Gå til innhold

Sjarlottlauk

Medlemmer
  • Innlegg

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sjarlottlauk

  1. Hei,

     

    Har ein eks som tar kontakt innimellom, sender mail, sms eller ringar. Det er ikkje ofte, kanskje eit par gonger i månaden, men innhaldet er alltid forstyrrande. Han klandrar meg for å ha slått opp med han, skriv om kor deprimert han er og at det er litan vits for han å leve, og sist han ringte var det “for å høyre stemmen min”. Eg har kontakta familien hans for at han skal få den hjelpa han treng, for eg skjønar jo at han er sjuk (noko som resulterte i ein mail frå han om at eg kunne dra meg til helvete og så vidare). Eg vil at han sluttar å kontakte meg, og dette har eg gitt beskjed om til han. Kva kan eg gjere om han ikkje sluttar?

     

    Eg har kalla innlegget “Trakassert av eks”, men veit ikkje kor alvorleg det må vere før det er trakassering?

     

     

    Takkar på førehand for gode råd!

  2. Har sagt til kjærasten min han skal halde av helga etter han har bursdag. Eg tenkte eg skulle finne på noko kjekt å overraske han med, som telt-tur, dra til vandrarheim eller ei eller anna lita utflukt. Det er ei helg i september, så det byrjar jo å bli litt kaldt, og me bur i Bergen, så det regnar jo ein del òg. Nokon som har tips til ting eg kan finne på? Det må vere ganske rimeleg, for eg har veldig lite pengar for tida! Helst ikkje meir enn 1000-1500 kroner.

  3. Eg og kjærasten tenkte å reise på byrjinga av sommaren, men kan berre mellom 2. – 15. juni. Er det då vanskeleg å få billige restplassar? Tenkte å reise til eit eller anna syden-land, men er framleis open for kvar me endar opp. Nokon som veit om det er vanskeleg å få restplass når ein har ein såpass begrensa periode ein kan reise? Har høyrt det er mange restplassar i byrjinga av juni, og at ein får ein tur for rundt tusenlappen kvar. Nokon som har nokon erfaringar dei vil dele? :) Er begge studentar, derfor me vil ha så billig tur som mogleg. Takk for svar!

  4. Og ein ting til... Sjølv om eg kan seie opp ein månad før, må eg isåfall skaffe ny leigetakar (framleige). Men dette må vel endre seg når det er mus i leilegheita? Eg kan jo ikkje lure nokon andre til å ta over...

     

    Eg skal finne kontrakta og sjå kva som står. Men er ganske sikker på at vaskemaskina er hans ansvar, ja.

  5. Hei!

     

    Leiger eit rom i ein leiligheit. I det siste har det oppstått fleire problem. Dei fleste er ikkje så alvorlege: Det drypp mykje frå under vasken på badet, ljoset på kjøkkenet har slutta å fungere, så må ha døra open når eg vaskar opp eller lagar mat (har skifta ljospære, utan at det verka), og oppvaskmaskina lekk. Dette er ting eg kan leve med... Men for rundt ein månad sidan oppdaga eg ei mus på kjøkkenet. Eg sendte melding til huseigar om problemet, utan å få svar. Det er framleis mus der, så han har ikkje gjort noko med problemet. Eg er ikkje interessert i å dele hus med mus. Dei formeirar seg raskt, og det kan vere helsefarleg, særleg sidan dei er kor maten blir oppbevart. Har og ein mistanke om at musa kan ha bite over leidningar, og at det er derfor ljoset på kjøkkenet ikkje verkar.

     

    Så spørsmålet mitt er: Har eg krav til redusert leige, eller kan eg flytte ut utan å måtte sei opp leilegheita ein månad før (berre ein månad oppsigelse...)? Kva har eg krav på? Det er meg og ein person til som delar leilegheit, veit ikkje om det har noko å seie... Prøvde å lese husleigelova, men skjønte ikkje så mykje...

     

    Takkar for svar!

     

    Må rette meg sjølv... Vaskemaskina lekk, ikkje oppvaskmaskina. Akk, den som berre hadde ein oppvaskmaskin!

×
×
  • Opprett ny...