Gå til innhold

Teitgutt

Medlemmer
  • Innlegg

    966
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Teitgutt

  1. Ålreit episode. Hadde håpa at folk skulle døy litt stiligare. Var nokså sikker på at Beric skulle ta kvelden, så var klar for det, men det finst stiligare måtar å døy på enn gjentatte knivstikk. Greit å få snorkekongen Night King rydda bort, og har det heilt fint med at Arya var den som tok knekken på han. No kan vi endeleg få litt krig med den mykje kulare villainen Cersei.

     

    Alle mine favorittkarakterar er no døde(Theon, Thoros, Joffrey og dynamittduoen Olenna/Margery), så det er litt nedtur. Men har sansen for Davos og "den nye" Sansa, så er ikkje heilt krise heller. Og om Robin Arryn, sjefen sjølv, gjer ein retur er alt tilgitt.

     

    Vedr. diskusjonen om Trant bak her, var han etablert som ein pederast. Det såg eg seinast i går, då eg såg ein episode frå sesong 3 der Bronn refererer til det.

  2. Mid90s

     

    Regi- og manusdebuten til Jonah Hill. Coming of age nostalgi om ei betre, og vanskelegare, tid på 90talet, der det går i skateboard og golden era hip-hop. Meget, meget opp i mi gate. God dialog, godt skodespel og mange fine klipp. Også for eit soundtrack då! Topp tre filmar frå 2018 for min del.

     

    8/10

    • Liker 1
  3. Elskar først og fremst at det siterast ein post frå 2004 her. Uansett,

    Såg Mean Streets her om dagen. Som ein kompis sa, er dette nærast som å rekne for Scorsese sitt forsøk på å lage ein Linklater-film, sjølv om det endå skulle ta nær 20 år før Linklater og hans stil slo gjennom og vart relevant(sjå Dazed and Confused, Everybody etc OG avataren min). Det aleine er ikkje eit kvalitetsteikn for meg, men det er ein bra film. Om enn ikkje så grei å få eit historiemessig grep om, som i Goodfellas(eg skal drepe alle som gir den under 9/10) er det eit ålreit gangster, men eit solid gangsterdrama. Og De Niro på sitt unge og mest cocky.

    4/6

     

    EDIT: Litt dårleg setningsoppbygging og sånt her, ja. Det får berre stå.

    • Liker 1
  4. You Might Be the Killer

    Grei moderne metahorror. Det har blitt ein del av dei etter Rise of Leslie Vernon og Cabin in the Woods, og eg er ein sucker for det. Problemet er at det blir mange av dei. Denne er heilt på nivå med Final Girl, Murder Inc og andre underholdande filmar innanfor sjangeren. Verdt å sjå om ein likar sjangeren, men revolusjonerer ingenting.

    4/6

     

    Coherence

    Såg den igjen nyleg, og eg elskar denne. Eigentleg ein film ein burde vite minst mogleg om før ein ser den.

    6/6

     

    Det er forøvrig heilt ekstremt latterleg å kome med påstandar om at Hollywood øydelegger historier eller at ein ikkje må endre på ting for å lage filmadaptasjonar. For å lage ein film, eller ei historie i det heile tatt, må ein ha ei fortelling som går frå A til B på det eine eller det andre viset. Her er det mange måtar å gjere det på(ref. Rick Linklater, Napeoleon Dynamite etc), men tilpasningar må gjerast, enten det er for å fortelle historia muntleg, om det er i bok, på film eller radio. Enkelte filmar har gått i baret, som Braveheart, men så har ein også gode eksempel. Lords of Chaos var forenkla, men nokså korrekt. Det same med t.d. A Futile and Stupid Gesture eller Straight Outta Compton. Ja, ein kan drite i å tilpasse seg, men då får ein at best ei rotete fortelling kun dei involverte karakterane forstår hendingsforløp og motivasjonar, men eg ser idealismen. Problemet er berre at idealismen er idealistisk vås. Helsing tekstforfatter.

  5. Dead in a Week(Or Your Money Back)

    Ein kar er skikkeleg dårleg til å begå sjølvmord, og leiger ein nokså sympatisk eldre leigemordar til å gjere jobben innan ei veke. Men så lærer han jo å like livet då, men så er jo leigemordaren avhengig av å fullføre kontrakta si og så videre og så videre. Likte premisset og ein del av karakterane, så er litt nedtur at gjennomføringa ikkje lever heilt opp til ideen og universet. Det sagt, var eg jo godt underholdt medan eg såg den, så det må jo vere verdt noko.

