Gå til innhold

Bondegutt

Medlemmer
  • Innlegg

    17
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Bondegutt

  1. Hei!

     

    Gmail vart nettopp oppdatert, og av dei synlege endringane er mellom anna det litt forbetra etikettsystemet. Gmail ser også ut til å ha vorte tregare som ein konsekvens av dette. Det tek faktisk 12 sekund å opna innboksen her hjå meg, og det skal ikkje vera nettlinja mi som står bak dette.

     

    Dersom eg heller vel «older version», der det nye etikettsystemet ikkje finst, så tek det berre 4 sekund å opna. Dette liknar meir kva eg er van med.

     

    12 sekund for å opna innboksen er frustrerande lang tid og irriterande ineffektivt. Er årsaka at JavaScripta som køyrer i bakgrunnen har vorte for omfattande? Bør ikkje Google snart tenkje på optimalisering? Eg veit ikkje kor konkurrentane ligg, men dette nærmar seg jo faktisk å verta ei ubrukeleg teneste, tykkjer eg.

     

    Må eg berre bruka «the old version» og håpa på at dette valet ikkje forsvinn? Finst det andre triks for å få det til å gå fortare? Eg brukar Firefox, men det går like treigt i Internet Explorer.

  2. At verda ikkje er god, er på grunn av menneska sin frie vilje. At menneske har fri vilje beviser ikkje at det ikkje finst ein Gud. Og at menneska brukar sin fridom til å velja bort det som er rett, motbeviser heller ikkje at det finst ein Gud.

     

    Om det er dommedagen de sikter til når de seier at Gud ikkje er god viss han finst: Det er heilt på sin plass at Gud har laga lovar (eit samfunn med fri vilje er avhengig av lovar), og at lovane vert handheva (ved dommedag). Kva hadde vel lovane hatt å seie for menneska dersom Gud var likegyldig til dei?

  3. Eg er kristen. Eg trur på at Jesus kom til jorda og døydde på korset frivillig fordi han elskar oss alle, og dermed tok han syndene me hadde hatt heilt i frå nederlaget i Edens Hage.

    Skummelt. Jesus døde altså slik at mennesker som Hitler og Stalin skulle komme til himmelen?

    9598155[/snapback]

    Det stemmer at han døydde slik at alle som tek i mot han, og bekjenner sine synder, vert frelste. Om Hitler eller Stalin var kristne veit ikkje eg, og det er ikkje min jobb å dømma nokon, men mykje tyder på at dei slett ikkje var det.

  4. Eg er kristen. Eg trur på at Jesus kom til jorda og døydde på korset frivillig fordi han elskar oss alle, og dermed tok han syndene me hadde hatt heilt i frå nederlaget i Edens Hage.

     

    Dette er ikkje ei byrd for meg. Eg er derimot fri frå syndene, og eg kan leva eit fritt liv i Guds nåde. Gud elskar oss! Dessutan veit eg at om eg møter motgang her, så skal det ein gong verta laga ei ny verd der eg kan leva saman med alle andre kristne i eit samfunn så godt at me ikkje kan sjå det for oss.

     

    Eg er for eit skilje mellom kyrkja og staten fordi staten prøver å laga kristendomen til ein kultur, og ikkje ei lære om at alle som stoler på Jesus skal koma til himmelen. Kyrkja må sjølv få velgja korleis dei tyder religionen. Eg tenkjer til dømes på homo-debatten. I Bibelen står det tydeleg at dette er synd, og då er det forkasteleg at staten skal påleggja oss å ha dei til prestar. Dessutan bør kyrkja sjølv velgja om dei skal kunne tale om David og Goliat! Slik det er no, er ikkje det ein kyrkjetekst fordi folk kan koma til å tenkja på Israel vs. Palestina.

