Gå til innhold

hombe

Medlemmer
  • Innlegg

    17
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av hombe

  1. Jeg er mye ute i naturen, siden mine hovedinteresser er jakt, fiske, friluftsliv og ski (bratt). Det vil først og fremst bli mye natur- og actionbilder.

     

    I tillegg tenkte jeg å kjøpe 18-200mm objektivet fra Canon.

     

    Ein av hovedfordelane med å velge kitobjektiv 18-55 i forhold til 18-200 er at kitobjektivet er mykje mindre. Dermed blir litt mindre plagsomt å gå med kamera framme heile tida. Saknar avogtil min 350d med kit når det gjeld akkurat det. Det å bytte objektiv er egentlig ikkje så mykje stress som folk vil ha det til. Det er jo heile vitsen med eit systemkamera:) Eg ville kikka etter brukte 70-200 f/4 hvis du treng tele, har sett dei ned i 2500kr på foto.no.

     

    Hvis actionbilder betyr "ski (bratt)", så betyr det også i dei aller fleste tilfeller masse lys, så lysstyrken på objektivet til den typen fotografering, er ikkje så nøye. Blender oftast ned til minst 5,6 sjølv, i dei fleste tilfeller i slike situasjonar, sjølv om optikken min har betre lysstyrke. Det som kan vere vanskelig, er å få bilder tatt med telelinse med tett utsnitt til å bli i fokus, det stiller litt krav til både kamera, fokusmotor i objektiv og teknikken til fotografen. Men det er ikkje umulig å få til med enkelt utstyr, har fått mange gode treff med 350d og 55-250 is (billig plastikktelezoom) og dei gangane det er blir bom så kan det like gjerne vere evna til fotografen til å holde fokusprikken på målet som har svikta. Har no oppgradert til 7d og 70-200 f/4, men det blir ei heilt anna vekt og prisklasse. Håper treffprosenten øker, det er kjipt når alt stemmer bortsett frå fokusen ;-) Dei beste skibilda er uansett etter min meining ofte ikkje bilder tatt med teleobjektiv med tett utsnitt, men bilder som viser ein skikøyrar i ei spektakulær linje i eit flott landskap. Slike bilder får ein tatt med allslags utstyr, så lenge ein klarer å komme seg til det spektakulære landskapet, i riktig lys og har blikket i orden.

     

    Det ser ut til at du stort sett kjem til å bruke kameraet utendørs i allslags vær. Er du låst på canon? Eg ville også kikka på pentax, feks k-5 med 18-55 WR. Pentax lager optikk og kamera med god værtetting i vesentlig rimeligare prisklasse enn canon og nikon. Dei lagar også modellar som er påkosta og gode uten å vere fysisk store, dermed burde det vere det perfekte turkamera. Bildekvaliteten på lav iso er også litt betre, (evne til å få feks både ein lys himmel og ein mørk forgrunn til å sjå bra ut etter drastisk bildebehandling) uten at eg ville lagt så veldig stor vekt på det.

  2. For meg så blir muligheten til å sette en max-verdi i auto-iso en god forbedring. I dag bruker jeg auto-iso minimalt siden jeg ikke har god nok kontroll over isoen.

     

    Litt forbetring. Men fortsatt ikkje muligheit for eksponeringskompensasjon i Manuell med autoiso. Synest det er litt molbo at dei etter så mange år med digitalkamera fortsatt ikkje skjønner at det er den ultimate automodus. Sjå på motivet, sett eksponeringskompensasjon avhengig av dynamisk omfang og kor lyst ein vil ha det, sett passe lukkartid og ønska blendar og la kameraet regne ut resten. Eg tar mykje bilder i lys med liten kontrast og med lyse motiv og det blir litt for mykje møl å lysne opp alt i etterkant, så eg held meg stort sett unna autoiso. Lukkartida i AV med autoiso blir ofte for lang. Dermed blir det stort sett AV med ein omvei innom isoknappen for å få passe lukkartid, i dei tilfella der eg vil ha halvauto. Trur dei er redd for at vi skal bli forvirra....

     

    "EOS 7D will be able to rate images from 1 to 5 stars in-camera for quicker and easier sorting of images within your workflow. The ratings can be used to sort images in applications such as Adobe Elements, Adobe Bridge and Apple Aperture." Denne funksjonen har eg savna og den kjem eg til å bruke. Fint å kunne ta litt av sorteringa på forhånd.

