Gå til innhold

Tandstad

Medlemmer
  • Innlegg

    93
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Tandstad

  1. Hei!

    Det blir kanskje behov for å kjøpe inn ein "ny" bil til hausten, då det blir vanskelig logistikk med éin bil. Kanskje kan eg endelig få meg ein skikkelig kul retro-bil? Har tenkt litt i dei banene at eg har lyst på ein billig(veteran?) bil med 4x4. Bilen må kunne brukast heile året.

    Den bilen eg har MEST lyst på er ein Lada Niva. Litt usikker på korleis dette er mtp. byggekvalitet dog. Liten motor er ikkje så farlig. Har mellom anna kikka litt på denne: http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=42287406&authrecall=getphonenumber_0 - Er dog 5 år til denne er veteran.

    Neste bil eg har kikka litt på er ein "eldre" audi med mange km på tellaren. Denne feks: http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=42331041 -

    Ellers så har ein jo mange eldre Suzukiar, Subaruar osv.

    SÅ, kom med tips til kva bilar som kan vere aktuelle å sjekke ut! Hadde også vore kult med ei Amazon herregårdsvogn, men denne er vel ikkje akkurat god på vinterføre Eldre jeep, honda cr-v, toyota landcruiser el.?

     

    Edit: Denne var jo meeeeget kul! http://www.finn.no/finn/car/used/obj...nkode=42362809

  2. Hei!

     

    Håper nokon har anledning til å hjelpe meg litt her no. Litt frustrert sidan eg ikkje får heimenettverket til å fungere skikkelig.

     

    Har fiber 25mbit fra Tafjord Mimer inn til huset, og Tilgin-router fra Tafjord. Denne har kun 1 nettverksport, så heile problemet mitt ligg eigentleg i at eg har ein 2. router(D-link dir652) som eg vil koble opp mot Tilgin, slik at eg kan koble NAS, Squeezebox og stasjonær pc inn på D-linken.

     

    Men eg har store problemer med å få Tilgin og D-link til å samarbeide. Først av alt kobla eg opp kun D-link, der eg fekk deaktivert DHCP. Så har eg nettverkskabel fra nettverksport på Tilgin til Lan1-port på D-link. Men no har eg kobla både NAS og stasjonær-pc opp mot D-linken, og prøver å overføre film-samlinga mi til NAS'en. Da får eg ca. 6-7 mb/s, noko som tyder på at koblinga ikkje fungerer ein eller annan plass.

     

    Det høyrer også med til historia at eg ikkje får komt meg inn i setup'en til Tilgin. Har prøvd mykje, sist no ein 30-30-30-reset av den, men kjem ikkje inn i setup (veit eg har riktig ip etter å ha sjekka den til 192.168.1.1 i cmd->ipconfig)

     

    Nokon som har muligheit til å gi meg nokre tips til kva som kan vere feil?

  3. ja du kan bruke den dir-635 til dette, logg inn på fiber boxen og sett denne i brige mode, og koble kabel mellom di boksene inn i Internett porten på dir-635 og sett opp nettverket som du ønsker, husk og sett dir-635 til og mota WAN adresse fra DHCP hvis du ikke har noe spesifikt konto oppsett fra din isp som PPPOA\E tilknytning

    Hadde heilt gløymt å sjekke her inne noko meir. Har du noko meir informasjon om korleis eg gjer dette knutazz? Korleis logger eg inn på fiber-boksen feks?

  4. Hei!

     

    Treng litt hjelp her. Har akkurat flytta i leilegheit, og får ikkje nettverket til å fungere slik det skal. Har eigentleg ikkje noko komplisert behov her, vi har hovedsakleg to pcar som skal i samme homegroup, og en tredje som av og til blir brukt her.

     

    Men oppsettet er som følger

    10/10 mbit fiberboks fra Mimer

    Pc1: Stasjonær pc med trådlaus tilkobling(Windows 7, alle oppdateringer)

    Pc2: Bærbar pc med trådlaus tilkobling(Windows 7, alle oppdateringer)

     

    Desse får eg altså ikkje til å "prate sammen". Ikkje finn dei kvarandre når eg leiter manuelt i "Mine nettverkssteder", ei heller kan den eine pcen joine homegroupen eg har laga. Dette har eg prøvd begge veiar. Har prøvd å synkronisere klokkene på begge pcane til å bli like(skjønner at dette er viktig).

     

    Nokon som har tips? Takker på forhånd!

  5. Sitt no i nyeleilegheita mi, og har eit par spørsmål vedr. internett. Eg har fiberboks fra Mimer i boda mi, og ein stasjonær pc på kontoret. Det er vanskelig å få lagt opp kabel godt mellom desse to romma. Derfor lurer eg på; kan eg bruke min D-Link DIR-652 som mottaker av det trådløse nettverket? Altså at D-Linken står på kontoret, og tek imot det trådløse nettverket frå mimer-boksen, og D-Linken er igjen kobla med kabel til den stasjonær?

     

    Treng tips på om dette er mulig! Har forstått det slik at eg muligens kan bruke WPS? Korleis gjer eg evt. dette?

  6. Har den siste tida hatt problem med min m1330. Det virkar som skjermkortet har tatt kvelden. Av og til får eg bilde(men då kjem det etterkvart kun "fargestriper" over heile skjermen), men som oftast får eg ikkje bilde. Skjermen lyser opp, men ikkje noko bilde. Dette problemet fekk eg etter å ha fått ei melding eg ser fleire har fått, noko med at skjermdrivaren er gjenoppretta etter ein feil.

