Gå til innhold

Mephistopheles

Medlemmer
  • Innlegg

    856
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Mephistopheles

  1. Ubeskriveleg lite motiverande å sitje på skulebenken, etter å ha kjøyrt min betre halvdel til flyplassen, med destinasjon London. På veg ut treff eg 3 kompisar som skal vera i Australia i eit halvt år.

     

    Her sitt eg låst, med ein gutunge som skal hentast i barnehagen, eit lite gjevande skuleår framfor meg og lite utsikter til kos ein månad frå no... Heldigvis fins bokhandlarar på nettet, trøsteshopping FTW!!!

  2. Kjedsomhetens filosofi er ei bok eg kan dra fram gong på gong frå bokhylla. Fagprosa kan vera fantastisk spanande, sosialpsykologi, og psykologi generelt er ein gjengangar hjå meg.

     

    I går fekk eg "På vegne av venner" av Schau. Den virka lovande, både i filosofisk og sosial augemed. I tillegg, har eg erverva meg nokre nye bøker til fyrsteutgavesamlinga mi, som i fyrste omgang omfattar Bjerke og Bjørneboe. Herleg å kjenna lukta av historie idet eg opnar bøkene...

  3. Glimti, eww. DDE. :p

     

    Liker du dem ikke?

     

    DDE er ein guilty pleasure her i garden. Stemmer lett i på E6 eller andre obskøne slagarar om anledninga byr seg. Då gjerne i fylla.

     

    Sjur, Vestlandsfanden???

  4. Har spesielt sansen for videoen ho har laga for å setje fokus på fattigdom og det som verre er. Heldigvis veit ho kor forferdeleg dei har det, sidan ho trass alt har opplevd å gå ut utan sminke.

     

    Nokre gonger, når menneskja skræmer meg i sine påfunn, går eg inn på ein eller annan fjortisblogg for å trøste meg med at det trass alt kunne vore verre...

  5. Halden baby! Sola skin, eg har vafler til frukost, kaffi på kanna og ein trimmetur ventar.

     

    Oppdaga plutseleg forumet då eg rydda i bokmerkene, har ikkje vore inne på månadsvis. Ikkje for det, kaféen ser ut til å gå sin vande gang :tease: Godt å sjå at noko her i verda held seg stabilt...

  6. Har ordna meg med kaffi, sigarettar, druer, tomatar og eplemost, ventar at sensor skal legge ut produksjonsdelen av LØM-eksamen. (Leiing, økonomi og marknadsføring.) 3 dagar med prøvetaking framfor meg, hurra! 30 minutt, nedteljinga er i gang.

×
×
  • Opprett ny...