     

    Økt RAWbuffer, Rawkonvertering i kamera og JPG-resizing i kamera er sikkert gode greier for sportsfotografer som vil bruke RAW, men samtidig få bilda sine ut på nett så kjapt som mulig. Vi andre kan bruke det til facebook eller mms. Med ein CF-lesar til smarttelefon blir dette perfekt for min det til å plage folk som ikkje blir med på tur med betre actionbilder enn ein får til å ta med mobiltelefon;)

     

    Eg trur 7D mkII kjem likevel. Det er nok fortsatt eit marked for topp sportscropkamera som kan fungere som digital telekonverter med god autofokus. Ihvertfall så lenge lange lyssterke teler fortsatt kostar fryktelig mykje, og ein ikkje har raske FF-kamera med D800 oppløysing. Sett dei inn autofokusmodulen frå 1DX vil den dekke nesten heile bildet :)

    • Liker 1
  3. Trykk på update DNG preview and data i metadata menyen. Størrelsen for den innebygde preview blir da den du har i Preferences&--#62;File Handeling&--#62;DNG creation. Då får du det ferdigredigerte bildet som "embedded preview" i DNG-fila.

     

    Eg brukte DNG ei stund sjølv, blant anna fordi eg tenkte det var fint at DNG inneholdt ein stor preview av det ferdig redigerte bildet. Men det å måtte ha dobbelt opp med lagring sidan eg også ville beholde dei orignale filene, samt synkronisere sletting av skrot, og ventinga ved import gjorde at eg til slutt gav opp å bruke DNG. I tillegg så må ein synkronisere heile fila ved backup i motsetning til ei lita *.xmp fil hvis ein bruker originalformatet og skriv endringar til xmp.

     

    Men du har kanskje eit kamera som gir DNG-filer direkte?

     

    Trondster:

    Så vidt eg veit så kan alt du kan gjere av redigering i LR lagrast i xmp og dermed også i xmp-feltet i DNG-fila. Men det er vel berre LR og Camera RAW som skjønner det. Previewen kan derimot visast i av mange program.

  4. Sport og 5DII er rimelig dødfødt. Alt etter hva type sport du bruker det til må du nok regne med lavt antall keepers pga elendig fokussystem som er svært avhengig av kontrastpunkter for å klare å sette fokus og vil da i tillegg typisk nok slite ekstra mye i lavlys/gråvær/kveld.

     

    Er 5DII sin AF virkelig så ille? Eg har liksom tenkt at hovedforskjellen på den og 7D er at på 5D er det kun senterpunktet som er godt (krysspunkt med muligheit for AF-expansjon med hjelpepunkt), medan på 7D så kan ein flytte dette punktet ut til sida og likevel bruke AF-expansion. Og sidan 5D tar opp bilder på eit 2,6 ganger så stort areal, så er det ikkje så farlig om ein må croppe litt ekstra i etterkant for å betre komposisjonen. Men der kan selvfølgelig vere store forskjellar i kor raskt systemet oppdaterer seg, kor intelligent og kor konfigurerbart det er. Har sjølv nyinnkjøpt 7D, men har ikkje prøvd den til sport endå.

     

    Olav Stubberud og Frode Sandbech ser ut til å ha klart seg ganske bra med å skyte action med 5dII på regelmessig basis, men no er ikkje tele/følgefokus i dårlig lys det dei driv mest med ;-)

  5. Eg har ikkje 5d II så dette må nokon andre svare på, men det er mulig du må aktivere hjelpepunkta rundt senterpunktet i ein eller annan meny for at dei skal virke?

     

    Vart så nysgjerrig at eg sjekka det opp sjølv;) Vi du bruke hjelpepunkta rundt senterpunktet i AI-servo modus så akivere dei i ein meny. Dei gjer det lettare å følge motivet sidan "blinken blir litt større". Sjå i bruksanvisninga på side 180.

     

    gjelder ikke dette for optikk som er raskere enn F4 ?

     

    Nei, alle hjelpepunkta er fungerer med blender f/5,6. Men to av dei blir kryssensitive med blendar f/2,8 eller betre. Sjekk manualen din på side 83.

  6. Eg har ikkje 5d II så dette må nokon andre svare på, men det er mulig du må aktivere hjelpepunkta rundt senterpunktet i ein eller annan meny for at dei skal virke?