     

    No må eg då sende han inn att(om ikkje nokon veit ein måte å fikse dette på?), korleis skal eg gjere dette? Pcen er vel omtrent 6 månader gammal, eg kjøpte han via hjemmepc-ordning, men har no løyst han ut pga ny jobb. Ringte support igår, fekk beskjed om å teste ekstern skjerm, om ikkje dette fungerte, skulle eg ringe eit norsk telefonnummer, men vart advart om at dei her snakka engelsk. Er dette virkeleg lettaste måten?? Valgte Dell pga. eg trudde serviceordninga deira var kjapp og god, men foreløpig virkar det litt knotete:/

     

    Erfaringer/tips?

  7. Det som plager meg enormt(!!) er at når det trådlause nettverkskortet er aktivert, "lagger/hakker" musikk/filmar som blir avspelt. Dvs at eit par gongar i kvar sang "knitrer" det. Fleire som opplever dette? Gjeld forøvrig for alle avspelingsprogram, prøvd både VLC, winamp og wmp.

     

    Jeg tipper du har et dell wlan-kort i maskinen. Du kan trygt deaktivere a-båndet i driveren til det kortet, og da vil trolig denne knitringen forsvinne også. Er et kjent problem, men a-båndet er utrolig lite brukt, så det er ikke noe tap.

    Takk for tipset, sitt og fikler i enhetsbehandling no, men veit ikkje heilt kva du meiner med å deaktivere a-båndet? Flott om du hadde putta det inn med teskei til meg :p

  8. Har denne maskina igjennom hjemme-pc avtale, med så og seie topp specs. Det som plager meg enormt(!!) er at når det trådlause nettverkskortet er aktivert, "lagger/hakker" musikk/filmar som blir avspelt. Dvs at eit par gongar i kvar sang "knitrer" det. Fleire som opplever dette? Gjeld forøvrig for alle avspelingsprogram, prøvd både VLC, winamp og wmp.

    Anyone?

  9. Har denne maskina igjennom hjemme-pc avtale, med så og seie topp specs. Det som plager meg enormt(!!) er at når det trådlause nettverkskortet er aktivert, "lagger/hakker" musikk/filmar som blir avspelt. Dvs at eit par gongar i kvar sang "knitrer" det. Fleire som opplever dette? Gjeld forøvrig for alle avspelingsprogram, prøvd både VLC, winamp og wmp.

  10. He lagt inn store deler av cd-samlinga mi på pcen, og tidlegare brukte eg ogg-vorbis. I seinare tid he eg kun brukt mp3, og kunne tenke meg å gjere om dei ogg-filene eg he til mp3 også. He funne fleire program som he muligheit for dette, men eg må ha eit program som klarer å erstatte dei filene som er der, og altså legge filene i samme mappe.

  11. Her heime he eg ein bærbar pc som eg bruker til alt. For nokre veker sidan kjøpte eg meg ein lcd-skjerm som eg kobla til denne, og også eksternt tastatur og mus. Kvar fredag er eg leiar for ein ungdomsklubb, og må då plukke med meg kun bærbaren(utan ekstern skjerm, tastatur og mus). Men då eg gjorde dette, vart plutseleg tastetrykka feil. Feks når eg trykker på "0", visast det som "/". Det er også mange andre tastar som har forandra funksjon. Kva kan vere gale?

     

    Tastaturet er btw A4-tech IP-talky, noko billige greier eg kjøpte på clas ohlson. Fungerer til det eg bruker det til.

  12. Kopierer inn topicen eg akkurat starta på battlefield.no for å sjå om nokon her kanskje finn løysinga fortare, slik at eg blir kvitt faenskapet:

     

    "Mkey, for nokre dagar sidan fekk eg ei melding over msn med noko valentine_card-tull. Sidan denne meldinga kom frå min ex, opna eg linken, og fekk dermed tydeligvis eit kraftig virus. Viruset går ut på at alle msn-samtalar blir terminert med visse mellomrom. No viser det seg også at eg spreier dette viruset vidare til dei eg he samtaler med.

     

    Ein annan rar ting er, at når eg søker på "valentine_card" +msn på google, blir firefox også terminert. Så eg finn ikkje fix sjølv sad.gif

     

    Andre som opplever dette?!"

  13. Då slo eg akkurat til på ein Viewsonic VG2230WM skjerm :) Dette skal bli knall! Finnast det noko billigare løysing enn docking-stasjon? Kunne tenke meg noko àla ein usb-hub med vga tilkopling på, slik at eg hadde ei ledning å plugge i den bærbare når eg skulle bruke 22", ekstern tastatur og mus.

  14. Ok, berre for å ha sagt dette, så he eg ofte problem på dataen som er veldig enkle å fikse, men som eg he oversett eit eller anna på. Så dette kan sikkert ordnast med eit museklikk, men eg treng hjelp allikavel.

     

    Når eg går innpå "Mine bilder"-mappa mi, virkar det som dataen heng seg opp mens den forsøker å forhåndsvise bilda. Eg he på slik miniatyrvisning av bilda, og det kan ofte ta fleire minutt før eg kan navigere rundt inne i mappa. Bilda er standard JPEG-bilde frå digitalkameraet mitt, så dei skulle ikkje ver noko ekstraordinært krevande å vise.

     

    So, work your magic!

×
×
  • Opprett ny...