     

    Eg tykkjer også at det er trist å sjå kor mange som kallar seg kristne, ikkje fordi dei har teke i mot Gud som far, men fordi dei kjenner seg heime i det kristne miljøet. Eg vil sitera Martha Louise: "Jeg er vokst opp i Norge, i et kristent miljø, og ser på meg selv som kristen. Jeg syns det er viktig med det grunnsynet som kristendommen har. Jeg opplever at kirken har plass til alle, også til meg, og synes det er kjempeflott å være del av en sånn kirke, sier prinsessen." Hallo!! Det er ikkje snakk om eit miljø! "Ser på meg selv som en kristen": Anten er du kristen, elles så er du ikkje kristen.

     

    Guds nåde vere med dykk alle!

  5. På tide du reflekterer litt nå, hvorfor tror du egentlig MS Office starter så raskt? Har jeg ikke allerede forsøkt å fortelle deg det? Med OO bestemmer du om du skal forhåndlaste alle biblioteker, med MS Office skjer det som standard, det er et av knepene MS bruker for å gi deg inntrykk av at maskinen er rask. Den raske oppstarten som du lovpriste MS for ser du nå ut til å mislike når du skjønner at du kan få den med OO, synes du det er rart assosiasjonene går til trolling? Hvis du ønsker, så kan du også godt få vite hvorfor fersk/ribbet MS install booter fort, det har nemlig ingenting med hvor kjapt OS'et er.

    9513044[/snapback]

    Er det fakta at MS Office belaster oppstarten av Windows like mykje som OOo Hurtigstart? Eg tviler...

     

    Og ja, eg kunne godt tenkt meg å visst kvifor operativsystemet har noko å gjere med kor raskt det starter...

  6. Som alle andre steder, er det bare sunnt med konkuranse. Gecko har mange mangler, noe som knapt lar seg løse. Den største er hvor stor og tung Gecko er, hvis man skal kjøre en nettleser på en gammel maskin er ikke Gecko noe godt valg. Og nå for tiden kommer flere og flere hånholdte med en fullverdig nettleser. Her når ikke Gecko opp i det hele tatt. Uansett hvem som leverer en løsning (selv om det er fri programvare), taper forbrukerne hvis det ikke er konkuranse.

    9512633[/snapback]

    Hadde alle jobba i saman for å laga eit på alle måtar godt produkt, så hadde dei nått veldig langt. Men dette vert for idealistisk, så eg kan i grunnen seia meg einig med det du seier her.

  7. Bruker ikkje Konqueror Gecko? Det tykte eg var skuffandes. Eg tykkjer det er trist at ikkje miljøet for open kildekode kan samla seg om eit produkt og gjera dette best mogleg. I staden for å driva ein form for konkurranse. Her har eg vel mange mot meg...

     

    Eg står endå fast på min kritikk mot KDE. Kvifor skal KDE finna opp hjulet på nytt med alle program? Kvifor kan ikkje programmerarane samla seg litt meir og konsentrera seg om gode produkt med relativt rask utvikling?

     

    At OOo er tungt i oppstarten er eit faktum på mine to datamaskinar. På denne nyformaterte Compaq berbare datamaskinen med 1,79GHz og 224MB RAM brukar OOo Writer ganske nøyaktig 20 sekund på å starta. Word startar derimot trufast opp på tre sekund. I dette reknestykket høyrer det med at eg ikkje har installert snøggstartaren, og det forklarer nok ein heil del, men eg kunne likevel ikkje tenkt meg å flytta 17 sekund over på oppstarten, i tillegg til å lessa opp minnet med OOo skrot.

     

    Eg veit ikkje om Word har noko som tilsvarar snøggstart.

    Eg er einig i at Windows har eit stort minus med at det stadig vert tyngre og sløvare etter ei stund. Likevel hjelper det veldig å vera kritisk til all programvare ein installerer i tillegg til å vera totalt IE-avholds.

     

    Eg meiner også at Windows er verdt å betala for nettopp fordi alt fungerer med Windows. Om ikkje alle drivarane følgjer med Windows, så følgjer det alltid med drivarar til den maskinvaren du kjøper. Bruker du Linux er det ikkje på langt nær alltid at det finst drivarar for det du treng. Og som regel må ein knote veldig for å oppnå ønska resultat. Det finst veldig mange moglegheiter for dei som ligg over snittet i datakunnskap, men det er eit tungvindt system for dei som vil ha noko som berre fungerar.

