sedsberg Skrevet 19. januar Skrevet 19. januar https://www.tv2.no/broom/klart-nei-til-ny-fartsgrense/18477322/ 2
The Avatar Skrevet 21. januar Skrevet 21. januar Overskrifta er litt misvisande, at NAF seier nei til ny fartsgrense betyr ikkje at vegvesenets ikkje kjem til å gjere slik som dei har planlagt. Det som er den store svakheita i forslaget frå Statens Vegvesen er om dei startar å skilte ned landevegar som i dag har generell fartsgrense på 80 km/t til å bli 70-sone utan vidare vurdering. Ordninga vi har i dag fungerer eigentleg bra, der fartsgrensa blir fastsatt utifrå faglege vurderingar om fart, risiko og ulykker på den aktuelle vegstrekninga. Dei vegane i dag som har generelle fartsgrenser på 80 utanfor tettbygd strøk og 50 innafor tettbygd strøk er nesten berre vegar der ein ikkje har funnet det samfunnsøkonomisk å skulle henge opp så mange skilt. Eg synes likevel at prinsippet bør være at all trafikkregulering blir skilta for å på den måten fjerne tvil om kva reglar som gjeld. Aller helst burde det hengt skilt ved alle parkeringsplassar for å minne bilistane om at dei har vikeplikt, men det blir sjølvsagt særdeles mange skilt om ein ikkje skal kunne stole på at folk husker høgre-regelen, og ikkje minst regelen om å køyre etter forholda uavhengig av kva som er den maksimalt lovlege farta på vegen. Er det dårlegare køyreforhold enn perfekte forhold, så må farta ned. At det er forsvarleg å køyre i 80 på ein tørr sommardag betyr sjølvsagt ikkje at det er forsvarleg å gjere det same ein våt vinterdag. 1
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå