Gå til innhold
Spørsmål om helse? Still spørsmål anonymt her ×
Husk at de som svarer ikke nødvendigvis er helsefaglig personell. Ta kontakt med fastlege ved bekymringer!

Redd for CT røntgen undersøkelse - Farlig?


Letterboxd

Anbefalte innlegg

EDIT: Hvis noen andre som er redd for røntgen ser dette: Gikk kjempefint. Tok mindre enn 5 minutter 😁

 

Jeg må sjekke noe på ribbeinet/mageområder og prøve få legen videresende til MR. Så ble jeg kontaktet av legen som hadde snakket med Røntgen avdelingen, og de sa at det var best me Røntgen aka CT.

Men jeg synes det høres farligere ut. 

Kan noen forklare meg vitenskapen på dette, eller prøve å roe meg ned? Vil gjerne tenke på dette logisk, det er jo legen som anbefalte det.

Endret av Letterboxd
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Stråledosen ved CT er høgare enn ved vanleg røntgen.
Vanleg røntgen gir ei stråling på 1-7 mSv, CT mot mageregionen vil gi 6-8 mSv.
Vanleg bakgrunnsstråling i Norge er 3-4 mSv frå naturlege kjelder.

Statens strålevern sett anbefalt årleg grense for dei som jobbar med røntgen til 20 mSv/år, medan gravide blir anbefalt å ikkje få meir enn 100 mSv mot magen.
500 mSv mot testiklane kan gi midlertidig sterilitet som går over etter kvart.
1000 mSv gir strålesjuke som oftast ikkje er dødeleg, medan 3000 til 4000 mSv er dødeleg for omtrent halvparten som får slik stråling og 5000 mSv er stort sett dødeleg for alle.

Ein slik CT undersøking vil med andre ord gi deg like mykje stråling som du vil motta om du lever i 2 år lengre. Det er ikkje særleg mykje, og ligg langt under grensa for det som er farleg. Når sjølv foster som er veldig sårbare og som mottek under 100 mSv med stråling ikkje ein gong blir sjekka i ettertid så seier det også litt om kor mykje stråling vi toler.

Vil også legge til at det du får igjen etter ei CT undersøking med litt høgare stråledose enn vanleg røntgen er at du gir legen eit mykje betre datagrunnlag. Blant anna vil ein sjå fleire detaljar slik at det ikkje er nødvendig med oppfølgingsrøntgen seinare, og det er mindre fare for at viktige detaljar blir skjult sidan CT gjer at legen kan sjå deg frå fleire vinklar.

 

Vitenskapen bak dette er at ved CT så blir du utsatt for stråling medan "kameraet" går rundt deg og filmer, medan med vanleg røntgen så blir du fotografert berre ein gong. Denne "filminga" gjer at du får meir stråling men om eit bilde seier meir enn 1000 ord så seier nok ein film meir enn 100 000 ord. Vanleg røntgen gir eit todimensjonalt stillbilde som ikkje nødvendigvis viser alt.
Røntgen vil ein typisk bruke ved beinbrudd ettersom ein ikkje treng så mykje detaljar når ein skal finne ut kva bein som er knekt. Medan CT ofte blir brukt for å finne svulstar i mjukvevet, og då er det viktig å kunne sjå frå ulike vinklar slik at ikkje svulsten ein er ute etter ligg skjult bak eit blodkar. På CT vil ein også kunne oppdage svulstar mykje tidlegare, noko som gjer at rett behandling kan startast mykje tidlegare. I verste fall kan du risikere falskt negativt resultat fordi legen ikkje oppdagar det han/ho leitar etter.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Røntgen og CT osv. har forsvinnende liten effekt på menneskekroppen under normale omstendigheter. Men hvis du hadde tatt det daglig så hadde det vært noe annet. Derfor teknikere er beskyttet, så de ikke blir utsatt for slike doser hver eneste arbeidsdag.
For oss pasienter som tar slikt av og til, er det ingen fare overhode. Mengden av slik stråling vi blir utsatt for gjennom et helt liv er forsvinnende liten.