     

    Og kven har sagt at programvare ikkje skal koste pengar? Eg er for opne standardar for å få eit grunnlag for rettferdig konkurranse, men vidare har eg ikkje noko i mot å betala for den som lagar det eg tykkjer er best. (der skaut eg meg sjølv i leggen. Doh.)

  8. Det tragiske er jo at han fort overbeviser de som ikke vet bedre med tullpratet sitt.
    For å ta tilbake: Dette er typisk den Linux-frelste leiren som ikkje kan ta i mot kritikk utan å setja alle klørne ut. De trur dykkar system er best, utan forbetringspotensial. Eg ser potensial i alt.

     

    Han vet ikke at KDE gjerne er mer responsivt enn Gnome (trekker noe mer minne, men 256MB er plenty hvis man er litt bevisst applikasjonsvalg). Han vet ikke forskjellen på filbrowser og nettleser, som om firefox kunne erstattet konqueror. Han skjønner antagelig ikke heller at explorer og internet explorer er to programmer, og at han burde erstatte ie med firefox.

    Konqueror er like irriterande som Explorer / Internet Explorer. Ein filbrowser som vil erobre nettverda også. Eg er klar over at Konqueror også brukar Gecko, men ein nettlesar er meir enn berre det.

  9. For det første, kan overhode ikke tenke meg at OO starter sakte på en 700GHz maskin.

    Da må det isåfall lastes fra diskettet eller så må PC-en ha veldig lite RAM, for 700GHz det er kjapt!!

    Linux med KDE grensesnitt og OO på en 700MHz pentiumIII med 64MB RAM derimot, ja da kan det selvfølgelig gå tregt.

    Klarer du i det hele tatt å få XP med MS office >= 2000 å kjøre på en slik spesifikasjon, å isåfall blir det kjappere enn OO og linux?

    XP kjappere enn linux på din maskin sier du. Da har du vel ikke installert SP2 enda, og heller ikke startet opp internet explorer sånn at du har fått inn en del spyware!?

    Skuledatamaskinane som køyrer 700GHz har pentium 2 (om eg ikkje tek feil) og rundt 256MB RAM. Gamle Dell-vrak som eigentleg høyrer heime på skraphaugen) Her går _alt_ sakte, men OOo tek kaka!

     

    For det andre, å bytte fra linux til windows etter å ha brukt linux i ett år, ja det nekter jeg å tro på, eller så må du ha gjordt noe veeldig merkelig. Hadde du gått tilbake, ikke over (viktig forskjell), burde det vært etter en halvtime, time, en dag, eller toppen to mnd. Og det fordi det virker så vanskelig, finner ikke igjen knappene, menyene, kontrollpanelet eller får ikke hw til å virke. Det er stor forskjell på distroene, så det kan ligge noe her, men har du aktivt brukt en linuxdistro i ett år uten å dualboote mest med windows, ja da har du lært deg å bruke din linuxdistro og en linuxinstallasjon blir bare bedre og bedre etterhvert som tiden går, i motsetning til windows som er best når den er nyinstallert.

    Eg har aktivt brukt Ubuntu i over eit år på begge datamaskinane mine utan dualboot. Ingen av datamaskinane mine ser ut til å vera veldig linux-vennlege.

     

    Eg saknar "apt-get install alt-du-vil-ha-akkurat-nå". Men eg saknar ikkje oppstartstida linux hadde. Og om Windows etter kvart vert litt treig, så treng eg ikkje lenger å slå av datamaskina lenger, ettersom ventemodus fungerer heilt smertefritt.

