Gå til innhold
PS/Gimp: «Kloning» - Fleire av same person i eit bilete
Anbefalte innlegg
Eg vil her forklare korleis ein får fleire «versjonar» av same person i same bilete. Sidan eg er litt lat og ikkje har stativ tilgjengeleg, bruker eg i dømet ei colaflaske, men det har ikkje noko å seie for framgangsmåten.
post-21406-1192869822_thumb.png
Det fyrste ein må gjere er å setje kameraet på eit stativ (eventuelt leggje det på eit bord) og ta fleire bilete, der personen sit/står på ulike stader kvar gong. Pass på at kameraet står i ro (helst på stativ), og at ein bruker dei same innstillingane (blendar, lukkar, ISO og fokus) på kvart bilete. Elles kan ein få litt ekstraarbeid med å justere fargar. So går ein over i PS, Gimp eller kva no enn ein bruker. Her er framgangsmåten forklart i Photoshop og Gimp.
Merk at det finst fleire måtar å gjere dette på i begge programma, so dette er ingen fasit. Finn du ein måte som du liker betre er det berre å bruke den.
Gimp
1. Fyrst må ein få alle bileta ein skal ha i same dokument. Det er fleire måtar å gjere dette på:
1. Opne det fyrste av bileta, og velg so File --> Open as layers i biletvindauget. Merk resten av bileta, og trykk Opna.
2. Opne det fyrste biletet, og dra dei andre filene rett inn, frå mappa der dei ligg. Altso, klikk og dra frå ei mappe til det opne biletet.
3. Opne alle filene og dra laga over. Ta tak i laget i Layer-paletten, og dra det over i eit anna bilete.
4. Kopiere og lime inn. Opne alle, merk alt (Select --> All/Ctrl + A), kopier (Edit --> Copy + C), gå over til eit anna bilete og lim inn (Edit --> Paste/Ctrl + V). Det vert då limt inn som ein «floating selection». For å gjere det om til eit vanleg lag, klikk på knappen for å lage nytt lag, når Floating selection er aktiv (merka blått):
post-21406-1193503419_thumb.png
2. For å skjule det av laga ein ikkje skal ha, legg til ei maske. Lag fyrst ein grov markering rundt personen med t.d. Free select tool (F) (post-21406-1193503443_thumb.png). Høgreklikk på laget og vel Add layer mask. I vindauget som kjem opp vel du Selection, og klikker Legg til.
post-21406-1193503695_thumb.png
3. For å gjere overgangen mellom laga meir utydeleg kan ein anten blurre maska litt eller male langs kanten av det kvite området på maska med kvitt (eller svart) med ein mjuk pensel.
For å blurre, pass på at det er maska som er aktiv, og gå til Filters --> Blur --> Gaussian blur. Du ser om det er maska eller biletet som er aktivt på miniatyrbileta av dei i lagpaletten. Den av dei som har ei kvit ramme rundt er aktiv. Klikk på miniatyrbileta for å endre kva som er aktivt.
For den andre metoden, vel ein av penslane som heiter «Circle Fuzzy»:
post-21406-1193503487_thumb.png
Set framgrunnsfargen til kvit eller svart, og mal langs kanten av det synlege. Kvit vil gjere meir av laget synleg, svart vil skjule meir. Om du gjer for mykje synleg er det dermed berre å male med svart for å skjule det att.
Om du har bomma litt med innstillingane, so dei ulike bileta er litt ulikt eksponert, kan du truleg fikse dette med Levels. Pass på at det er biletet, og ikkje maska som er aktiv, og gå til Colors --> Levels.
Photoshop
1. Opne dei bileta ein skal bruke.
2. Plasser alle i same dokument ved å dra dei over med «move tool». For å enkelt få oversikt over alle bileta, gå til Window --> Arrange --> Tile .... (Tips: Før du slepp biletet, trykk inn Shift, då vil det verte plassert midt i dokumentet.)
3. Skjul alle laga med unnatak av dei to nederste, ved å klikke på auget ved laget:
post-21406-1192869760_thumb.png
4. Bruk lassoverktøyet, eller eit anna markeringsverktøy om det passer betre, og lag ein grov markering rundt personen(/gjenstanden). Om personen kaster ein tydeleg skugge, ta med den i markeringa.
5. Legg til ei lagmaske ved å klikke på denne nederst i lagpaletten:
post-21406-1192869782_thumb.png
6. Treng ein skjule meir rundt personen, bruk ein svart pensel og mal på lagmaska. Om personane overlapper kvarandre må ein vere ekstra nøye, og bruke mindre penslar, langs kantane der dei kjem i kontakt.
