Gå til innhold

Guide: Videoformat og diverse


Anbefalte innlegg

Ein liten guide til videoformat.

 

Innhaldsliste

  1. Litt generelt om codecar og kontainerformat
  2. Fjernsynsstandardar: PAL – NTSC – SECAM
  3. MPEG – Moving Pictures Expert Group
  4. Codecar
  5. Kontainerformat
  6. Om lagringsmedia.
  7. Guider/program

Det finst mange ulike videoformat, og det er ikkje alltid like lett å vite kva som er kva, og kva ein skal bruke i dei ulike situasjonane. Denne guiden er laga for å gje ein litt betre oversikt over kva som finst, for dei som ikkje har. Det er sjølvsagt mange som veit meir enn meg, og eg sett pris på om dei gjer beskjed til meg via PM eller mail, kva som er feil, om det er noko som manglar, eller om det er noko som bør skrivast på ein litt annan måte.

 

Litt generelt om codecar og kontainerformat

 

Codecar

Som so mykje anna, er ordet codec ei forkorting: for COmpressor-DECompressor. Ein codec er ein teknikk datamaskiner bruker for å gjere videofiler (og lydfiler) mindre i storleik, og so gjere datamaskina i stand til å lese av fila etterpå. Difor, om du har komprimert ein film med ein QuickTime-codec, må dei som skal sjå filmen ha QuickTime installert for å vere i stand til å sjå filmen.

 

Komprimeringa vert som oftast gjort ved avanserte matematiske algoritmar som finn ut kva deler av biletet som likt andre deler. Om det t.d. er store deler av biletet som er blått, so vil codecen gjere at det ikkje vert lagra data for kvar einaste pixel i bilete, men seie at det området skal ha den fargen, og det området ha den fargen. Ettersom ukomprimert video tek veldig stor diskplass, er det svært sjelden ein møter på ukomprimert video i dagleglivet. Sjølv den videoen du legg inn på PCen eller Macen frå videokameraet ditt er komprimert ein del når det gjeld fargar, og den tek opp nesten 220MB for kvart minutt med video.

 

Men hugs, at uansett kor god codecen er, so vil resultatet av ein konvertering til eit anna format variere, og at ein kan få god kvalitet i alle format. Forskjellen ligg i at enkelte er betre eigna til å gje høg kvalitet i høve til storleiken. Det vil og vere forskjell frå klipp til klipp, ettersom ikkje alle like klipp er like enkle å komprimere. Dette kjem av at komprimering baserer seg på fargelikskap innad i klippet. Om det er store felt med same farge, vil det vere lettere å få ein mindre filstorleik, og oppretthalde god kvalitet. Det er og mange innstillingar på dei fleste codecar, og det er ein liten kunst å stille inn desse slik at ein får den storleiken og kvaliteten ein ynskjer.

 

Ein må og, før ein komprimerer, spørje seg sjølv kva ein skal med filmen: Skal den leggjast ut på ein liten web-server med begrensa bandbreidde og vere berekna på dei som framleis har ISDN, må storleik gå føre kvalitet. Har du ein stor server med god bandbreidde, og ikkje bryr deg om at det vil ta lang tid for enkelte å laste ned, samtidig som du ynskjer god kvalitet, må du sjølvsagt setje kvalitet foran storleik. Det vil alltid vere ei avveging, og det kan hende ein må ha fleire forsøk for å få det resultatet ein meiner er hensiktsmessig.

 

Kontainerformat

Eit kontainerformat er ein filtype som har til oppgåve å frakte filer komprimert med ulike codecar. Dei ulike kontainerformata seier ingenting om korleis filene skal verte komprimert, og ein kan difor finne svært mange ulike codecar i den same kontaineren.

 

 

Fjernsynsstandardar: PAL – NTSC – SECAM

For at noko skal kunne visast på fjernsyn, må det følgje ein viss standard. Det betyr og, at fjernsyna sjølv må vere laga for å vise bilete med denne standarden, og at andre relaterte produkt, som t.d. DVDar, og DVD-spelarar og følgjer denne same standarden. Det finst tre ulike standardar, som vert brukt på ulike stader i verda.