     

    Greit nok at du oppfyller det ene kravet med hw-problemer fordi suspend ikke virker. Dette er en av de plassene de fleste distroer, skjært over en kam, faktisk ofte feiler, men at du bytter ut linux fordi at suspend ikke virker ja da er du sær! Det tross alt klasseforskjell på effektivitet på disse ellers :-)

    Hadde du byttet ut fordi ett eller annet spill ikke virket eller at msn ikke er like kuult da hadde jeg trodd på deg.

    Gaim er slett ikkje verst. Live Messenger er faktisk tragisk resurskrevjande!

     

    Så tilbake til OO, som var vel det artikkelen egentlig handlet om.

    Hvilken versjon brukte du, 1.0?

    Jeg må få minne deg på at det er lenge siden versjon 2.2 kom ut, og den er betydelig bedre enn 1.0.

    Sjølvsagt køyrte eg alltid nyaste versjon av all programvare på Linux.

     

    Det eneste jeg kan si meg enig med deg i er at det er fornuftig å sende filer som skal redigeres av andre til dem i doc format når man vet at de kun har ms office.

    Man skal ikke prakke på andre software som de ikke vil ha.

    Men når det er sagt er det skandaløst at ms ikke legger inn støtte for odf som standard i ms office, og det viser at de ikke tenker på brukerne sine.

    Her er me einige :)

     

    Angående stavekontroll på flere språk.

    Dette er så enkelt at det nesten er latterlig.

    Bare skriv et ord eller avsnitt på et annet språk, høyreklikk på et av de som er understreket som feilskrevet, og velg "Ordet er engelsk " eller "Avsnittet er engelsk". Kommer det ikke opp forslag har du ikke installert en ordbok for det språket som inneholder det ordet du har skrevet.

    Installasjon av ordbøker for andre språk kunne kanskje vært gjordt enklere enn det det er men gjøres f.eks. via Fil->Veivisere->Installere flere ordbøker.

    Denne var eg ikkje klar over. Eg forstår ikkje heilt korleis det fungerer, men eg lover å prøva det ut ved neste høve.

     

    Tilslutt frustasjonen din, det skjønner jeg godt at du er, nå som du har gått over til windows og ms office :-)

    Lykke til med din fremtid som windowsbruker.

    Jeg holder meg til setningen:

    Det er eit val mellom å bruka pengar og tid på ms, eller å spare tid og pengar på kubuntu og OO.

    9506964[/snapback]

    KDE sluker jo datakraft som ein kamel sluker vatn!

     

     

     

    Og når me først er inne på Linux: Kvifor kan ikkje Ubuntu gje ut ein versjon som er strippa for program som ikkje er nødvendige for systemet. I det minste måtte det vore mogleg å fjerna program som Outlook-clonen (hugsar ikkje lenger namnet), men dengong ei. Då må ein kvitta seg med heile Gnome :s Slike ting irriterar meg. Eg ville heller installert det eg trong, i staden for å koma til ein installasjon der eg har haugevis med søppelprogramvare som eg ikkje brukar uansett. Det skal liggje i pakkebrønnen, ikkje i installasjonen.

     

    Det same gjeld med alle dei jalla K-eitelleranna programma til KDE. Eg trur ikkje KDE-programmerarane er best på absolutt all programvare, og difor vil eg t.d. heller ha Firefox enn Konqueror eller kva han heiter.

  10. Kjekt å sjå at eg har fått så mykje sakleg respons på min kjappe hets av OpenOffice :) Først kan eg jo byrja å seie at eg ikkje har sett ein einaste datamaskin utanfor lærarrommet som har over 700 GHz.

     

    Og, ja. Eg tok litt hardt i at det berre var OpenOffice sin feil at eg ikkje lenger brukar linux. Windows køyrer også vesentleg fortare på datamaskina mi. Dessutan taklar windows ventemodus (les: suspend). Men at eg har brukt linux på begge mine datamaskinar i over eit år er slett ikkje tull. Det har vore ei veldig god erfaring, og Linux er veldig god på mykje. Men det er ikkje noko eg anbefaler til Ola Nordmann, nettopp fordi eg då bind meg til mange veker med motvillig support.

