Gå til innhold

mosleth

Medlemmer
  • Innlegg

    671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av mosleth

  1. Rart at det alltid er eit par som gjer det der!

     

    Nei, det er (mest sannsynleg) ikkje strykgrunnlag. Sensorane skal vurdera teksten din etter måla i læreplanen. Så lenge det ligg føre eit godt vurderingsgrunnlag i teksten din (og det skal det jo gjera), så er du mest truleg trygg. Strykkarakteren får du berre dersom sensoren ikkje kan veta kva for oppgåve du valde (og difor ikkje har eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag).

     

    Men det bidreg ikkje positivt for karakteren din, heller. Best å dobbeltsjekka sånt.

  2. En opptatt person = ein oppteken person

    Kroner (NOK) = kroner

    Minutter = minutt

    For sin veg = fór sin veg (å fare, fer, fór)

    Ladet (som i negativt ladet ord) = ladd

    Problemer = problem

    Utgitt = utgjeven

    ..å ha lest ferdig = å ha lese ferdig

    Foregå, foregår, foregikk = å gå føre seg

    Frampek = frampeik

     

    Og eg er 100% viss.

  3. Du bør læra deg andregradslikninga utanåt, men i somme tilfelle er det raskare å faktorisera:

     

    x²-2x-3 => (x+1)(x-3)

     

    Vi ser no at dersom x=-1, får vi:

     

    (-1+1)(-1-3) => 0(-4) => 0.

     

    Og dersom x=3, får vi:

     

    (3+1)(3-3) => (4)*(0) => 0.

     

    Sidan vi veit at 0/x = 0 (når x ikkje er lik 0), veit vi at dei to løysingane som tilfredsstellar (x²-2x-3):(x+2)=0 er 3 og -1.

  4. Nja, likte Dark Souls frem til jeg fikk den der balja fra hun gudedattera. På et tidspunkt ble jeg så overlevet at spillet faktisk ble utrolig lett. Et ganske godt spill, men veldig mye repetisjon i kampene gjorde at jeg mistet gnisten litt. På femstjernersskalaen får det vel tre stjerner av meg.

    Prøv DLC-en! Ganske mykje vanskelegare enn områda til Nito, Seath, 4 Kings og Bed of Chaos.
  5. 1.koss er det med åsom? Koss er det med alvom? Kvi kjem du eismal til jounheimen

     

    «Korleis går det med æsene? Korleis går det med alvane? Kvifor er du komen til Jotunheimen åleine?»

     

    2.Eg såg ikkje brur bita breiare eller meir mjød ei møy drikka”

     

    Eg har aldri sett noka brud bita så breitt, eller noka møy drikka så mykje mjød.

     

    3. rett meg dei raude ringar av handom, om du vil eignast elsken min, elsken min og alle mi hyllest.”

     

    Dra ringar raude av hendene dine, om du vil ha kjærleiken min, kjærleiken min og hyllesta mi.

     

    4.eg har løynt lorrides hamar åtte raster under jorda

     

    Eg har gøymt Lorrides hammar åtte raster under jorda. (Ei «rast» er lengda ein går før ein kviler, om lag ei mil.)

  6. Du får ei lita øks som våpen. Ho er ganske rask, men Bandit-øksa er langt betre.

     

    Alle (iallfall dei aller fleste) våpen har «stat requirements» på seg. Så lenge du møter desse, kan du bruka eit kvart våpen, uavhengig av klasse... men Drake Sword er udugeleg. Unngå!

  7. Eg vil foreslå at du Titanite Demon-folka i kjellaren på Sen's heilt mot slutten av spelet, eller når du eventuelt får bruk for Demon Titanite, og det skjer kanskje aldri.

     

    Uansett! Du ser det 110-talet på 'divine'-våpenet ditt? Det aukar all skaden du gjer på skjelett med 10%. Eg er ikkje viss på kva anna enn skjelett det fungerer på, men skjeletta er iallfall veike mot 'divine' skade - ikkje eld, magi eller lyn. Paladin Leeroy sitt våpen har forresten utrulege 130% 'holy modifier'.

     

     

    Spoiler for endå seinare i spelet:

     

     

    110-talet på 'occult'-våpen gjer tilsvarande 10% skade meir på gudar (t.d. Gwyndolin) og dei som følgjer gudane (Silver Knight)... eg er ikkje særleg viss på om det fungerer på t.d. Gwyn, Black Knights, Smough eller kanskje Artorias etc...

     

    Men i praksis er occult uansett stort sett veldig dårleg til å byrja med - med mindre du bruker det til bogar. Då er det faktisk ganske bra! Berre kombiner det med 'moonlight arrows'.

     

  8. I norskfaget har du som kjent heile tre karakterar - ein munnleg og to skriftlege (hovudmål og sidemål). I engelsk får du berre éin karakter, men han skal i teorien spegla både din skriftlege og din munnlege kompetanse. Om du etlar deg å taka faget som privatist, må du taka opp både ein munnleg og ein skriftleg eksamen, som saman gjev éin samla karakter.

  9. Warrior-klassen er i utgangspunktet ikkje egna for magi. Miraklar er basert på faith, og sorcery er basert på intelligens. Du kan derimot prøva pyromancy. Du må finna Laurentius (han er i Depths) og redda han. Du bruker sjeler til å oppgradera den raude hansken som han gjev deg. Tanken er at du investerer i sjølve hansken, ikkje i ein stat.

     

    Somme ting som hjelper på sorcery (Bellowing Dragon Crest Ring, Dusk's Crown), hjelper òg på pyromancy.

  10. Dersom du går for kontring bør du alltid putta anten Buckler, Target Shield eller Parrying Dagger i venstrehanda di. Dei har ein større feilmargin.

     

    Ikkje ein vellykka sjef, eigentleg. Men sånn går det når utviklarar har fått for lite tid. :hm:

     

    Ironisk nok synes jeg Pyromancy fungerte best på ham.

    Ja, nesten alt ved Gwyn (og dei andre gudane) er falskt.
  11. Kjapt spørsmål: Dersom vi får en andregradslikning og blir nødt til å faktorisere, er jeg nødt til å vise at jeg bruker abc-formel eller kan jeg bare ta den i hodet (som man kan gjøre på nesten alle i 1T)?

    Dersom du bare bruker ABC-formelen fullgodt på ein annan stad, har du vist at du kjenner til formelen og veit korleis ein skal bruka han. Det skal mykje motvilje til for at sensoren skal tolka hovudrekning på andre stader som at du har gjetta deg fram til resultatet, og at du ikkje har oppnådd kompetansemåla.

     

    Med andre ord: køyr på, bare ver hundre prosent viss på at du viser fram all kompetansen din.

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...