    6,5ish/10 

  6. Er på BIFF og får med meg litt

     

    The House That Jack Built

    Wow! Det er så lenge sidan eg har sett så sjokkerande scener bli fortalt som om dei er ingenting og godtatt kor brutalt ting er kun fordi hovudpersonen sjølv er ein apatisk galning. I tillegg er det noko av det aller festlegaste eg har sett. Denne trykte på mange knappar. Eg likar eigentleg ikkje Lars von Trier så godt, men dette er eit mesterverk i mi bok. Ein stad mellom Tarantino og Lynch. Unikt. Fantastisk! 6/6

     

    Lords of Chaos

    Denne kan eg snakke lenge om. Eg forventa ein langt mørkare film, og spesielt etter å ha lese Dødsarkiv og sett Once Upon a Time in Norway 1000 gonger, hadde eg jo lyst til å sjå historia om korleis tre tenåringar frå Follo skapte black metal. Det sagt, visste eg jo eigentleg at filmen handla om Euronymous og Varg Vikernes, og det var også fortellinga ein fikk. Det er mykje eg skulle ønske ein fikk meir av, som mystikken rundt Euronymous, meir ein korleis han alltid prøvde å vere frontfigur i metalmiljøet, og det er litt frustrerande at Necrobutcher og Metallion er degradert til perifære karakterar. Det sagt, er det ei relativt grotesk(dog mindre enn forventa) og underholdande historie om to personar som alltid vil vere den drøyaste i miljøet. Eg må nok peise gjennom Dødsarkiv og dokumentarane ein gong til, samt sjå filmen ommat, før eg gir ein endeleg dom. For den forteller det den skal fortelle. Problemet er at den forbigår mange gode historier og har ein del svake locations(Varg kjem ut frå ein filmbutikk i "Bergen", før han reiser til Oslo for å drepe Aarseth. Men både filmbutikken og drapet er filma på Tøyen. Vidare ser du ein trikk i bakgrunnen når Faust dreper han fyren. Og der er jo ikkje trikk i Lillehammer. Men det blir detaljar.) For all del verdt å sjå, men ikkje forvent den mørke filmen eg håpar å sjå. Underholdande/6

    • Liker 1
  7. Du kan få deg ein jobb og gå opp som privatist. Då leser du på faget på eigenhand og møter kun opp til ein eksamen. Å gå Sonans etc. er bortkasta pengar om du er skulelei. Du finner nok tilbake til motivasjonen når du har fått skulegangen litt på avstand. Geo og IT er vel uansett valgfag, så du kan ta to andre meir interessante fag om du vil, trur eg.

    • Liker 1
  8. All Eyez On Me

     

    Hadde håpa at denne kunne følge opp Straight Outta Compton, men etter at den fikk laber kritikk sank forventningane. Publikum hadde likt den då, så tenkte eg kanskje ville i det minste like den. Tja. Elendig klipping, laber dialog og veldig "og så skjedde det, og så skjedde dette, og dette, og så skjedde dette" heller enn å fortelle ei historie. Likevel - Historia om Tupac Shakur er jo likevel ei god historie, eg er tidvis nøgd og det er eit par ålreite skodespelarprestasjonar ute og går, men eg skulle sterkt ønske det vart gjort betre enn dette.

     

    5/10

  9. Har opplevd tilsvarande. Eleven kom til meg og melde frå om pågåande ting som det ikkje vart gjort noko med, og då eg tok ho med meg for å snakke med læraren i kontorbygget vart vi stoppa av ein annan kollega som ikkje skulle ha noko av at eg skulle plage læraren med sånt i friminuttet. Var kok forbanna då eg gikk for å undervise den påfølgande timen.

  10. Livet vart generelt lettare då eg berre sa "HYSJ!" til alskens vås om popularitet, å skulle vere vener med alle og alltid skulle vere fornuftig. Litt feilmargin må ein ha, men eg forstår at mange opplever dei sosiale impulsane deira som ein skikkeleg negativ faktor i dagens samfunn. Eg er jo ikkje immun sjølv, men litt gi faen-holdning er det ålreit å tillegge seg.

     

    Det sagt, er påtatt gi faen-holdning, sånn at ein berre går rundt i hemp og "BLBLBLBLBLBL" har truse på hovudet og er fri, skikkeleg teit.

×
×
  • Opprett ny...