 

Merk at: HDTV har ingenting med desse standardane å gjere, då det er ein ny standard i seg sjølv. Det same gjeld HDV i samband med HDV-kamera. HDV er verken PAL eller NTSC, og kan difor ikkje følgje desse standardane.

 

PAL

PAL er ei forkorting for Phase Alternating Line, og er den standarden som vert brukt i Noreg, og mesteparten av Europa elles. Det finst faktisk fleire ulike versjonar av PAL, med små variasjonar mellom seg. For ei full liste over kva land som brukar PAL, sjåher.

 

-Oppløysning: Vanlege TV-bilete og DVDar: 720*576

VCD: 352*288

SVCD: 480*576

-Framerate: 50 halve bilete i sekundet (vanlegvis sagt som 25 heile bilete i sekundet).

Måten ein gjer dette på, er at TVen fyrste viser linje nummer 1, 3, 5, osb. Når den har gjort det, viser den linje nummer 2, 4, 6, osb. Dette vert gjort 25 gonger kvart sekund. Dette vert kalla interlacing. (litt meir om det her) Det kan og seiast, at sjølv om me den vertikale oppløysninga er på 576 linjer, so er den eigentleg på 625. Det "manglande» linjene vert brukt til anna informasjon.

 

NTSC

NTSC er ei forkorting for National Television Standards Committee. (Vert spøkefullt kalt for "Never Twice the Same Color" fordi det visstnok har litt fargeproblem...) Denne standarden vert brukt i USA, og ein del andre land i Nord-, Mellom- og Sør-Amerika. For ei full liste, sjå her.

 

-Oppløysning: Vanlege TV-bilete og DVDar: 720*480

VCD: 352*240

SVCD: 480*480

-Framerate: 60 halve/ 30 heil bilete i sekundet, på same måte som PAL. (Den eigentlege frameraten er 29,97 fps. Akkurat kvifor, veit eg ikkje, men det er heller ikkje viktig.) Og på same måte som PAL, har og NTSC eigentleg ein større vertikal oppløysning - på 525 lnjer, i staden for 480 – og dei ekstra linjene vert brukt til anna informasjon.

 

SECAM

SECAM er ei forkorting for Séquential Couleur Avec Mémoire / Sequential Color with Memory (andre spøkefulle – men ukorrekte - betydningar, er "Something Essentially Contrary to the American Method" eller "SEcond Colour Always Magenta"), og vert brukt mellom anna i Frankrike. For full liste, sjå her.Dette er ein standard som liknar veldig på PAL: den har 625 (eller 576, sjå det som står om PAL) linjer i vertikal oppløysning og ei framerate på 50 halve bilete i sekundet. Dette er ein kringkastingsstandard, so video vert produsert i PAL, og so konvertert til SECAM av sendar eller mottakar (TV).

 

 

Generelt for alle tre:

Pixel Aspect Ratio (PAR): Ein kan kanskje byrje å lure på korleis ein kan ha både 4:3 og 16:9 bilete med same oppløysning (for det har dei som vert sendt på TV). Grunnen til dette er at dei individuelle pixlane ikkje er kvadratiske, altso har dei eit forhold mellom breidde og høgde som ikkje er lik 1. Eg har sett litt ulike verdiar for PAR, og sidan NTSC for dei fleste er urelevant, nemner eg berre for PAL, dei verdiane Adobe Premiere Pro oppgjer:

PAL 4:3: 1,067

PAL 16:9: 1,422

 

Men det er mykje om dette emnet som eg ikkje kan, og kvar gong eg trur eg veit det meste, finn eg ut at det ligg noko bak som eg ikkje visste frå før. For meir info, sjå på desse sidene:

http://www.mir.com/DMG/aspect.html

http://www.iki.fi/znark/video/conversion/

http://www.lurkertech.com/lg/pixelaspect.html

 

Merk at det som står på desse sidene er ikkje av verdi for andre enn spesielt interesserte, ettersom det er ganske detaljert, og truleg ikkje nødvendig å vite for dei aller fleste.