     

    Det er på grunn av fleire nye verv dette året at eg ikkje lenger orkar å irritere meg over at eg må opne .doc-filer i OOo heile tida. Eg hadde jo dessutan liggjande to lisensar til både Win XP Pro og Office 2002, så kvifor ikkje berre bruka dei? Det einaste eg eigentleg saknar frå Linux er pakkesystemet og Agave. Det eg er mest glad for er at eg no har eit operativsystem der det ikkje følgde med 50 program som eg aldri får bruk for uansett.

     

    Til den som sa at han aldri hadde hatt kompatibilitetsproblem med OOo og Word: Du er vel så heldig at kollegaane dine ikkje lager tabeller i dokumenta?

     

    Til dei som seier eg bør bruka ODF: Ja, eg er heilt samd med dykk, men det nyttar ikkje. Det er så godt som null innan min "vennekrets" som kan opna ODT, og eg vil ikkje masa på dei for at dei skal bruka OOo. Slikt ender alltid med at eg må hjelpa med mykje dei ikkje får til.

     

    Dessutan følgjer eg som oftast det prinsippet at får eg ei fil som eg skal bearbeida, så skal sendaren få ho tilbake i same formatet. Får eg ei .doc-fil, så returnerer eg henne som .doc. Unntatt viss fila var full av kompliserte tabellar. Då stolar eg ikkje på OOo si konverteringsevne (dette er ikkje kritikk mot OOo, men heller mot MS sine lukka standardar).

     

    Når eg tenkjer meg om, så var det faktisk ein setning som fekk meg til å tenkje på å gå tilbake til Windows og Office: Det er eit val mellom å bruka pengar for å spara tid, eller å bruka tid for å spara pengar.

     

    PS: Eg er klar over at mine innlegg i denne tråden er lite gjennomtenkte og saklege. Eg ville berre ha ut litt frustrasjon, men eg står fast på at OOo er tungt og har eit forkasteleg lite gjennomtenkt grensesnitt.

  11. OpenOffice.org Writer er tragisk klossete! Eg har nettopp gått over frå Linux til Windows fordi eg er så uendeleg lei OOo.

     

    I mine auge er OOo (Writer) skikkeleg mislukka. Miljøet for open kildekode når ofte langt på skulane i landet, men produktet passar betre på ein IBM supermaskin. Medan MS Word startar på 3 sekund, bruka OOo Writer nærmare 20 på mi relativt raske datamaskin. På skulen må eg som regel sitje i over minuttet.

     

    Er det vanskeleg å laga ein skriveapplikasjon som ikkje er så tung? Ligg problemet i at han skal vera platformuavhengig, eller er programmet rett og slett for tungt? Eg stiller meg _heilt_ uforståande til at Simen1 seier han er fornøgd med ytinga!

     

    OOo Writer er heller ikkje mykje brukarvennleg. Det er tydeleg at det er programmerarane sjølv som har utvikla grensesnittet, og ikkje nokon som har kjennskap til emnet. At du må grava deg langt inn i innstillingane for å velje kva språk stavekontrollen skal bruka, er heilt forkasteleg. I Word er denne innstillinga berre eit dobbeltklikk unna, og me ikkje-engelsktalande folk må veldig ofte skifte på dette.

     

    Det er det som ergrar meg mest, men det hadde vore lett å skriva særoppgåve om kor tungvindt brukargrensesnittet til OOo er.

     

    Hovudgrunnen til at eg skifta var likevel at eg var lei å ikkje kunne vera sikker på at tabellane i .doc-dokument ikkje vart formaterte rett. Dette kritiserer et ikkje OOo for, då det er monopolet til Microsoft som er problemet.

     

    Lagt til: Skal det meir enn eit år til for å verta fornøgt med OOo, så meiner eg det rett og slett ikkje er godt nok. Eg har alltid, heilt fram til no, også vore veldig positiv når eg har brukt det. Eg har til slutt, heilt plutseleg, funne ut at dette gidd eg ikkje når eg heller kan betale litt for MS Word.

×
×
  • Opprett ny...