Gå til innhold

Anmeldelse: Shadow Tactics: Blades of the Shogun


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet

At figurene setter seg fast er nok mer et problem med konsollversjonen. Tror aldri det skjedde med PC-versjonen da jeg spilte den. 

Skrevet

Heisann, ti år etter det kom ut faktisk. Moro å sjå noko frå ein ganske nisje-sjanger.

Eg har mange gode minner frå Desperados i barndomen og har vel spelt alt som er verdt å spele frå Mimimi Games. Dei siste spela er veldig tru mot opphavet, men med nye evner og quality of life-forbetringar. Spesielt spoleknappen var veldig mykje brukt.

Å spele denne type spel på konsoll har eg aldri prøvd. Det er vel litt enklare enn RTS på konsoll, men vil tru det gjer seg best med mus og tastatur. Du kan ta det sakte og planlegge nøye for å unngå behov for raske manøvrer, men det dukker stadig opp situasjonar der du vil flytte markøren raskt og presist.

For dei som likar sjangeren kan eg anbefale alle siste tre spela til Mimimi: Blades of The Shogun, Desperados 3 og Shadow Gambit: The Cursed Crew. Sistnemnde er fantasy med pirater, magi og mykje moro. Det fungerer litt annleis enn dei andre spela, du har bla. skipet som hub mellom oppdrag. Eg vart så fenga at det til slutt gjekk med 110 timar og alt av oppdrag, utfordringar og achievements fullført. Det er kanskje mitt einaste Platinum-spel på Steam.

Mimimi la diverre inn årene i 2023, og med det stoppa ein stor del av sjangeren. Commandos: Origins kom ut i 2025, ein forløpar til den originale Commandos-serien, som for øvrig var starten på heile sjangeren med Commandos: Behind Enemy Lines, lansert i 1998. Eg har spelt noko Commandos òg, men ikkje like mykje som Desperados. Det nye spelet står på ynskjelista, når eg ein dag får tid.

Alle spela i Desperados-serien er spelbare i dag. Helldorado er kanskje det svakaste, der dei byrja eksperimenter med FPS blanda inn.

Blades of the Shogun er Desperados i Japan-drakt og veldig moro.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...