Som flere påpeker, følg legens råd. CT er et fantastisk verktøy som gjør at legene får veldig god innsikt i hva som foregår inne i kroppen din.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ingen grunn til å være redd. Det er ufarlig. Det er ikke mulig å ta skade av et røntgenbilde. Det er en ekstremt vanlig prosedyre som millioner av mennesker går igjennom hver eneste dag. Det er blant de aller vanligste diagnoseverktøyene vi har, og har vært i bruk i Norge siden 1898, og røntgenmaskinene har bare blitt bedre siden den gang.

Lenke til kommentar

Som tidligere nemnt så er det ikkje så veldig stor forskjell på røntgen og CT når det gjeld stråling.

Stråling er forøvrig også ein heilt naturleg ting du omgås dagleg frå naturlege kjelder og som menneskekroppen er vandt til å handtere. Det som kan være farleg ved stråling er dersom du får ekstremt stor dose eller om du dagleg blir utsatt for høgare stråledoser over lang tid.

Tenk på røntgen som sollys. Sollys er heilt nødvendig å bli eksponert for av for å kunne produsere vitamin D. Sollys i store doser kan gi hudkreft, men det er ikkje farleg å sole seg. Om du solar deg veldig ofte eller veldig lenge så kan det likevel være farleg med for mykje sollys om du ikkje beskytter deg med solkrem.

Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...

Betydelig stråling ifra en ct maskin, en undersøkelse kan ofte tilsvare 2000 vanlige røntgen bilder.

Er derfor man i mange land kan ta en mr undersøkelse uten henvisning fra fra lege, men det er lagt begrensinger på ct undersøkelser pga de høye strålingsdosene.

Men, man trenger ikke å miste natte søvnen over det. Er meget liten risiko for å utvikle kreft eller lignende så fremst man ikke tar en slik undersøkelse ofte.

Endret av Musefella
Lenke til kommentar
7 hours ago, Musefella said:

Betydelig stråling ifra en ct maskin, en undersøkelse kan ofte tilsvare 2000 vanlige røntgen bilder.

Nei.

Strålingen fra en ct undersøkelse er dessuten typisk 1/50 til 1/10 (avhengig av type undersøkelse) av den strålingen man anser som helt ufarlig for et menneskelig foster.

Endret av mobile999
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Musefella skrev (11 timer siden):

Betydelig stråling ifra en ct maskin, en undersøkelse kan ofte tilsvare 2000 vanlige røntgen bilder.

Dette er i beste fall veldig utdatert, eller basert på ei misforståing.

Det er mogleg det var slik når ein fant opp dei fyrste CT maskinene på 70-talet, men i dag er gir ei CT undersøking maks 10-20 gongar meir stråling enn eit enkelt røntgenbilde.

For mageregionen så er det snakk om stråling på 1-7 mSv for røntgen mot 6-8 mSv for CT. Så i verste fall vil ei slik CT undersøking gi 8 gonar så stor stråling som eit røntgenbilde, og i beste fall så gir CT 1 mSv mindre stråling enn eit røntgenbilde.
6-8 mSv tilsvarar det ein normalt får av vanleg bakgrunnsstråling på to år som ikkje er særleg mykje.

Det finnes nokre CT undersøkingar som kan gi behov for å bruke større strålingsdose slik at ein i verste fall kan kome opp i 20 gongar så høg stråling som eit røntgenbilde, særleg om det skal skannast gjennom kranium eller rundt mange bein, men i slike tilfeller vil eit røntgenbilde i nedre spekter av stråling ikkje gi gode nok bilder, og ein må typisk ta mange røngtenbilder frå fleire vinklar for å få informasjon som liknar det ein får med CT.

 

Den andre muligheita er at dette er ei misforståing og at det med å tilsvare 2000 røntgenbilder ikkje gjeld strålinga, men at det gjeld kvaliteten. Ein 360 graders CT skann kan fort være 2000 gangar meir nyttig enn eit statisk røntgenbilde ettersom ein på CT kan sjå mindre detaljar som ikkje kjem fram på vanleg røntgen, og ikkje minst at ein kan sjå rundt og bak bein og musklar i tillegg til at ein har laga tverrsnitt som ein kan bla gjennom.
Røntgenbilder fungerer vell og bra om ein berre skal sjå om det er brudd i beinet eller ikkje, men når ein skal finne skader i mjukvevet så er det mindre nyttig med berre eit stillbilde.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...