Gå til innhold

charlesgoodyear

Medlemmer
  • Innlegg

    60
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av charlesgoodyear

  1. Det trådstartar her beskriv, er nøyaktig det eg sjølv nyleg har opplevd. Heilt identisk forløp før kupévifta til sist tok kvelden.

     

    Kor komplisert er det å bytte vifta?

     

    Har skrudd litt på bilen, bytta lykter, dørlås, bremseskiver, mm, men er ingen mekanikar.

  2. Har i dag eitt data-/teleuttak i veggen. Dette ynskjer eg splittast for å tilrettelegge for to uavhengige breibandsnettverk/-modem.


    I dag klarar eg kun kople på det eine breibandsmodemet, og har kun fått utdelt ein splittar frå Telenor frå veggkontakt og splitt i to til hhv Telefon- og Modem-kobling. Denne splitten klarar ikkje å dekke dei to modema frå dette eine vegguttaket, kun det modemet som er kopla på Modem-delen av splitten fungerar.


    Har forsøkt å forgreine ved å bruke router/switch frå veggkontakt, men dette ser ikkje ut til å fungere.


    Fins det ein forgreinar for vegguttak, der dette éine uttaket kan forgreinast til - utan å splitte i Telefon og Modem?


    Takk for svar.

  3. CT fungerar fint for sko som ikkje brukast kvar, eller annankvar, dag, slik som spectators eller suede. Då er omsåling i praksis aldri eit spørsmål heller. Pass på å kjøpe i desember eller januar, for det salget CT elles køyrer er i praksis retail price.

  4. Haawy,

     

    Loake Logan er greie og sydd på ein behageleg såle (EVA), men sjølv om dei er laga i UK er ikkje kvaliteten den ein normalt skal forbinde med britiske sko. Om det er semska derbys du er på jakt etter, ville eg også sett på Loake Wentworth i 1880-linja. Desse er imidlertid utan semi-brogue, slik som Logan (og Jack).

  5. ... Synes forøvrig alle skoene som har blitt linket til foreløpig har ganske grusomme. Når det kommer til sommersko, sneakers og lignende så synes jeg Docksides, Sperry Top-Siders ...

    Kjære vene, det er snakk om sneakers her. Alt til si tid. Når det vert spurt om sneakers, så linkar ein ikkje til båtsko.

  6. Om du ser på dette biletet vil du sjå at læret ikkje liknar særleg mykje på hud. Behandlinga er særleg tydeleg i dei kvite laga.

     

    Mi erfaring med Hugo Boss og Paul Smith er at lærkvaliteten jamnt over er betre enn dei fleste andre sneakers, noko som også synast å vera tilfellet med den modellen du viser til i ditt 2. innlegg. Denne modellen har også doble sømmar i kritiske område, noko som er verdt å merke seg opp i mot Diesel-alternativet i ditt 1. innlegg.

  7. Læret ser dårleg ut, og sømmane kan vera svake. Personleg har eg heller ingen sans for sko med så mange ulike lag av lær, noko som igjen svekkar konstruksjonen.

     

    Eg ville difor sett på eit par "reinare" sneakers. Går ut i frå at det er kvitt du ser etter, sidan det er dette du linkar til.

     

    Når det kjem til sneakers brukar eg Paul Smith og Hugo Boss. Sistnemnde har lite i kvitt, men Paul Smith har nokre i kvitt som feks denne: http://www.brandos.n...soft-blk/a53837

    Hugs å gå ned ein str i Paul Smith.

×
×
  • Opprett ny...