Gå til innhold

nyklo_InnleggNO

Medlemmer
  • Innlegg

    15
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av nyklo_InnleggNO

  1. Eg må berre kaste meg på hyllinga av dette meisterverket av eit spel. Eg høyrer med til dei som i utgangspunktet var litt skeptisk til det "nedstrippa" level-systemet og fråveret av loot og inventory. Etter kvart som eg spelte merka eg likevel fort at det faktisk fungerer utmerka og skaper god balanse. Ein kan (iallefall på insanity, som eg speler på) ikkje spamme biotics som ein etter kvart kunne i ME1, men må spare desse evnene til rett augneblink. Det er også ganske så fantastisk korleis dei har klart å integrere vala frå ME1 til ME2 på ein ganske så sømlaus måte. Kvar gong eg møter nokon frå ME1 uansett om det var "viktige" karakterar eller ikkje, får eg lyst til å juble. Ein føler verkeleg at ein speler vidare på historia frå ME1 og at ein ikkje speler eit heilt nytt spel som har fått eit nytt nummer bak tittelen. Som Shepard ville ha sagt det: "I am Commander Shepard and this is my favorite game in the galaxy."

  2. Ei lita oppdatering for dei som eventuelt måtte vere interesserte om dei hamnar i same situasjon. Eg har no gått til innkjøp av ein ny Xbox 360 Elite og kan stadfeste at harddisken ikkje blir øydelagt av RROD. Faktisk utruleg praktisk at ein ikkje mistar alt av save games, DLC og kva ein no måtte ha lagra på harddisken, noko som skjedde då eg fekk YLOD på PS3. Eg har også vore i kontakt med Xbox support og skal sende den gamle konsollen inn til service. Standardgarantien (2 år) var utgått, men garantien blir utvida med 1 år ekstra ved RROD. PS: Må tilføye at den nyare modellen av Elite er merkbart mindre bråkete enn den gamle!

  3. Ok, takk for svar! Eg skal uansett ringje xbox-support i morgon. Garantien min er utløpt, så det betyr vel at eg må betale for eventuell reparasjon? Elite-versjonen har uansett blitt såpass billeg at eg kan kjøpe ny. Har også høyrt at dei nyare modellane er meir driftssikre. Men det verkeleg problematiske ville vere å miste game saves.

  4. Eg har nettopp no vore så uheldig å få RROD på min Xbox 360 Elite med 120 gb hdd. Er det nokon som kan svare meg på følgjande spørsmål: Betyr dette at harddisken også er øydelagt? Eller kan eg hypotetisk kjøpe ein ny konsoll og installere den gamle harddisken på den nye konsollen? Det er litt kjedeleg å til dømes måtte spele gjennom ME1 heilt på nytt for å kunne importere save file til ME2.

×
×
  • Opprett ny...