Gå til innhold

ttt_InnleggNO

Medlemmer
  • Innlegg

    35
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av ttt_InnleggNO

  1. Høyres ut som ei grei oppdatering dette. Men vart det sagt noko om dei har forbetra meny-systemet? Personleg syns eg dette var for tungvindt, og det tek alt for lang tid frå du startar spelet til du kan fortsette med neste kamp i sesongen. I tillegg irriterer eg meg over alt tullet du må godkjenne ved oppstart (noko som for så vidt gjeld dei fleste spel). Håper dette blir gjort noko med.

  2. Eg gjekk for følgjande alternativ:

    Gameplay: Dette er nøkkelen for om eg vel å bruke tid på eit spel. Så lenge det grunnleggjande gameplayet er på plass spelar det ingen rolle om det er snakk om eit enkelt spel av typen Pong, eller eit kompleks spel som GTA, timane flyr uansett.

    Stemning: Her varierer det avhengig av type spel. Fifa har heilt andre krav enn til dømes Prince of Persia. Stemning er uansett noko som er viktig for å heve opplevinga eit ekstra hakk. Element som grafikk, musikk og historie er alle med på å forme stemninga i eit spel.

    Meistringskjensle: Ei kjensle av at eg har oppnått noko blir og satt pris på. Her er det ein fin balansegang mellom å vere akkurat passe vanskeleg til at eg ikkje blir lei og gir opp, og samstundes så vanskeleg at eg sitt igjen med eit smil om munnen etter endt speløkt.

  3. Gledeleg at spelet ser ut til å vere på veg i rett retning. Som eit av dei mest etterlengta spela i år, er fallhøgden stor, men det ser altså ikkje ut som vi har så mykje å frykte. Personleg er eg mest usikker på kontrollen. Eg reknar med det blir konsollutgåva på meg, og då fryktar eg at kontrollen kan trekkje spelet ned eit hakk frå originalen som eg spelte på PC. Men eg reknar med utviklarane gjer ein god jobb, og eg vil storkose meg uansett.

  4. Emnetittelen er ikke beskrivende nok

     

    Bruken av emnefeltet følger ikke våre retningslinjer for oppretting av emner. Vennligst gjør emnetittelen mer beskrivende for posten, slik at brukerne forstår hva emnet handler om før man klikker på den. En moderator vil måtte stenge tråden om dette ikke blir endret.

     

     

    Rapporter tråden når dette er gjort slik at en moderator kan fjerne denne meldingen.

     

    Reaksjoner på moderering skal taes på PM, ikke i tråden.

     

    -------------------

     

    Eg ber og om at trådstartar skriv på nynorsk/bokmål, og ikkje på dialekt. Vennligst rediger innlegget så det følgjer denne føringa. Les meir i retningslinjene 2.2.

  5. I utgangspunktet er det supert at det kjem eit nytt Max payne spel. Som så mange andre er eg stor fan av dei første spela. Men, igjen som så mange andre, er eg noko skeptisk til om spelet kan leve opp til dei første spela. Utviklarane har litt av ein jobb med å gjennskape stemninga og ikkje minst utvikle historia på ein god måte. Eg reknar med det kjem rikeleg med info etterkvart, så det haster ikkje å gjere seg opp ei endeleg meining.

     

    RockStar Vancouver? Har de gjort noe vi har hørt om før?

    Dei mest kjente spela er nok (plattform og karakter i parantes): Homeworld: Cataclysm (PC, 88.55%), Global Operations (PC, 78.37%) og Bully (PS2 87.52%, X360 80.39%, PC 70.86%). Dei to første spela er frå tida før dei vart kjøpt opp av Rockstar.

  6. Emnetittelen er ikke beskrivende nok

     

    Bruken av emnefeltet følger ikke våre retningslinjer for oppretting av emner. Vennligst gjør emnetittelen mer beskrivende for posten, slik at brukerne forstår hva emnet handler om før man klikker på den. En moderator vil måtte stenge tråden om dette ikke blir endret.

     

     

    Rapporter tråden når dette er gjort slik at en moderator kan fjerne denne meldingen.

     

    Reaksjoner på moderering skal taes på PM, ikke i tråden.

  7. Crytek har berre ein samarbeidsavtale med EA. Men det i seg sjølv kan nok vere med på å gi ein viss økonomisk tryggleik. Dei har utvida selskapet ein god del dei siste åra, med fleire nye avdelinger. Så det er heilt klart at dei er villige til å satse. Når det gjeld fokus, har spelteknologi i form av spelmotoren CryEngine alltid vore sentralt. Far Cry starta som ein tech-demo (X-isle), før det vart eit spel (som for så vidt fungerte som ein tech-demo i seg sjølv). Ved lanseringa av CryEngine 2 vart det og sagt at Crytek ønskja å satse større på på sal av lisens til motoren, og andre tenester relatert til dette. Dette heng nok saman med dei store kostnadane det er å utvikle ein sånn motor. Prisen for ein lisens er ikkje kjent, men det er nok snakk om ein milion+ US dollar, avhengig av lisensform.

