Gå til innhold

Lim sammen klipp på timeline


Anbefalte innlegg

Dei fleste videoredigeringsprogram har ein funksjon for å splitta opp filmklipp på timeline. Etter oppsplitting kan individuelle effektar og justeringar utførast på dei ulike klippa. Men er det nokon måte å lima desse klippa i hop etterpå?

 

Ei slags "rendre her og no", liksom?

 

PS! Eksport til .avi utan kompresjon for så å importera igjen, blir litt i drygaste laget... eller?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Litt på kanten å seie at "De fleste redigeringsprogram har vel en join-funksjon". Premiere har det ikkje.

 

Men, det ein kan gjere er å nytte "nested sequences", som det heiter på fint. Dette går ganske enkelt ut på at ein kan lage so mange sekvensar (tidslinjer) ein vil (File --> New --> Sequence), og dra desse inn i andre sekvensar, der dei då vil oppføre seg som vanlege klipp.

 

Det du då kan gjere (Dette gjeld PPro, og eg vil tru og Premiere Elements) er:

 

Du har ein sekvens A, og ein sekvens B. Dra alle dei klippa du vil joine inn i sekvens A i den rekkjefølgja du vil ha dei, trim bort det av klippa du ikkje vil ha osb.

 

Gå til Project-vindauget, der du vil finne begge desse sekvensane. OPne sekvens B (om den ikkje allereie er open), og dra sekvens A ned i B frå Project-vindauget, på same måte som du ein gjer med vanlege klipp. Denne vil og oppføre seg som eit vanleg klipp, og du kan leggje til effektar, overganger, og alt som ein ellers kan gjere med klipp.

Lenke til kommentar

Bra greier!

(skal prøva dette så snart eg er ferdig med den pågåande rendringa)

Eg saknar likevel ein heilt enkel join-funksjon som berre fungerer på oppdelte klipp som ikkje er justert på.

 

Tenk f.eks. på Movie Maker og splitt-funksjonen. Om du no klipper (trim?) starten og slutten av dei oppdelte videoklippa (eller sletter nokon av dei, for den del), så burde det vera mogeleg å joina desse klippa utan store problem. Ingen rendring burde vera naudsynt.

 

Har du derimot brukt overgangseffektar eller filter/justeringar (som krev endeleg rendring) burde denne join-funksjonen blitt grå (umogeleg/uloveleg å bruka).

 

Korleis får eg Microsoft til å baka denne funksjonen inn i neste versjon av Movie Maker? :-p

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...