalen er ikke veldig egnet for IP-telefoni pga. forsinkelser).  Hvorfor ikke bare skrive IP-telefoni når det er det som menes.

    7376072[/snapback]

     

    Svært godt poeng. Dette er den typen overskrifter vi finn i VG når dei vil blåse opp ei eller anna teit sak. Det er over hovudet ikkje naudsynt her på amobil.no.

     

    Blir litt som folk som seier eg har kjøpt meg ein MP3, når dei meiner MP3-spelar. Ikkje at eg irriterar meg stort, men mange veit faktisk ikkje at dei seier feil.

     

     

    Ellers er dette ei god nyheit, var litt lei meg då eg måtte gi avkall på wifi pga pris, og deretter øydela høve for IP-telefoni.

  6. At Telenor har ei slik ordning er heilt logisk og ikkje uventa i det heile tatt. Slik vil det fungere i livet ellers òg, dersom du avhenger av nokon vil du passe meir på dei enn folk som betyr mindre for deg.

     

    Kjærasten min har for andre år på rad vorte oppringd av telenor og blitt tilbydd 1000 kr ringetid gratis, dersom ho tegna ny 12 mnd-kontrakt. Kvifor? Jo, fordi ho ringer mykje. Telenor forstår då (dei har jo tross alt dårlege prisar) at det er lurt å halde på ho som kunde.

  7. Latterlig påfunn. Skjermen treng berre tilkoplingshøve som har med biletet på skjermen å gjere.

     

    Ein enkel kabel er alt ein treng for å koble ipod til pc. Dersom ein skulle prøve å gjere det enklare (noko denne våsete ideen ikkje gjer spør du meg), bør ein sjå på trådlause løysningar.

     

    Med tanke på framtida vert det derfor ein tåpeleg idè (eg reknar med framtidige Ipodar kjem med blåtann/wifi). Så dersom ein skaffar seg ein nyare Ipod (eller for den del har lyst å bytte merke) sit ein att med eit stygt hol i foten på skjermen...

  8. Eg ser ein del som knyttar rpm og lydnivå saman. Sjølv om dette sjølvsagt har ein samanheng, har utforming av vifte og ikkje minst kjølar så mykje å seie at rpm vert ein dårleg lydindikasjon.

     

    Utbytting av vifter er nok vanskeleg å få til i dag, men det er vel ikkje eit stort behov for dette på marknaden. Det er jo tross alt berre dei få med store og dyre kjølarar som nokon gong kjem til å tjene på å bytte ut berre vifta. Zalman sine kjølarar trur eg du kan bytte vifte på dersom du kjøper deg ei vanleg 92mm-vifte (eller 120, alt ettersom), og så riv ut sjølve vifta og festar den med lim e.l. i kjølaren. Men dette vert då eit heimesnekra opplegg.

  9. Eg har hatt ein 6280 utan problem i det heile, no bestilte eg den ei stund før desse klagane byrja å renne inn til dei ulike forhandlarane. Far min har ein som er berre feil på, og det som er litt rart er at det operativsystemet/menysystemet er litt forskjellig. Det kan verke som om Nokia har lagt inn eit anna system som berre lagar bråk.

     

    Vart litt forbanna då mobilen min tok vaskemaskinturen for hardt og døde.

  10. Nanoen er ein slik elendig mp3-spelar slik den var at slike oppgraderingar burde vere det minste ein kunne forvente. Men eg må seie eg meiner den gamle Nanoen ser bedre ut enn den nye.

     

    Skal nok aldri ha Apple igjen, iTunes og "musikkfilpolitikken" deira får meg til å spy. Min Nano har batterilevetid lik null, sert herpa ut og fungerer dessutan ikkje. 2300 kroner eller kva det var, brukt på eit dårleg produkt.

  11. Eg berre tippar at du har ein VAG-motor med 100 eller 130 hk, og med eit maks dreiemoment på rundt 1700 rpm.

     

    Dette medfører at bilen er behageleg å køyre sjølv om du ligg under 2000 rpm; du har eit greitt pådrag og brukar dessutan minst drivstoff på relativt lave turtal.

     

    Når det kjem til høgare hastigheiter treng du ikkje å kome over 2000 rpm i det heile. Dermed er 6. gir i 80 på ein flat veg ikkje eit dumt forslag. På den andre sida må du ikkje tvihalde på eit gir fordi du trur det er meir økonomisk. Så fort motoren byrjar å slite med å henge med, vil du tape på å trykke på gassen for å halde giret.

     

     

    Så fort du trykker godt til gasspedalen vil det dra mykje drivstoff same kva gir du ligg i. At du ligg i eit økonomisk turtalsområde kan derfor fort bli dyrt dersom du ligg og "jagar". Dette vil seie å gi mykje på ut av ein sving for å kome opp i fart igjen, eller å tvihalde på 90 km/t opp ein liten bakke sjølv om du vil få tilbake farten på veg ned att.