 

MPEG -- Moving Pictures Expert Group

MPEG er ein relativt stor familie med codecar og kontainerformat, so dei får ein eigen seksjon.

 

MPEG-1

MPEG-1 er eit format som blant anna vert nytta til VCD (Video CD). Det er elles lite brukt, ettersom det egnar seg dårleg til internett i høve til andre format. MPEG1 var laga for å få god kvalitet ved VCD-oppløysning og bitrate, som gjev ein kvalitet tilsvarande eit VHS-opptak. Den er i dag ein av dei codecane med best støtte blant datamaskiner og DVD-spelarar.

 

MPEG-2

MPEG-2 er eit av dei formata ein møter mest i kvardagen. Grunnen er at det er dette formatet som vert nytta til digitale satelittsendingar og på DVD-filmar. Det er og det formatet som vert nytta på SVCD (Super Video CD). MPEG-2 er ikkje ein gratis codec, so om du ynskjer å brenne dine eigne DVDar, må du kjøpe eit program som har denne codecen innebygd. Eit bra program for koding om til MPEG2, er TMPGEnc. MPEG2 er ein standard som har fleire deler, både kontainerformat og codecar for lyd og video. Her er nokre av dei.

 

MPEG2 part 1

Denne standarden spesifiserer to ulike kontainerformat som har litt ulike bruksområde. Det eine vert kalla transport stream medan det andre -- som ein finn på DVDar og SVCDar -- vert kalla program stream.

 

MPEG2 part 2

Dette er videocodecen som ert brukt på blant anna DVDar. Den er relativt lik MPEG1, men har støtte for interlaca video.

 

MPEG2 part 7 (AAC)

Dette er eit lydformat, og kjend som AAC (Advanced Audio Coding). AAC er blant anna standardlydformat i iTunes.

 

MPEG-4

MPEG4 har og mange ulike deler.

 

Part 10:

MPEG4 part 10 er kanskje betre kjend som H.264 eller AVC (Advanced Video Codec). Denne skal vere ein svært god codec, og vert brukt til mykje forskjellig. På den eine sida av spekterert vert den brukt ein del på internett, til blant anna filmtrailerer, på den andre sida er den ein del av begge dei to nye standardane for optiske diskar med lagring av video i HD: Blu-ray og HD DVD. Det finst ein opensource-variant av denne, x264.

 

AVCHD:

Sony og Panasonic lanserte nyleg ein ny metode for lagring av HD-video på DVD-plater, og den vart snart brukt til både minnekort og harddisk i tillegg. AVCHD bruker H.264 (AVC) til komprimeringa, so den er vel strengt tatt ikkje ein ny codec. Ein vil truleg sjå stadig meir til slike variantar av MPEG4, då den er meir effektiv enn MPEG2. Sony og Panasonic håper kanskje med denne satsinga å få vidare støtte for H.264. Kamera som bruker denne er so langt HDR SR1 og HDR UX1, begge frå Sony, det fyrste eit harddiskkamera, det andre eit DVD-kamera.

 

MP4

Dette er eit kontainerformat, og kan innehalde mange ulike codecar, sjølv om dei mest vanlege er dei i MPEG-familien, deriblant H.264.

 

Codecar

 

DivX/XviD

Desse er begge i utgangspunktet ”uautoriserte” variantar av MPEG-4, nærare bestem MPEG4 part 2. DivX vart for ein del år sidan svært populært for nettdistribusjon av spelefilmar, ettersom den gjorde at ein kunne få ganske god kvalitet med so liten filstorleik at ein fekk plass til ein heil film på ein eller to CDar. Formatet har etterkvart fått so høg status at det er ein del DVD-spelarar som og støtter filmar i DivX. DivX er delvis gratis, med det at ein kan få ein gratisversjon, men den har ikkje like gode moglegheiter som Pro-versjonen, som koster $20 = (ca. 120kr). DivX vert brukt ein del til internett-video.