     

    Vart så nysgjerrig at eg sjekka det opp sjølv;) Vi du bruke hjelpepunkta rundt senterpunktet i AI-servo modus så akivere dei i ein meny. Dei gjer det lettare å følge motivet sidan "blinken blir litt større". Sjå i bruksanvisninga på side 180.

  7. Fokuslyset frå ein blits eller ein blitsutløsar kan hjelpe i veldig mørke omgivelsar, men det vil vel kun fungere i One Shot AF. Eit meir lyssterkt objektiv vil vel også hjelpe, men ein 300mm f/2.8 er sjukt dyr og tung;)

     

    "Tar for det meste acion bilder (sport) med håndholdt kamera og en 70-300mm linse.

    Kameraet står i P modus med kun senter fokus punkt aktivt."

     

    Får du korte nok lukkertider til å fryse motivet? Min erfaring med P er at den forsøker å holde lukkartida rask nok til å hindre kamerabevegelse, men ikkje nødvendigvis rask nok til å fryse motivbevegelse. Spesielt ikkje på vidvinkel, men opp mot 300 mm kan kanskje lukkartidene bli brukbare. Eg ville valgt ein annan modus til actionfoto, der det er enklare å få den lukkartida ein treng. I den situasjonen er kor tett utsnittet er av motivet og kor fort motivet bevegar seg viktigare enn brennviddestyringa som foregår i P.

     

    Det enklaste og billigaste rådet er å bli betre på skarpskyting. Stå stødig i ein posjon der du lett kan følge motivet med midtprikken med kameraet innstilt på AI-servo. Prøv å hold midtprikken på ein del av motivet som har nok kontrast. Ikkje alltid like enkelt, men eg trur trening hjelper. Sørg for at at autofokusen får tid til å stille seg inn (minst eit halvt sekund?) før du fyrer laus.

     

    Eg har ikkje 5d II så dette må nokon andre svare på, men det er mulig du må aktivere hjelpepunkta rundt senterpunktet i ein eller annan meny for at dei skal virke?

  8. For canon sin del med for eksempel 5d mk III så ordnar dei dette med iso 50 vs iso 100 ved skrive ein tag i rawfila som rawfilbehandlingsprogrammet kan velge å lese. Konverterer ein filene til DNG er iso 50 filene tagga med BaselineExposure=-0,75 (*) og iso 100 filene tagga med BaselineExposure=+0,25. Eg trur dei fleste med "low-iso expansion" løyser det på denne måten. Det samme gjeld 1/3 isotrinn for for eksempel canon 7D.

     

    Ein vil få mindre støy i iso50 bildet hvis ein bruker dobbelt så lang lukkartid som om du hadde eksponert ved iso 100. Med samme blender/lukkar blir RAW-fila blir den samme, men defaultinnstillinga som først visest i RAW-framkallaren kan bli ulik. Tenk på det som ein måte å drive med ETTR på base-iso, der ein ferdigstiller bildet litt meir i kameraet. Enten ved at ein bruker JPG'en direkte eller ved at bildet ser meir ferdig i det ein opnar det i RAW-fil framkallaren.

     

    Eg er meir interessert i korleis det går føre seg i høgiso enden. Hvis dei høgste trinna kun er digital gain, så burde vi få vite kva som er høgste iso oppnådd ved analog gain. Ved bitshiftløysinga og fotografering i RAW så kan ein miste høglysinformasjon som ein ellers kunne gjort seg nytte av. Merk at det beste kameraet er ikkje nødvendigvis er det som har høgst mulig iso oppnådd ved analog gain, sidan nytten av analog gain blir mindre og mindre ved høgare iso.

     

    Eg synest Fuji har ordna dette på ein forbilledlig måte med X100. Her er iso over 1600 kun merka som ein tag i rawfila. Dermed kan ein gjere bildet litt meir ferdig i kameraet hvis ein treng raskare lukkartider enn det enn det som gir passe eksponering ved iso 1600, og så kan ein hente inn høglys som ville blitt registrert ved iso1600 frå RAW-fila. Håper sony har valgt fuji-metoden.

     

    Spent på korleis sonyen ser ut med objektivet sammenslått, hvis det allereie ikkje er det.

