Gå til innhold

pekle

Medlemmer
  • Innlegg

    788
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av pekle

  1. Nei, det er ingen sportsbil, men kan kanskje kalles sportssedan. Fins med manuell og automat. 155hk, rekkesekser. Hovedkonkurrenten er BMW 3-serie.

     

    Grunnen til at den var Toyota i Japan er at Lexus som merkevare ikkje vart introdusert i Japan før ganske nyleg.

     

    Det same gjeld for ES (Camry), GX (LC90), LX (LC100/V8).

     

    IS200 var brukbart utstyrt da den kom i -99, men med dagens standard kan den vel knapt kalles luksus, da dei fleste mellomklassebilar har minst det same utstyret. IS250 er ein annan sak...

  2. Vasskraft er kanskje blant dei mest miljøvennlege, men å seie at det er heilt nøytralt blir litt feil. Det skal til ganske store tekniske inngrep, oppdemming, kraftlinjer, tilførselsvegar og redusert vassføring som endrar tilhøva nedstrøms. Kvar for seg små ting, men når alle elver er demt opp blir summen ganske stor.

     

    Den store fordelen er at når utbygginga er gjort, er råstoffet fornybart, så verket kan gå og gå i fleire titals år.

     

    Fordi mange av kraftverka i Noreg er minst 40-50 år gamle ser vi ikkje lenger endringa og oppfattar situasjonen som normal, samtidig som verka er relativt små. Men td. Tre Kløfter-prosjektet i Kina er venta å endre økologien ganske kraftig, ingen kjenner konsekvensane i dag.

  3. Når jeg vandrer i min hjemby, føler jeg meg som en utlending...det skal IKKE være sånn i en Norsk by!!

    Kjenner det ikkje slik, sjølv om eg bur i Oslo, der det er størst del av ikkje-vestleg opphav.

     

     

    sitter jeg på bussen, er faen meg den oxo stapp full av svartinger

    Det er fordi dei fleste norskingar har eigen bil. Dei underpriviligerte norskingane (samt dei som prøver å vere miljøvennlege) og dei ikkje-integrerte innvandarane kjører buss.

     

    Nabon med familie er fra Afganistan, mannen i huset dro tilbake til sitt tidligere hjem i afganistan og var der 1 år!!!

    oxo kommer han hjem til Norge og sier at det ikke er trygt å dra tilbake...Da er det noe som skurrer

    Kanskje nokon prøvde å drepe han, så han kom attende?

  4. Det er flere land som er for selvstendigheten, enn i mot.

     

    Det har ingen betydning. De fleste land i verden vil at USA skal drukne i deres eget blod og at samtlige av dem skal dø. Betyr det at det internasjonale samfunnet skal sørge før at det skjer? Såkalt 'argument from majority'.

     

    Det var en ganske drøy påstand. Kan du underbygge den?

  5. Eg hadde matte+fysikk+engelsk og meiner det var eit godt val da eg ikkje er spesielt kjemi-interessert. Den gongen eg søkte på siv.ing var det krav om kjemi (2KJ), men det var berre å ta 2KJ-eksamen den hausten studiet starta (dvs. to dagar lesing for å stå på eksamen)

     

    Så med mindre du skal inn på eit studium som bygger på kjemi er det heilt kurant å ta engelsk (fleire damer og ;) )

  6. Det kjem an på tilbodet. Om du får eit knallgodt tilbod og likevel set deg på bakbeina kan du få motbør. Om tilbodet er likt det som "alle" får så vil dei truleg vere førebudd på at du fiskar litt, kanskje set det opp mot andre tilbod.

     

    Kva slags tilbod du forhandlar fram er forøvrig ein sak mellom deg og HR/sjefen din, og er dei litt profesjonelle vil ingen andre vite om det, så "han som tror han er verdt mer enn andre"-haldninga vil neppe vere generell i bedrifta.

  7. Pekle: Det er nok ikke en trend det å bli selvstendig. Kosovo har kjempet lenge for dette.

     

    Mitt poeng. Det eg meiner er at det no er mindre akseptert at enkeltland tvingar nærområde under seg, slik at utbrytarar lettare får støtte frå det internasjonale samfunnet. Dermed er trenden at ein no får _gjennomslag_ for sine krav (som ein kanskje har kjempa for i hundrevis av år)

  8. Du gir litt av svaret sjølv, dei opportunistiske kan gi veldig bra tilbud over kort tid og dermed ligge i toppen. Dei som kan gi eit meir stabilt tilbod klarer ikkje å ligge heilt i toppen. Det du er ute etter er ein bank som ligg stabilt på topp og som er til for å gi det beste tilbodet til kunden. Velkomen til verda, alle bankar eksisterer for å tene pengar. Så om du heile tida skal ha det beste tilbodet må du nok hoppe rundt ganske ofte. Postbanken er forøvrig eigd av DnBNOR.

  9. Kva for dag i månaden du betaler leige er neppe relevant, da leigeperioden truleg er per månad. Men ettersom du ikkje har fått varsel før no, kan det ikkje gjelde før frå 1. april.

     

    KPI har auka 5.3% sidan mai 2005, så det er den største reguleringa som kan gjerast. Større regulering fell vel da under det som rkorsnes viser til, alstå 6 månader varsel (eller bli oppsagt for eventuelt å teikne ny kontrakt)

     

    http://www.ssb.no/kpi/kpi.cgi?lang=n&b...amp;tilaar=2008

     

    (EgErIngenAdvokat så mest synsing)

×
×
  • Opprett ny...