 

XviD er ein OpenSource versjon av DivX, og dermed heilt gratis. XviD vert stort sett brukt på nettet, men har støtte hjå nokre stasjonære DVD-spelarar. Den er kjend for å vere ein codec som ein kan gje eit veldig bra storleik/kvalitet-forhold.

 

HuffYUV

HuffYUV er ein tapsfri codec som gjev ukomprimert video. Den er fin på det viset at ein filene vert omlag halvparten av storleiken til vanleg ukomprimert AVI, men utan at ein mister kvalitet. Skal ein lage midlertidige filer, det vil til dømes filer frå eit redigeringsprogram som ein skal bruke i ein annan samanheng, og det er viktig at ein ikkje mister noko kvalitet, er dette ein fin codec.

 

Windows Media 9

Dette er Microsoft sitt eige format, og har som resultat av det ein bra marknadsandel når det gjeld streaming, og internettvideo generelt. Filer med denne komprimeringsmetoden har etternamnet .wmv (eller .asf, om det er lagt i ein slik kontainer). WM-formatet gjev og god kvalitet, om komprimeringa vert gjort skikkeleg. Microsoft gjorde eit forsøk på å få WM9-formatet inn på andre arenaer, og fekk faktisk ei rekkje kinoer i USA til å gå over til digital visning av filmar i WM9-format.

 

MJPEG

Står for Motion JPEG (Joint Pictures Expert Group). Vert blant anna nytta av enkelte digitale stillkamera for å ta opp video. Filene vert ofte lagt i ein AVI-kontainer, og får dermed endinga .avi.

 

H.263

Denne vert brukt mykje til videokonferansar, videotelefoni og nettvideo.

 

Sorenson Video 3

Ein god codec som ligg under QuickTime.

 

Theora

Denne er ein opensource-codec og ein del av Ogg-prosjektet.

 

Bink

Sitat, Dapre:

”Bink blir hovedsaklig brukt av spillutvikklere for å lage in-game videosekvenser. Mange demo filer kommer som selvkjørende bink filer. Blant annet var vel de fleste Half-Life 2 demo filmer Bink ? Det er mulig å laste ned Bink programmet som spiller av enkeltstående Bink filer som er gjemt i spillmapper. Tror ikke det er mulig å lage egne bink filer, uten å kjøpe lisens. Mvh, Dapre”

 

Kontainerformat

 

AVI

AVI -- Audio Video Interleaved -- er standardkontaineren for Windows. I denne kontaineren kan ein leggje filer komprimert med mange ulike codecar, noko som gjer at ikkje alle AVI-filer kan spelast av i Windows Media Player, utan at den rette codecen er installert. Til dømes vert ofte videoar komprimert med DivX eller XviD lagt i ein AVI-kontainer saman med lyd komprimert med MPEG1 part 3, betre kjend som MP3. Desse kan ikkje spelast av utan at ein har DivX installert.

 

Filer med etternamnet .avi kan dermed vere ukomprimerte filer, DV AVI-filer frå videokameraet, MJPEG-filer frå eit digitalt kamera, DivX-filer frå nettet, eller fleire andre ting.

 

QuickTime

Dette er standardkontaineren for Apple sitt QuickTime. Også her kan ein finne svært mange ulike codecar som ukomprimert video, .dv-filer frå DV-kamera og, H.264. Slike filer kan alltid spelast av i QuickTime trur eg, men H-264-video krevjer versjon 7.0 eller nyare.

 

Ogg

Denne kontaineren inneheld som oftast filer komprimert med dei ulike Ogg-codecane, som er ei rekkje open source-codecar frå Xiph.org. Den mest kjende er lydformatet Ogg Vorbis, men det finst ei rekkje andre òg. Ogg-kontaineren kan i tillegg innehalde andre codecar, som DivX/Xvid, mp3 og fleire. Ogg er det offisielle formatet for lyd og video på Wikipedia.