     

    (*) Sjå DNG spesifikasjon her:

    http://wwwimages.adobe.com/www.adobe.com/content/dam/Adobe/en/products/photoshop/pdfs/dng_spec.pdf side 32.

  9. Får håpe dei puttar autofokusen fra 1dX/5dmkIII inn uten å endre størrelsen. Då vil den dekke nesten heile søkeren ala nikon D300. Hvis dei gjer modellen like avansert som 1dx, så kan det jo det kan dekke opp for "tapet" av 1.3 crop serien. Men då blir vel prisen også deretter.

     

    For min eigen del håper eg vel mest på 7d mk I på tilbud i utfasninsgperioden, eller at bruktprisen går ned....

  10. Eg bruker poser med foldelukking av typen linka til under når eg bruker kameraet i kaldt vær, og så går inn i varme fuktige lokale. Også praktisk for å hindre at kameraet blir vått når det ligg i sekken når det regnar, eller på telttur etc. Pass deg for dei tynnaste variantane av slike posar, dei er dyre og blir fort utslitt. Synest det er meir praktisk med slike posar enn plastposar.

     

    http://www.seatosummit.com.au/showdetail.php?Code=ADS

     

    Til det meste av bruk så held nok kameraveska i massevis, så lenge du held den lukka til du skal ut igjen eller ventar til kameraet er blitt varmt. Det går raskare å varme opp kameraet hvis du har det i ein pose og kan ta det ut av sekken.

     

    Omtrent kvar skidag i skianlegg, så ser eg folk som absolutt må kikke på bilda i varmestua i lunsjen, så det er nok av dei som ikkje bryr seg. Når ein må dra av duggen av skjermen kvart 15. sekund for å i det heile sjå bilda, så burde ein vel kanskje skjønne at dette ikkje er så sunt? Blir skeptisk til å kjøpe brukt kamera av å sjå slikt ;-(

     

    Mulig eg er litt vel overforsiktig....

  11. Sjølv likar eg best bøker for å forstå dei store sammanhengane, og så søker eg etter videoar hvis eg treng meir tips om enkelte funksjonar.

     

    For meg er trikset med bildebehandling å bruke photoshop/layers minst mulig, men heller gjere mest mulig i råfilkonverteringa. Skal du feks, justere tonekurve, kvitbalanse, fargemetning, flekkfjerne og skarpe opp ein drøss med bilder og samtidig gjere alt slik at du kan ombestemme deg på kvart enkelt trinn, så blir det veldig mange adjustments layer og store filer i photoshop. I tillegg må du tenke over kva du gjer først og sist. Gjer du det samme i Camera Raw, så kan dei fleste redigeringstrinna dine lagrast på eit par linjer, du kan ombestemme deg på alt uavhengig av det andre og rekkefølgen spelar liten rolle. Bruker du råfiler som utgangspunkt blir også resultatet betre i dei fleste tilfeller.

     

    Denne boka er ganske grundig på korleis du kan gjere mest mulig i Camera Raw/Bridge:

     

    Real World Camera Raw with Adobe Photoshop CS5 by Jeff Schewe and Bruce Fraser

     

    Det finnes også ei bok i samme serien som dekker heile photoshop (inkludert Camera Raw/bridge, men ikkje så grundig):

     

    Real World Adobe Photoshop CS5 for Photographers by Conrad Chavez

     

    Den er litt lærebokaktig og kanskje ikkje så veldig inspirerande, men eg liker den godt alikevel ;-) Eg har CS4 variantane, CS5 varianten av den siste er ikkje komt ut enda.

  12.  

    Jeg er fortsatt ikke 100% overbevist, men denne fyren som skriver ser jo ut til å ha litt over gjennomsnittlig peiling. Skulle gjerne ha sett skikkelige måledata. Burde ikke dette ha vært synlig i DxO-målinger?

     

    Sidan dykk ikkje virkar heilt overbevist om at dette ikkje berre er ei moderne internett-myte skapt av folk som virkar skråsikre på ting dei egentlig ikkje veit noko om, så foreslår eg att dykk testar sjølv. Er ikkje 110% overbevist sjølv, det står jo så mykje rart på internett...

     

     

    Test nr 1

     

    Ta bilde lyst nesten utbrent bilde av ei kvit flate og fortsett å øke eksponeringa ved å øke lukkertida med 1/3 steg til til opptaket med sikkerheit er grundig utbrent. 2 EV steg opp fra eit lyst bilde burde vere tilstrekkelig. Repeter med ei 1/3-isoinstilling under, på og over eit heilt isosteg, feks iso 320, iso 400 og iso 500. Juster så opptaket med exposure i ein råfil-converter og sjå kor mykje høglys ein kan redde inn i forhold til default innstillinga. Er råfilkonverteren programmert av ein fornuftig person vil signal som er utbrent i alle kanalar aldri bli noko anna enn kvitt og utbrent uansett om ein legg på -4 EV på exposure slilderen. Ligthroom og CR fungerer ihvertfall slik.

     

    Stemmer det at canon sine 1/3 isosteg er eit reint software fenomen vil filene tatt på iso 320 ha 0,6-0,7 mindre høglys å hente inn enn dei som er tatt på iso 500.

     

    Test nr 2

     

    Råfilene til Canon er skrevet på japansk i eit språk kun canon-ingeniørar forstår ;-) For å få noko fornuftig ut av filene aleine må ein konvertere dei til eit åpent og dokumentert format. Adobe har eit slikt format i DNG.

     

    http://www.adobe.com/products/dng/

     

    Last ned DNG converteren og konverter filene til DNG.

     

    Last ned Adobe DNG Software Development Kit (SDK)

     

    http://www.adobe.com/support/downloads/thankyou.jsp?ftpID=4529&fileID=4219

     

    Inne i denne pakka finnes det eit program som heiter validat_dng.exe. Kjør validate_dng.exe i command vinduet med syntax:

     

    validate_dng.exe -d 10 Filnavnetpåfiladi.dng

     

    Når du da skrollar øverst i commandprompt-vinduet så står BaselineExposure-tagen på øverste linje. På mitt kamera, 350D trur eg den er +0.25 for alle iso verdiar. Er denne verdien ~0,3 lavare for iso 320 enn for iso 400 og ~0,3 høgre for iso 500, då er det vel openbart at isotrinna er ganske primitivt implementert...

     

     

    Hmm... Det var ein lite produktiv søndags morgen. Det er hardt å vere nerd ;-)

  13. Hombe: I M med auto-ISO, så har det en funksjon ja, men det er jo først med 7D at Canon har klart å implementere en nogen lunde vettug auto-ISO i M. Hva det har med saken å gjøre for jpeg-folket skjønner jeg ikke.

     

    Å mørkne ei fil med 0.32 EV ved konvertering til fra RAW til JPEG i kameraet har berre positive konsekvensar. Canon sine kamera har god plass på høgresida av histogrammet med linært fint signal, ihvertfall meir enn 0.32 EV.

     

    Å lysne ei råfil med 0.32 EV ved konvertering til JPEG i kameraet har heller ingen dårlige konsevkensar. Grunnen til å skulle ETTR'e er vel først og fremst for å få fleire signalnivå i skyggane. Ei råfil har fleire signalnivå som ei JPG fil i utgangspungtet, og når fila blir konvertert til 8-bit i kameraet så taper ein dei signala uansett. Så eg ser ikkje heilt at det skulle vere eit stort problem.

     

    Så for JPEG-folket så synest eg jukse-iso er gode greier.

     

    På samme måte er canon sin Highligth priority berre fjas om ein fotograferer i raw, men gode greier i jpg. Med highligth priority tar kameraet bilder ved eit isosteg lavare enn du har stilt det inn på og så justerer det brigthness (mellomtonane) og skyggane opp, men lar høglysa vere. Sidan dette blir gjort før konvertering til 8 bit jpeg så er det ein fin funksjon for JPEG-folket. Men i RAW for dei som kan å utnytte høglys-kapasiteten, blir det berre fjas....

     

    (moderert litt bastante utsagn...)

  14. Tja,

     

    Hensikt har dei jo. For dei som fotograferer i jpg har dei ganske stor hensikt sidan justeringa blir gjort ved konvertering til jpg i kameraet. Og sjølv for RAW-fotografar kan dei ha hensikt når ein fotograferer i manuell med auto-iso. Hadde dei tatt bort den støtte for 1/3 iso-stop for rawfiler ville manuell med auto-iso funksjonen blitt litt merkelig ;-)

     

    Men eg ville synest litt skummelt at størrelsen på "headroomet" kan fordre seg med 0,6 EV avhengig av om iso var 320 eller 500. Så eg ville nok skrudd av 1/3 iso-steg funksjonen om eg hadde eit slikt kamera. No tar eg ein titt på utbrentvarselet på baksida, og er det lett flekkete, eller histogrammet ikkje klatrar veldig på høgre vegg, veit eg at dei høglysa kan eg lett redde inn i konverteringa. Hvis den vurderinga blir 0,6 EV forskjellig avhengig av iso blir det heile litt for komplisert...

