Gå til innhold

Il-Sung

Medlemmer
  • Innlegg

    109
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Il-Sung

  1. Hei,

     

    Eg tenkjer på å selje min 13-tommers Macbook Air, men eg aner ikkje kva eg skal ta for ham.

     

    Dette er spesifikasjonane:

     

    2,0 GHz tokjerners Intel Core i7, Turbo Boost opptil 3,2 GHz

    8 GB 1600 MHz DDR3L SDRAM

    256 GB flash-lagring

     

    Han er altså nesten fullt oppgradert, unnteken at han berre har 256 GB lagring.

     

    Eg har hatt ham i litt over seks månadar, men han har vore i bruk heilt sidan da.

    Batterikapasiteten har gått ned til 88,2%, med 5908 mAH mot originale 6700 mAH.

    I tillegg har han nokre små, nærmast umerkelege bulkar og riper.

     

    Kva trur dokker eg kan selje ham for?

  2. Takk for svar!

     

    Eg tykkjer Windows 8 ser forferdeleg ut og er ikkje tilpassa datamaskinar, so eg kjem ikkje til å nytte det på ein PC sjølv om den har multitouch.

     

    Eg fann ein løysing på problemet med Mountain Lion og batteritiden, men veit ikkje om det fungerer.

     

     

    Trur nok òg at det koker ned til OS X/Windows. Som sagt har eg lita tru på Windows 8, samtidig som at eg har lyst til å prøve OS X, so eg trur eg går for ein MacBook Air.

     

    Tykkjer de eg bør bytte til i7-prossesor, 8 GB RAM eller 512 GB flash-lagring under "Konfigurer" på Apple-sida?

  3. Eg har endeleg innsett at eg treng ein ny datamaskin, og fordi eg ikkje kan noko om datamaskinar kjem eg til dykk med ein bønn om hjelp.

     

    Budsjettet mitt strekkjer seg opp til rundt 15-16 000.

     

    Datamaskinen kjem til å brukest til å skrive foredrag og tekstar til skulebruk, bileteredigering, surfing på nettet og notatskriving på seminar. I tillegg er det fint om den taklar enkle spel på lavaste innstillingar.

     

    Eg vil ha ein maskin som er stillegåande, rask og samtidig lekker og liten. Storleiken på skjermen bør vere rundt 13 tommer. Ultrabook-konseptet verkar interessant.

     

    Maskinar eg har sett på:

     

    - Samsung Series 9 (10 295 kr)

    - Asus Zenbook Prime (10 865 kr)

    - MacBook Air (12 490 kr) (15 860 kr med Intel core i7, Keynote, Pages og Time Capsule 2TB)

     

    Har sikla spesielt over MacBook Air, fordi den har eit operativsystem som er nytt for meg, og den skal visst ha ei mykje betre brukaroppleving.

     

    Si i frå om de veit om nokre andre passande maskinar, eller om nokre av maskinane eg har lista opp ikkje passar.

     

    På forhand takk!

×
×
  • Opprett ny...