 

ASF

Advanced Systems Format er Microsoft sitt eige kontainerformat spesielt for streaming. Som oftast finn ein Windows Media Video- og Windows Media Audio-filer i denne kontaineren, men ein kan leggje dei fleste filer i den.

 

RealMedia

Dette vert som oftast brukt med codecane RealVideo og RealAudio frå same selskap, RealNetworks, og vert mykje brukt for streaming.

 

 

Om lagringsmedia.

 

CD

 

VCD

Codec: MPEG-1

Oppløysning: 352*288

Framerate: 25 fps (frames per second)

Bitrate: 1150 kbit/s (= ca. 145kB/s = ca. 8,4MB/min)

 

VCD er eit format som har ein kvalitet omlag på linje med eit bra VHS-opptak. Det er gratis, og kan lagast t.d. i Nero.

 

SVCD

Codec: MPEG-2

Oppløysning: 480*576

Framerate: 25 fps

Bitrate: max 2600 kbit/s (=325kB/s = 19 MB/min)

 

 

DVD

Codec: MPEG-2

Oppløysning: 720*576

Pixel Aspect Ratio* for 4:3: 1,067

Pixel Aspect Ratio* for 16:9: 1,422

Framerate: 25 fps

Bitrate: opptil 9800 Mb/s

 

* Pixel Aspect Ratio er forholdet mellom breidde og høgda på dei individuelle pixlane. Om ein skulle hatt eit 16:9 widescreen-bilete med kvadratiske pixlar, slik ein finn på ein PC-skjerm, ville oppløysninga ha vore 1024*576.

 

 

HD-DVD/Blu-Ray

Codec: H.264 (MPEG-4)

Ein av desse (eller begge to, om bransjen ikkje vert einig om ein standard) vil vere den som tek over etter DVD, ikkje so altfor langt ute i framtida. Teknologien i desse gjer at ein har plass til mykje meir data (fleire GB), og dermed kan ein lagre filmar i HD (High Definition*), på slike plater.

 

* High Definition er digital video i mykje høgare oppløysning enn SD (Standard Definition), som DV-kamera tek opp med, og som er på DVDar og TV-sendingar. Det finst fleire oppløysningar som vert rekna som HD, men eg veit ikkje kva som kjem til å verte brukt på HD DVD/Blu-Ray.

 

 

Internett

Her kan ein i utgangspunktet nytte akkurat kva codec ein ynskjer, men det er enkelte som eignar seg betre enn andre. Dei mest brukte er truleg DivX/XviD, Windows Media og ulike codecar innan Quick Time. Med alle desse kan ein få relativt bra storleik/kvalitet forhold.

 

Om du har ein PC, og ikkje andre program enn Windows Movie Maker, er Windows Media det beste alternativet. Du slepp å installere noko meir, og det er lett å få eit relativt bra resultat ved å bruke presets.

 

Om du har ein Mac, vil QuickTime, gjerne med Sorenson Video 3 eller H.264 som codec, vere eit naturleg val, uansett om ein berre har iMovie, eller om ein nytter andre program, som t.d. Final Cut Pro. H.264 trur eg ein må ha QT Pro for å kunne bruke.

 

Om du meiner du ikkje får bra nok kvalitet med WM/QT, er DivX og XviD gode alternativ. Det er ikkje sikkert du vil få resultat som er betre, og det kan hende du må prøve deg fram ein del for å få bra resultat.

 

Guider/program

 

Det finst mange program som kan brukast til konvertering og/eller komprimering av video. Her er linkar og litt rettleiing for nokon vanlege program.