Eg kan tenkje meg at problemet ofte vil vere å få overgangane mellom bileta til å verte bra. Ein måte å få dei betre på, er å male med ein mjuk pensel på lagmaska, langs overgangen mellom ein person og bakgrunnsbiletet. Hardheita til penslane stiller ein her:
post-21406-1192870251_thumb.png
Resultatet av det er at overgangen vert gradvis, og dermed meir usynleg. Her er eit døme. På biletet til venstre har maska (som du ser under) skarpe, rette kantar, som ein kan sjå att på biletet. Det er spesielt tydeleg på golvet, men ogso på veggen på begge sidene av flaska kan ein sjå det. På biletet til høgre har eg malt med ein stor, mjuk pensel på maska, langs kanten av det synlege området. Som ein ser har maska mjukare kantar, og samtidig er skilja på bilete mindre synlege.
post-21406-1192870389_thumb.jpg
(Maskene er ikkje i rett storleik i høve til bileta.)
Eit anna alternativ er å blurre lagmaska. Etter å ha lagt den til (steg 5), gå til Filter --> Blur --> Gaussian blur. Kva verdi som passer avheng av bileta, so ein må prøve seg fram.
7. Gjenta med resten av laga.
Denne same teknikken vert brukt når ein lager seriebilete av t.d. skikøyrarar eller snowboardarar, slik som dette. Den einaste forskjellen er at om ein beveger på kameraet må ein bruke meir tid på å flytte laga slik at dei «matcher» kvarandre. Det gjer ein enkelt ved å setje ned opacity for dei øvste laga (eitt om gongen) og setje dei på rett stad i høve til kvarandre.
Endret av Torbjørn T.
• Liker 2
Lenke til kommentar
• 2 uker senere...
Videoannonse
Annonse
• 4 uker senere...
Hei, leste nettopp igjennom guiden din. Jeg lette etter en slik guide på Google, men jeg fant ikke noe. Jeg er ganske nybegynner i PS, men jeg fant en måte å gjøre dette på der du får (slik jeg ser det) akkurat samme resultat bare at det tar mye kortere tid. Alt jeg gjorde var å bruke Quick Selection Tool og så paste det inn i bakgrunnsbildet. Er det bare meg eller går det også..?
Lenke til kommentar
• 4 måneder senere...
Jeg skal vel ikke si noe, lastet ned og begynte å lære meg Gimp i går...og Photoshop har jeg aldri rørt.
Her er uansett hva jeg fikk til:
Ble jo ganske tøft...til tross for at bakgrunnen ikke var verdens fineste.
Edit; så nå at jeg faktis hadde glemt å gjøre meg helt ferdig bak hodet hennes...hvor hun sitter.
Endret av Arbakadarba
Lenke til kommentar
• 1 år senere...
• 3 år senere...
Eg vil her forklare korleis ein får fleire «versjonar» av same person i same bilete. Sidan eg er litt lat og ikkje har stativ tilgjengeleg, bruker eg i dømet ei colaflaske, men det har ikkje noko å seie for framgangsmåten.
post-21406-1192869822_thumb.png
Det fyrste ein må gjere er å setje kameraet på eit stativ (eventuelt leggje det på eit bord) og ta fleire bilete, der personen sit/står på ulike stader kvar gong. Pass på at kameraet står i ro (helst på stativ), og at ein bruker dei same innstillingane (blendar, lukkar, ISO og fokus) på kvart bilete. På videoen vil ein sjå at eg ikkje gjorde det her, og fekk dermed litt ekstraarbeid med nivå (levels). So går ein over i PS, Gimp eller kva no enn ein bruker. Her er framgangsmåten forklart i Photoshop og Gimp.
Merk at det finst fleire måtar å gjere dette på i begge programma, so dette er ingen fasit. Finn du ein måte som du liker betre er det berre å bruke den.
Gimp
Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
1. Fyrst må ein få alle bileta ein skal ha i same dokument. Det er fleire måtar å gjere dette på:
Opne det fyrste av bileta, og velg so File --> Open as layers i biletvindauget. Merk resten av bileta, og trykk Opna.
Opne det fyrste biletet, og dra dei andre filene rett inn, frå mappa der dei ligg. Altso, klikk og dra frå ei mappe til det opne biletet.
Opne alle filene og dra laga over. Ta tak i laget i Layer-paletten, og dra det over i eit anna bilete.
Kopiere og lime inn. Opne alle, merk alt (Select --> All/Ctrl + A), kopier (Edit --> Copy + C), gå over til eit anna bilete og lim inn (Edit --> Paste/Ctrl + V). Det vert då limt inn som ein «floating selection». For å gjere det om til eit vanleg lag, klikk på knappen for å lage nytt lag, når Floating selection er aktiv (merka blått):
post-21406-1193503419_thumb.png
2. For å skjule det av laga ein ikkje skal ha, legg til ei maske. Lag fyrst ein grov markering rundt personen med t.d. Free select tool (F) (post-21406-1193503443_thumb.png). Høgreklikk på laget og vel Add layer mask. I vindauget som kjem opp vel du Selection, og klikker Legg til.
post-21406-1193503695_thumb.png
3. For å gjere overgangen mellom laga meir utydeleg kan ein anten blurre maska litt eller male langs kanten av det kvite området på maska med kvitt (eller svart) med ein mjuk pensel.