  15. Det mest ironiske med denne tråden er vel faktisk at tomsi sin 30D faktisk burde ha støtte for 1/3 iso-steg, ut fra det eg kan lese på nettet. Sikker på at det ikkje er mulig å skru den på i ein custom function eller med oppdatert firmware? I følge manualen burde den alltid vere på og ikkje ein gang mulig å skru den at? Fungerer det kanskje kun for jpg?

     

    http://www.canon-30d.com/Canon-EOS-30D-Manual.PDF sjå side 53

     

    Men som sagt så trur eg ikkje det forandar noko som helst så lenge du fotograferer i raw. I følge denne tråden så er nikon sin måte å gjere dette på ganske annaleis:

     

    http://www.naturescapes.net/phpBB3/viewtopic.php?f=2&t=139621

  16. Nei, ikke alltid. Kommer an paa motiv.

     

    No trur eg vi snakkar forbi kvarandre... Det kjem absolutt ikkje an på motiv, men kun på korleis kameraet implementerer 1/3 iso stop.

     

    Tomsi tar bilder i lite lys av ting som ikkje står i ro og er låst til ein viss blendar/lukkar.

     

    Med denne blenderen/lukkar kombinasjonen så blir delar av bildet ugjenkallelig utbrent med iso 1600 og ein tanke undereksponert ved iso 800.

     

    Han skulle dermed ønske at han hadde hadde eit "canon"-kamera med muligheit for å ta bilde på 1000 eller iso 1250. Men saken er at det ikkje ville forandra ein skit på grunn av måten canon implementerar 1/3-iso stop i sine crop-kamera.

     

    Iso 1000 bilde ville fått akkurat like mykje støy som iso 800 bildet sidan det egentlig berre er eit lysna iso800 bilde.

     

    Iso 1250 bildet ville fått akkurat like mykje utbrente høylys som iso 1600 bildet sidan det egentlig er eit nedjustert iso 1600 bilde, og dermed har mindre plass utanfor høgresida av histogrammet og dermed mindre muligheit til å redde inn høglys.

     

    Så hvis det dynamiske omfanget i scena er stort med høglys som lett brenner ut, så er det fornuftige å ta eit litt undereksponert iso800 bilde og så justerer det lysare etterpå i råfilkonverteringa. Er det dynamiske omfanget lite så kan ein trykt ta eit litt for lyst iso1600 bilde og justere det ned i råfilkonverteringa. Hvis mulig er det siste er å foretrekke i forhold til støy og antall tonenivå i dei mørke delane av bildet.

  17. For canon utenom 1d-serien (og 5d?) trur eg faktisk at påstanden stemmer. Her er ein link til ein diskusjon mellom ein Adobe Camera Raw ingeniør og ein kar som er veldig opptatt av fenomenet.

     

    http://forums.adobe.com/message/2408645

     

    Slik eg tolkar dette, så er datagrunnlaget for eit bilde tatt på for eksempel iso 320, det samme som eit bilde tatt ved iso 400. Men for iso 320 blir det lagt ein tag i råfila, "BaselineExposure" i tilfelle DNG/Camera Raw, som justerer nullpunktet for exposure slideren -0.32 EV slik at opptaket blir automatisk justert når ein opnar fila i konverteringsprogrammet. For eit bilde tatt ved iso500 blir justeringa +0.32 EV.

     

    Min gode gamle 350D har berre heile isotrinn, så eg har ikkje testa om det stemmer i praksis. Er det slik det henger sammen så ser eg ingen grunn til å savne 1/3 iso-trinn og dei som har modellar som fungerer slik bør vere oppmerksom på at størrelsen på "headroom'et" til høgre for default histogrammet vil vere avhengig av om ein er på, -1/3 eller +1/3 av ein "hardware iso stop".

×
×
  • Opprett ny...