  8. Skal bare ta ett åpenbart eksempel her.

    Hvis det eneste som skiller Felles fra Generelt Om Spill, er at PC er inkludert som plattform i den ene, da er åpenbart overflødig.

    Som sagt er utgangspunktet for eksempelet ditt feil, altså fell det bort.

     

    Enda en kjapp tur innom kategorier som "Visuell skryt og morro" viser at det bare er nok en repitisjon av innhold som eksisterer i andre kategorier. "De beste spillbabe'ene" finner du her. Mens "Dine yndlingskarakterer" finner du i Generell Spilldiskusjon-delen. Det er rett og slett overflødig mye kategorier på hele forumet.

    Dømet du viser er for to forskjellige ting som naturlegnok høyrer heime i sine respektive kategoriar. Når det gjeld behovet for å skilje det visuelle frå tradisjonelle diskusjonar, blir det ei vurderingssak. Ein eigen kategori gjer det lettare å plukke opp ulike interessante ting på denne fronten, og for brukarar å vise fram ting som fell naturleg inn under denne kategorien. No er dette ein relativt liten kategori, så den kan sjølvsagt bli vurdert fjerna på det grunnlaget.

     

    Det er ikke en mening jeg kommer med, men konstruktiv kritikk basert på erfaring og kunnskap. Jeg synser ikke om at jeg vil ha det slik jeg vil, fordi jeg føler at det hadde vært bedre. Jeg kommer med forslag som jeg vet hadde gjort forumet bedre fordi jeg har sett det fungere før.

    Akkurat som alle andre altså.

     

    Tilbakemeldinger til Gamer.no og Diskutér Artikler kunne vel strengt talt vært slått sammen til én også.

    At noko er teknisk mogleg gjer det ikkje til ein god ide. Dette er to kategoriar som dekkjer vidt forskjellige ting. Ein samanslåing vil vere unaturleg og lite brukarvennleg.

     

    PC kunne gått inn som underkategori for et felles navn alá "Plattform diskusjon" eller noe. Isteden for å ha den stående på utsiden.

    I dag er det gjort eit skilje mellom PC og konsoll. Dette heng nok saman med forskjellane mellom desse plattformane. Dette er ei praktisk og god løysing som fungerer bra. Ei samanslåing vil og gå ut over andre kategoriar (felles/generelt), og totalt sett gi ein dårlegare struktur.

  9. Elder Scrolls har iallefall ca 200 poster fordelt på flere tråder og Half Life har ca 120 fordelt på flere poster.

    Tror du virkeligheten hadde vært den samme om det ikke var egne kategorier for disse spillene?

    Aktiviteten kom først, deretter kategorien. Det einaste tilfelle der det var motsatt var med Age of Conan, der kategorien vart opprette då ein gjekk ut frå at det kom til å bli høg aktivitet.

  10. Atrac blir nok litt for sært, om det i det heile tatt fungerer. Eg hadde trudd at WMA lossless i det minste skulle fungere, i og med at vanlege WMA filer er støtta, men det ser visst ikkje sånn ut. Dette er skuffende. Skal ein først tilby støtte for ymse musikkformat bør det vere ein sjølvfølgje å inkludere støtte for lossless format. Streaming går sikkert, men er ikkje eit alternativ for meg. Jaja, takk for svar.

  11. Jeg synes for eksempel det er overflødig med en kategori som heter "Felles", hvor egentlig alle spill diskuterer, og en som heter "Generelt om spill". Disse er jo egentlig nøyaktig det samme.

    Kategoriane er like, men ikkje "nøyaktig det samme". Felles avgrensar seg til diskusjon for konsoll, uavhengig av plattform. Naturlege døme kan vere spel som er ute på fleire plattformer, men ikkje PC, og salstal for konsollane. Generelt om spill er for plattformuavhengige diskusjonar. Døme på dette er spel som er på både PC og konsoll, og andre diskusjonar som ikkje er knytt opp mot ein bestemt plattform.

     

    Jeg synes "Annet" kategorien er totalt overflødig. Dette er et spillforum, der hvertfall jeg kommer for å diskutere spill.

    Annet er veldig poplært, og fyller eit tomrom som tydlegvis er ønskja av brukarane. Om du ikkje ønskjer å bruke desse kategoriane kan du la vere.

     

    Jeg synes vel egentlig at Populære spill, og PC spill kunne slåes sammen til én kategori. Da det uansett er bare PC-spill som er prioritert som populære spill.

    Det er berre Age of Conan og WoW som ikkje er ute på konsoll, argumentet ditt fell derfor bort. Age of Conan er vel og planlagt til konsoll.

     

    Siden det er en helt særegen MMORPG-målgruppe kunne de heller hatt et forum kun for denne sjangeren.

    Dette blir ein smakssak. Personleg syns eg det er best å dele inn etter plattform, så kan poplære spel få sin eigen kategori. For meg framstår dette som mest oversiktleg.

     

    edit: Eg uttaler meg ikkje på vegne av forumet, men som bruker.

×
×
  • Opprett ny...