Gå til innhold

statisk

Medlemmer
  • Innlegg

    4
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av statisk

  1. Hva betyr ordet "jarve"?

     

    Om du klikker på linken, så ser du det. «Jarve» tyder å spise, slafse, glefse, ete.

     

    Det med Finnmark stemmer berre delvis, men nokre dialekter i fylket er i prinsippet riksmål med nordlandsk dialekt. Hovudsakleg er dette grunna at det var enormt riksmålspress i undervisninga frå 1930-talet av då nordmenn fornorska den samiske befolkninga – blant anna ved nekte samisk og kvensk totalt. Eg siterer Wikipedia:

     

     

     

    i folketellingen av 1930 oppgir over halvparten av befolkninga i Kvænangen enten samisk eller finsk som hjemmespråk, i 1950 oppgav én person å snakke samisk og én å snakke finsk.

     

    Med andre ord, om ein prøver å påstå at det er ein lang og god tradisjon for riksmål i Finnmark vil du ha store vansker for å bevise det. Det er vel heller eit eksempel på at ein har mista gamle språktradisjonar, ved å forsøke å erstatte dei med det me no kjenner som riksmål.

  2. Ivar Aasen var i alle norske fylker bortsett frå Finnmark på samleturen sin. Mykje ord frå både Østfold og Nord-Noreg i landsmålet hans.

     

    Såg sist eit eksempel i Nordlandsavisa, som vanlegvis skriv på bokmål, men hadde med ordet «jarve». Det er ikkje i bokmålsordboka, men er i nynorsk, fordi nynorsken har opphav i større delar av landet og er meir fleksibelt enn riksmål og bokmål.

     

    (Shit, lenge sidan sist eg var på diskusjon.no, forresten. Hei!)

  3. Hei!

     

    Har nyleg motteke ein Harman/Kardon AVR 5000 frå far min, og forsterkaren har visstnok oppført seg ganske eksemplarisk i hans teneste. Men eg lurar på om den har fått ein dødeleg kakk i transporten på veg hit.

     

    Har ikkje mogelegheit til å teste alle inngangar, men har prøvd både kompositt, phono og forsterkaren sin interne FM-radio (har FM-antenne). Kjeldene eg har testa er CD, Video 1, Video 2, Video 3, Video 4 og Monitor (for OSD). Evt. visuelle inputs får eg ikkje ut av forsterkaren, og det einaste av lyd er lydlekkasje (veldig lågt) medan eg snur på volumhjulet. Lydproblemet er uavhengig om eg køyrer gjennom høgtalarane (2x PSB Image 4T) eller headsetet mitt.

     

    Nokon som har nokre forslag til kva problemet kan vere? Er det søppel, eller er det rett og slett ein liten detalj eg fullstendig har oversett (I verste fall får eg berre skifte tilbake til min 26 år gamle Denon…).

×
×
  • Opprett ny...