For å blurre, pass på at det er maska som er aktiv, og gå til Filters --> Blur --> Gaussian blur. Du ser om det er maska eller biletet som er aktivt på miniatyrbileta av dei i lagpaletten. Den av dei som har ei kvit ramme rundt er aktiv. Klikk på miniatyrbileta for å endre kva som er aktivt.
For den andre metoden, vel ein av penslane som heiter «Circle Fuzzy»:
post-21406-1193503487_thumb.png
Set framgrunnsfargen til kvit eller svart, og mal langs kanten av det synlege. Kvit vil gjere meir av laget synleg, svart vil skjule meir. Om du gjer for mykje synleg er det dermed berre å male med svart for å skjule det att.
Om du har bomma litt med innstillingane, so dei ulike bileta er litt ulikt eksponert, kan du truleg fikse dette med Levels. Pass på at det er biletet, og ikkje maska som er aktiv, og gå til Colors --> Levels.
Video som viser dette:
Høgreklikk --> Lagre mål.
Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
Video: http://rasmus.uib.no...e/gimp-klon.avi
<cke:object id="MediaPlayer1" width="400" height="400classid="CLSID:22D6F312-B0F6-11D0-94AB-0080C74C7E95"codebase="http://activex.microsoft.com/activex/controls/mplayer/en/nsmp2inf.cab#Version=5,1,52,701"standby="Loading" microsoft®="" windows®="" media="" player="" components..."="" type="application/x-oleobject" align="middle">
Merknad: Eg har endra litt grensesnittet til Gimp i den videoen. Korleis ein gjer det kan du sjå i video nummer 2 frå Meet the Gimp, som ein finn på denne sida.
Photoshop
Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
1. Opne dei bileta ein skal bruke.
2. Plasser alle i same dokument ved å dra dei over med «move tool». For å enkelt få oversikt over alle bileta, gå til Window --> Arrange --> Tile .... (Tips: Før du slepp biletet, trykk inn Shift, då vil det verte plassert midt i dokumentet.)
3. Skjul alle laga med unnatak av dei to nederste, ved å klikke på auget ved laget:
post-21406-1192869760_thumb.png
4. Bruk lassoverktøyet, eller eit anna markeringsverktøy om det passer betre, og lag ein grov markering rundt personen(/gjenstanden). Om personen kaster ein tydeleg skugge, ta med den i markeringa.
5. Legg til ei lagmaske ved å klikke på denne nederst i lagpaletten:
post-21406-1192869782_thumb.png
6. Treng ein skjule meir rundt personen, bruk ein svart pensel og mal på lagmaska. Om personane overlapper kvarandre må ein vere ekstra nøye, og bruke mindre penslar, langs kantane der dei kjem i kontakt.
Eg kan tenkje meg at problemet ofte vil vere å få overgangane mellom bileta til å verte bra. Ein måte å få dei betre på, er å male med ein mjuk pensel på lagmaska, langs overgangen mellom ein person og bakgrunnsbiletet. Hardheita til penslane stiller ein her:
post-21406-1192870251_thumb.png
Resultatet av det er at overgangen vert gradvis, og dermed meir usynleg. Her er eit døme. På biletet til venstre har maska (som du ser under) skarpe, rette kantar, som ein kan sjå att på biletet. Det er spesielt tydeleg på golvet, men ogso på veggen på begge sidene av flaska kan ein sjå det. På biletet til høgre har eg malt med ein stor, mjuk pensel på maska, langs kanten av det synlege området. Som ein ser har maska mjukare kantar, og samtidig er skilja på bilete mindre synlege.
post-21406-1192870389_thumb.jpg
(Maskene er ikkje i rett storleik i høve til bileta.)
Eit anna alternativ er å blurre lagmaska. Etter å ha lagt den til (steg 5), gå til Filter --> Blur --> Gaussian blur. Kva verdi som passer avheng av bileta, so ein må prøve seg fram.
7. Gjenta med resten av laga.
Video som viser framgangsmåten:
Høgreklikk --> Lagre mål.
Merknad om videoen: Eg bruker ein del hurtigtastar der, som naturleg nok ikkje er synlege. Verktøy vel eg med B (pensel), L (lassoverktøy), M (rektanguler markering) og G (gradient). D set fram- og bakgrunnsfarge til svart og kvit, X byter dei om. Med Ø og Å endrer eg storleiken på penselen (dette har eg spesifisert i Edit --> Keyboard shortcuts), med ' og * endrer eg hardleiken til penselen. Mellomromstasten aktiverer handverktøyet. Med Ctrl + + og Ctrl + - zoomer eg inn og ut. Ctrl + L er hurtigtasten for Levels.
Når man svarer på posten ser man jo alt som står der?
Tester nå.</cke:object>
Endret av pybalto
Lenke til kommentar
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.
Gjest
Skriv svar til emnet...
×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet
Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.
×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet
×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy
×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.
Laster...
• Opprett ny...