Gå til innhold
  • blogginnlegg
    37
  • kommentarer
    33
  • visninger
    23 384

Eg og Gud


Cheshire Cat

484 visninger

Mennesket trur på mykje rart. Til dømes så trur ein stor del av befolkninga på ein eller annan gud. Dei seier at i byrjinga sa Gud ”La det bli lys.” og det blei lys. Dei veit jo ingenting. Alle trur Gud skapte verda, men da må ein spørje seg sjølv: kven skapte Gud?

 

Eg skapte Gud. Eg skapte ikkje berre Gud, eg skapte verda. Du forstår, det er verkeleg kjedelig å vere det einaste som eksisterar. No kan du spørje deg sjølv, kven er eg? Akkurat no er eg ein 18 år gammal gut, eg heite Fredrik, bor i Beiarn og eg likar plastposar. Plastposar er fint å ha.

 

Det byrja å bli ei god stund sia eg skapte Gud, eg meinte det ikkje. Du skjønner, eg fekk ein utroleg krampe i armen min, og før eg visste ordet av det, så hadde eg skapt ein annen kar. Eg døypte han Gud, etter min venstre testikkel. Denne Gud karen likte å leike med plastilina, og etter nokre minuttar hadde han skapt ein planet. Dette er knappast 6000 år sia, men eg hugsar det som om det var for 300 år sia. Utroleg nok så eg at planeten levde, ting formerade seg der nede. Eg så at det sprang masse små kopier av meg der nede, patetiske idiotar utan et snev av verken intelligens eller krefter. Men kort tid etter hadde desse folka laget noko. Ein blank væske som seinare blei kjent som heimbrent.

 

Eg drikker vanlegvis ikkje noko i det heile tatt, men det var på tide å teste dette fordøyelsessystemet. Eit augneblink seinare hadde eg 200 liter heimbrent. Eg tenke ikkje noko over kor mykje eg hadde, men eg heiv innpå 50 liter og byrja å tvinne tommeltottar. Etter det hugsar eg ikkje så mykje, men eg har blitt gjenfortalt det ofte. Dei skreiv ei bok om det! Herrefredrik, snakkar om å gni det inn?

 

Boka seier mykje rart om kva eg gjorde den tida der. Eg tende fyr på ei busk, og har sagt mykje, veldig mykje, usakleg til ein del smågalne folk. Men det som dei heile tida kjem tilbake til, er ho stakkars jenta eg smelte på tjukken. Kva kan eg seie? Fylla har skylda.

 

Da eg vakna ei stund seinare fortalde Gud meg at grunna mitt gigantiske alkoholkonsum har han fråtatt meg foreldreretta. Han gav meg eit par hovudpinetablettar og sendte meg på ferie til Merkur. Godt og varmt der. Då eg kom tilbake eit tusen år seinare fekk eg vete at sonen min hadde tatt sjølvmord på bakgrunn av ein verkeleg merkeleg idé om kjærleik og redda verda – for ein idiot.

 

Mykje verre innsåg eg at menneska har byrja å tru på Gud. For å øydelegge desse idiotane sin idiotiske tru, planta eg masse gigantiske bein eg henta frå Mars (eit av mine mislykka prosjekt). Dei gav desse dyra noko merkelege namn; dinosaurar. Men eg undervurderte desse idiotane sin idioti, og dei fortsetter å tru.

 

Eg og Gud har ikkje prata på lang tid nu. Du skjønnar eg oppdaga ein ting: ikkje nok med at desse idiotane trudde på Gud, men han hadde pinade skaffa seg noko imponerande krefter. Da eg påpeika dette, byrja han med eit slags ritual. Eg trudde så klart at han ikkje kunne få til ein einaste ting, og er har aldri tatt feil før. I det han blei ferdig, var det einaste eg kunne gjere å gi han eit dumt blikk, før eg blei sendt ned til jorda. Den forråderiske idioten.

 

Dess meir eg vandra på jorda, dess meir fekk eg lyst å drepe heile gjengen. Dei gjekk rundt omkring, hadde det heilt før jævlig, og det einaste dei tenkte på var at dei kjem til himmelen når dei døyr, kunn fordi dei betalte ein del pengar til noko maktgalne idiotar. Eg prøvde å fortelje dei at det ikkje eksisterte noko himmel, eller helvete, men trur du pinade meg ikkje dei prøvde å brenne meg på eit bål? Eg peika på den boka dei vifta i ansiktet mitt og ropte: ”Den boka der er jo skreve om meg, også vill dykk brenne meg på eit lite bål?”. Hehe, lenge sida eg har sett nokon så forbanna.

 

Som sagt heiter eg Fredrik, eg bor i Beiarn. Eg likar Beiarn. Eg likar også plastposar. Målet mitt nu for tida, er å drepe alle i Beiarn ved å få dei til å ete plastposar. Kva kan eg si? Når man har evig tid gir man seg sjølv morosame mål i livet, som dei kallar det. Det er ein ting som overraskar meg, trua til folket har forandra seg. Fleir og fleir sluttar og tru på Gud, til tross for den eine og andre sjølvmordsauksjonen og snikreklamasjon for Jesus (min son), er det ganske rolig.

 

Samtidig som eg ser at folk mistar trua si, ser eg at fleire av dei som trur faktisk er meir lykkeleg enn dei andre. Dei taklar motgangen i livet på ein heilt annan måte enn dei andre, meir naiv og idiotisk, men på ein heilt annan måte. Desse truande seier at det er Gud sin vilje, men eg kan fortelje deg dette: hadde Gud hatt noko han skulle ha sagt om verda, hadde verda kunn vert ein stor iskrem.

 

Kva er dette med ei tru? Kvifor vil nokon tru på noko så idiotisk som ein skapar? Hadde det ikkje vert for at eg er ein sjølv, hadde eg aldri trudd på noko så idiotisk. Litt kjipt er det at eg veit alt her i verda, kva som skjer med idiotane når dei døyr, korleis kroppane rotnar, korleis alt berre blir svart. Men, trua på noko meir i livet, ein meining med det heile (bortsett frå 42), trua på at alt skal bli godt når ein døyr – eg trur den er litt god. Kanskje er det ikkje så ille å tru? Kanskje eg skal byrje å tru på min eigen skapar?

 

Hah, det ville vert morosamt.

 

 

Gammel norsk stil, sorry for crappy nynorsk(nynoreg), men jeg gidder ikke oversette den :p

2 kommentarer


Anbefalte kommentarer

*LMAO*

 

konklusjon= Gud er Ond

 

Og vil du tro på din egen skaper, ta en titt på hvilken religion vi hadde før Kristningen av Norge

Lenke til kommentar

Meh, er agnostiker da ingen av de etablerte religionene passer meg, men jeg tror på at det er noe mer ved livet :)

 

Kåseriet er forsåvidt ment som en kritikk av både de hjernevaskede troende som prøver å konvertere deg fordi andre absolutt ikke kan ha riktig, samt ateistene som ikke klarer å diskutere på et saklig nivå ;)

Lenke til kommentar
×
×
  • Opprett ny...