 

Virtualdub

 

 

Virtualdub er eit mykje brukt program for konvertering/komprimering av video. Det er heilt gratis, og finst i fleire versjonar, deriblant ein modifisert versjon som er laga for å kunne lese MPEG2-filer. Når ein installerar ein codec i Windows, vert den lista opp i programmet, so kva format ein kan lagre filer i avheng av kva codecar som er installert. Her følgjer ei kort forklaring på korleis ein bruker programmet:

 

Virtualdub er eigentleg eit enkelt redigeringsprogram, og har litt diverse mogelegheiter. For berre å komprimere eit videoklipp er det ein kort prosess:

  1. Open fila: File --> Open video file
  2. Velg videocodec: Video --> Compression. Vel codec frå lista, og trykk Configure for å justere innstillingane. Trykk OK.
  3. Lagre filmen: File --> Save as AVI.

Vil du i tillegg komprimere lyden, må du fyrst velge Full processing mode frå Audio-menyen, og so velge ein lydcodec under Audio --> Compression, før du lagrer som AVI.

 

Vil du klippe bort ein del av filmen, er det og ein enkel sak. Fyrst går du til det punktet i filmen der det du vil klippe bort starter, og trykker på post214061154472246iv6.png. So går du til slutten av den delen, og trykker post214061154472285np4.png. No har du markert den delen med inn- og utpunkt, og for å fjerne den trykker du berre delete på tastaturet, eller vel Edit --> Delete.

 

Virtualdub har ein del effektar innebygd, som du finn ved å gå til Video --> Filters og klikke Add. Du kan skarpe opp, deinterlace (lurt om det er DV-video), resize og fleire andre ting.

 

 

 

Komprimering av video til Theora

 

 

For å lage videoar i Ogg Theora i Windows, kan ein laste ned ein binary som den ein finn her (link). Ffmpeg2theora er ein kommandolinjebasert koder, men det er ingen grunn til å verte skremd av det. Her viser eg framgangsmåten med eit døme, og so forklarer eg dei ulike kommandoane etterpå.

  1. Legg binaryen i same mappe som videofila du skal konvertere.
  2. Velg Start --> Kjør (eller trykk Win + R)
  3. Skriv cmd og trykk enter
  4. Naviger deg fram til den mappa der videofila ligg. For å gå opp eitt nivå skriv cd.. og trykk enter. For å få opp ei liste over filer og mapper skriv dir og trykk enter. For å gå inn i ei mappe skriv cd namnet på mappa
  5. Skriv ffmpeg2theora-0.16 -v3 -a1 -x384 -y288 nyfil gamalfil.avi og trykk enter
  6. Det vert no laga ei .ogg-fil ved namn nyfil.ogg, ut frå AVI-fila gamalfil.avi.

Forklaring:

  • ffmpeg2theora-0.16: Dette seier at programmet ved namnet ffmpeg2theora-0.16 skal verte brukt til denne handlinga. Om den programfila du laster ned har eit anna versjonsnummer og dermed eit anna namn, må du naturleg bruke dette. For å gjere det enklare i lengda kan du berre gje programfila eit nytt namn, til dømes theora.exe.
  • -v3 -a1: Dette seier at videoen vert komprimert med ein kvalitet på 3 av 10, og lyden med ein kvalitet på 1 av 10. For nettbruk kan ein halde seg i området 1-4.
  • -x384 -y288: Seier at videoen får oppløysninga 384*288
  • nyfil: Den nye fila får dette namnet
  • gamafil.avi: Dette er namnet på originalfila.

Ein treng ikkje meir enn dette, men ein kan gjere meir òg, til dømes croppe videoen:

--croptop x

--cropbottom x

--cropleft x

--cropright x

 

der x er talet på pixlar.

