Gå til innhold

kjikvadrat

Medlemmer
  • Innlegg

    504
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av kjikvadrat

  1. Du har ein fin komposisjon i det siste. Det er lurt å tenkja over om du vil at forgrunnen eller himmelen skal få "mest fokus"; kva er viktigast eller bidrar mest? Når du svarer på dette spørsålet så ser du at du (som oftast) ikkje skal plassera horisonten i midten. På ditt bilete så ser himmelen heller keisam ut ovanfor skyene, så det kunne kanskje gjort seg å fiksa på det. Då vert horisonten omtrent ein tredjedel på øverste halvdel.

     

    Ein annan måte å tenkja på det er følgjande: Blikket følgjer vegen, kryssar sjøen og finn skyene. Då er "reisa" ferdig, for det er ikkje noko å sjå på over skyene. Difor bidrar ikkje den delen til noko. Eg er veldig glad i følgjande samanlikning: Ein målar må inkludera alt han vil ha med i maleriet, men ein fotograf må eksludera alt han ikkje vil ha med i fotografiet. Så ein kan alltid ha i bakhovudet "Kva bidrar ikkje til komposisjonen?". Då er ein på rett spor :)

  2. Det har vore eit par bilete av Ulvanåso (Uskedalen) innimellom, så her kjem eit par frå ein tur eg hadde i dag opp dit. Høgetind er det høgaste punktet, og ruvar 1248 m.o.h. Geitedalstinda ligg ved siden av, og er litt lågare. Dette er ikkje ein tur for folk som ikkje respekterer naturen og fjellet. Er ein litt for nysgjerrig go rastlaus, dett ein fort utfor kanten - det har vore rapportert dødsfall. Sidan ein kjem så nære stupet, som går rett ner, føler ein seg "midt i det". Dette gjer utsiktsopplevinga til noko heilt anna enn "vanlege" høge fjell.

     

    1 Småfonn-til-storfonn (den store fonna i bakgrunnen er Folgefonna, Noregs tredje styrste)

    9361489298_1c9b10ccf7_z.jpg

    Folgefonna 2 by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

     

    2 Bror min og utsikt mot Geitedalstinda. Nedi dalen er småbygder i Uskedalen. Bratt!

    9361490092_fc8acdc861_z.jpg

    Eirik utsikt by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

     

    3 Her ser ein mot Englafjell, omlag 50 meter lågare enn Høgetind.

    9358715341_60ac76f9d2_z.jpg

    Eirik utsikt 3 by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

     

    4 Og her sit undarteiknande.

    9358720147_329f4211dd_z.jpg

    Anders utsikt by Anders Myhre Brakestad, on Flickr

    • Liker 2
  3. Råfiler eller jpeg-filer, undereksponer nok til at himmelen ikkje er utbrent. Det er trikset. Du åm finna ei eksponering som er eit kompromiss. Dette forutset at du redigerer i etterkant. Det er ikkje så vanskeleg, og du treng ikkje dyr programvare.

     

    Du må ikkje bruka råfiler for å redigera i etterkant. Du får fine feriebilete dersom du redigerer på jpeg-bilete, ingen må seia noko anna.

    • Liker 1
  4. Dei ynskjer å bruka biletet til web, konferansar/seminarar, flyerar og årsrapportar. Så lenge biletet er kreditert ved all bruk, og dei ikkje sel rettigheitane deira vidare (som du seier, Killswitch), kunne eg latt dei bruka biletet fritt i byggjeperioden. Eg har informert om at eg er interessert i ein kontrakt, og at eit honorar er på sin plass. Om dei kastar ein eller annan sum på meg, så har eg inga aning på kva som ville vore ein "rettferdig" sum; eg har inga erfaring med å selja bileta mine!

     

    Eg takkar for hjelp!

×
×
  • Opprett ny...