Jump to content

skrytebane

Medlemmer
  • Content Count

    107
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

5 :)

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  1. GPS kan du bruke utan datatilgang. Eg brukar ein geotagging-app som heiter "Geotagger" for Android. Veit ikkje om iPhone-utgåve fins. Den kan eksportere GPX-filer, som Lightroom kan importere i map-modulen sin. Eg synest det fungerer ganske bra. Runkeeper kan også eksportere GPX, men brukar nok meir batteri enn Geotagger. (RK er truleg meir nøyaktig, Geotagger sparar batteri mellom anna ved å ikkje logge like ofte.) (ACDSee har eg ikkje brukt, så eg veit ikkje kor lett/vanskeleg det er der.)
  2. https://www.reddit.com/r/photography/comments/ueyz4/what_is_this_icon_on_my_camera/
  3. Eg har ein slik stativ-preset som eg brukar som mellom anna slår av IS.
  4. Det står iallfall i manualen til E-M1 at "When using a tripod, set [image Stabilizer] to [OFF].".
  5. Eg veit ikkje kor stødig du er i japansk, men du finn sikkert ut av det på ein av desse stadene, ev. med hjelp av Google Translate. (Map Camera sel også brukte kamera, så dei kan ha litt billegare enn Yodobashi. Tilrår uansett ein tur innom både Map Camera i Shinjuku og ein av dei svære Yodobashi-butikkane. Dei har alt mogleg rart og festleg.) https://www.mapcamera.com/ http://www.yodobashi.com/ Eg er altså ikkje noko stødig i japansk i det heile tatt, men for meg ser det ut som ca. 7.600 kroner. (Dvs. 9.500 med mva.) Er ikke prisene på yodobashi med japansk moms ? Med "mva" meinte eg her den norske momsen du må betale om du ikkje har tenkt å smugle kameraet gjennom tollen.
  6. Eg veit ikkje kor stødig du er i japansk, men du finn sikkert ut av det på ein av desse stadene, ev. med hjelp av Google Translate. (Map Camera sel også brukte kamera, så dei kan ha litt billegare enn Yodobashi. Tilrår uansett ein tur innom både Map Camera i Shinjuku og ein av dei svære Yodobashi-butikkane. Dei har alt mogleg rart og festleg.) https://www.mapcamera.com/ http://www.yodobashi.com/ Eg er altså ikkje noko stødig i japansk i det heile tatt, men for meg ser det ut som ca. 7.600 kroner. (Dvs. 9.500 med mva.)
  7. Ja, orsak, eg formulerte meg litt dårleg. (Eg skreiv noko meir her, men so svarte flinx betre, og slik eg skjønar det so kan ein ikkje slette meldingar.)
  8. E-M5 II har vel også betre videocodec enn E-M1. (Dvs. høgare bitrate.)
  9. Det er jo ei pakning der, så eg trur det er meininga at det skal virke.
  10. Eg trur at dei er akkurat som alle andre når det gjeld dette, altså. Dvs. at dei ikkje oppgir standard for vêrtetting. Dei reklamerer berre for det i akkurat passe vage termar til at ein ikkje kan ta dei på noko dersom ein skulle vera so uheldig at ein får fuktskader. (Eg har elles hatt E-M5en min (med 12-50) ute i pøsregn ei god stund utan at det har tatt noko skade av det.)
  11. dpreview har skrive litt om denne superfine-innstillinga til Olympus. Det er visstnok ingen synleg skilnad mellom fine og superfine, sistnemnte gjer berre filene veldig store, og dei meiner at det er heilt meiningslaust å bruke superfine, slik eg hugsar det.
  12. Eg har E-M5 sjølv, og der går det iallfall an. Reknar med det er same prosedyre på E-M1. Berre å setje "Picture Mode" til M(onotone). Du kan til og med velje fargefilter. (Nøytralt, gult, oransje, raudt, grønt.) (Eg sjekka. Det er slik på E-M1 også. Sjå side 68 i manualen.)
  13. Kanskje lurt å sjekke om vertettinga på Panasonicen er like god, også. Synest eg såg ein stad (sikkert berre på dpreview forums, eller noko slikt tull) at den ikkje var så bra. Kanskje det er berre tull, men det kan jo vera verdt å finne ut av.
  14. Eg trudde også at det ikkje gjekk med E-M5, så eg er nysgjerrig på om det fins eit triks.
×
×
  • Create New...