Gå til innhold
Presidentvalget i USA 2024 ×

Hjelp til å finne "gaming PC" som ikkje treng å være til gaming


Anbefalte innlegg

Tenker å kjøpe ny PC til speling, men samtidig har eg ikkje behov for det heilt store.

Per i dag har eg ein slik all-in-one PC frå ASUS, med core i5 prosessor, 16 GB ram og som sikkert har integrert skjermkort kjøpt for 7 år sidan for 15 000 kr. Altså i praksis ein laptop innebygd i ein PC-skjerm.
Den har egentlig tent meg rimeleg greitt. Eg speler veldig lite grafikktunge spel og har nok knappast spelt FPS spel sidan 2000 talet så det går mykje i singelplayer spel, gjerne strategispel.
Eg vil tru at det tyngste eg speler er Minecraft. Ellers går det som sagt mest i strategispel som Rimworld, Kerbal space program, xcom2, osv.
Eg er med andre ord ingen gamer sjølv om eg liker å spele spel.

Spørsmålet mitt er om det i det heile tatt er hensiktsmessig for meg å investere i stasjonær gaming PC? Det hadde sikkert vært fint med ei maskin som eg kan spele litt meir nyare spel på, som Baldurs Gate 3. The Witcher 4 står vell på trappene så kanskje det kan være aktuelt å spele på PC i staden for konsoll.
Mine grafiske forventningar er nok relativt beskjedne, men det bør være mogleg å spele med god oppløysing utan at det går for treigt.

Eg vil ha det enkelt, så det er lite aktuelt å bygge sjølv. Om eg skal ha gaming PC så vil eg ha kabinett heilt utan LED-lys.

 

Er det heilt vekkasta for meg å bruke 15-30 tusen på ein stasjonær-PC?
Det eg eigentleg treng er kanskje berre meir RAM og dedikert grafikkort av billegaste sort?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

For PC uten skjermkort så er Ryzen 5500GT, 5600G og 8600G eksempler på CPUer med litt kraftigere enn vanlig integrert grafikk. Men dette blir forstsatt veldig lite grafikkytelse i forhold til et skjermkort.

De rimeligste gaming maskinene er f.eks denne med RTX 3050 skjermkort: https://www.prisjakt.no/product.php?p=7281383 Et av svakhetene er at det er 512GB SSD, og bare 8GB RAM.

Her er en rangering av GPUer: https://www.tomshardware.com/reviews/gpu-hierarchy,4388.html

Endret av Svein M
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...