 

Til sist legg eg ved nokre døme på kommandoar, for ulike høve:

 

Vanleg PAL 16:9-video:

ffmpeg2theora-0.16 -v3 -a1 -x512 -y288 nyfil gamalfil.avi

 

PAL 4:3-video som skal croppast til 16:9:

ffmpeg2theora-0.16 -v3 -a1 --croptop 72 --cropbottom 72 -x512 -y240 nyfil gamalfil.avi

 

 

 

Windows Media Encoder

Dette er eit gratis program frå Microsoft, som er veldig greit for å konvertere filer til Windows Media for bruk på nettet. Det kan i tillegg til å konvertere filer brukast til å filme skrivebordet, om ein ynskjer å lage tutorialar e.l. De finn ein veldig grei tutorial for bruk av programmet her. .

 

AutoGK

Auto Gordian Knot er eit svært enkelt program for konvertering av filer til DivX eller XviD, med lyd i MP3 eller AC3. Ein kan velge anten ein bestemt filstorleik eller ein spesiell kvalitet, på ein skala frå ein til hundre.

 

WinAVI

Dette er eit svært enkelt program som kan konvertere frå og til mange ulike format, deriblant video-DVD. Det lager ei DVD-mappe, som so kan brennast i program som Nero Burning Room og CDBurnerXP Pro WinAVI er ikkje gratis, men om du ofte treng å få nokre filmar på DVD, utan at du har behov for menyar e.l., so kan WinAVI vere eit godt alternativ.

 

Kjelder: Wikipedia, Videohelp.com og Diskusjon.no.

Endret av Torbjørn T.
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...
Stusser over oppløsningen på SVCD. Er den større oppover enn bortover?

Har alltid lurt litt på det eg og, må vere ein heilt sær PAR (pixel aspect ratio), men dei tala er henta frå http://www.videohelp.com/svcd/, so eg reknar med dei er korrekte...

 

Edit: Rekna på det, og PARen må vere 0,625 (for 4:3 SVCD). Til samanlikning har 4:3 PAL 1,067, 16:9 PAL 1,422 og 4:3 NTSC 0,9.

Endret av incanus
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
  • 3 uker senere...
  • 2 måneder senere...
  • 5 måneder senere...
  • 7 måneder senere...

Veldig bra guide! Har et spørsmål etter å ha lest den, bare for å forsikre meg om at jeg ikke har misforstått noe. Når jeg importerer video i redigeringsprogrammet mitt (Ulead Videostudio 6) får jeg videoen på DV-format før jeg starter å redigere, dvs. at den tar i overkant av 200MB per minutt. Dette er ikke en ukomprimert, tapsfri codec? Eller kan jeg bruke HuffYUV, som du nevner til å redusere størrelsen ytterligere? (Ønsker å ta vare på videoene mine, men syns xvid og divx gir formye kvalitetstap)

Lenke til kommentar
Dette er ikke en ukomprimert, tapsfri codec? Eller kan jeg bruke HuffYUV, som du nevner til å redusere størrelsen ytterligere?
Nei, DV-formatet er korkje tapsfritt eller ukomprimert, men HuffYUV vil ikkje gje mindre filer enn DV AVI. I høve til heilt ukomprimert video vil HuffYUV gje mindre filer, men i høve DV-video vil det gje større filer. Noko ytterlegare kvalitetstap skal det derimot ikkje verte.

 

Råopptaka kan du berre ta vare på, altso ikkje ta over det du har filma. Ferdigredigerte filmar kan spelast over på kassett dei og, om du har DV-inn på kameraet. Vil du ha ein kopi på harddisk kan DV AVI vere eit greit alternativ, men det vil sjølvsagt kreve mykje plass. MPEG2 (som på DVD) er kanskje eit anna greit alternativ.

Lenke til kommentar

Dette er utenfor det er guiden er beregnet for da jeg beveger meg litt mer over i det profesjonelle domenet, men jeg legger inn noen ord om det likevel.

 

MPEG IMX brukt i profesjonelle videokamera bruker MPEG-2 koding. da enten med 30, 40 eller 50Mbits/s.