     

    Ein god regel er langsame og få fartsendringar. Kombinert med eit lavt turtal vil du nå bilens minimale drivstofforbruk.

  12. Motor, eller køyreglede om du vil, for alle penga. Det er sjølvsagt ikkje eit minus dersom bilen ser bra ut. Ganske artig å ligge bak ein toppstyla bil med ein noko tilsynelatande slapt og henge på lett som berre det, køyre forbi om ein vil.

     

    Dei damene eg kunne ha fått dersom eg hadde hatt ein styla bil, dei veit eg ikkje om eg har så vondt av å gå glipp av.

     

     

     

    På ei anna side tykkjer eg det er artigast køyre rundt i noko originalt dersom ein først skal ha seg rask og fin bil; t.d. BMW M3 eller RS4. Desse bilane ser ikkje så villt styla ut, men har noko over seg som gjev meg meir bakoversveis enn nokon styla bil eg nokon sinne har sett. Det er estetisk, stilreint og vakkert.

  13. Dersom ein bygger ut motoren ved å bytte ut blokka og deretter tar ut litt ekstra effekt, vil det korte ned bilens levetid betraktelig? T.d. girkasse på desse bilane er heller dårleg, eg reknar med det er andre ting som vert meir slitt når ein tar ut fleire hestar.

     

    Og vil ei slik ombygging føre til mykje større forbruk av drivstoff?

  14. Problema vart oppdaga først etter oljeskift og filterskift. Men når det er sagt, veit eg ikkje om det var det som kan vere grunnen. Brukar 10W-40 no, men veit ikkje kva som stod på frå før av.

     

    Eg køyrde aldri særleg langt med den gamle olja, nettopp fordi eg ikkje var sikker på kor lenge den hadde stått på motoren. Derfor er det ikkje usannsynleg at problemet var til stades før oljeskift.

     

     

    No kan det nemnast at eg køyrde i 2.15 med 10 minutts ferje i går, utan at noko oljelampe lyste. Då låg eg på 2500-3000 rpm stort sett heile turen, noko som tidlegare hadde ført til oljetrykksvarsel. Dette kan tyde på at bytting av kretskortet i dasjbordet har hjelpt litt, men eg kan altså framleis få den til å lyse ved å presse motoren litt på turtal. Spesielt dersom eg køyrer opp mot raudt vert det varsel, det forsvinn når eg roar ned igjen.

  15. Har ingen planar om noko, men eg lurer på om det er mogeleg å trimme ein Golf 1 GTI. Eg er ganske sikker på at desse bilane (GTI) har ein datahjerne på lik linje med nyare bilar, men eg reknar med at på grunn av den lille kundemassen er det vanskeleg å finne leverandørar for slikt no til dags.

     

    Er det nokon som veit om chip til golf 1 gti, og er det andre relativt enkle triks ein kan ty til for å auke krafta?

  16. Dummaste eg har høyrd. Sjølv om det vert litt meir bremsebruk når ESP slår inn, vert dette som piss i havet med tanke på bremseslitasje. Dessutan lyser ESP-lampa som regel når ASR slår inn også, ergo kan det godt vere at det ikkje er snakk om bremsebruk med rett og slett elektronsik styring av krafttilførsel til dei forskjellige hjula.

     

    Du vil tape meir på å bruke bremsene for mykje i ein nedoverbakke.

  17. 103kw = 140hk

     

    er nok 90 eller 110 eller 115 eller 130hk den A6en

    6721833[/snapback]

     

     

    Han sa Passat 2.0 Tdi, og siktar då til den nye motoren som er ein 2.0 liter med 140 hk og 320 nm. Denne motoren er ikkje noko kvikkare enn den gamle 1.9 tdi-en med 130 hk (som også er å finne i A6 og A4) med 310 nm.

     

    A6-en det her er snakk om er ein 01-modell og kan derfor gjerne ha 110 hk og 235 nm. 115hk-en har 285 nm, og er truleg samme motor som 130 berre med ein svakare chip.

     

    Eg har sjølv prøvd både 110, 130 og 140, og det er enorm forskjell på 110 og 130/140. I ein A6 kan eg tenke meg at dette inntrykket vert forsterka. 99' Passat stv 1,9tdi gjekk i alle fall elendig.

  18. Har bestilt, men vart ei litt meir "generell" bok, fant ikkje noko for berre golf mk1. Måtte ha eit lass med bilar over eit visst årstal.

     

    Kan imidlertid seie at den nye oljetrykksdatabrikka ikkje gjorde så mykje som eg hadde håpa på. Kan køyre litt hardare og mykje lenger no, men den lampa lyser og hyler dersom eg trykker til for hardt.

     

    Litt mindre plagsom lyd hadde den nye databrikka i alle fall :p

     

    Skal få tak i eit manometer som eg skal ha liggande i bilen under ein køyretur, for å sjå kva som eigentleg skjer.

×
×
  • Opprett ny...