 

http://en.wikipedia.org/wiki/Betacam#MPEG_IMX

 

Her hvor jeg studerer hadde vi besøk av NRK for en stund siden og de brukte et diskbasert kamera. På diskene stod det MPEG50, refererer sannsynligvis til MPEG IMX med 50Mbits/s. De brukte denne typen kamera og disker:

 

http://en.wikipedia.org/wiki/XDCAM

http://en.wikipedia.org/wiki/Professional_Disc

Lenke til kommentar

Incanus: Veldig fin beskrivelse du har laget her :-)

 

Du etterlyser innspill til feil og mangler fra folk med mer kunnskap. Om jeg har mer kunnskap om dette er vel heller tvilsomt... men det er en liten ting jeg vil bemerke.

 

Du skriver at MPEG-1 i VCD kvalitet gir kvalitet tilsvarende VHS opptak. Dette er en myte som ikke har stort med virkeligheten å gjøre. Hovedgrunnen til det er at VHS er interlaced mens VCD er progressiv. I tillegg er bitraten på standard VCD ved 1150kbps for lav til å unngå "macroblokker" (pikslete bildekvalitet). Skal man unngå macroblokker i VCD format må man øke bitraten til 1850kbps, og dermed får man et ustandard VCD format, men som allikevel stort sett støttes av de fleste DVD spillere.

 

Skal man oppnå noe tilsvarende VHS kvalitet digitalt må man ha interlaced video, og da må man øke oppløsningen til tilsvarende halv DVD kvalitet (352x576) eller SVCD (480x576), men også SVCD har for lav bitrate til å unngå "macroblokker"... i tillegg til at SVCD ikke er et DVD kompatibelt format... så personlig foretrekker jeg halv DVD kvalitet ;-)

 

Ellers savner jeg litt informasjon om interlaced VS. progressiv VS. Deinterlaced video... når bør man deinterlace og når bør man ikke gjøre det? Men bortsett fra dette synes jeg guiden din er kjempebra med masse matnyttig informasjon! :)

Endret av hysteriah
Lenke til kommentar
Vil du ha ein kopi på harddisk kan DV AVI vere eit greit alternativ, men det vil sjølvsagt kreve mykje plass. MPEG2 (som på DVD) er kanskje eit anna greit alternativ. 7918916[/snapback]
Hva er grunnen til at du anbefaler denne og ikke MPEG4? Eller en opensource-variant som x264.

Og må jeg kjøpe denne codecen? 7969870[/snapback]

Med «denne», meiner du DV AVI eller MPEG2?

 

DV AVI fordi det er det same som originalopptaka. Lite kvalitetstap, og skulle ein få lyst til å klippe litt i den seinare, so er ikkje det noko problem.

 

MPEG2 fordi det ofte er mogeleg å eksportere i MPEG2 frå redigeringsprogram utan noko særleg jobb. Om du ikkje kan det i VS6, so må du nok kjøpe ein slik codec.

 

MPEG4-variantar som x264 og XviD er det som oftast litt meir jobb å få eit bra resultat med. For x264 må ein bruke eit anna program, og dei eg (so vidt) har prøvd har ikkje vore so veldig praktiske. XviD er enklare slik sett, med program som AutoGK.

 

Grunnen til at eg ikkje nemnte MPEG4 var kanskje at du sa du ikkje hadde fått gode resultat med DivX/XviD, (eg hugser ikkje heilt kva eg tenkte då). Om du orker eit nytt forsøk med XviD, prøv å lagre ukomprimert video frå programmet og komprimer den med AutoGK. Berre ver klar over at det kjem til å ta ganske lang tid, so eit forsøk med ein relativt kort video fyrst kan vere anbefalt.

*snip*

7973924[/snapback]

Takk for ros. Det med VCD er slik som eg har lest mange stader (inkludert Videohelp.com trur eg), og har difor tatt det med. Skal føre det opp på lista over ting som må endrast. Det same gjeld for interlace v s. progressiv osb. Skal sjå om eg etter kvart får knota ned noko fornuftig.

Lenke til kommentar
  • 3 måneder senere...
  • 1 år senere...
  • 11 måneder senere...
  • Krozmar avklistret denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...